Gå til innhold
Arkivverket

Erik Knutson, fødd i Luster 1743 og halvsøskeni - flytte dei alle til Gulen/Solund?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet vart første gongen teke opp i det gamle brukarforum i 2009 som #66217, men eg fekk den gongen ingen svar.  I mellomtidi er det dukka oppp nye lesarar i Brukarforum, so kanskje det no er mogeleg å komma vidare med denne saki?  Det er i alle fall lov å vona...

 

Knut Ingebrigtson (1714-1766), husmann på Havellen under Flahammar og sidan i Haugen under Heltne i Dale sokn, Luster, var gift tre gonger og fekk med dei første to konene åtte born og ein steson.  Tre av borni døydde kort etter fødsli, og ei dotter vart gift og budde i Luster.  Dei andre fem borni ser alle ut til å vera farne frå bygdi i 1760-åri, log den eldste av dei, Erik Knutson, har me sidan finne att på Halland i Gulen!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Knut Ingebrigtson Haugen, opphavleg frå Havelden under Flahammar, var f. kring 1714 og vart visstnok gravlagd frå Skår, truleg som legdelem, 19.2.1766.  Han gifte seg første gongen 4.11.1741 med Sophia Andersdotter frå Søvde i Dale.  Ho var f. kring 1718, men d. alt kring 1744.  Knut gifte seg so 30.11.1747 att med Inga Andersdotter frå

 

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

 

     Ho var f. kring 1712 og vart gravlagd frå Haugen 21.7.1757.  Knut gifte seg so tredje gongen 29.3.1758 med Mari Torbjørnsdotter frå Vinjane under Hauge.  Ho var f. kring 1715 og vart gravlagd som legdelem 24.1.1783.  Det var i 1751 at Knut Ingebrigtson busette seg her i Haugen i lag med andre kona si etter at dei først visstnok hadde butt nokre år heime på Havelden.  Han hadde plassen til kring 1760.  Det ser ut til at siste kona kom på legd på den tidi, og i 1762 ser me at Knut budde åleine på Kvalsøyri under Kvale.  Han fekk i alt åtte born; siste ekteskapet vart barnlaust, men med første kona fekk han to søner, medan Inga Andersdotter vart mor til dei seks andre borni hans.  Dessutan hadde Inga Andersdotter ein son frå før, og siste kona Mari hadde to born før ho gifte seg med Knut i Haugen:

 1. Erik Knutson (1741‑1741).

 2. Erik Knutson, døypt 16.2.1743,

 

 

Erik Knutson flytte i svært ung alder til Gulen og gifte seg der første gongen 24.11.1772 med enkja Siri Endresdotter, opphavleg frå Molland i Hafslo.  Ho vart døypt i Hafslo 14.6.1721 og hadde før vore gift med gardbrukar Lars Erikson på Halland i Gulen (1717-1771), opphavleg frå La i Hafslo sokn, Hafslo (s.d.).  Men Siri vart gravlagd frå Halland i Gulen 6.8.1799, og Erik gifte seg att i Gulen 8.7.1800 med Elsa Hansdotter frå Unneland nordre i Gulen.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Ambjørnson på Unneland nordre, opphavleg frå Austgulen, og kona Kari Tørrisdotter frå Tunsberg og vart døypt i Gulen 12.11.1775.  Erik d. som kårmann på Halland 20.11.1816, medan Elsa d. som enkje og legdelem på Nese i Gulen 13.5.1845.  Erik fekk fem born, som alle var frå andre ekteskapet med Elsa Hansdotter:

a. Siri Eriksdotter, døypt i Gulen 17.12.1800, d. som enkje og legdelem på Nese i Gulen 6.7.1883.  Siri gifte seg i Gulen 6.5.1820 med Mons Olson frå Nordgulen i Gulen, døypt i Gulen 2.10.1790.  Han d. som legdelem på Haveland i Gulen 8.10.1873.  Mons og Siri var først plassfolk i Skrubbehaugen under Nordgulen i Gulen, men flytte i 1840 til ein plass i Naustdalen under Haveland i Gulen.  Dei fekk sju born i lag.

b. Hans Erikson, døypt i Gulen 3.1.1803, vart konfirmert i Gulen i 1820,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

c. Sophia Eriksdotter, døypt i Gulen 28.4.1805, d. som husmannskone på Fondetangen i Gulen 24.10.1875.  Sophia gifte seg første gongen i Gulen 23.6.1837 med Hans Jacobson frå Midtun indre i Gulen, døypt i Gulen 18.5.1796.  Hans og Sophia var plassfolk under Grytten i Gulen der Hans d. som husmann 18.2.1849.  Sophia gifte seg so att i Gulen 4.6.1850 med Mathias Aritsson, opphavleg frå Gryttestigen under Grytten i Gulen, f. i Gulen 23.9.1823.  Han d. som husmann og fiskar på Grytten 4.2.1897.  Mathias var enkjemann då han gifte seg med Sophia, og vart òg gift ein tredje gong etter at Sophia var borte.  Han pakta ei tid Eivindvik prestegard, men busette seg med Sophia som husmann på Fondetangen under Fondevik i Gulen og budde sidan der levetidi ut.  Han fekk ein son, som var frå ekteskapet med Sophia, men Sophia hadde òg seks born frå første ekteskapet sitt med Hans Jacobson.

d. Eli Eriksdotter, døypt i Gulen 8.3.1808, d. som kårenkje på Simmerøen under Nesøen i Solund 27.5.1888.  Eli gifte seg i Gulen 15.6.1847 med Anders Einerson frå ein plass under Hauge i Gulen, f. i Gulen 13.4.1820.  Han d. som kårmann på Simmerøen 1.3.1888.  Anders og Eli vart plassfolk på Simmerøen under Nesøen i Solund og fekk fem born i lag.

e. Claus Erikson, døypt i Gulen 10.4.1814, vart gravlagd frå Halland i Gulen 24.7.1814.

 3. Lars Bottolfson, son av Inga Andersdotter og husmann Bottolf Bottolfson på Notasva under Hauge (1710‑1777), vart døypt 12.12.1734.

Lars Bottolfson ser òg ut til å vera reist frå Luster i ung alder

 

##### (lagnaden hans? - ytre Sogn?)

 

 4. Sophia Knutsdotter (1745‑før 1752).

 5. Anders Knutson, dypt 14.3.1748,

Anders Knutson må vera faren frå Luster i ung alder

 

##### (lagnaden hans? - ytre Sogn?)

 

 6. Knut Knutson (1751‑1751).

 7. Sophia Knutsdotter (1752‑1826), vart gift med strandsitjar og enkjemann Endre Pederson på Kvalsøyri under Kvale (1753‑1833).

 8. Ingebrigt Knutson, døypt 11.3.1754,

Ingebrigt Knutson ser ut til å vera faren frå Luster i ung alder.

 

##### (lagnaden hans? - ytre Sogn?)

 

 9. Agatha Knutsdotter, døypt 18.9.1755,

Agatha Knutsdotter ser òg ut til å vera reiste frå Luster i ung alder.

 

##### (lagnaden hennar? - ytre Sogn?)

 

10. Torbjørn Johannesson (1742‑1742) var son av Mari Torbjørnsdotter og gardbrukarsonen Johannes Pederson frå Berge i Dale (1718‑1747).

11. Mari Pedersdotter Bandscher (1746‑1816), dotter av Mari Torbjørnsdotter og skomakarsvein Peder Nilsson Bandscher (1712‑1780), sidan busett på Nagløyri i Sogndal, vart trulova første gongen med gardbrukarsonen Hans Nilsson frå Skildeim (1750‑1784) (s.d.) og sidan gift med husmann Nils Jørgenson på Bøen under Berge i Dale (1757‑1813) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Den eine dotteri Sophia som vart buande i Luster, var gift, men fekk ikkje born med mann sin, berre tre born før ho vart gift.  Eine dotteri hennar var Agatha Asbjørnsdotter, som flytte til morbror sin på Halland Gulen.  Huslyden hennar vart drøfta i 2015: https://forum.arkivverket.no/topic/195256-agatha-asbjørnsdotter-1779-1843-og-erik-gregoriusson-1770-1844-på-blidensol-skjerjehamn-i-gulen-huslyden-deira/?tab=comments#comment-1651786

Men Sophia hadde òg ei dotter Inga Pedersdotter (1773) og ei stedotter Inga Torstensdotter (1770) som òg forsvinn frå Luster i ung alder, og som òg godt kan ha hamna i ytre Sogn.  Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Endre Pederson Qualsøren, frå Rønneisøyri under Rønnei, vart døypt 14.3.1753 og d. som legdelem på Kvalsøyri 9.4.1833.  Han gifte seg første gongen 20.7.1786 med Gunnhild Sjursdotter frå Bakken under Ottum.  Ho vart døypt 25.12.1745 og d. på Kvalsøyri kring 1797.  Endre gifte seg so att 10.1.1799 med Sophia Knutsdotter frå Haugen under Heltne i Dale.  Ho vart døypt 9.6.1752 og d. på Kvalsøyri 20.7.1826.  Endre Pederson fekk denne strandsitjarplassen på Kvalsøyri, visstnok då ein ny plass, frå midt i 1780‑åri og budde her levetidi ut, men stesonen Anders tok over styringi frå kring 1820, og Endre sjølv hamna på legd.  Endre Pederson på Kvalsøyri fekk ein son, og han var frå første ekteskapet.  Derimot hadde første kona to born frå før, og andre kona hadde tre born frå før.  Dei til saman seks borni vart soleis:

 1. Inga Torstensdotter, dotter av Gunnhild Sjursdotter og husmann Torsten Johnson på Sage under Fuhr (1741‑1784), vart døypt 29.7.1770, vart ikkje konfirmert i Luster.

Inga Torstensdotter flytte truleg frå bygdi i svært ung alder, utan at me kjenner lagnaden hennar.

 

##### (lagnaden hennar? - ytre Sogn?)

 

 2. Sjur Jørgenson (1779‑1780), var son av Gunnhild Sjursdotter og gardbrukar Jørgen Johannesson på Myklemyr i Jostedalen (1756‑1816).

 3. Peder Endreson (1787‑1868), einaste «ektefødde» barnet i denne huslyden, vart husmann på Kvasshilleren under Høyeim.

 4. Inga Pedersdotter, dotter av Sophia Knutsdotter og husmann Peder Johannesson på Kvalsøyri 6 under Kvale (1752‑1811), vart døypt 18.4.1773.

Liksom stesøsteri med same namnet må òg Inga Pedersdotter vera fari frå Luster i ung alder, men lagnaden hennar er ukjend.

 

##### (lagnaden hennar? - ytre Sogn?)

 

 5. Agatha Asbjørnsdotter, dotter av Sophia Knutsdotter og husmannssonen Asbjørn Aamundson frå Teigane under Bolstad (1755‑    ), vart døypt 11.11.1779.

Agatha Asbjørnsdotter flytte i ung alder til Gulen og tente der på Halland då ho vart konfirmert i 1796.  Ho gifte seg i Gulen 6.7.1802 med Erik Gregoriusson frå Hjertås i Gulen.  Han var son av gardbrukar Gregorius Erikson på Hjertås, opphavleg frå Norddalen i Gulen, og kona Ingeborg Gregoriusdotter frå Hjertås og vart døypt i Gulen 16.1.1770.  Erik Gregoriusson var husmann og skaffar, og dei budde på plassen Blidensol under Skjerjehamn i Gulen der Agatha d. som husmannskone 24.4.1843.  Erik d. som legdelem på Dale i Gulen 23.2.1844.  Agatha fekk i alt ti born, ni i ekteskapet og eitt utanom:

a. Gregorius Erikson, døypt i Gulen 18.7.1802, var tenestedreng på Børholmen i Gulen, men miste livet på sjøen 14.7.1834, ugift.

b. Iver Erikson, døypt i Gulen 13.11.1804, vart gravlagd i Gulen 9.7.1805.

c. Ingeborg Eriksdotter, døypt i Gulen 7.12.1806, d. som legdelem på Skjerjehamn 15.11.1890.  Ho gifte seg i Gulen 28.12.1833 med Johan Petter, kjend som Petter Johannesson frå Bergen, f. i Bergen 15.3.1810.  Han d. som enkjemann og legdelem på Skjerjehamn 10.4.1898.  Petter og Ingeborg budde først på Mjømna i Gulen, men fekk so ta over som plassfolk på Blidensol under Skjerjehamn etter foreldri hennar.  Dei fekk fire born i lag.

d. Anna Iversdotter, dotter av Agatha og svogeren Iver Gregoriusson frå Hjertås i Gulen, vart døypt i Gulen 12.2.1810 og d. i Gulen 12.5.1852.  Ho gifte seg i Gulen 8.6.1848 med enkjemannen Arits Johannesson frå Stigen under Gryten i Gulen, døypt i Gulen 18.10.1794.  Han d. i Gulen 21.3.1870.  Arits tok over heimeplassen etter foreldri sine på Stigen under Gryten, men vart sidan sjølveigar og gardbrukar same staden.  Arits var gift både før og etter ekteskapet med Anna.  Han fekk i alt elleve born i ekteskapi sine; av dei var tre søner frå ekteskapet med Anna.

e. Anders Erikson, døypt i Gulen 4.12.1812, d. som legdelem i Gulen 8.6.1828.

f. Inga Eriksdotter, døypt i Gulen 18.6.1815, d. som husmannskone på Austgulen i Gulen 16.1.1887.  Ho gifte seg i Gulen 9.11.1844 med Lorents Einerson frå ein plass under Hauge i Gulen, f. i Gulen 10.5.1817.  Han d. som husmann og enkjemann på Austgulen 9.12.1890.  Inga og Lorents vart husmannsfolk på ein plass under Austgulen i Gulen.  Dei fekk ikkje born i lag, men Lorents fekk  ein son utanfor ekteskap som voks opp hjå han og Inga.

g. Kari Eriksdotter, f. og d. i Gulen 20.3.1817.

h. Ole Erikson, f. i Gulen 10.3.1818, d. ugift i Gulen 9.7.1844.

 

     ##### (skiftedato! – ikkje gravlagd Gulen!)

 

i. Claus Erikson, f. i Gulen 11.6.1821, kom bort på sjøen og d. som husmann under Kversøy i Gulen 15.6.1883.  Han gifte seg første gongen i Gulen 28.6.1844 med Johanna Ellingsdotter frå Kvernøy store i Gulen, f. i Gulen 25.9.1816.  Ho d. som husmannskone på Kvernøy store i Gulen alt 15.6.1851, og Claus gifte seg att i Gulen 27.12.1855 med Jannike Jensdotter frå Utvær i Solund, f. i Solund 27.2.1827.  Ho kom bort på sjøen samstundes med mannen 15.6.1883.  Claus og første kona Johanna var gardbrukarar og sidan plassfolk på Kvernøy store i Gulen, men han og andre kona Jannike vart plassfolk på Stuholmen under Kversøy i Gulen.  Claus fekk i alt  og fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre.

j. Magdeli Eriksdotter, f. i Gulen 12.2.1824,

 

     ##### (konf. 1839 – lagnaden hennar?)

 

 6. Anders Iverson (1785‑1846), son av Sophia Knutsdotter og husmann Iver Olson på Utheim under Sørheim (1765‑1850), vart strandsitjar her på Kvalsøyri 4 under Kvale etter mori og stefaren.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Det hadde vore kjempebra om det let seg gjera spora opp nokon av desse søskeni, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

 6. Knut Knutson (1751‑1751).

 

Ved åpen til sønnen Knut står mor som Inger Andersdatter:

https://media.digitalarkivet.no/view/11589/40

 

Det samme gjør mor ved dåpen til sønnen Anders i 1758

https://media.digitalarkivet.no/view/11589/32

 

Mor står også som Inger ved dåpen til datteren Sophie i 1752

https://media.digitalarkivet.no/view/11589/43

 

Dette har sikkert ikke så mye å si for hvor hun kommer fra, men bare en liten detalj som jeg la merke til....!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Knut gifte seg so 30.11.1747 att med Inga Andersdotter frå

 

 

 

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 1 (1731-1803), Viede 1747-1748, Side 154
https://media.digitalarkivet.no/view/11589/47973/15

 

Det står også Inger Andersdatter ved trolovelsen i juli 1747. Men det har som sagt sikkert ikke så mye å si for opphavet til Knuts ektefelle. 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg.

 

Namni Inga og Inger vart nytta om kvarandre i Luster på den tidi; kan henda var det presten å takka for det..., so me kan ikkje alltid seia kva som er rett.  Namneformi Ingrid fanst òg på same tid...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

20 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Knut gifte seg so 30.11.1747 att med Inga Andersdotter

 

20 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ho var f. kring 1712 og vart gravlagd frå Haugen 21.7.1757. 

 

20 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Inga Andersdotter vart mor til dei seks andre borni hans.  Dessutan hadde Inga Andersdotter ein son frå før,

 

Barna i ekteskapet med Inga/Inger Andersdatter var: Inger, 1745, d. før 1752 (uekte),  Anders, 1748, Knut, 1751(død 1751), Sophia, 1752, Ingebrigt, 1754 og Agatha, 1755. Barna var i alderen 9 til 2 år da moren døde. 

20 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Det var i 1751 at Knut Ingebrigtson busette seg her i Haugen i lag med andre kona si etter at dei først visstnok hadde butt nokre år heime på Havelden.  Han hadde plassen til kring 1760.  Det ser ut til at siste kona kom på legd på den tidi, og i 1762 ser me at Knut budde åleine på Kvalsøyri under Kvale. 

 

Hvis kone nr. 3 kom på legd og Knut bodde alene på Kvalsøyri under Kvale i 1762, er en tanke at den økonomiske situasjonen gjorde at Knut og Mari ikke var i stand til å forsørge Knuts barn fra andre ekteskap. Når du skriver at noen av barna må ha reist fra Luster i ung alder, går jeg ut fra at du ikke har funnet dem blant konfirmantene i Luster. Kanskje de havnet hos slektninger i morens familie, i fall Inga/Inger ikke var fra Luster? Bare litt tankespinn. 

 

Legger for ordens skyld inn lenke til ekstraskatten mars 1763 for Luster, som viser Knut Ingebrigtsen på Kvale:

Sogn og Fjordane fylke, Sogn, Ekstraskatt nr. 3418 (1762-1769), Dokumentside, Side 98
https://media.digitalarkivet.no/view/47516/98

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg med nye tankar!

 

Inga Andersdotter kan godt ha vore frå Luster, men på grunn av manglande kjelder er det ikkje mogeleg å prova dette.

 

Elles børjar eg å lura på om unge Ole Erikson likevel må vera avliden i Gulen, sjølv om han ikkje er innført i kyrkjeboki.  Kanskje han drukna og aldri vart attfunnen...?

 

Det var ikkje uvanleg på den tidi i indre Sogn at foreldrelause born av fattige foreldre kom tidleg ut for å tena, gjerne før dei vart konfirmerte.  Me har soleis døme på heile søskenflokker som dukkar opp i ytre Sogn.  Ingen av dei nemnde borni vart konfirmerte i Luster, og sidan eldste broren og ogso ei søsterdotter hamna i Gulen, ligg tanken svært nær at fleire av dei yngre søskeni til Erik òg kan vera flytte dit...  Det er berre so synd at me ikkje har konfirmantlister frå Gulen frå midten av 1700-talet!

 

Eg vonar at nokon kan greia å komma på sporet etter ein eller fleire av desse søskeni og takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 17.8.2019 den 13.47, Lars E. Øyane skrev:

b. Hans Erikson, døypt i Gulen 3.1.1803, vart konfirmert i Gulen i 1820,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

Jeg finner denne dåpen i Gulen: Iver, 1836 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000011785639

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Husøy, Brekke i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 19 (1826-1836), Fødte og døpte 1836, Side 52 - dåp nr. 23 (nederst):
https://media.digitalarkivet.no/view/11451/51

Iver døde 14.08.1836: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002038076

 

Barnet Iver ble født på Haugland og ved dødsfallet hans står det at foreldrene er tjenere på Haugland. I 1842 dør tjenestedreng Hans Eriksen på Haugland. Alderen var 38 1/12 ved dødsfallet og det gir beregnet fødselsår som vel er nær opp til din Hans...??? Kan dette være din Hans, Lars??

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002263885 

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Husøy, Brekke i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 20 (1837-1847), Døde og begravede 1842, Side 257
https://media.digitalarkivet.no/view/11452/255

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Brite Sjursdatter Haugland, som jeg antar er mor til Iver i forrige innlegg, døde i 1840:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002264284

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Husøy, Brekke i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 20 (1837-1847), Døde og begravede 1840, Side 291
https://media.digitalarkivet.no/view/11452/288

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

No kjenner ikkje eg geografien i Gulen og kor langt det kan vera frå Halland til Haugland, men eg slår fast at det ikkje finst nokon annan Hans Erikson fødd i Gulen mellom 1801 og 1806, so det er svært sannsynleg at du Grethe har finne den rette!

 

Då sit me med andre ord berre att med spørsmåli om halvsøskeni til Erik Knutson, og eg ville vorte «hoppande glad» om nokon lukkast i å finna minst eitt av desse søskeni...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
On 8/17/2019 at 1:47 PM, Lars E. Øyane said:

i. Claus Erikson, f. i Gulen 11.6.1821, kom bort på sjøen og d. som husmann under Kversøy i Gulen 15.6.1883.  Han gifte seg første gongen i Gulen 28.6.1844 med Johanna Ellingsdotter frå Kvernøy store i Gulen, f. i Gulen 25.9.1816.  Ho d. som husmannskone på Kvernøy store i Gulen alt 15.6.1851, og Claus gifte seg att i Gulen 27.12.1855 med Jannike Jensdotter frå Utvær i Solund, f. i Solund 27.2.1827.  Ho kom bort på sjøen samstundes med mannen 15.6.1883.  Claus og første kona Johanna var gardbrukarar og sidan plassfolk på Kvernøy store i Gulen, men han og andre kona Jannike vart plassfolk på Stuholmen under Kversøy i Gulen.  Claus fekk i alt  og fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre.

 

Eg ser eg har notert 3 barn i første ekteskapet; Elias 1845, Anne Gjertine 1846, Elen Gjertine 1849. Kanskje du kan dobbelsjekke dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle for siste innlegget!

 

Eg har ikkje teke vare på notatane om borni i den generasjonen, men so vidt eg no kan sjå utifrå FamilySearch, har du heilt rett.  Det var tre born i første ekteskapet og seks i det andre!

 

Forresten, du har ikkje greie på kvar det vart av yngste søsteri hans Claus, Magdeli Eriksdotter, fødd 1824 og konfirmert 1839?

 

Eller kva med halvsøsteri og stesøsteri til mor deira, 2 x Inga?  Eller kanskje endå viktigare, halvsøskeni til Erik Knutson?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.