Jump to content
Arkivverket
Helge Hånes

Ole Sjursen Roalset og Mali Pedersdatter (Andersdatter) Røsberg i Bolsøy er i nær slekt, men korleis?

Recommended Posts

Helge Hånes

I kyrkjeboka for Bolsøy står dette om trulovinga mellom Mali Pedersdatter Røsberg og Ole Sjursen Roaldset: 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070911620540  står dette:

"Domc. Exaud. i Cleve, Troloved Pigen Mali Peders Datter Rosberg med Soldaten Ole Siursen Roalset, efter foregaaende Sessions Bevilling, og forsikring fra General auditør Klingberg at være andsvarlig for dend Kongelige tilladelse, at de som beslægtede maa Ægte hinanden, der er bortkommet for dem[?] "

 

Mali Pedersdatter Røsberg og Ole Sjursen Roalset er altså nærslekta. I og med at dei trong kongeleg bevilling for å gifte seg, må dei vel vere tremenningar eller søskenbarn. Spørsmålet er korleis vi kan finne ut av dette?

 

Frå slektsforumet i DISnorge har eg saksa fylgjande frå ein tråd frå 2011: 

http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=90134

 

Sitat:
Forøvrig kan jo den Peder Olsen Lien som er konfirmert i 1776 ikke være Peder Olsen Stokke gift med Anna Amundsdtr.

Nei, jeg tror det er Peder Olsen (Roaldset-)Lien som er 19 år ved konf. i 1776, og altså f.ca.1757. Ved FT-1801 er han på Roaldset (43år), gift med Mali Olsdatter (33år) og deres 3 barn. Peder og Mali giftet seg 15 Jun 1788 i Kleive kirke. Denne Peder er sønn av Ole Bottolvsen og Ingelev Sivertsdatter Roaldsetli. Kona Mali er datter av Ole Sjursen Roaldset og Mali Andersdatter Røstberg (Pedersdatter i Bolsøyboka må være feil). Mali Olsdatter er døpt 18 Apr 1767, hun er trolig feilført som Mali Sjursdatter Roaldset og 17 år ved konf. 03 Okt 1784 og hun er 20 år i skiftet av 02 Aug 1787 på Roaldset etter begge foreldrene. "

 

Her er det sagt at Mali, kona til Ole Sjursen Roalset,  ikkje hadde patronymet Pedersdatter, men Andersdatter, og er då truleg dotter til Anders Røsberg som er brukar på Røsberg i 1763.

 

Sitat frå Bolsøyboka:  "Røsberg eies i 1763 av nevnte Jacob J. Schultz. Leilendinger er Troen Røsberg og Anders Røsberg som bruker gården sammen, med 5 pund. Siden går den over i Peter N. Møllers eie (se under Moldegård) og selges av denne til oppsitterne til odelsbruk."

Spørsmålet er om det er denne Anders Røsberg som er far til Mali, gift med Ole Sjursen Roalset? Og kva samband hadde i så fall Anders Røsberg og Sjur ( Roalset), far til Ole Sjursen Roalset,  med kvarandre ? Var dei søskenbarn eller kanskje brør? Eller er slekskoblinga på morssida? I så fall veit vi lite eller ingenting om dei. 

 

Bolsøyboka fortel om garden Roaldset :   "I 1763 er Marcus Friderich Bang eier. Opsidderne da er Esten Gjertsen, bruker 1 v., og soldat Ole Siursen, bruker 1 v. Esten var gift med Cirsten Jacobsdatter, de var barnløs. Han døde 1762. og det må være enken som driver gården. Hun ble senere gift igjen med Ole Sørensen Roaldset. Ole Sjursen var gift i 1759 med Mali Pedersdatter Røstberg, begge døde 1787 henholdsvis 55 og 54 år og ble lagt i samme grav. De hadde sønnen Sjur Olsen."

 

Ved folketellinga i 1801 er sonen Peder ein av brukarane: "2. Familie : Peder Olsen, 43, Bonde og Gårdebruger, Mali Olsdtr., 33, begge i 1. ægteskab, deres Børn: Anna, 12, Mali, 9, Jngelev 3. Synøve Sivertsdtr., 70, ugivt, Konens Faster. Tjenestefolk: Sivert Olsen, 29, Martha Jonsdtr., 29, Ole Pedersen, 13."

Her er nemnd ei Syneve Sivertsdatter 70 år og ugift, som er "konens faster", altså Mali Olsdatter si farsyster,  syster til Ole Sjursen. Ole sin far heitte altså Sivert og ikkje Sjur, men desse to namna er vel ofte synonyme. 

 

Kan nokon hjelpe med dette?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar S. Ertesvåg

Ein skal trå varleg dersom ein lagar slektstre basert på fleire føresetnader om at det er feil namn i kjeldene....

 

I skiftet 1787 er dei avdøde iallfall kalla Ole Siursen Roalset og Hustrue Mali Pedersdatter", same som i vigsla (og i Bolsøyboka).

Har du sett om du finn parfolket i Ekstraskattemanntalet 1762? Der kan det stå farsnamn.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Helge Hånes

Takk Ivar

Eg er heilt samd med deg i at det er farleg å gå ut ifrå at kyrkjebøkene opererer med feil patronym på personar. Grunnen til at eg tok det fram var at eg fann dette innlegget i DISnoreg frå 2011.

Skal sjå om eg finn noko i Ekstraskattemanntalet frå 1762. Reknar med at det finst på Digitalarkivet.

Det må vel også finnast ei kongeleg bevilling til ekteskap for desse to. Kvar kan slike finnast?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar S. Ertesvåg
48 minutter siden, Helge Hånes skrev:

Skal sjå om eg finn noko i Ekstraskattemanntalet frå 1762. Reknar med at det finst på Digitalarkivet.

Her er Romsdal - men garden må du finne sjølv...

https://media.digitalarkivet.no/db/contents/47828

Share this post


Link to post
Share on other sites
Helge Hånes

Eg har funne Ekstraskatten for 1762 og 1764, men det som står der gjev ikkje meir innsyn. I 1762 på Roelset står det to brukarar: Ole  og hustru og Ole Sørensen og hustru:  https://media.digitalarkivet.no/view/47828/18  

I 1764 står det Ole og hustru på begge brukarane på Roalset:  https://media.digitalarkivet.no/view/49638/16?indexing=  I kolonna bak står det "Siur og hustru". Kan det vere foreldra til Ole Siursen?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar S. Ertesvåg

Ingen "hjelpsom" prest her, nei...

 

"Siur og hustru" er i husstanden til Ole Sørensen (1762), så dei er neppe foreldre til Ole Siurson.

(- så sant ikkje "Sørensen" eigentleg skulle vere "Siursen"/"Siversen", men ein slik tanke fører lett ut på glattisen).

 

Det er ikkje sikkert husmann/innerst er slekt med brukarparet.

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Helge Hånes

Mange takk Inge. Eg har vore borte nokre dagar og har ikkje hatt dekning. Det var greitt å få på det reine at dei to var tremenningar. Det som gjenstår er å finne ut på kva side og korleis dette slektsforholdet var. Bevillinga seier ingenting om det såvidt eg forstår. Så kva som kan gjerast vidare er uvisst. Tek med takk imot forslag til korleis eg kan finne ut meir.

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar S. Ertesvåg

For Bergen stift finst det (gjenpartar av) ekteskapsløyve i stiftsarkivet - og dei er transkriberte.

https://www.digitalarkivet.no/source/100490/documentation/3882

 

Det er vel ikkje urimeleg om det finst noko tilsvarande (papirarkiv) for Trondheim stift. Men då må du kanskje på Statsarkivet for å leite sjølv.

 

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.