Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Susanna (1872) og Maria Severina (1874) Sølfestsdøtrer Avdal, utvandra til Amerika i 1892, men kvar vart det av dei? - bror deira Ole Sølfestson Avdal utvandra 1907 og skal ha gift seg i Dane Co., WI 1910?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg slit med å finna lagnadane til desse søstrene som i 1892 utvandra til Amerika frå Årdal i Sogn:

 

* Susanna Sølfestsdotter Avdal, fødd i Årdal 4.4.1872.

 

* Maria Severina Sølfestsdotter Avdal, fødd i Årdal 28.1.1874.

 

Foreldri deira var Sølfest Olson Avdal (1837-1907) og kona Maria Thomasdotter f. Opthun (1837-1909)

 

Det går fram av eit skifte frå 1912 at dei då båe var i live, men nokon adresse er ikkje oppgjeven.

 

Ein yngre bror av dei var:

 

* Ole Sølfestson Avdal, fødd i Årdal 21.6.1876, utvandra til Dane Co., WI i 1907 og skal ha gift seg der i 1910 med Margrethe Jørgensdotter Hjelle, fødd i Årdal 5.1.1891.  Ho utvandra òg i 1907.  Dei flytte heim att til Sogn kort tid etter, men dato og stad for vigsli deira har eg ikkje greidd å finna...?

 

Er det nokon som dreg kjensel på desse namni og som kan hjelpa meg finna lagnadane til dei to søstrene og opplysningane om vigsli til Ole og Margrete?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anne Tonby

Susanna?

https://www.findagrave.com/memorial/50628947

 

Gift i 1904

Name: Olause Sale
Event Type: Marriage
Event Date: 11 Jun 1904
Event Place: Madison, Dane, Wisconsin, United States
Gender: Male
Race: White
Birthplace: Norway
Father's Name: Ole Sale
Mother's Name: Ingelborg Johnson
Spouse's Name: Susie Dahl
Spouse's Gender: Female
Spouse's Race: White
Spouse's Birthplace: Norway
Spouse's Father's Name: Golfesh Dahl
Spouse's Mother's Name: Maria Optum

Reference ID: RN 196 P02992
GS Film Number: 1275939
Digital Folder Number: 007714220
Image Number: 00699
 

Citing this Record
"Wisconsin, County Marriages, 1836-1911," database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRLG-CH8 : 17 March 2018), Maria Optum in entry for Olause Sale and Susie Dahl, 11 Jun 1904; citing Madison, Dane, Wisconsin, United States, Wisconsin Historical Society, Madison; FHL microfilm 1,275,939.

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRLG-CHD

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anne Tonby

Denne Marie i Minnesota i census 1900

Name: Maria S Dahl
Event Type: Census
Event Year: 1900
Event Place: Rome Township, Faribault, Minnesota, United States
Gender: Female
Age: 26
Marital Status: Single
Race: White
Race: W
Relationship to Head of Household: Servant
Relationship to Head of Household: Servant
Birth Date: Jan 1874
Birthplace: Norway
Immigration Year: 1898
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway

 

HouseholdRoleSexAgeBirthplace

Halver E HalversonHeadM43Norway

Lynva HalversonWifeF43Norway

Emel C HalversonSonM7Minnesota

Selma O HalversonDaughterF5Minnesota

Oscar J HalversonSonM2Minnesota

Maria S DahlServantF26Norway


District: 94
Sheet Number and Letter: 2A
Household ID: 19
Line Number: 19
Affiliate Name: The U.S. National Archives and Records Administration (NARA)
Affiliate Publication Number: T623
GS Film Number: 1240763
Digital Folder Number: 004120274
Image Number: 00097
 

Citing this Record
"United States Census, 1900," database with images, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9S4-CZS : accessed 26 August 2019), Maria S Dahl in household of Halver E Halverson, Rome Township, Faribault, Minnesota, United States; citing enumeration district (ED) 94, sheet 2A, family 19, NARA microfilm publication T623 (Washington, D.C.: National Archives and Records Administration, 1972.); FHL microfilm 1,240,763.

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9S4-CZS

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane
Posted (edited)

Hjarteleg takk til Anne og Sven for mange spennande og interessante meldingar!

 

Eg har fått svar på alle mine spørsmål om dei to søstrene, bortsett ifrå at obituarien til Maria Sale frå 1947 (jmf. innlegg #9) ikkje kjem fram hjå meg.  Kan du senda denne på ny, Sven?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden med utgongspunkt i Maria Opthun:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Maria Thomasdotter {Opthun}, f. {i Luster} 23.4.1837,

Maria Thomasdotter gifte seg i Luster 16.11.1865 med Sølfest Olson frå Avdal i Årdal.  Han var son av gardbrukar Ole Sølfestson på Avdal, opphavleg frå Øvstetun, og kone Anna Eriksdotter frå Moen og f. i Årdal 14.2.1837.  Maria og Sølfest tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Avdal i Årdal der Sølfest d. 23.2.1907.  Maria Avdal d. same staden 3.10.1909.  Dei fekk seks born i lag:

a. Anna Olina Sølfestsdotter Avdal, f. i Årdal 12.7.1867, d. som kårenkje på Voldal i Årdal 29.7.1928.  Ho gifte seg i Årdal 15.11.1889 med Bernt Pederson frå Jevnaker i Årdal, f. i Årdal 9.7.1871.  Han miste livet i ei snøskrede i Årdal alt 18.2.1902.  Bernt og Anna var gardbrukarar på Voldal i Årdal og fekk seks born i lag, mellom anna dotteri:

‑ Maria Severina Berntsdotter Voldal, kjend som Marie Woldal (1890-1929), utvandra til Amerika i 1907 og vart der borte gift med Olaf Larson (1888‑1967), son av husmannssonen Christen Larsson frå Bjørkeneset under Kroken i Hafslo (1851‑1933) (s.d.).

b. Ole Sølfestson Avdal, f. i Årdal 11.1.1869, d. i Årdal 20.1.1871.

c. Thomas Sølfestson Avdal, f. i Årdal 27.11.1870, d. i Årdal 5.12.1870.

d. Susanna Sølfestsdotter Avdal, kjend som Susanna Dahl, f. i Årdal 4.4.1872, utvandra til Amerika i 1892 og gifte seg i Madison, Wis. 11.6.1904 med Olaus O. Sale, f. i Dane Co., Wis. 28.9.1877.  Olaus Sale var maskinarbeidar («machine shop machinist»), og han og Susanna budde i Madison, Dane Co., Wis. der Susanna d. 8.2.1923.  Olaus Sale d. i Dodge Co., Wis. 5.7.1955.  Dei var barnlause.

e. Maria Severina Sølfestsdotter Avdal, kjend som Maria S. Dahl, f. i Årdal 28.1.1874, utvandra til Amerika i 1898 og gifte seg i Blue Earth, Minn. 24.10.1900 med Søren Halvorson Svalheim frå Svalheim i Årdal, i Amerika kjend som Soren Swalheim.  Han var son av husmann Halvor Pederson på Nedre Timmersletti under Svalheim, opphavleg frå Øygarden under Gjelle, og kona Gjertrud Sørensdotter frå Nedre Timmersletti og f. i Årdal 24.12.1874, men utvandra til Amerika i 1899.  Soren og Maria farma i Cottage Grove township, Dane Co., Wis. der Maria d. 14.4.1947.  Soren Swalheim d. i Madison, Wis. 11.8.1948.  Dei fekk to søner i lag.

f. Ole Sølfestson Avdal, f. i Årdal 21.6.1876, utvandra til Dane Co., Wis. i 1907 og gifte seg

 

     ##### (date and place of his marriage? - 1910!?)

 

     med Margreta Jørgensdotter Hjelle frå Gjelle i Årdal, f. i Årdal 5.1.1891.  Ho utvandra òg i 1907.  Men Ole og Margreta kom snart etter attende frå Amerika og tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Avdal.  Ole d.

 

     ##### (dødsstaden hans?)

 

     13.7.1962, medan Margrete Avdal d.

 

     ##### (dødsstaden hennar?)

 

                         14.4.1983.  Dei fekk to born i lag,

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for siste meldingi!  Då har eg lagt inn dødsdatoen hennar i manuskriptet i innlegg #11 over!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.