Gå til innhold
Arkivverket

[LØYST]: Askeland og Rikstad i Radøy - Oppslag i bygdebok


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Eg har prøvd å tyde deler av eit skifte på Laukeland i Gaular i 1747. Laukeland høyrde før 1990 til Dale sokn i Fjaler.

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 5a (1746-1749), Skifteprotokollside, Side 91b-92a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126640289
 

Dette er det eg har fått ut av skiftet:

 

Skifte på Laukeland 18/10 1747 etter Mads Nilsson Laukeland sin myndling, Nikolai Nilsson Laukeland, som for ei tid sidan hadde døydd i København. Arven bestod av morsarven, som morbroren, Mads Nilsson Laukeland hadde hatt ansvaret for. Arvingane var syskena:
* Jakob Nilsson, soldat ved Bergen Garnisons Kompani, "og i Bergen ??? og nu(?) nærværende".
* Abel Nilsdtr., enkje, busett i Nordfjord på ein stad h??? Askevigen(?). Mads Laukeland var tilstades som kurator og ??? var tilstades.
* Ingeborg Nilsdtr., etterlate seg
> Nils Pederson, myndig, busett på garden R?g stad(?) i Radøy skipreide i Nordhordland.
> Rasmus Pederson, 13 år, tenar hos Mads Laukeland, som vart sett som formyndar.
> Ragnhild Pedersdtr., g. med Peter Andersson Askeland, Radøy skipreide.
> Magnhild Pedersdtr., 14 år, tenar på Mangers prestegard. Formyndar, svogeren, Peter Andersson Askeland.

 

Eg lurer på om nokon kan tyde gardsnamnet R?gstad (Rogstad/Regstad?), og seie kva garden heiter i dag og kvar den ligg. Eg lurer også på kva som evt. står om Ingeborg Nilsdtr. og borna hennar i bygdebøkene for Radøy.

 

1240819053_utennavn.thumb.jpg.0d3e8014fa256331f96f2f8c45a94da6.jpg

 

På Geni finn eg følgjande aktuelle par:

Anders Pedersen Askeland icn_world.gif?1374096962

Kjønn: Mann
Født: cirka 1742
Død: 1832 (86-94)
Nærmeste familie:

Sønn av Petter Andersen og Ragnilla Askeland 
Ektemann til Marta Olsdtr. Vågstaule 
Far til Anna Andersdtr. Vågstaule 

 

https://www.geni.com/people/Anders-Pedersen-Askeland/6000000001645002216

 

Sjå også det beslekta temaet om Abel Nilsdtr. Askevik/Abelone Kristine Limrup, som budde i Davik i Nordfjord.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg ikkje bygdeboka tilgjengeleg, men Askevikja ligg i Bremanger kommune, tidlegare Davik herad.
Der var det ei som heitte Abelone som vart myrda på 1700-talet; kan hende det er ho?

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei.

 

Anders Pedersen (Pettersen) Askeland (1746-1832)

og hans kone Marta Olsdotter Vågstuale (1756-1838) 

er omtalt på side 227 og 228 i Bind 4 i Radøy Bygdebok.

 

Mvh Dag Arne Danielsen

 

Endret av Dag Arne Danielsen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 minutter siden, Dag Arne Danielsen skrev:

Hei.

 

Anders Pedersen (Pettersen) Askeland (1746-1832)

og hans kone Marta Olsdotter Vågstuale (1756-1838) 

er omtalt på side 227 og 228 i Bind 4 i Radøy Bygdebok.

 

Mvh Dag Arne Danielsen

 

 

Står det noko om foreldra, Peter Anderson og Ragnhild Pedersdtr?

Eg har no også snubla over dette slektstreet, som hevdar at Peter Andersson er son til Anders Gregoriusson frå Vik i Holmedal i Askvoll. Både Vik og Laukeland høyrde til Fjaler kommune/Ytre Holmedal prestegjeld i Sunnfjord. Eg er også interessert i kva som står om Peter Andersson og evt. opphav frå Fjaler

Lenke til kommentar
Del på andre sider

31 minutter siden, Harald Husebø skrev:

Fra Radøy bind 4 s.171 Askeland

(...)

 

Kva står det om far og farfar til Per f. 1743?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser med dette på temaet som løyst, og seier samstundes takk for hjelpa for oppslaga i bygdeboka.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg lurer på om det er mogeleg å få gjort eit nytt oppslag i bygdeboka for Radøy. På Geni kom eg over følgjande person:

 

Anders Østensen Strand icn_world.gif?1630711118

Kjønn: Mann
Født: 1699
Død: 1771 (71-72)
Askeland, Radøy, Hordaland, Norway (Norge)
Nærmeste familie:

Far til Østen Andersen Askeland

 

 

Står det noko om han og evt. opphav?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for hjelpa. Det ser ut til at det har vore ein del frå Fjaler/Askvoll-området som har reist til Radøy på 1700-talet. Det hadde vore interessant om ein hadde visst kjelda til opplysninga om at han var frå Fjaler, men dette stemmer iallefall med det som står i eit militært manntal over ungdommen i Sunnfjord i 1722: "Anders Østenss. Strand. Boer paa Aske Nordhordlen. 24."

SAB, Stiftamtmannen i Bergen, F/Fc/L0001: Lnr. 1884 - Militære manntall og ruller, 1704-1722, s. 576-577
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru20111008000299

 

Her er han i 1701: https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000617449

 

I Fjaler Gards- og Ættesoge, bd. 2, side 163 finn ein:

 

836200765_Utennavn.thumb.jpg.643a2db06333e1ed34fa6535294081d2.jpg

 

Øystein Knutson Strand f. kr. 1740 reiste også sørover, og vart klokkar i Sund i Hordaland.

https://www.geni.com/people/Østen-Strand/6000000005440775250

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg har no konkludert med at foreldra til syskenflokken nemnd i skiftet på Laukeland i 1747 er Nils Jakobson Tross og Marthe Nilsdtr. Sæle. Nils Jakobson var gjestgjevar på Tross, og er nemnd i MT1701. Han var son til den Jakob Grill som er nemnd som gjestgjevar i Korssund i MT1666 (og som er onkel til den Jakob Grill som var gjestgjevar der i 1701).

https://www.geni.com/people/Nils-Tross/6000000188054143911

Marte Nilsdtr. Sæle er syster til Mads Nilsson Laukeland, og dei er borna til Nils Madsson Sæle og Kari Olsdtr. f. på Njøsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.