Gå til innhold
Arkivverket

Thomas Halvorson, fødd i Luster 1702 - busett i Lom i 1770 - er det mogeleg å finna ut av huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei anna kjempeutfordring som eg sleit med på 1980-talet, men som grunna mangel på kjelder aldri vart løyst den gongen.  Kanskje det går betre no?

 

I samband med ei tingsak (åstadsak?) i Luster i 1770 kom denne Thomas Halvorson fram som vitne og fortalte at han budde i Lom, og der hadde han nok butt i lang tid!

 

Før han reiste dit var han husmann i Stein under Skagen i Luster, og han hadde nok med seg minst to born då han fór over fjellet...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Thomas Halvorson Stein, frå Kilen, var f. kring 1702 og gifte seg kring 1729 med Christi Torbjørnsdotter frå Fortun, f. kring 1704.  Ho d. «i armod» i 1740 eller 1741.

 

     ##### (kan ho vera avlidi i Lom??)

 

     I 1770 vitna Thomas Halvorson at han hadde vore husmann under Skagen i tre år, i sa fall må det ha vore frå kring 1731 til 1734.  Kvar dei so budde dei neste seks‑sju åri, kan me ikkje seia sikkert.

Men kring 1742 må Thomas Halvorson vera flytt til Lom,

 

##### (budde framleis i Lom i 1770, lagnaden hans der? - attgift??)

 

Me kjenner til to born frå ekteskapet hans med Christi:

a. Martha Thomasdotter, døypt i Luster 10.8.1732,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

b. Christopher Thomasson, døypt i Luster 6.9.1739,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg finn denne vigsli i Lom frå 1755 og lurer på om det kan vera «vår» Thomas: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001183770

 

Og kanskje er dette gravferdi hans frå 1771, året etter at han hadde vore i Luster på vitjing: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000676567

 

Kanskje bygdebøkene for Lom har fleire opplysningar her?

 

Eg kan forresten leggja til at Thomas hadde minst to søsken som òg forsvinn frå Luster:

 

* Christen Halvorson, fødd kring 1690, budde i Jostedalen i 1711 før han forsvinn frå Sogn!

 

* Johannes Halvorson, fødd kring 1704, budde hjå foreldri sine i Kilen i Luster i 1714 før han forsvinn frå Sogn!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Leif for siste innlegget!

 

Du har nok finne den rette garden, og det høver jo bra at han ligg i Bøverdalen på vegen frå Lom over Sognefjellet...!

 

Kva står i bygdeboki for Lom om busetnaden på Strinden på 1700-talet?

 

Men den store utfordringi er framleis å finna ut meir om denne huslyden, kven var Guri Knutsdotter, og kvar vart det av sønene og eventuelle andre born?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gunnar for siste meldingi!

 

Då veit eg ikkje kvar eg skal gå for å finna føleire opplysningar om denne huslyden, men eg har i dag sendt ei melding til Arnfinn Kjelland og Atla Brandsar med von om at dei kan hjelpa meg vidare...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Arnfinn for ein interessant men utfordrande kommentar.

 

Eg vil tru denne saki er eit godt døme på kor ufullstendige kjeldene er på 1700-talet når det gjeld Lom.  Men dette til tross, eg trur at Thomas har butt på Strindi då han døydde, og eg hadde von om at andre kona hans, Guri Knutsdotter, kanskje sat enkje på Strindi då ho gifte seg med han Thomas, eller at ho hadde born frå eit tidlegare ekteskap som budde der.

 

Elles synest Thomas-namnet å vera svært so sjeldent i Lom, og eg lurer på: kan han vera nemnd i ekstraskattmanntalet frå 1762?

 

Elles kan det kanskje òg tenkjast at Thomas har butt i ei anna bygd før han kom til Lom og at sønene hans vart buande der...?

 

Kanskje finst det andre løysingar på dette?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ekstraskattemanntalet for Gudbrandsdalen er dessverre gått tapt, bortsett frå Lesja prestegjeld, der det nok ikkje er nokon Tomas/Thomas heller. Det same gjeld bygdebøkene; ingen teikn til nokon med det farsnamnet som ikkje er identifisert.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Arnfinn for siste meldingi frå i aftes.

 

Det skal tydeleg ikkje vera so enkelt dette, og kva me meir kan gjera for å kartleggja denne huslyden, er ikkje godt å vita...

 

MEN, eg gjev ikkje opp og vonar framleis på at noko kan dukka opp.  Kanskje Atle Brandsar har vore borti desse folki, om han kjem på bana...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand merd denne hudslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei! 

 

Eg kan ikkje seia at eg har funne noko meir om denne Tomasen eller folket hans. Men: det er ein huslyd som har vandra mellom Lom og Skjåk i 1760- og 1770-åra som eg ikkje får plassert nokon stad - og som både opphav og lagnad er ukjent for meg enda: 

 

image.png.7a4339df424702e45f9a323a1c368ffe.png 

 

Tomas-namnet er sers sjeldsynt i Lom, som du skriv, Lars. Eg har difor spekulert i om det er Tomas Hallvorsson som er fadder busett på høvesvis Frøyse og Aukrust i 1736 og 1740, men den fyrste må vel kanskje ha vore ein annan, om han ikkje har vore litt frå og til i Lyster (mtp. gutane han fekk der). Eg har òg lurt på om denne Malene kunne vera dotter hans, men då må ho ha vore ei ung brur om ho skulle vore fødd etter at Tomas kom over fjellet. Ikkje umogleg, men det vil me nok ikkje få vita. Hadde det enda funnest eit skifte etter Tomasen!

 

Atle 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opphavet til Nils Persson er knekt: han er frå Systugu Holemork i Skjåk. Då står det att å finne Malene. Kan dei ha vorte med Tomas til Geiranger? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Atle for interessante innlegg!

 

Me har ikkje noko skifte å halda oss til i denne huslyden, heller ikkje i Luster, og eg tykkjer avstanden mellom dei to borni som vart døypte i Luster, er svært so lang.  Og sidan me manglar kyrkjebøkler i Luster før 1731, kan dei òg ha hatt born før den tid.  Mor til Thomas heitte Martha, medan mor til Christi heitte Britha, men Malena-namnet var ikkje uvanleg i Luster på den tidi!

 

Etter kva du skriv, kan det sjå ut til at Nils og Malena flytte til Geiranger, og me har jo før vore borti Christen Antoniusson frå Fortun i Luster (f. 1725) som gifte seg i Lom og i 1772 flytte til Ytterdale i Norddalen, Stranda - sjå dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/206677-torkild-1722-og-christen-1725-antoniussøner-frå-fortun-i-luster-til-lom-huslydane-deira/?tab=comments#comment-1742589

(der du Atle forresten òg er hjarteleg velkommen til å komma med fleire kommentarar...).

 

Du seier du har identifisert Nils Pederson, men kan du opplysa om alderen hans?

 

Denne flyttingi mellom Lom/Skjåk og Sunnmøre/Romsdalen på 1700-talet er svært so minteressdant.  Eg har fleire personar ikkje minst frå Jostedalen, som òg flytte dit på 1700-talet!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen, sidan dette vedlegget i innlegg #11 ikkje kjem fram i Brukarforum (berre i meldingi som eg har motteke pr. e-post), legg eg dette inn her, so eg har «kontroll» på det...

 

image.png.7a4339df424702e45f9a323a1c368ffe.png

Ein ny kjempetakk for hjelpi med huslyden til Thomas Halvorson!

Endret av Lars E. Øyane
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

23 minutes ago, Lars E. Øyane said:

Du seier du har identifisert Nils Pederson, men kan du opplysa om alderen hans?

 

Nils Persson vart dpt. 23.6.1737 frå Holemork (Systugu Holemork, gnr. 35-2 i Skjåk). Eg har ikkje funne han elles, men ser av til- og avgangslistene i ekstraskattmaterialet at dei bytte husbond i april 1763, frå Uppigard Skjåk til Per Grimstad (åtte både Sygard og Nordistugu den tida). Der tok nok Tomas Nilsson namnet sitt frå då han kom til Geiranger - eg har ikkje leitt etter dei hine så grundig der, så meld gjerne ifrå om de finn noko meir om huslyden på hi sida av fjellet!

 

Atle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.