Gå til innhold
Arkivverket

Andrea Ellefsdotter Dalsøren . fødd i Luster 1837 - utvandra 1858 - døydde Fillmore Co., MN i 1874 i barselseng, men kven kan ho ha vore gift med?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei gamal kjempeutfordring som eg har brukt mykje tid og krefter på å finna ut av, men so langt er eg utan resultat!

 

Andrea Ellefsdotter var fødd i Luster 4.2.1837 som yngste barn av Ellef Andersson (1785-1842) og kona Anna Østensdotter, døypt i Luster 9.4.1789.  I 1858 utvandra Andrea i lag med mori og søsteri Martha Ellefsdotter (1821-1901) til Dane Co., WI.  Dei andre var reiste før til same stad.  Tidleg på 1860-talet flytte fleire av borni vidare til Fillmore Co.. MN, og so er det at eg finn ei innførsle i ei av kyrkjebøkene i Fillmore Co., MN, eg trur det var i Elstad/Highland kyrkjelyd, at Andrena Ellefsdotter døydde i barselseng med eit dødfødt barn 20.5.1874.

 

MEN, det står i kyrkjeboki ikkje noko om kven Andrena var gift med eller om dei hadde andre born som kanskje levde opp!

 

Eg har forresten heller aldri greidd å finna dødsfallet til mori Anna Østensdotter/Ellefson i Amerika og heller ikkje finn eg ho i FT1860 eller 1870 - kanskje nokon har betre «teft» enn kva eg har?

 

Eg ville vorte «hoppande glad» om nokon greier løysa denne utfordringi, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.findagrave.com/memorial/159974030

 

Andrine was the daughter of Ellev Andersen and Anna Ostensdatter Dalsøren. Her sister, Kari (b. 03 Dec 1829 Luster Sogn og Fjordane Norway d. 1881 Fillmore County Minnesota) was married to Ole Petersen Mellum.

She was married to Hans Olsen Bonrud :

Name Hans Olson
Event Type Marriage
Event Date 04 Mar 1872
Event Place Fillmore, Minnesota, United States
Gender Male
Spouse's Name Andrena Allefson
Spouse's Gender Female
Page 888
Citing this Record
"Minnesota, County Marriages, 1860-1949," database with images, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:X2RY-G8W : 11 March 2018), Hans Olson and Andrena Allefson, 04 Mar 1872, Fillmore, Minnesota, United States; citing p. 888, local historical societies and universities, Minnesota; FHL microfilm 1,316,808.

Elstad church records, p. 572 #27, Andrine Ellefsdatter 36 Aar died i Mai 74 buried 26 Juli 1874 at Elstad born at Sogn Note: Død paa Barselseng.


Family Members

Spouse
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No vart eg verkeleg «hoppande glad».  Hjarteleg takk til Lars J. for eit fantastisk innlegg!

 

Eg har søkt etter alle mogelege variasjonar av namnet, men Allefson hadde eg ikkje freista!  Og der var ho!

 

Dette lyt eg studera nærare i morgon, men eg finn i farten dødsmeldingi til Hans Bonrud i Benson Co., ND.  Han døydde der 21.10.1928, og oppgjeven fødselsdato er 27.10.1838.  Då er det kanskje mogeleg å identifisera det norske opphavet hans?

 

FT1900 syner utvandringsåret 1868: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DBTS-M9V

 

FT1920 syner òg utvandringsåret 1868: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RXX-3R4

 

Ifølgje dette family treet hjå ancestry var han fødd på Vestre Toten som Hans Olson Bonnerud, og han skal ha utvandra i 1867: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/23899134/person/340011986547/facts?_phsrc=Nzx15945&_phstart=successSource

 

Ingen born er nemnde nokon stadar, men på gravstøtta står det då vitterleg «grandfather», so han må ha hatt born, kan henda med Andrena???

 

Ein ny kjempetakk for dagens største overrasking!  No er eg spent på om det kan finnast fleire opplysningar...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner konfirmasjonen til en Hans Olsen Bonnerud (Bonderud) i Kolbu sokn i Vestre Toten i 1853. Han var født på Røysene i Gran prestegjeld:

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001181627

 

Men denne Hans er antakelig identisk med Hans, født 04.12.1836 på "Røsum" i Gran:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001397655

F.t. 1865 Vestre Toten: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038069002966

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste flotte innlegget!

 

Eg har no studert ymse kjelder for fleire opplysningar om denne huslyden og fekk svar på mange spørsmål.  Andre kona hans Hans Bonrud var komi frå Stod i Nord-Trøndelag, og eg fann mellom anna ein obituary etter første mann hennar, Elias Johnson, som miste livet ved ei togulukke i 1871.  Det synte seg at Elias og Anne Martha hadde tre døtrer i lag, og FT1880 frå Amherst township, Fillmore Co., MN syner at Hans og Martha då berre hadde desse tre døtrene buande hjå seg, so Andrena døydde nok utan å etterlata seg born!

 

Eg har no reinskrive dette manuskriptet og ser eg manglar nokre detaljar, særleg kring opphavi til Hans Bonrud og andre kona Anne Martha, og dødsfallet til Anne Martha greier eg ikkje å finna...:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner denne siden:

https://sites.google.com/site/totenemigrant/Toten-emigrant-1846/1866-1870

 

"

1867/7

Hans Olsen Bonnerud f. ca. 1837 Røisene i Gran, sønn av Ole Olsen og Oline Olsdatter Bonnerud. Broren Martin reiste senere, se 1871/84.

Reiste fra V. Toten. Til New York. Frakt: 35 Spd. (emi2-p142). Hans Olsen Bonderud 31 aar, f: Røisene, Gran. Attest 10. mai (11-p350)".

 

Nr. 182

Oppland fylke, Ås, Kolbu i Vestre Toten, Ministerialbok nr. 7 (1862-1869), Inn- og utflyttede 1867, Side 350
https://media.digitalarkivet.no/view/8961/326

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oline og Ole giftet seg i Gran i 1835:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001421516

Oppland fylke, Gran, Brandbu, Tingelstad i Gran, Ministerialbok nr. 10 (1824-1842), Viede 1835, Side 726-727
https://media.digitalarkivet.no/view/9349/347

 

Brudeparets fedre het henholdsvis Ole Guldbrandsen og Ole Larsen. 

 

Ole, 1802

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001775055

 

Olia, 1811

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000073737

 

Ole Olsen døde i 1869

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001018919

 

Oline Olsdatter døde i 1886

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001315302

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Martha Johnson, opphavleg frå Noem i Stod.  Ho var dotter av husmann John Andersson på Noemsgjøten under Noem, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Barbro Anfindsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Stod 7.4.1827.

 

Anne Martha, 1827

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005002512

 

Iver, 1824

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005002018

 

Enkemann Jon Andersen og Barbro Anfindsdatter ble gift i 1823:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001038620

Nord-Trøndelag fylke, Kvam i Stod, Ministerialbok nr. 746A03 /2 (1816-1827), Viede 1822-1824, Side 416-417
https://media.digitalarkivet.no/view/17073/40

Brudgommen var 60 og bruden var 30!

 

Her er Jon Andersen med familien i folketellingen 1801:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058461001721

 

Jeg lurer på om dette er Barbro i folketellingen 1801:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058461002172

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Opphavet til Hans Olson synest vera greitt, men eg er litt i stuss når det gjeld Anne Martha.  Det er frå Amerika eg finn at huslyden budde på Noemsgjøten under Noem, og der budde visstnok ætti framleis i 1865, men kvar John Andersson kom ifrå, er vel meir usikkert.  Når det gjeld Barbro Anfindsdotter, heitte ho Langhammaraunet då dei gifte seg i 1823,  medan foreldri i 1801 tydeleg var gardbrukarar på Hammer i Stod.  Let det seg gjera å «klara opp» i dette?

 

Finst det kan henda ei bygdebok for Stod som kan hjelpa oss?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #5 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Andrea Ellefsdotter {Dalsøren}, f. {i Luster} 4.2.1837,

Andrena Ellefson utvandra til Amerika med mori i 1858, og etter ei kort tid i Dane Co., Wis. flytte ho til Fillmore Co., Minn. der ho 4.3.1872 gifte seg med Hans Olson frå Bonderud på Vestre Toten, i Amerika kjend som Hans O. Bonrud.  Han var son av gardbrukar Ole Olson på Bonderud, opphavleg frå Røsum i Gran, og kona Olina Olsdotter frå Grinner i Gran og f. på Røsum i Gran 4.12.1836.  Han utvandra til Amerika i 1867.  Hans og Andrena busette seg på ein farm i Amherst township, Fillmore Co., Minn. der Andrena d. i barselseng med eit dødfødt barn 20.5.1874.  Hans gifte seg so att i Fillmore Co., Minn. 9.1.1875 med enkja Anne Martha, kjend som Martha Johnson, opphavleg frå Noem i Stod.  Ho var dotter av husmann John Andersson på Noemsgjøten under Noem, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og andre kona Barbro Anfindsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? - Langhammeraunet? -budde på Hammer i 1801)

 

og f. i Stod 7.4.1827.  Ho utvandra til Amerika med første mann sin i 1868.  Hans og Martha vart buande ein del år på farmen i Amherst township, Fillmore Co.,Minn., men flytte sist på 1890-talet til ein farm i Beaver township, Benson Co., N.D. der Martha d.

 

##### (date and place of her death? - 1920!?)

 

Hans Bonrud d. same staden 21.10.1928.  Korkje Hans eller Andrena hadde levandefødde born, men Martha hadde tre døtrer frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.