Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Torbjørn Henrik Hillersøy

S. og Fj., Kinn, Svardal: Kor kom Mads Larsson, Marthe Kristiansdtr og borna frå?

Recommended Posts

Torbjørn Henrik Hillersøy

Skifte etter Mads Larsson i 1774: https://media.digitalarkivet.no/view/24195/411?indexing=

 

Enkja heitte Marte Christiansdtr. og borna var Inger (23), Lars (21), Margrethe (?) (18), Anna (17), Christie (13), Brite (10) og Alis (3 1/2).

Den einaste av borna som vart fødd i Kinn var yngstedottera Alis: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005054010

 

Familien kom altså til Svardalen etter 1764 eller i 1764. Ut frå skiftet var det folk frå Førde pr.gj. som hadde uteståande krav i buet.

Kan familien ha budd i Førde før dei kom til Kinn?

Er det mogleg å finne giftemålet til Mads og Marte, og dei fem eldste borna sin dåp?

Edited by Torbjørn Henrik Hillersøy

Share this post


Link to post
Share on other sites
Inge Nygård

Skiftet frå 1779 etter Rasmus Larsen Østenstad i Jølster, nemner borna til halvbroren Mads Larsen Svardal mellom arvingane: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126670647

Edited by Inge Nygård

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Henrik Hillersøy

Mange takk, Inge!!

Mads kom altså frå Østenstad.

Eg klarer ikkje å tyde "adressa" til Marthe.

Edited by Torbjørn Henrik Hillersøy

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Henrik Hillersøy

Takker igjen!

Det ser ikkje ut til at bygdeboka har noko meir om denne familien under Stevollen (men dei kan ha busett seg andre stader i Førde)  

Då blir det å leite i krk.boka etter dåpen til borna.

 

Ser at nest aldste dottera heitte Agate og ikkje Margrethe!

 

Namnet på garden som Mads kom frå ser eg blir skreve Einsteinstad eller Innsteinstad. Både den og Stevoll ligg i Moskog-området.

Edited by Torbjørn Henrik Hillersøy

Share this post


Link to post
Share on other sites
Inge Nygård

Ein Mads Larsen er nemnt under gard  nr. 32 Slåttene og gard nr. 70 Bjørkedalen, utan at opphav eller born er nemnt der. Men Inger Madsdtr. med far Mads Slotten vart døypt 28. des. 1749: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227240672

Lars Madsen Slotten vart døypt 5.6.1752: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227240686

Aagaathe Madsdtr. Birkedal vart døypt i november 1754: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227240699

Edited by Inge Nygård

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Henrik Hillersøy

Takker og bukker!

Familien ser altså ut til å vere på på flyttefot. Garden Slåttene ligg i same området som dei andre to gardane, men Bjørkedal ligg eit stykke ute i Førdefjorden.

 

Ser at A. Joleik nemner at Mass Larsson Bjørkedalen tinglyser odelsrett til sonen Lars på jorda 1 pd. 15 mrk. på Einsteinstad i 1765 (s. 517 i bygdebok for Jølster): https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2015091029001?page=531.

(på same sida står óg skiftet som det er link til i innlegg # 3)

Så då flytta altså Mads og familien til Svardalen mellom 1765 og 1770.

Edited by Torbjørn Henrik Hillersøy

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.