Gå til innhold
Arkivverket

Til Lars Øyane


Ivar Moe
 Del

Recommended Posts

Hei Lars

 

Jeg lurer på om denne Kari Mikkelsdatter Bjørk fra Jostedalen som blir "besovet" av onkelen Mathias Sjurson Bruheim og får sin straff for det, er de samme som senere blir gift ? Eller kanskje det var hennes eldre søster med samme navn?  Har du noen tanker om dette?

 

På tvangsarbeid for ekteskapsbrot

Tvangsarbeid i Kongens bergverk og i fiskeværa i Nord-Noreg var vanlege straffemetodar for folk som fekk born utanfor ekteskap i gamle dagar.


Publisert 01.10.2003 23:17.

Dette hende m.a. Ola Ottoson Sperla i Jostedalen kring 1720. Etter det første "brotsverket", der den nygifte bonden fekk barn med ei jente i bygda, måtte Ola bøte med det meste av formuen sin. Men då han året etter fekk eit barn med syskenbarnet sitt, bar det rett til "Bergverkerne sønden- eller nordenfjelds" med mannen. 

Syskenbarnet vart forvist til tvangsarbeid i dei nord-norske fiskerværa. 

Same lagnaden vart ungjenta Kari Mikkelsdatter Bjørk til del etter at ho i 1708 hadde vorte "besovet" av onkelen Mathias Sjurson Bruheim. Her vart det også tvangsarbeid i fiskeværa for Kari og bergsverksslaveri for onkelen.
 
 

Kjøpt fri frå straff

Men det gjekk ikkje for alle likt: Ein annan jostedøl, Ola Andersson Åsen, hadde vore ute i same ærend som Ola og Mathias: Ola Åsen vart først tiltala for å ha "besovet" ei jente som han var tremenning til - og slikt vert det ofte barn av. Eit par år seinare var Ola Åsen frampå att - også denne gongen med ein slektning. No vart han dømd til tre års tukthus. 
Men "syndaren" hadde ei rik mor som kjøpte han fri frå straffa, og det enda med at Ola til og med vart klokkar i Jostedalen! 

 

 

https://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/3134653.html

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Ivar!

 

I bygdeboki for Jostedalen (1994) har eg skrive følgjande om Mathias Sjurson på Bruheim:

 

~~~~~~~~~~

 

Mathias Sjurson Bruem, opphavleg truleg frå Ormberg, var f. kring 1662 og vart gravlagd frå Bruheim 12.4.1739.  Han gifte seg første gongen kring 1704 med Kari Mikkelsdotter frå Bjørk.  Ho var truleg f. kring 1675, men d. visstnok kring 1730, for ?.2.1735 vart Mathias trulova andre gongen (vigselsdato vantar) med ei Guri Aamundsdotter, som truleg hadde opphavet sitt i Vigdalen i Luster.  Ho var f. kring 1703 og vart gravlagd frå Bruheim 26.5.1737.  Guri hadde visstnok vore gift før med ein Ole, men han veit me ikkje noko om.  Mathias Sjurson var først leiglending på Fossen, men flytte visstnok til Bruheim kring 1702.  I 1708 vart han stemnd for andre leigarmålet sitt med Martha Jacobsdotter frå Bergset, ei 19 år gamal søsterdotter til første kona Kari.  Begge vart dømde, Martha til fire år ved fiskeleiene nordafjells og Mathias til fire år ved bergverki sønnafjells.  Me kan ikkje sjå at Martha kom attende til heimbygdi, men det gjorde Mathias, og barnet dei to fekk i lag, vart visstnok oppale her hjå far sin.  Elles lyt me leggja til at Mathias Sjurson styrte garden på Bruheim so lenge han levde.  Me kjenner til fire born etter Mathias, to frå første ekteskapet, eitt med Martha Jacobsdotter og eitt frå det andre; dessutan hadde Guri med seg ei dotter då ho flytte til Bruheim i 1735.  Mellom desse borni var:

 3. Kari Mathiasdotter, truleg dotter av Mathias og Martha Jacobsdotter frå Bergset (1689-$4), var f. kring 1708 og budde framleis på Bruheim kring 1736.

Kari Mathiasdotter må vera fari frå Jostedalen før 1740, men diverre vantar me opplysningar om den seinare lagnaden hennar.

~~~~~~~~~~

 

og her er kva eg har skrive på Bjørk om søskenflokken derifrå:

 

~~~~~~~~~~

 

Mikkel Larsson Bjerk, som me trur må ha vore frå Bakken, var f. kring 1632 og d. visstnok på Bjørk kring 1700.  Han gifte seg kring 1664 med ei Britha Pedersdotter, truleg søster av den føregåande brukaren og likeins frå Sperle.  Ho var f. kring 1641 og d. på Bjørk kring 1680.  Mikkel dreiv først heimebruket i Bakken i lag med far sin og sidan i nokre år ein parsell av Sperle, men flytte hit til Bjørk kring 1664.  Han var sidan brukar på Bjørk levetidi ut.  Mikkel og Britha fekk seks born i lag:

 1. Kari Mikkelsdotter, d.e. (1665-1698), vart gift med gardbrukar Jacob Clausson på Bergset (1661-1736).

 2. Ole Mikkelson (1668-1717), vart gardbrukar i Bakken.

 3. Peder Mikkelson, d.e., f. kring 1670, budde på Bjørk i 1680.

Peder Mikkelson, d.e., må vera faren frå Jostedalen i ung alder og kan vera identisk med ein Peder Mikkelson som i 1698 busette seg på Gjervik i Askvoll.  Peder Mikkelson på Gjervik d. truleg kring 1740.  Han var gift to gonger og fekk tre born frå andre ekteskapet.

 4. Peder Mikkelson, d.y., f. kring 1673, budde òg på Bjørk i 1680.

Peder Mikkelson, d.y., må likeins vera faren frå Jostedalen i ung alder, men han veit me ikkje noko om lagnaden til.

 5. Kari Mikkelsdotter, d.y. (1675-1730), vart gift med gardbrukar Mathias Sjurson på Bruheim (1662-1739).

 6. Lars Mikkelson, f. kring 1678, levde på Bjørk i 1680.

Lars Mikkelson må liksom dei to brørne med namnet Peder vera faren frå Jostedalen i ung alder utan at me veit noko meir om lagnaden hans heller.

 

~~~~~~~~~~

 

Eg har ikkje finne noko om at Mathias var nær slekt med kona Kari Mikkelsdotter eller om at ho kom på straff.  Derimot fekk Mathias eit barn med søsterdotteri til første kona, og då kom dei båe på straff!

 

Elles har eg eit par «gåter» her, som du eller andre gjerne kan sjå meir på:

 

** Kari Mathiasdotter frå Bruheim, f. kring 1708 - må vera flytt frå Jostedalen før 1740 - kvar kan ho ha vorti av?  Halvbroren Aamund Mathiasson (1735-1778) vart gjestgjevar på Sognefest i Gulen - kan Kari òg ha butt i Gulen?`

 

** Dei tre sønene frå Bjørk, Peder d.e., Peder d.y. og Lars Mikkelssøner - må òg vera flytte frå Jostedalen i ung alder.  Den eine Peder Mikkelson trur eg kan vera identisk med Peder Mikkelson på Gjervik i Askvoll, men kan dette provast?

 

Når det gjeld leigarmåli til Ole Otteson Sperle i Jostedalen, har eg ikkje notert meg noko om dei (kva veit du om dei? - kven var jentene som han fekk born med?)  Uansett, so vart heller ikkje han lenge borte frå bygdi.  Han vart sidan bonde å Mjelvær i Jostedalen!

 

Godt å høyra og sjå at du Ivar framleis er godt engasjert i forskingsarbeidet, og eg høyrer gjerne frå deg att om nye «nøtter»!  Det ligg vel att nokre saker i det gamle emnet frå sist vinter, men eg låg fem månadar på sjukehus, og då kjem ein gjerne litt på etterskòt...

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk skal du ha Lars. Imponert hva du har fått med under den enkelte husstand.

 

Kikket litt i Gulen etter Kari Mikkelsdatter. Fant kun to med det navnet i rett tidsrom. Den ene er utelukket, skal se nærmere på den andre Kari etterhvert.

 

Til noe helt annet..

 

Kom over dette  Obit..., men det har du sikkert allerede.

https://www.newspapers.com/clip/5220191/solfest_dregne_obit/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget her!

 

Jau, denne Solfest Dregne har eg god kontroll på.  Dotteri Margery Solverson var ein av hovudinformantane mine på utvandrarætter frå Luster til Vernon Co., WI på 1980-talet!

 

Men me veit jo aldri...  Brått dukkar det opp obituaries for personar som eg har dårleg kunnskap om...  Det var tross alt over 6000 emigrantar frå noverande Luster kommune til Amerika, og går me ein generasjon fram i tid, kjem me truleg opp i meir enn 30000 personar!

 

Ein ny kjempetakk for fin innsats, Ivar!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

30 000 et vanvittig tall. Det bor vel ikke mer enn ca 5000 i Luster kommune i dag.

 

Av ren nyskjerrighet. Hvem var den første som reiste og nårtid dro vedkommende ?

 

Mvh

Ivar

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste meldingi.

 

Når det gjeld den første emigranten frå Hafslo og frå heile Sogn refererer eg til kva eg har skrive under garden Lunde i Hafslo:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Hermundson {Lunde}, døypt {i Hafslo} 1.12.1816,

Christian Hermanson var den første kjende emigranten frå heile Sogn då han i 1838 utvandra til Amerika.  Han var smed (”blacksmith”) og budde visstnok nær Stoughton, Dane Co., Wis. der me trur han d. kring 1855, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Diverre er det lite me veit om denne mannen, men kanskje nokon kan finna han att i FT1840 eller FT1850?

 

Ein ny kjempetakk for all hjelp!

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
  • 4 måneder senere...

Hei Ivar!

 

Eg ser dei har misprenta gardsnamnet ALME, og nettopp på Alme i Luster finn me svaret:

 

Eg attgjev frå band III (1987) der eg har lagt inn ein del «oppdateringsspørsmål»:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye opplysningar frå Jostein er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #15 under!

 

Om nokon kan supplera med manglande opplysningar, ville eg setja stor pris på det!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars

 

Har et spørsmål du kanskje kan hjelpe med. Gjelder snedkersvend John  Vigdal 1835 - 1905 fra Luster. Finner han ikke under Vigdal i Gaupne. Var han født en annen plass?

Her i 1891.   https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994005600

 

Og er det samme mann som utgav sangspillet "Digterlønn" i 1894  og   "Digte og sange" i 1895 ?

 

Da fant jeg familien på Tubbeteigen under Heltne 🙂 så da er saken løst.

 

Datter Ulrikke døde i 1954 - https://www.digitalarkivet.no/view/15/pa00000000692124

Sønn Fritjof dør 1877 - https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001030753

 

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Ivar!

 

Eg er du fann svaret på eigi hand, men om du treng det, her er eit oppdatert oversyn over denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

John Guttormson {Vigdal}, f. {i Luster} 14.7.1835,

Jon G. Vigdal flytte først til Molde der han 19.4.1865 gifte seg med Barbara Marie Hansdotter Monsen frå Molde.  Ho var dotter av bakarmeistar Hans Andreas Monsen i Molde, opphavleg frå Bergen, og kona Anna Olsdotter frå Gjertøen under Moldegaard i Bolsøy og f. i Molde 17.7.1843.  Jon Vigdal var snikkarsvein og budde på Olsmedbakken i Molde, men kring 1869 flytte han med huslyden sin til Bergen der dei mellom anna budde på Torvalmendingen, i Lille Øvregaten og til sist i Øvre Hamburgersmug der Barbara d. 4.4.1901.  Jon Vigdal d. same staden 14.1.1908.  Dei fekk fem born i lag:

a. Fridthjof Gustav Jonson Vigdal, f. i Molde 2.3.1865, flytte med foreldri til Bergen der han d. 30.11.1873.

b. Eivind, kjend som Øivind Jonson Vigdal, f. i Molde 29.1.1868, d. i Bergen 7.11.1909.  Han gifte seg første gongen i Domkyrkja i Bergen 13.4.1890 med Johanne Margrethe Johansdotter Jakobsen frå Bergen, f. Bergen 11.12.1869.  Men ho d. i Bergen alt 3.4.1895, og Øivind gifte seg att i Bergen 26.6.1896 med Hildur Geelmuyden Larsdotter Hansen frå Bergen, f. på Remme i Alversund 19.6.1873.  Ho d. i Bergen 23.7.1919.  Øivind Vigdal var typograf og budde levetidi ut i Bergen.  Han fekk i alt ti born, tre frå første ekteskapet og sju frå det andre.

c. Christiane Jonsdotter Vigdal, f. i Bergen 6.6.1870, d. i Bergen 6.6.1875.

d. Ulrikke Jonsdotter Vigdal, f. i Bergen 15.8.1872, d. i Bergen 29.7.1954.  Ulrikke var syerske og budde i Bergen levetidi ut.  Ho var ugift.

e. Fridthjof Gustav Jonson Vigdal, f. i Bergen 2.6.1876, d. i Bergen 3.11.1877.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Om han var forfattar, veit eg ikkje noko om, men broren Anders G. WIGDAHL (1830-1914) var i alle fall ein vidgjeten kunstmålar!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk skal du ha Lars.

 

Det er mor til en tidligere kollega som nå blir svært lykkelig for disse svarene. 

 

Jeg fant også dette fra Romsdal Sogelag som bekrefter at snedker John også hadde litterære evner.  Så da hadde dama rett.

 

image.png.77c51d2ebeb8bef468863490e94a0aa1.png

 

Mvh

Ivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gode Ivar,

 

Det var ei gild melding å få!

 

Men du, eg opplever stadig vekk det same:  Vedleggi som du legg inn i innleggi dine, kjem på min iMac berre inn som eit òpe rom med skugge utan tekst.  Dette skjer vel nesten kvar gong, men ikkje berre med innlegg frå deg, òg frå andre.  Eg ser berre vedleggi i den e-post-meldingi som kjem samstundes, dersom eg har abonnert på temaet.

 

MEN, eg har nettopp oppdaga at dersom eg kopierar innleggi og legg dei inn separat i eigi melding, då kjem dei fram på «normalt» vis!  Direkte «løge» spør du meg!  Det er sikkert ei eller anna innstilling på min iMac som gjer dette, hadde eg berre visst kva for ein...?

 

Eg legg spørsmålet ut som eige tema; kanskje ein eller annan har svar...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

23 hours ago, Lars E. Øyane said:

Finkel Olson Alme, frå Vevlen i Vang i Valdres, var son av gardbrukar Ole Ellendson på Vevlen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

Frå: Gardar og slekter i Vang. C. Høre Sokn (Anders Frøholm – Valdres Bygdeboks forlag 1991) – side 208 - :

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2010111808077?page=211

 

Finkel – dei skriv Finnkjell i Valdres – er ein kar med røtene sine i orden:

 

Bruk IV (eller II) først i 1660-åra

Finnkjell Olsson Kvåle (ca 1621--1671)

Ola Finnkjellson (-1687)

98/1 (lno. 161) Sy støga, støgun, av Nerre (Nørre) Vøvle

Ragndi Olsdotter N. Vøvle (ca 1680-1761) – Erlend Embrikson ( ca 1672/1680 – 1761)

Ole Erlandson (1719/1722-1799)

Erland Olsson (1750-1824)

Ola Erlandson (1780- 1830) - gift 1803 med Ingebjørg Knutsdotter Helle (1781-1838)

Finnkjell (1810-)

Endret av Jostein Stokke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjempebra!  Hjarteleg takk til Jostein for oppdatering av opphavet hans Finkel frå Valdres.  Samstundes har eg òg leitt fram nokre av dei manglande detalane frå Amerika, men David Schump er ei skikkeleg «utfordring»...

 

Her følgjer ein oppdatert versjon av manuskriptet frå innlegg #9:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Finkel Olson Alme, frå Vevlen nordre i Vang i Valdres, var son av gardbrukar Ole Ellendson på Vevlen nordre og kona Ingeborg Knutsdotter frå Helle og f. i Vang 19.12.1809.  Han flytte til Luster i 1841 og d. som gardbrukar på Alme 25.3.1873.  Finkel gifte seg i Luster 4.11.1851 med Siri Guttormsdotter, dotter av føregåande brukar og herifrå Alme.  Ho var f. 31.1.1826 og d. som enkje på Alme 26.8.1905.  Finkel fekk 19.10.1853 skøyte på Alme og dreiv garden dei siste tjue åri han levde.  Attåt gardsdrifti lyt me nemna at Finkel var sølvsmed.  Han sette opp smia som det framleis finst restar att av, og smykke som han arbeidde, finst enno i bygdi.  Finkel og Siri fekk tre born i lag:

 1. Ole Finkelson, f. 22.2.1854,

Ole F. Alme utvandra til Amerika i 1882 og gifte seg i Buffalo Co., Wis. 14.1.1897 med Agatha Johnsdotter, stedotter av hus­mannssonen Endre Johannesson frå Jervateigen under Bolstad, i Amerika kjend som Ida Johnson.  Ho var f. i Jostedalen 28.8.1857 og utvandra til Amerika i 1866 i lag med mori og stefaren.  Ida gifte seg første gongen kring 1884 med ein David Schump, men dei vart skilde kring 1891.  Me veit ikkje noko meir om David, men han skal etter skilsmålet vera faren til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. 

 

##### (additional information on David Schump?)

 

Ole og Ida Alme slo seg ned som farmarar i Nelson township, Buffalo Co., Wis. og vart buande der levetidi ut.  Ole d. i Buffalo Co., Wis. 8.6.1929, medan Ida Alme d. same staden 6.4.1932.  Ho fekk i alt fem born, tre frå første ekteskapet og to frå det andre.  Dei to som levde opp frå første ekteskapet, vart adopterte av Ole Alme:

a. Anna Cathrine (Schump) Alme (1885-1963), vart gift med Albert Henry Anderson (1879-1968), son av husmann Anders Anders­son frå Ospehaug under Mjelvær i Jostedalen (1842-1928) (s.d.).­

b. Emma Turina Schump, f. i Buffalo Co., Wis. 8.2.1888, d. truleg same året.

 

##### (exact date of her death?)

 

c. Inger Turina (Schump) Alme, f. i Buffalo Co., Wis. 8.3.­1890, d. i Durand, Wis. 9.9.1971.  Inger gifte seg i Pepin Co., Wis. 18.3.1911 med Theodore, kjend som Thom O. Lammo.  Han var f. i Buffalo Co., Wis. 5.10.1888 og d. i Durand, Wis. 23.1.1967.  Inger og Thom Lammo farma i Maxville township, Buffalo Co., Wis. og fekk to born i lag.

d. Frances Sigri Alme, f. i Buffalo Co., Wis. 14.8.1897, d. i Durand, Wis. 24.3.1975.  Frances gifte seg i Buffalo Co., Wis. 26.10.1916 med Frank Rayman Owen.  Han var f. i Buffalo Co., Wis. 11.4.1892 og d. i La Crosse, Wis. 27.5.1934.  Frances var sjukepleiar («nurse»), medan Frank farma i Canton township, Buffalo Co., Wis.  Dei var barnlause.

e. Torborg Marie, kjend som Mary Alme (1900-1969), vart gift med Melvin Engvald Johnson (1895-1954), son av husmannssonen Mons Monsson frå Flugen under Tang i Hafslo (1866-1900) (s.d.).­

 2. Ingeborg Finkelsdotter (1855-1918), vart gift med gard­brukar Mons Østenson på Alme (1857-1930); dei fekk ta over heimebruket hennar her på Alme.

 3. Guttorm Finkelson, f. 17.5.1861,

Thomas F. Alme utvandra til Amerika i 1855 og gifte seg i Casselton, N.D. 11.2.1896 med Mary Kriegler.  Ho var f. i Michelsdorf i Austerrike 5.3.1868 og utvandra visstnok til Amerika i 1886.  Thom og Mary budde først ei kort tid i Chaffee, Cass Co., N.D., men flytte ved hundreårsskiftet til ein farm i Balfour township, McHenry Co., N.D. der Thom d. 19.10.1931.  Mary Alme d. i Casselton, N.D. 3.12.1940.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Rose Selma Alme, f. i Cass Co., N.D. 11.11.1896, d. i Casselton, N.D. 24.2.1974.  Ho gifte seg i Casselton, N.D. 26.11.1921 med Julius John Spooner, f. i LeSueur Co., Minn. 20.7.1896.  Han d. i Casselton, N.D. 1.1.1963.  Julius var snikkar («carpenter»), og han og Rose budde i Casselton, Cass Co., N.D.  Dei fekk tre born i lag.

b. Joseph Thomas Alme, f. i Cass Co., N.D. 26.9.1898, d. i Harvey, N.D. 26.9.1963.  Joseph gifte seg i Anamoose, N.D. 1.5.1920 med Betsey Elizabeth Heringen.  Ho var f. i McHenry Co., N.D. 12.3.1900 og d. i Harvey, N.D. 18.10.1972.  Joseph og Betsey farma først i Balfour township, McHenry Co., N.D., men flytte sidan til Drake, McHenry Co., N.D. der Joseph hadde ei verktyfor­retning («implement store owner and operator»).  Dei fekk elleve born i lag.

c. Clarence Frederick Alme, f. i McHenry Co., N.D. 30.3.1901, d. i Bonita Springs, Fla. 11.3.1973.  Han gifte seg i Minot, N.D. 14.2.1931 med Agnes Helen Thorstad.  Ho var f. i LaMoure Co., N.D. 26.8.1908 og d. i Havre, Mont. 5.11.1997.  Clarence Alme dreiv ein bilverkstad («autobody repairshop owner and operator»), og han og Agnes budde i Willis­ton, Williams Co., N.D.  Dei fekk to born i lag.

d. Frederick Edwin Alme, f. i McHenry Co., N.D. 3.7.1903, d. i Minot, N.D. 15.5.1970.  Han gifte seg i Minot, N.D. 22.7.1932 med Evelyn Thora Adeline Melhouse, f. i McHenry Co., N.D. 3.4.1907.  Ho d. i Minot, N.D.

 

##### (exact date of her death? - died as Evelyn Bloom or Evelyn Berke?)

 

.2.1998.  Frederick Alme var rekneskapsførar («accountant»), og han og Evelyn budde i Minot, Ward Co., N.D.  Evelyn gifte seg 26.12.1976 att i Minot, N.D. med Lee Roy Bloom.  Han var f. i Mountrail Co., N.D. 8.6.1910 og d. i Minot, N.D. 30.12.1980.  Lee Roy Bloom var ein pensjonert farmar («retired farmer»), og han og Evelyn budde i Minot, Ward Co., N.D. dei åri dei var gifte.  Frederick og Evelyn Alme fekk to born i lag.

e. Sarah Marian Alme, f. i McHenry Co., N.D. 21.11.1905, d. i Mesa, Az. 28.4.1982.  Sarah gifte seg i Taos, N.Mex. 11.9.1941 med John Eugene Shea.  Han var f. i Woodford Co., Ill. 1.1.1911. 

 

##### (exact date and place of his death? - Tempe, AZ?)

 

.4.1987.  John Shea var lærar og sidan skulestyrar («school teacher and school principal»), og han og Sarah budde i Mesa, Az.  Dei fekk tre born i lag.

f. Edward Francis Alme, tvilling, f. i McHenry Co., N.D. 17.6.1908, d.

 

##### (exact date and place of his death? - Roswell, NM?)

 

.4.1986.  Han gifte seg i Minot, N.D. 16.7.1938 med Stella Irene Otterson.  Ho var f. i Ward Co., N.D. 11.9.1912. 

 

##### (place of her death? - Roswell, NM?)

 

29.9.1988.  Edward Alme var seljar («salesman»), og han og Stella budde i Roswell, Chaves Co., N.Mex.  Dei fekk ein son i lag.

g. Emma Margaret Alme, likeins tvilling og f. i McHenry Co., N.D. 17.6.1908, d. i

 

##### (exact date and place of her death? - El Paso, TX?)

 

.7.1985.  Ho gifte seg i Taos, N.Mex. 27.5.1940 med Linville Eldon, kjend som Eldon L. Lawrence.  Han var f. i Marion, Okla. 12.10.1916 og d. i El Paso, Tx. 12.11.1973.  Eldon var lærar og bomullsfarmar («school teacher and cotton farmer»).  Han og Emma budde i El Paso, Tx. og fekk fem born i lag.

h. Melvin Thomas Alme, f. i McHenry Co., N.D. 3.5.1910, d. i McHenry Co., N.D. 3.2.1912.

 

 

Mons Østenson Alme, frå Fortun, var f. 31.10.1857 og d. som kårmann og enkjemann på Alme 21.8.1930.  Han gifte seg 16.5.1882 med Ingeborg Finkelsdotter, dotter av føregåande brukar og herifrå garden.  Ingeborg var f. 7.11.1855 og d. på Alme 12.8.1918.  Mons og Ingeborg tok over gardsdrifti på Alme frå 1883, men fekk ikkje skøyte på garden hjå mori hennar før 15.10.1889.  Mons dreiv garden så lenge kona levde, men året etter at han vart åleine, lét han sonen Finkel ta over.  Mons og Ingeborg fekk seks born i lag:

 1. Brita Monsdotter Alme (1883-1893).

 2. Finkel Monsson Alme (1885-1977), fekk som nemnt ta over heimebruket på Alme etter foreldri.

 3. Øystein Monsson Alme (1888-1972), vart gardbrukar på Nybø, Bringe (bnr. 15).

 4. Sigrid Monsdotter Alme (1890-1952), vart gift med gard­brukar Jakob Larsson Bolstad på Bolstad (1882-1928).

 5. Anna Kristine, kjend som Kristina Monsdotter Alme (1892-1978), vart gift med gardbrukar Gilbert Nilsson Volden på Alnes i Grytten, Romsdalen (1894-1967), opphavleg småbrukarson frå Volden, Urnes i Hafslo (bnr. 17) (s.d.).

 6. Johannes Monsson Alme (1895-1975), var skogoppsynsmann og gardbrukar i Hagen II, Sørheim (bnr. 10).

 

 

Finkel Monsson Alme, son av føregåande brukar og herifrå Alme, var f. 8.8.1885 og d. på gamleheimen 18.1.1977.  Han gifte seg i Fortunskyrkja 14.11.1918 med Anna Torgers­dotter Eide frå Eidsneset under Eide.  Ho var f. i Nordre Fron 5.1.1888 og d. på sjukestova 5.9.1973.  Finkel fekk 26.5.1919 skøyte på heimebruket på Alme, og han dreiv garden like til han i 1974 flytte inn på gamleheimen.  Han og Anna var barnlause, og ved skiftet etter Finkel slutta 25.11.1977 fekk brorsonen Harald Alme på Fjellbu, Kvale (bnr. 13) skøyte på garden.  Dotteri hans, Marie Kristine Alme, var det så som 23.2.1984 selde Alme til Ole Bakken på Kjøtnes (bnr. 1); han la garden til brukseiningi si på Kjøtnes etter at Alme i om lag 368 år hadde vore eige bruk.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.