Gå til innhold
Arkivverket

Hans Ingebrigtson Dalsøren alias Henry Brickson (1843-1916) - frå Luster til Madison, WI - ein «innvikla» huslyd med mange «hòl» - er det mogeleg å finna ut noko meir?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg aldri har greid å finna skikkeleg ut av.  Informanten min var tidleg på 1980-talet sonesonen Chester Brickson (1905-1994), og han visste mykje, men stod ganske so «fast» på huslyden til «tante Polly» og likeins «tante Lauretta».  Er det i det heile mogeleg å komma noko lenger med desse huslydane?

 

Eg har følgjande oppdaterte manuskript å syna fram:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Fleire nye interessante opplysningar er komne til, og dette manuskriptet er innlagt i oppdatert form i innlegg #6 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

29 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

f. Henry R.

 

     ##### (middle name?)

 

     Brickson, f. i Dane Co., Wis. 15.5.1894, d. i Madison, Wis. 9.2.1915.

 

?

Wisconsin State Journal (Madison, Wisconsin) 18 Dec 1913, Thursday, Page 10

Wisconsin State Journal (Madison, Wisconsin) 18 Dec 1913, Thursday, Page 10.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil og Sven for nye spennande innlegg!

 

Då har me fått dødsdatoen til Polly «på plass», men dødsstaden manglar.  Kanskje døydde ho i Milwaukee, WI, eller flytte ho heimatt til Madison, WI?  Kanskje ein OBITUARY kan finnast?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden, til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Ingebrigtson {Dalsøren}, f. {i Luster} 22.8.1843,

Henry Brickson utvandra til Amerika med mori og søstrene i 1861 og gifte seg første gongen i Madison, Wis. 16.5.1867 med Gunnhild Pedersdotter frå Åmlia i Eggedal, Sigdal, i Amerika kjend som Nellie Peterson.  Ho var dotter av gardbrukar Peder Ellefson i Åmlia og kona Siri Torjusdotter frå Grøterud i Lyngdal, Flesberg og f. i Eggedal, Sigdal 8.3.1847, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1852.  Henry Brickson vart støyperiarbeidar («pattern maker and foundry moulder»), og dei busette seg i Madison, Dane Co., Wis.  Nellie d. i Madison, Wis. 29.10.1889, og Henry gifte seg att i Dane Co., Wis. 1.9.1890 med Anna Kirstine, kjend som Kirstine Johannesdotter Roes frå Kongsberg, i Amerika kjend som Christine Ross.  Ho var dotter av smed Johannes Johannesson Roes på Kongsberg, opphavleg frå Gillberga sokn i Säffle kommun, Värmland, Sverige, og kona Gunnhild Marie Jensdotter frå Eidsfoss i Hof, Vestfold og f. på Kongsberg 17.5.1855, men utvandra til Amerika i 1884.  Henry og Christine vart buande i Madison, Wis. der Henry d. 11.12.1916.  Christine Brickson d. i Dane Co., Wis. 24.11.1943.  Me veit om seks born etter Henry Brickson; fem av dei var frå første ekteskapet, medan Christine var mor til yngste sonen:

a. Ingeman Louis Brickson, f. i Dane Co., Wis. 21.8.1869, d. i Madison, Wis.

 

     ##### (date of his death? - prior to 1874!)

 

b. Sophus Ingemann Brickson, f. i Dane Co., Wis. 28.9.1874, d. i Dane Co., Wis. 14.4.1912.  Han gifte seg i Dane Co., Wis. 29.5.1900 med Christina Marie Nordness, dotterdotter av husmannssonen Mons Haagenson frå Grindateigen under Fuhr (1837‑1884).  Christina var f. i Dane Co., Wis. 20.5.1880 og d. i McFarland, Wis. 6.11.1978; ho hadde då vore enkje i 66 år.  Sophus Brickson var snikkar («carpenter»).  Dei budde i Madison, Dane Co., Wis. og fekk tre born, mellom anna sonen:

‑ Chester Sylvester Brickson (1905‑1994), vart gift med Olga Maria Dahl (1912‑1978), dotter av husmannsdotteri Martha Andersdotter Røneid frå Hesjebakken under Rønnei (1883‑1954) (s.d.).

c. Samanda Melwena Brickson, f. i Dane Co., Wis. 24.7.1876, d. i Dane Co., Wis. 16.2.1936.  Samanda gifte seg i Dane Co., Wis. 3.7.1895 med Alfred Soverin Gulseth.  Han var f. i Dane Co., Wis. 8.8.1874 og d. i Wyocena, Wis. 27.12.1968.  Dei farma ei tid i Westport township, Dane Co., Wis., men Alfred Gulseth var snikkar («carpenter»), og frå 1915 var han og Samanda busette i Madison, Dane Co., Wis.  Som enkjemann flytte han i seinare år til Wyocena, Columbia Co., Wis.  Dei fekk fire born i lag.

d. Polly

 

     ##### (middle name?)

 

     Brickson, f. i Dane Co., Wis. 27.11.1882, d.

 

     ##### (place of her death? - Madison, Dane Co., WI? - or Milwaukee, Wis.? - heitte 1937: Polly Brickson Cooper!)

 

     11.12.1948.  Ho gifte seg første gongen i Dane Co., Wis. 30.10.1901 med Frank W.

 

     ##### (middle name?)

 

     Cooper, f. i Dane Co., Wis. 5.6.1880.  Han d. i Waukegan, Ill. 17.3.1935.  Frank Cooper var bygningsarbeidar («plasterer»), og han og Polly budde i Waunakee, Dane Co., Wis., men vart skilde

 

     ##### (year of their divorce? - about 1919!)

 

     Frank gifte seg sidan att med svigerinna Lauretta, då enkje etter Henry R. Brickson (1894-1915) (sjå nedanfor).  Polly gifte seg

 

     ##### (date and place of Polly’s 2nd marriage?)

 

     med

 

     ##### (Mr. Hanson’s first and middle names?)

 

     Hanson, f.

 

     ##### (date and place of his birth?)

 

     ##### (date and place of his death?)

 

     ##### (Mr. Hanson’s occupation?)

 

     og han og Polly budde i Milwaukee, Milwaukee Co., Wis.  Polly fekk to born, som båe var frå første ekteskapet.

 

     ##### (surviving daughter: Fern Pearlista Cooper born Madison, WI June 30, 1905)

 

e. Hilda

 

     ##### (middle name?)

 

     Brickson, f. i Dane Co., Wis.

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     1885, d. i Madison, Wis.

 

     ##### (exact date of her death?)

 

     .9.1886.

f. Henry R.

 

     ##### (middle name?)

 

     Brickson, f. i Dane Co., Wis. 15.5.1894, d. i Madison, Wis. 9.2.1915.  Han gifte seg i Dane Co., Wis. 18.6.1913 med Lauretta C.

 

     ##### (middle name?)

 

     Ludwig, f.

 

     ##### (exact date and place of her birth? - Dane Co., WI June of 1897!? or 1896?)

 

     Henry Brickson (Jr.) var skofabrikkarbeidar («shoe factory shop worker»), og han og Lauretta budde i Madison, Dane Co., Wis. den korte tidi dei var gifte.  Som enkje gifte Lauretta seg att

 

     ##### (date and place of her 2nd marriage?)

 

     med Frank W.

 

     ##### (middle name?)

 

     Cooper, som før hadde vore gift med svigerinna Polly Brickson (1882-1948) (sjå ovanfor).  Han var f. i Dane Co., Wis. 5.6.1880 og d. i Waukegan, Ill. 17.3.1935.  Frank Cooper var bygningsarbeidar («plasterer»), og han og Lauretta budde først i Cleveland, Cuyahoga Co., Ohio og sidan ei tid i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men flytte på 1920-talet til Waukegan, Lake Co., Ill.  Lauretta hadde visstnok ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

##### (surviving daughter: Fern Pearlista Cooper born Madison, WI June 30, 1905)

 

The 1930 United States Federal Census  -  Lenke Ancestry
Name:    Ferne Edwards
Birth Year:    abt 1905
Gender:    Female
Race:    White
Birthplace:    Wisconsin
Marital status:    Married
Relation to Head of House:    Daughter-in-law
Home in 1930:    Dallas, Dallas, Texas, USA
Map of Home:    View Map
Street address:    Fairmount
Ward of City:    Pt Voting Prec 26
Block:    1667
House Number:    3907
Dwelling Number:    85
Family Number:    85
Age at first Marriage:    22
Attended School:    No
Able to Read and Write:    Yes
Father's Birthplace:    Wisconsin
Mother's Birthplace:    Wisconsin
Able to Speak English:    Yes
Occupation:    Gen'l Office
Industry:    seed company
Class of Worker:    Wage or salary worker
Employment:    No
Household Members:    
Jessie Edwards    53
Lena Edwards    28
Ferne Edwards    25
Anita Edwards    7
John J Newman    56

 

Skilt/enke? og gift igjen?

 

The California, Death Index, 1940-1997  -  Lenke Ancestry
Name:    Ferne P Hall
Social Security #:    391165352
Gender:    Female
Birth Date:    30 Jun 1905
Birth Place:    Wisconsin
Death Date:    5 Jul 1968
Death Place:    San Diego
Mother's Maiden Name:    Brickson

 

Lenke FAG  -  https://www.findagrave.com/memorial/196838138

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for nye spennande innlegg!

 

Det er tydeleg ein «mobil» huslyd me har med å gjera her, særleg når det gjeld Polly Cooper.  Då stemori døydde i 1943, var ho i alle fall i Milwaukee, WI, men diverre er dødsfalli i Wisconsin frå den perioden vanskelege å få sjekka.

 

Eg trur forresten at dette andre ekteskapet til Polly med «Mr.» Hanson, som Chester Brickson må ha fortalt meg om, må ha vore svært so «stutt», og at dei vart skilde att, sidan Polly gjekk attende til Cooper-namnet...

 

Elles er òg lagnaden til Lauretta/Loretta Ludwig Cooper ei skikkeleg «nøtt»...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

37 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg trur forresten at dette andre ekteskapet til Polly med «Mr.» Hanson, som Chester Brickson må ha fortalt meg om, må ha vore svært so «stutt», og at dei vart skilde att, sidan Polly gjekk attende til Cooper-namnet...

 

De ble skilt. 

Wisconsin. Circuit Court (Dane County): Divorce Case Files, 1839-1928

http://digicoll.library.wisc.edu/cgi/f/findaid/findaid-idx?c=wiarchives;cc=wiarchives;rgn=main;view=text;didno=uw-whs-dane0314

Reel   33
Item ID 1569: Jannie Bachmeyer v. Joseph Bachmeyer
 
Reel   33
Item ID 1570: Ernst Bollier v. Anna Bollier
 
Reel   33
Item ID 1571: Frank Cooper v. Polly Cooper
 
Reel   33
Item ID 1572: Roy F. Denyes v. Margaret Denyes
 
Reel   33
Item ID 1573: Ida Doyle v. Walter Doyle

 

 

Ser nå at dette er gammelt nytt.

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit interessant innlegg!  Jau, det er «gamalt nytt» at Frank og Polly vart skilde, men me veit ikkje kva tid dette skjedde.  Korleis kan ein få gjort eit oppslag på desse filmane?  Finst dei andre stadar enn hjå Wisconsin Historical Society?

 

Uansett, basen er interessant, for eg har mange gonger vore borti spørsmål om skilsmål i Dane Co., WI frå «way back», so her skal det leitast vidare...

 

Ein ny kjempetakk for å henta fram denne basen!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.