Gå til innhold
Arkivverket

Martinus (1861) og Thomas (1870) Johannessøner Bringe frå Luster, utvandra til Amerika i 1885/1892, men er sporlaust borte. Kvar kan det ha vorte av dei? Ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Alt tidleg på 1980-talet var eg oppteken av å finna lagnadane til dei to brørne, Martinus og Thomas Johannessøner Bringe som «forsvann» til Amerika, men utan hell.  No har eg freista på ny, men kjem ikkje nokon veg!  Kanskje nokon veit råd?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden, der me òg manglar nokre andre detaljar...:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Jacobson Bringe, frå Kvasshilleren under Høyeim, var f. 18.9.1829 og d. som husmann på Bringe 24.11.1903.  Han gifte seg 14.4.1862 med Cathrina, kjend som Trina Thomasdotter frå Kvalsøyri under Kvale.  Ho var f. 29.7.1835 og d. som husmannsenkje, då busett på Ottum, 4.4.1921.  Johannes og Trina budde først ei kort tid som innerstar på Kvalsøyri under Kvale, truleg hjå foreldri hennar, men fekk kring 1871 hand om denne plassen i Haugen under Bringe.  Johannes dreiv so lenge som han levde, og sidan heldt Trina fram med plassen so lenge som ho var god til det.  Dei vart siste plassfolki i Bringshaugen, for i 1920 vart Haugen utskild frå Bringebøen som bnr. 18 og fråseld (s.d.).  Johannes og Trina i Haugen fekk åtte born i lag, men Trina hadde òg ei dotter frå før:

 1. Anna Johnsdotter (1858‑1873), dotter av trina og John Knutson frå Bolstadøyri på Voss.

 

     ##### (kven var han?)

 

 2. Martinus Johannesson, f. 24.11.1861,

Martin Johnson/Bringe(?) utvandra til Amerika i 1885,

 

##### (lagnaden hans?)

 

 3. Lars Johannesson (1863‑1886), tente på Kvale og d. der, ugift.

 4. Thomas Johannesson (1865‑1868).

 5. Gjertrud Johannesdotter (1868‑1868).

 6. Thomas Johannesson, f. 24.3.1870,

Thomas Johnson/Bringe(?) utvandra til Amerika i 1892,

 

##### (lagnaden hans?)

 

 7. Peder Johannesson (1873‑1876).

 8. Anders Johannesson, f. 2.8.1875,

Andrew J. Bringe utvandra til Amerika i 1894 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 14.4.1894 med Anna Pedersdotter frå Meljane under Hauge.  Ho var f. i Luster 25.5.1871 og utvandra til Amerika i lag med Andrew i 1894.  Dei slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis., men Andrew Bringe d. i Crawford Co., Wis. alt 21.1.1909, berre 33 år gamal.  Anna gifte seg att i Crawford Co., Wis. 11.12.1913 med Martin A. Erickson, son av husmann Østen Erikson frå Ekrene under Haganes (1847‑1928).  Martin var f. i Luster 20.4.1884, men utvandra til Amerika med foreldri sine alt i 1885.  Martin og Anna heldt fram som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Anna d. 23.12.1953.  Martin Erickson flytte som enkjemann til Viroqua, Vernon Co., Wis. der han d. 28.11.1962.  Andrew Bringe fekk fire born med ho Anna, medan ho med Martin Erickson fekk ei dotter, i alt fem born:

a. Bent, kjend som Bennie A. Bringe, f. i Luster 8.12.1893, utvandra med foreldri til Amerika i 1894 og d. i Miles City, Mont. 27.9.1956.  Bennie gifte seg i Volborg, Mont. 24.7.1936 med enkja Marie Matilda, kjend som Mary Pikkula.  Ho var f. i Vaasolani i Finnland 27.3.1874, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (year of emigration? - names of parents??)

 

     og d. i Miles City, Mont. 24.10.1962.  Bennie Bringe var i mange år farmar og gruvearbeidar («farmer and miner») i Volborg, Custer Co., Mont., men dei flytte sidan inn til Miles City, Custer Co., Mont. der Bennie var bygningsarbeidar («construction laborer»).  Mary og Bennie vart barnlause, men ho hadde fire born frå eit tidlegare ekteskap.

b. John A. Bringe, f. i Crawford Co., Wis. 5.4.1896, d. i Crawford Co., Wis. 15.5.1896.

c.  Julius A. Bringe, f. i Crawford Co., Wis. 10.6.1900, d. i Crawford Co., Wis. 10.9.1900.

d. Julia A. Bringe, f. i Crawford Co., Wis. 4.9.1904, d. i Crawford Co., Wis. 12.7.1908.

e. Aline Erickson, f. i Crawford Co., Wis. 22.5.1913, d.

 

     ##### (place of her death? - Viroqua, WI?)

 

     1.9.1986.  Aline var gamleheimsarbeidar («retirement home employee») og budde i Viroqua, Vernon Co., Wis., ugift.

 9. Anna Johanna Johannesdotter, f. 20.12.1877,

Anna Bringe flytte til Bergen og gifte seg i Domkyrkja 18.10.1924 med enkjemannen

 

##### (eller var han skild?)

 

Mons Joakim Monsson Mjelde frå

 

##### (opphavet hans?)

 

Han var son av skomakar Mons Andersson Mjelde

 

##### (bustad og opphav?)

 

og kona

 

##### (fullt namn og opphav?)

 

og f. i Hamre

 

##### (eller i Valestrand?)

 

4.1.1890.  Mons var skomakar, og han og Anna budde i Bergen der Anna d. på eit sjukehus 14.12.1940.  Mons Mjelde d. som enkjemann same staden 21.6.1949.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Eg har forresten alt sendt eit spørsmål til Arkivverket for å sjekka dødsmelødiongi etter Anna Johanna Mjelde frå 1940.  Er me heldige, er brørne hennar nemnde der...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Emigrasjon: 1892 90 

Person: Thomas Johannessen Bringe

PERMANENT ID: pe00000000685539
   
Fornavn:
Thomas
Etternavn:
Johannessen Bringe
Kjønn:
m
Fødselsdato:
-
Fødselsår:
1870
Alder:
22
Fødested:
Lyster
Bosted:
Lyster
Stilling/stand:
ug Husmdssøn
Familiestilling:
-
Utreisedato:
1892-02-26
Ekspedert dato:
-
Kontraktsdato:
-
Utreisehavn:
Bergen
Reisemål:
-
Ankomstdato:
-
Skip:
-
Linje:
-
Agent:
-
Årsak:
-
Nytt yrke:
-
Har billett?:
-
Har pass?:
-
Reiser med familie?:
-
Merknader:
-

Fraktkostnad:
-
Tar med penger:
-
Billett betalt?:
-
Betalingsmerknad:
-
Reisetillatelse:
-
Ny gruppe:
-
Herred:
-
Fogderi:
-
Statsborgerskap:
-
Utgår/Strøket:
-
Hendelsesdato:
1892-02-26

Løpenummer:
90
Protokollreferanse:
-
Side:
-
År:
1892
Prestegjeld:
-
Merknader:
udvdrtil fra Krigskommisionen

Kildeinformasjon:

Emigranter over Bergen 1874-1930

Gå til kilde 

Fylke:
Bergen
Kommune (1947):
Bergen
Geografisk område:
Bergen komm.
Startår:
1874
Sluttår:
1930

Emigrasjon:

1892 90 

Side:
-
Løpenummer:
90
Protokollreferanse:
-
Prestegjeld:
-
Skannet side:
-

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000685539

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

52 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

9. Anna Johanna Johannesdotter, f. 20.12.1877,

 

Anna Bringe flytte til Bergen og gifte seg i Domkyrkja 18.10.1924 med enkjemannen

 

 

 

##### (eller var han skild?)

 

 

 

Mons Joakim Monsson Mjelde frå

 

 

 

##### (opphavet hans?)

 

 

 

 

Mons Monsen Mjelde f. 1880

https://www.digitalarkivet.no/view/108/pc00000000446092

 

Død 1949

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001253738

 

Født i Valestrand

Her med første? kona Bethe Johanne fra Moldøen

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065522055909

 

Far til Mons er banearbeider i Amerika i 1910

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036698002381

 

Foreldre til Mons

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052987002629

 

Dåp Mons

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003103538

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Emigrasjon: 1885 1259 

Person: Martinus Johannesen Kvali

PERMANENT ID: pe00000000674926
   
Fornavn:
Martinus
Etternavn:
Johannesen Kvali
Kjønn:
m
Fødselsdato:
-
Fødselsår:
1862
Alder:
23
Fødested:
Lyster
Bosted:
Lyster
Stilling/stand:
ug
Familiestilling:
-
Utreisedato:
1885-06-02
Ekspedert dato:
-
Kontraktsdato:
-
Utreisehavn:
Bergen
Reisemål:
-
Ankomstdato:
-
Skip:
-
Linje:
Cunard Line
Agent:
-
Årsak:
-
Nytt yrke:
-
Har billett?:
prp
Har pass?:
-
Reiser med familie?:
-
Merknader:
-

Fraktkostnad:
-
Tar med penger:
-
Billett betalt?:
-
Betalingsmerknad:
-
Reisetillatelse:
-
Ny gruppe:
-
Herred:
-
Fogderi:
-
Statsborgerskap:
-
Utgår/Strøket:
-
Hendelsesdato:
1885-06-02

Løpenummer:
1259
Protokollreferanse:
-
Side:
-
År:
1885
Prestegjeld:
-
Merknader:
Husmand

Kildeinformasjon:

Emigranter over Bergen 1874-1930

Gå til kilde 

Fylke:
Bergen
Kommune (1947):
Bergen
Geografisk område:
Bergen komm.
Startår:
1874
Sluttår:
1930

Emigrasjon:

1885 1259 

Side:
-
Løpenummer:
1259
Protokollreferanse:
-
Prestegjeld:
-
Skannet side:
-

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000674926

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bygdebok for Hamre, bind 2 s 619, under omtale av Valestrand gård:

 

image.png.644cd9102776690f61deecb9ff47a905.png

 

Mons, far til Mons Joakim, fra Nedste Mjelda gård i Haus sogn på Osterøy; fra "Hausboken" (Haus i soga og segn bind 17 del 2) s 96:

 

image.png.71cba6094d49b0135678eb7d02037b08.png

 

Moren, Elen Martina, var fra Salhus i Åsane, nå i Bergen, den gangen i Hamre; se "Åsane i fortid og nåtid" bind 4 s 65.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary, Ivar, Egil og Tore for mange spennande og interessante innlegg!

 

Det meste er no komme «på plass» når det gjeld Mons Mjelde og opphavet hans, bortsett ifrå at me ikkje enno veit om første kona hans døydde, eller dei vart skilde.  Uansett ser det ut til at dei vart barnlause...

 

Når det gjeld det to brørne som utvandra til Amerika, har eg vel aldri tenkt meg at dei kan ha skrive seg for Kvale eller Quale, men dette er sjølvsagt ein «opsjon»...  Eg finn dei i alle fall ikkje att under korkje Bringe eller Kvale/Quale!  Kanskje dei finst på inngåande passasjerlister i Amerika?

 

Eg ventar framleis på svar frå Bergen om ervingsne etter Anna Johanna Mjelde...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Jacobson Bringe, frå Kvasshilleren under Høyeim, var f. 18.9.1829 og d. som husmann på Bringe 24.11.1903.  Han gifte seg 14.4.1862 med Cathrina, kjend som Trina Thomasdotter frå Kvalsøyri under Kvale.  Ho var f. 29.7.1835 og d. som husmannsenkje, då busett på Ottum, 4.4.1921.  Johannes og Trina budde først ei kort tid som innerstar på Kvalsøyri under Kvale, truleg hjå foreldri hennar, men fekk kring 1871 hand om denne plassen i Haugen under Bringe.  Johannes dreiv so lenge som han levde, og sidan heldt Trina fram med plassen so lenge som ho var god til det.  Dei vart siste plassfolki i Bringshaugen, for i 1920 vart Haugen utskild frå Bringebøen som bnr. 18 og fråseld (s.d.).  Johannes og Trina i Haugen fekk åtte born i lag, men Trina hadde òg ei dotter frå før:

 1. Anna Johnsdotter (1858‑1873), dotter av Trina og John Knutson frå Bolstadøyri på Voss.

 

 

     ##### (kven var han?)

 

 

 2. Martinus Johannesson, f. 24.11.1861,

Martin Johnson/Bringe(?) utvandra til Amerika i 1885,

 

 

##### (lagnaden hans?)

 

 

 3. Lars Johannesson (1863‑1886), tente på Kvale og d. der, ugift.

 4. Thomas Johannesson (1865‑1868).

 5. Gjertrud Johannesdotter (1868‑1868).

 6. Thomas Johannesson, f. 24.3.1870,

Thomas Johnson/Bringe(?) utvandra til Amerika i 1892,

 

 

##### (lagnaden hans?)

 

 

 7. Peder Johannesson (1873‑1876).

 8. Anders Johannesson, f. 2.8.1875,

Andrew J. Bringe utvandra til Amerika i 1894 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 14.4.1894 med Anna Pedersdotter frå Meljane under Hauge.  Ho var f. i Luster 25.5.1871 og utvandra til Amerika i lag med Andrew i 1894.  Dei slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis., men Andrew Bringe d. i Crawford Co., Wis. alt 21.1.1909, berre 33 år gamal.  Anna gifte seg att i Crawford Co., Wis. 11.12.1913 med Martin A. Erickson, son av husmann Østen Erikson frå Ekrene under Haganes (1847‑1928).  Martin var f. i Luster 20.4.1884, men utvandra til Amerika med foreldri sine alt i 1885.  Martin og Anna heldt fram som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Anna d. 23.12.1953.  Martin Erickson flytte som enkjemann til Viroqua, Vernon Co., Wis. der han d. 28.11.1962.  Andrew Bringe fekk fire born med ho Anna, medan ho med Martin Erickson fekk ei dotter, i alt fem born:

a. Bent, kjend som Bennie A. Bringe, f. i Luster 8.12.1893, utvandra med foreldri til Amerika i 1894 og d. i Miles City, Mont. 27.9.1956.  Bennie gifte seg i Volborg, Mont. 24.7.1936 med enkja Marie Matilda, kjend som Mary Pikkula.  Ho var f. i Vaasolani i Finnland 27.3.1874, men utvandra til Amerika i

 

 

     ##### (year of emigration? - names of parents??)

 

 

     og d. i Miles City, Mont. 24.10.1962.  Bennie Bringe var i mange år farmar og gruvearbeidar («farmer and miner») i Volborg, Custer Co., Mont., men dei flytte sidan inn til Miles City, Custer Co., Mont. der Bennie var bygningsarbeidar («construction laborer»).  Mary og Bennie vart barnlause, men ho hadde fire born frå eit tidlegare ekteskap.

b. John A. Bringe, f. i Crawford Co., Wis. 5.4.1896, d. i Crawford Co., Wis. 15.5.1896.

c.  Julius A. Bringe, f. i Crawford Co., Wis. 10.6.1900, d. i Crawford Co., Wis. 10.9.1900.

d. Julia A. Bringe, f. i Crawford Co., Wis. 4.9.1904, d. i Crawford Co., Wis. 12.7.1908.

e. Aline Erickson, f. i Crawford Co., Wis. 22.5.1913, d.

 

 

     ##### (place of her death? - Viroqua, WI?)

 

 

     1.9.1986.  Aline var gamleheimsarbeidar («retirement home employee») og budde i Viroqua, Vernon Co., Wis., ugift.

 9. Anna Johanna Johannesdotter, f. 20.12.1877,

Anna Bringe flytte til Bergen og gifte seg i Domkyrkja 18.10.1924 med enkjemannen Mons Joakim Monsson Mjelde frå Valestrand i Hamre.  Han var son av skomakar og fabrikkarbeidar Mons Andersson Mjelde på Valestrand, opphavleg frå Mjelde på Osterøy (Haus), og kona Elen Martine Monsdotter frå Salhus i Åsane, Hamre, og f. i Hamre 4.1.1890.  Mons var skomakar, og han og Anna budde i Bergen der Anna d. på eit sjukehus 14.12.1940.  Mons Mjelde d. som enkjemann same staden 21.6.1949.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !

 

I lysninga er det opplyst at kona døydde 1.5.1923 og skifteattest: 15.9.1924.  Altso: Ekkjemann !

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20060622060432

eller: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060622060432.jpg

Nr 81.

 

———-

Noko utanom Lars: Komunal FT 1912 er komen på DA ein av dei siste dagane. Også Pass frå Bergen er heller ikkje så gamalt. Det siste er skanna. 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for siste kommentar og nyttig tillegg!  Eg har korrigert manuskriptet mitt i innlegg #7!

 

So får me vona at dei to brørne i Amerika etter kvart vil dukka opp...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.