Gå til innhold
Arkivverket

Olina Christensdotter Bringe (1828-1864) - utvandra til Amerika i 1861 - gift med Hans Jensson Nornes frå Sogndal - ho døydde i barselseng 1864, men kvar vart det av borni hennar? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Huslyden til Olina Christensdotter Bringe frå Luster har vore og er eit stort mysterium.  Ho døydde i samband med at yngste dotteri vart fødd i 1864, men dotteri voks opp og har truleg gift seg før far hennar med ny kone flytte frå Fillmore Co., MN til Houston Co., MN.  Likevel finn eg ikkje sport etter ho nokon stad!

 

Ogso FT1870 er noko underleg, for der er denne dotteri nemnd i lag med faren og stemori samt ein son Nils, fødd i Noreg kring 1855.  Truleg er Nils ein son som stemori hadde med seg frå Noreg, men noko prov på dette har eg ikkje...

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6XSQ-5RY

 

Det hadde vore skikkeleg moro om denne biografien kunne kompletterast.  Kanskje finst det obituaries for Hans og andre kona som kan fortelja oss litt meir?

 

Slik ser manuskriptet for denne huslyden ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Olina Christensdotter {Bringe}, f. {i Luster} 9.6.1828,

Olena Christenson utvandra til Amerika i 1861 og gifte seg i Fillmore Co., Minn. 19.1.1862 med Hans Jensson frå Nornes i Sogndal, i Amerika kjend som Hans J. Norness.  Han var son av

 

 

##### (yrkestitel?)

 

 

Jens Hansson på Nornes, opphavleg frå

 

 

##### (opphavet hans?)

 

 

og kona Gjertrud Johnsdotter frå

 

 

##### (opphavet hennar?)

 

 

og f. i Sogndal 16.7.1820, men utvandra til Amerika i 1854.  Olena og Hans farma i Arendahl township, Fillmore Co., Minn. der Olena d. etter barselseng ?.7.1864.  Hans gifte seg 21.11.1865 att i Fillmore Co., Minn. med Martha Olsdotter frå Veum i Aurland, i Amerika kjend som Martha Olson.  Ho var dotter av husmann Ole Bottolfson på

 

 

##### (ein plass, men kva plass?)

 

 

under Veum, opphavleg frå Øyum, og kona Ingeborg Olsdotter frå Bjørgum og f. i Aurland 10.8.1822, men utvandra til Amerika i

 

 

##### (utvandringsåret? - 1863?)

 

 

Hans og Martha Norness farma mange år i Arendahl township, Fillmore Co., Minn., men flytte kring 1890 til ein farm i Black Hammer township, Houston Co., Minn. der Hans d. 10.11.1900.  Martha Norness d. same staden 31.10.1915.  Hans fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Olena, men Martha hadde òg ein son frå før:

a. Jens Norness, f. i Fillmore Co., Minn. 6.4.1863,

 

 

     ##### (not listed 1870/1880 - destiny?)

 

 

b. Olena Johanna Norness, f. i Fillmore Co., Minn. 23.7.1864,

 

 

     ##### (listed 1880 - destiny?)

 

 

c. Nels ...

 

 

     ##### (born Norway 1855? - Martha's son? - listed 1870 - destiny?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

????

Name: Hans J Norness
Event Type: Census
Event Date: 1880
Event Place: Arendahl, Fillmore, Minnesota, United States
Gender: Male
Age: 60
Marital Status: Married
Race: White
Race: W
Occupation: Farming
Relationship to Head of Household: Self
Relationship to Head of Household: Self
Birth Year (Estimated): 1820
Birthplace: Norway
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
Sheet Letter: C
Sheet Number: 213
Person Number: 0
Volume: 1
 

Household Role Sex Age Birthplace
Hans J Norness Self M 60 Norway
Martha Norness Wife F 56 Norway
Lina H Norness Daughter F 16 Minnesota, United States

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MZ97-4T2

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB2-9Z2Y?cc=1417683&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMZ97-4T2

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for å henta fram innførsli av denne huslyden frå FT1880.

 

Dotteri Olena Johanna vart konfirmert i 1879 og budde framleis heime i 1880 og likeins ved FT1885, då kalla «Olive Hansen»:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DTW7-YBS

 

Men i 1895 er Olena borte, etter at dei i 1886 flytte til Black Hammer township, Houston Co., MN:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-68XS-J45

 

I 1900 er Hans og Martha framleis åleine i Black Hammer township, Houston Co., MN, men Martha er mor til eitt barn, som framleis levde - om det er Olena som er tilsikta eller son hennar, veit me ikkje...:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DBBQ-BLR

 

I 1905 er Martha åleine, tydeleg busett hjå ein familie Veum frå Aurland:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSYS-467

 

Der er ho òg i 1910 (tante?) - mor til tre born som alle var avlidne:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRKW-DZC

 

Kvar vart det so av borni i denne huslyden?

 

Olena er kalla Hansen i 1885, og eg ser at ei Lena Hansen of Fillmore Co., MN gifte seg i Spring Grove, Houston Co., MN May 8, 1886 med ein Hans O. Lee:

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_315138-00793?pid=2236827&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D2236827%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx16130%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx16130&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.236935553.1838428864.1567436143-1442769865.1532627837#?imageId=41742_315138-00792

 

Tydeleg ikkje so enkelt dette...  Kanskje det hadde vore ein tanke å sjå etter OBITUARIES for Hans og Martha?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

24 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Olena er kalla Hansen i 1885, og eg ser at ei Lena Hansen of Fillmore Co., MN gifte seg i Spring Grove, Houston Co., MN May 8, 1886 med ein Hans O. Lee:

 

Tror du kan se bort fra denne, i FT 1900 er hun født i januar 1856 og immigrert i 1883. https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-688W-S2D?i=1&cc=1325221&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMMRX-1CB

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for siste meldingi som gjer at me kan avskriva Lena Hansen som «kandidat» for Olena Johanne Norness.

 

I mellomtidi har òg Egil sjekka om det skulle finnast obituaries for Hans og Martha Norness, men han kunne ikkje finna nokon av dei...

 

So då veit eg ikkje kva me skal gjera som neste forsøk...

 

FT1865 for Arendahl township, Fillmore Co., MN syner berre Hans, Martha og Olena - ikkje nokon Nels!

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939Z-YP68-Y?i=3&cc=1503054

 

So kanskje Nels berre var som ein «fosterson»?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

The Minnesota, Wills and Probate Records, 1801-1925  -  Lenke Ancestry
Name:    Hans Nordness
Probate Date:    17 Oct 1902
Probate Place:    Houston, Minnesota, USA
Inferred Death Year:    Abt 1902  - står død 10.11.1900 i originalen
Inferred Death Place:    Minnesota, USA
Case Number:    1403
Item Description:    Probate Records, File No. 1383-1414

Hans Nordness.jpg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for svært interessante og nyttige innlegg!

 

So dukka det likevel opp obituaries, men det beste av alt var jo skiftepapiri!  Og dei kan me berre tolka på eitt vis:

 

Olena Johanna Norness, einaste attlevande barnet etter Hans Jensson Norness, levde i 1885, men må vera avlidi før 1902 utan å etterlata seg born.  Og når eg seier 1902, so er det på grunn av at skiftet etter Hans ikkje vart halde før då!  Kan det tenkjast at Olena har levd etter 1900, men at ho døydde kort tid etter?  Eit mysterium!  Men uansett har ho ikkje born etter seg!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.