Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Kjøstel Knutson (1751) og Anna Knutsdotter (1758) - søsken frå Luster - flytte dei til søster deira i Bergen? - kva med søstersonen hattemakarsvein Knut Christensen i Bergen (1776-1816)?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden frå Sva i Luster arbeidde eg første gongen med tidleg på 1980-talet, men eg står like fast i dag som den gongen når det gjeld lagnadane til dei to søskeni Kjøstel og Anna.  Eg mistenker dei båe for å vera flytte til Bergen der eldste søster deira budde, men kan ikkje finna prov på dette!  Kanskje nokon har betre «teft» enn meg?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter ei kjempeoppdaging av Ivar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 under!

 

Eldste søsteri gifte seg i Luster, men flytte med mann sin til Bergen.  Einaste kjende ervingen hennar var sonen Knut Christensen som var hattemakarsvein i Bergen, men er det noko meirn å finna ut om han?  Var han gift?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Torgerson Søvde, frå Fortun, var f. kring 1723 og fekk 30.3.1763 bygsel på dette bruket på Søvde.  Han gifte seg første gongen 2.6.1763 med Sophia Hermundsdotter,­ enkja etter føregåande brukar.  Ho fall ifrå alt året etter utan at dei hadde fått born i lag, og kort etter flytte Christen heimatt til Fortun.  Han gifte seg 4.11.1773 att med Martha Knutsdotter, opphavleg frå Alme, men sjå Årstu under Dale.  Ho vart døypt 3.8.1743.  Christen og Martha vart buande nokre år som innerstfolk på Fortun.

Men kring 1778 flytte Christen og Martha Torgersen til Bergen.  Christen var matros, og huslyden budde i Theatergaten i Bergen.  Derifrå vart Christen gravlagd 10.10.1782.  Martha gifte seg sidan att med gardbrukarsonen Peder Arneson frå Lunde i Hafslo (1747-1819) og budde i Bergen levetidi ut.  Ho d. i Bergen 14,3,1812.  Christen fekk to søner, som båe var frå andre ekteskapet, men Martha hadde òg ein son frå før:

a. Christen Johannesson (1769-1771), f. og d. i Luster, var son av Martha og husmann Johannes Christenson på Skjolden under Bolstad (1742-1810).

b. Torger Christensen, døypt i Luster 7.8.1774, flytte med foreldri til Bergen kring 1778, men vart gravlagd i Bergen 1.10.1783.

c. Knut Christensen, døypt i Luster 14.1.1776, flytte òg med foreldri til Bergen kring 1778 og d. i Bergen 1.6.1816.  Knut var hattemakarsvein og budde i Nøstegaten i Bergen.

 

     ##### (var Knut gift? - opplysningar om ei eventuell kone?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det ville vore kjempebra om me kunne finna fleire opplysningar om desse personane, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar Moe
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Eldste søsteri gifte seg i Luster, men flytte med mann sin til Bergen.  Einaste kjende ervingen hennar var sonen Knut Christensen som var hattemakarsvein i Bergen, men er det noko meirn å finna ut om han?  Var han gift?

 

Kan det være Knut som er i hattemaker lære i Stavanger 1801

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058346001626

 

Undersøkelseskommisjonens rulle over sjømannskap i Bergen 1804-1805

https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000009960

 

1815

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051079014216

 

1816 - Død

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000882534

Edited by Ivar Moe

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar Moe
4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

 8. Anna Knutsdotter, døypt 8.1.1758, levde i Luster i 1789.

 

Anna Knutsdotter ser ut til å vera reist frå Luster kring 1790,

 

Kan din  Anna ha brukt Ødegaard som etternavn?

Jeg finner denne Anna gift med los Colbeen Wicking

Øverst høyre

https://media.digitalarkivet.no/view/8640/59

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390007036

 

Samme Anna avdød

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000919808

 

https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000010892

Edited by Ivar Moe

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for kjempespennande og imponerande innlegg!

 

Du har finne att hattemakarsvein Knut Christensen og fulgt han gjennom dei kjeldene som er tilgjengelege.  Ingen stadar står det noko om at han var gift eller hadde familie, og når han står åleine i FT1815 for Bergen, tyder jo det ganske sterkt på at han ikkje var gift, men det hadde vore kjekt med ei stadfesting....

 

So ser det verkeleg ut til at du har gjort eit KJEMPEFUNN med Anna Knutsdotter.  Eg forstod ikkje heilt at ho skulle vera «fødd Ødegaard», men når eg ser nærare etter, so kjem det fram at Knut Kjøstelson, far hennar, var gardbrukar og første sjølveigaren på garden Øygarden i Luster og budde der frå 1744 til 1761!  FT1801 nemner dessutan ein søsterson Johanes Jonsen på 12 år som budde hjå dei i Bergen!  Dette stemmer NESTEN.  Søsteri Britha Knutsdotter døydde i Luster i 1798 og let etter seg to born, mellom anna dotteri Johanna Jansdotter (1789-1858) som sidan vart gift og busett i Bergen!  Det må vera Johanes Jonsen frå FT1801!!!  Johanna er forresten omskrive i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/207703-søskeni-torbjørn-1787-og-johanna-1789-jansen-frå-luster-til-bergen-johanna-gift-med-skreddarmeister-iversen-kven-var-foreldri-hans-kvar-vart-det-av-torbjørn/?tab=comments#comment-1748489

 

Det har vore ei stor glede å oppdatera dette manuskriptet etter denne kjempeoppdagingi, og her kjem ei erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Knut Kjøstelson Svad, opphavleg frå Berge i Dale, var f. kring 1721 og vart gravlagd frå Sva 24.5.1789.  Han gifte seg første gongen 5.1.1744 med Inga Knutsdotter frå Kvalsøyri under Kvale.  Inga var f. kring 1723 og vart gravlagd frå Gjerseggi 4.6.1770.  Knut gifte seg so att 16.12.1771 med enkja Christi Olsdotter, opphavleg frå Stokkanes.  Ho var f. kring 1720 og hadde før vore gift med gardbrukar Christen Erikson på Fjøsne (1710‑1769).  Ho flytte som enkje inn til sonen Arne i Kvenolane under Berge i Fortun, og derifrå vart ho gravlagd 9.10.1808.  Knut Kjøstelson hadde butt fleire stadar; først var han gardbrukar både på Øygarden og på Alme hinsides fjorden; sidan budde han ei tid i Gjerseggi, men derifrå laut han flytta kring 1772.  Kva tid han kom til Sva, kan me ikkje seia so nøye, men han budde her i alle fall i 1783, og me trur han tok over plassen på den tidi etter Peder Iverson var fallen ifrå.  Knut budde so her resten av levetidi si.  Han fekk i alt ni born, som alle var frå første ekteskapet:

 1. Martha Knutsdotter (1743‑1812), vart gift første gongen med gardbrukar og enkjemann Christen Torgerson på Søvde i Dale (1723‑1782) (s.d.).

Martha og Christen flytte til Bergen, og som enkje vart ho der attgift med gardbrukarsonen Peder Arneson frå Lunde i Hafslo (1747‑1819) (s.d.).

 2. Kjøstel Knutson (1745‑1749).

 3. Britha Knutsdotter (1749‑1749).

 4. Kjøstel Knutson, f. kring 1751, levde i 1762.

Kjøstel Knutson ser ut til å vera faren frå bygdi i ung alder. 

 

##### (lagnaden hans? - kan henda til Bergen? - ikkje n. 1789 - døydde han barnlaus?)

 

 5. Britha Knutsdotter (1753‑1798), vart gift første gongen med husmann Jan Torbjørnson på Kvalsøyri under Kvale (1751‑1789) og sidan attgift med husmann Peder Johannesson, òg på Kvalsøyri under Kvale (1752‑1811).

 6. Johannes Knutson (1755‑1755).

 7. Nils Knutson (1756‑1756).

 8. Anna Knutsdotter, døypt 8.1.1758, levde i Luster i 1789.

Anna Knutsdotter flytte på 1790-talet til Bergen og gifte seg i Domkyrkja 9.11.1794 med Colbein Wikingson frå

 

##### (kva gard?)

 

på Voss, i Bergen kjend som Colbein Wichers.  Han var son av

 

##### (foreldri?)

 

og vart døypt på Voss

 

##### (1765? - er det han som vart døypt frå Lie på Voss 25.3.1759?)

 

Colbein var fiskar og sidan los, og han og Anna vart buande i

 

##### (10-109)

 

i Bergen der Colbein d. 22.9.1841.  Anna d. som losenkje same staden 13.7.1849.  Dei fekk to søner i lag:

 

##### (eller hadde dei fleire? - info?)

 

a. Knut Wiking Coløbeinson Wichers, f. i Bergen 25.8.1795, d. i Bergen

 

     ##### (dødsdato?)

 

b. Knut Colbeinson Wichers, f. i Bergen 9.6.1798, d. som kontormann i Bergen 26.10.1827.  Han gifte seg i Bergen

 

     ##### (kva kyrkje? - eg finn ikkje denne vigsli i basen til Digitalarkivet!)

 

     20.11.1820 med Oline Georgine Larsdotter Rosenberg frå Bergen, f. i Bergen 23.2.1799.  Ho d. som enkje i Bergen 18.12.1848.  Knut var kjøpmann og sidan kontormann i Bergen der han og kona budde levetidi ut.  Dei fekk tre søner i lag.

 

     ##### (sjekka talet på born? - inkl.:

            * Carl Lauritz, f. DK, Bergen 8.8.1821

            * Christian Andreas Gjerdrum, f. DK, Bergen 19.12.1823

            * Ole Jørgen Brose, f. DK, Bergen 2.4.1826)

 

 9. Sophia Knutsdotter (1761‑1827), vart gift første gongen med husmann Erik Andersson på Runen under Leri (1780‑1808) og sidan attgift med husmann og enkjemann Torkild Torbjørnson i Utladalen under Fortun (1763‑1832).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Då har eg fått oppdatert opplysningane om Colbein Wikingson frå Voss, og manuskriptet mitt ser no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Knut Kjøstelson Svad, opphavleg frå Berge i Dale, var f. kring 1721 og vart gravlagd frå Sva 24.5.1789.  Han gifte seg første gongen 5.1.1744 med Inga Knutsdotter frå Kvalsøyri under Kvale.  Inga var f. kring 1723 og vart gravlagd frå Gjerseggi 4.6.1770.  Knut gifte seg so att 16.12.1771 med enkja Christi Olsdotter, opphavleg frå Stokkanes.  Ho var f. kring 1720 og hadde før vore gift med gardbrukar Christen Erikson på Fjøsne (1710‑1769).  Ho flytte som enkje inn til sonen Arne i Kvenolane under Berge i Fortun, og derifrå vart ho gravlagd 9.10.1808.  Knut Kjøstelson hadde butt fleire stadar; først var han gardbrukar både på Øygarden og på Alme hinsides fjorden; sidan budde han ei tid i Gjerseggi, men derifrå laut han flytta kring 1772.  Kva tid han kom til Sva, kan me ikkje seia so nøye, men han budde her i alle fall i 1783, og me trur han tok over plassen på den tidi etter Peder Iverson var fallen ifrå.  Knut budde so her resten av levetidi si.  Han fekk i alt ni born, som alle var frå første ekteskapet:

 1. Martha Knutsdotter (1743‑1812), vart gift første gongen med gardbrukar og enkjemann Christen Torgerson på Søvde i Dale (1723‑1782) (s.d.).

Martha og Christen flytte til Bergen, og som enkje vart ho der attgift med gardbrukarsonen Peder Arneson frå Lunde i Hafslo (1747‑1819) (s.d.).

 2. Kjøstel Knutson (1745‑1749).

 3. Britha Knutsdotter (1749‑1749).

 4. Kjøstel Knutson, f. kring 1751, levde i 1762.

Kjøstel Knutson ser ut til å vera faren frå bygdi i ung alder. 

 

##### (lagnaden hans? - kan henda til Bergen? - ikkje n. 1789 - døydde han barnlaus?)

 

 5. Britha Knutsdotter (1753‑1798), vart gift første gongen med husmann Jan Torbjørnson på Kvalsøyri under Kvale (1751‑1789) og sidan attgift med husmann Peder Johannesson, òg på Kvalsøyri under Kvale (1752‑1811).

 6. Johannes Knutson (1755‑1755).

 7. Nils Knutson (1756‑1756).

 8. Anna Knutsdotter, døypt 8.1.1758, levde i Luster i 1789.

Anna Knutsdotter flytte på 1790-talet til Bergen og gifte seg i Domkyrkja 9.11.1794 med Colbein Wikingson frå Li i Raundalen på Voss, i Bergen kjend som Colbein Wichers.  Han var son av gardbrukar og paktar Wiking Knutson på Li, opphavleg frå Repål, og kona Britha Colbeinsdotter frå Kyte øvre og vart døypt på Voss 9.7.1769.  Colbein var fiskar og sidan los, og han og Anna vart buande i Sukkerhusgaten i Bergen der Colbein d. 22.9.1841.  Anna d. som losenkje same staden 13.7.1849.  Dei fekk to søner i lag:

 

##### (eller hadde dei fleire? - info?)

 

a. Knut Wiking Colbeinson Wichers, f. i Bergen 25.8.1795, vart gravlagd i Bergen 18.9.1797.

b. Knut Colbeinson Wichers, f. i Bergen 9.6.1798, d. som kontormann i Bergen 26.10.1827.  Han gifte seg i Domkyrkja i Bergen 20.11.1820 med Oline Georgine Larsdotter Rosenberg frå Bergen, f. i Bergen 23.2.1799.  Ho d. som enkje i Bergen 18.12.1848.  Knut var kjøpmann og sidan kontormann i Bergen der han og Oline budde levetidi ut.  Dei fekk tre søner i lag.

 

     ##### (sjekka talet på born? - inkl.:

            * Carl Lauritz, f. DK, Bergen 8.8.1821

            * Christian Andreas Gjerdrum, f. DK, Bergen 19.12.1823

            * Ole Jørgen Brose, f. DK, Bergen 2.4.1826)

 

 9. Sophia Knutsdotter (1761‑1827), vart gift første gongen med husmann Erik Andersson på Runen under Leri (1780‑1808) og sidan attgift med husmann og enkjemann Torkild Torbjørnson i Utladalen under Fortun (1763‑1832).

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Den viktigaste detaljen som no manglar her, er lagnaden til Kjøstel Knutson, fødd i Luster kring 1751, men han vert nok ikkje so lett å finna...(?)

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Knut Colbeinson Wichers, f. i Bergen 9.6.1798, d. som kontormann i Bergen 26.10.1827.  Han gifte seg i Domkyrkja i Bergen 20.11.1820 med Oline Georgine Larsdotter Rosenberg frå Bergen, f. i Bergen 23.2.1799.  Ho d. som enkje i Bergen 18.12.1848.  Knut var kjøpmann og sidan kontormann i Bergen der han og Oline budde levetidi ut.  Dei fekk tre søner i lag.

 

     ##### (sjekka talet på born? - inkl.:

 

            * Carl Lauritz, f. DK, Bergen 8.8.1821

 

            * Christian Andreas Gjerdrum, f. DK, Bergen 19.12.1823

 

            * Ole Jørgen Brose, f. DK, Bergen 2.4.1826)

 

Oline Georgine Larsdotter Rosenberg frå Bergen, f. i Bergen 23.2.1799.  Ho d. som enkje i Bergen 18.12.1848.

Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 2 (1847-1861), Dødsfallsprotokollside, Side 39b-40a
https://media.digitalarkivet.no/view/23996/42
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081111620042.jpg 

Dødsfall 1848.jpg

Edited by Grethe Flood

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.