Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Torkild Larsson Fuhrøygarden - fødd i Luster 1776 - levde framleis i 1797 - forsvinn so frå Luster - kvar kan han ha vorte av? - ei kjempeutfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei kjempeutfordring som eg alt på 1980-talet nytta mykje tid og krefter på å freista løysa, men med dei ressursane som den gongen var tilgjengelege, kom eg ingen veg.

 

Kanskje det i dag er lettare?

 

Torkild Larsson vart døypt i Luster 11.8.1776 som einaste overlevande barnet etter Lars Torkildson (1744-1796) og kona Britha Johannesdotter (1739-1810), husmannsfolk på plassen Øygarden under garden Fuhr i Luster.

 

Torkild vart konfirmert i Luster i 1791: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000458191

og me har ei kjelde (som eg i augneblinken ikkje finn att) frå 1797 som seier han framleis var ilive då, men so forsvinn han som «dogg for soli»!

 

Er det mogeleg å finna ut kvar denne unge mannen kan ha gjort av seg?  Kan han ha vore soldat i svenskekrigen?

 

Eg hugsar eg for ei tid attende var borti ein gamal Luster-soldat frå svenskekrigen som sidan sat fengsla i Fredrikstad, og som då han slepte ut, flytte til Kristiansand.  Kva so med denne karen?  Let det seg gjera å identifisera han: https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000155297

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig
På 10.9.2019 den 22.56, Lars E. Øyane skrev:

Eg hugsar eg for ei tid attende var borti ein gamal Luster-soldat frå svenskekrigen som sidan sat fengsla i Fredrikstad, og som då han slepte ut, flytte til Kristiansand.  Kva so med denne karen?  Let det seg gjera å identifisera han: https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000155297

 

 

Denne Torkild er antakeleg den same som er omtalt i Den norske Rigstidende 13.10.1825 (https://www.nb.no/items/81a53793163c2ec7041f8d08c9bb5104?page=3&searchText="torkild larsen ")

 

image.png.f5e08957e274659bf525c9d711ec65b0.png

same her: https://www.digitalarkivet.no/pd00000008804019

og her: https://www.digitalarkivet.no/pd00000008805411

og her: https://www.digitalarkivet.no/pd00000008806539

og her: https://www.digitalarkivet.no/pg00000000908880

og her: https://www.digitalarkivet.no/pg00000001609018

og her: https://www.digitalarkivet.no/pg00000001608747

 

men er det din mann?

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Richard Johan for eit interessant innlegg!

 

Når eg no studerer dei opplysningane som er framkomne om denne Torkild Larsson, so er ikkje so sikker påmom han kan vera sogning!  Namnekombinasjonen Torkild Larsson finst det ifølgje FT1801 fleire av på Sørlandet.  Mellom anna har me denne på Hommansdal i Bakke, like utanfor Kristiansand, som alt i 1801 var gift og som er nemnd soldat:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058345002434

 

Kanskje det var han som laut i fengsel på grunn av utruskap?  Ei bygdebok for Bakke kan kanskje gje oss ei stadfesting av dette?

 

So lagnaden til «vår» Torkild Larsson frå Luster er framleis ei kjempegåte...!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til Torkild!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for eit nytt utfordrande innlegg!

 

Eg har òg sett litt på denne Torkild Larsson Øren og spekulert på kven han kan vera.  Kanskje budde han nokre år som tenestedreng på Lærdalsøyri før han flytte til Bergen?

 

Denne Torkild tente hjå ein glarmeistar i Bergen i 1801, so då må det vera denne som gifte seg i Bergen i 1804: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000996026

 

og som vart far same året: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009226487

 

Men eg kan ikkje sjå noko meir til desse i Bergen, so kvar vart det av dei?  Hadde Torkild borgarskap i Bergen??  I so fall bør det stå kvar han var fødd...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!  Kanskje gøymer det seg eit spennande svar her?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar Moe
10 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Denne Torkild tente hjå ein glarmeistar i Bergen i 1801, so då må det vera denne som gifte seg i Bergen i 1804: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000996026

 

 

Da kommer du bort i Maybom/Meybom slekta som du holder på med i et annet innlegg. Meyboms var forresten rike gullmestere i Bergen på 1600 tallet.

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar Moe

Da var gjerne denne Torkild født i Bergen, og er således uaktuell ?

 

image.png.db1d68a49b53d08e9c29ca3a5de660a8.png

Edited by Ivar Moe

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for nye spennande innlegg!

 

Eg ser at fødestaden i borgarboki er oppgjeven til Bergen, MEN eg har vore borti døme på at opphaldstade er skriven som fødestad i borgarboki, og eg kan i alle fall ikkje finna nokon Torkild Larsson fødd i Bergen på 1770-talet!  Når me so veit at han gifte seg med ei Anna Margrethe Maybom, ligg det nær å tenkja seg eit samband med Dahle-slekti frå Luster der to søsken gifte seg inn i Maybom-ætti.  Dahle-søskeni var noko eldre, men Torkild Larsson Fuhrøygarden kom frå same nabolaget i Luster!

 

Eg TRUR at glarmeistar Torkild Larsson (Øren) er mannen me leiter etter, so meir enn nokon gong er eg oppteken av å finna ut kvar det kan ha vorte av Torkild og Anna Margrethe etter 1804!

 

Med omsyn til Anna Margrethe Maybom greier eg ikkje å plassera ho i Maybom-ætti.  Her er ho i 1801 som tenestejente i Bergen:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390002587

 

Eg finn ingen høvande Anna Margrethe hjå FamilySearch med unntak av denne jenta fødd i Brauweiler i Tyskland: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N8FS-1G8

 

Men det kan vel ikkje vera ho...?

 

Dette vert meir og meir spennande, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne gåta!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar Moe
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Med omsyn til Anna Margrethe Maybom greier eg ikkje å plassera ho i Maybom-ætti.  Her er ho i 1801 som tenestejente i Bergen:

 

Anne Margrethe er født i Bergen 1769.

 

Far skredder Hans Maibom

Mor Anne Elisabeth Vernersdtr.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005901104

 

Det er mulig det er samme Hans Maibom som gifter seg på nytt i 1771 med Mette Dorthe Underdal. I tilfelle så er hans fulle navn Hans Julius Hansen Maibom

https://media.digitalarkivet.no/view/8640/46

image.png.2d7ff0c47b841111de0ce5ba83e4d267.png

Edited by Ivar Moe

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for siste meldingi!

 

Eg leitte tydeleg ikkje langt nok attende etter fødsli til Anna Margrethe Maybom.  Ho vart med andre ord døypt i Domkyrkja 27.10.1769 som dotter av skreddarmeistar Hans Julius Hansson Maybom og andre kona Anna Elisabeth Vernersdotter Kleppe, vigde i Domkyrkja 30.11.1761.

 

Anna Elisabeth Warnersdotter Kleppe vart døypt i Domkyrkja i Bergen 4.1.1736: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006114319

 

Foreldri kremmar Warner Johnson Kleppe og Anna Margrethe Madsdotter Borch vart vigde i Domkyrkja i 10.8.1735: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000988766

 

Men kvar er det vorte av borgarbøkene frå Bergen?  Hans Julius Maybom var jo skreddarmeistar...

 

Kanskje finn me etter kvart ut kvar det vart av Torkild Larsson og Anna Margrethe Maybom etter 1804...?  Kan dette vera dotter deira, Gurine Torkildsdotter, ugift på Lærdalsøyri i 1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038258003938

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden! 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Kan dette vera dotter deira, Gurine Torkildsdotter, ugift på Lærdalsøyri i 1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038258003938

Same Gurine, antakeleg, død 60 år gamal (antakeleg omtrentleg) i 1867:

https://www.digitalarkivet.no/pg00000000050500 og SAB, Lærdal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 16, 1857-1877, s. 35
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070305680136
 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig

Familien er ikkje å finna i Bergen i 1815-tellinga, anten fordi tellinga er ufullstendig eller fordi dei har flytta. Til Lærdalsøren? Kan Gurine bli til Guro? I alle fall er det ei Guroe Torkels Dtr Leirdahlsøren som blir konfirmert 1820, 4. søndag etter Trinitatis = 25. juni (trur eg), ho var då 15 1/2 år gammal.

 

SAB, Lærdal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 4, 1805-1821, s. 254-255
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070514620661
 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Richard Johan for nye spennande innlegg!

 

Eg ser du har òg finne konfirmasjonen hennar i 1820, 15 1/2 år gamal, busett på Lærdalsøyri: https://media.digitalarkivet.no/view/11596/130?indexing=

 

Basen til Fylkesarkivet er borte, og soleis me har diverre ikkje noko register over dødsfall i Lærdal før på 1850-talet, men eg bladde eit stykke frå 1815 og utover og fann denne:

 

Strandsitjar Torkild Larsson Lærdalsøren, 63 år, døydde 26.4.1829: https://media.digitalarkivet.no/view/11597/165

 

Kanskje vil ogso Anna Margrethe Maybom dukka opp (etter 1829)?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.