Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Johannes Christopherson alias John Christopher - fødd i Luster 1838 - utvandra 1857 til Dane Co., WI - truleg borgarkrigssoldat - omkomen 1862/1863?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Johannes Christopherson Berge, fødd i Luster 23.7.1838 som son av Christopher Thomasson og Rannei Samuelsdotter, husmannsfolk i Utladalen på fjellet mellom Luster og Årdal, utvandra til Dane Co., WI i 1857, men er sporlaust forsvunnen der borte.

 

Broren Thomas utvandra i 1859, òg til Dane Co., WI, og med kona Martha Tollefsdotter fekk han 12.5.1863 ei dotter Johanna.

 

Kanskje er det berre «laus gissing», men eg trur at sidan Johannes forsvinn nettopp på den tidi, at Johanna kan vera oppkalla etter han og at Johannes kan vera omkomen i Borgarkrigen!?  Fleire av brorborni til Johannes tok ættenamnet Christopher i Amerika, og difor har eg antyda i overskrifti at Johannes KAN ha kalla seg for John Christopher...

 

Lat meg elles leggja til at Johannes hadde to brør i Amerika, i tillegg til Thomas, var det òg ein Peder, og dei flytte båe med huslydane deira kring 1864 til Dakota Co., NE, men der har eg ikkje sett noko til Johannes!!

 

Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips om lagnaden til Johannes!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Broren Thomas utvandra i 1859, òg til Dane Co., WI, og med kona Martha Tollefsdotter fekk han 12.5.1863 ei dotter Johanna.

 

 

Hvilket etternavn brukte broren og familien i USA? 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Johannes Christopherson Fortun, fødd i Luster 23.7.1838 som son av Christopher Thomasson og Rannei Samuelsdotter, husmannsfolk i Utladalen på fjellet mellom Luster og Årdal, utvandra til Dane Co., WI i 1857,

 

Utvandringen: https://www.digitalarkivet.no/view/22/pe00000000042971

 

Er dette utvandringen til broren?

https://www.digitalarkivet.no/view/22/pe00000000043182

https://www.digitalarkivet.no/view/23/og00000000043182

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for innleggi frå i dag tidleg!

 

Eg har søkt på amerikanske sider utan å finna spor etter nokon borgarkrigssoldat med dette namnet, og dette med oppkallingi er kanskje ikkje so viktig.  Broren Thomas hadde nemleg òg ei eldre dotter Johanna som visstnok døydde på vegen over Atlanterhavet i 1859, og den yngre kan ha vore oppkalla etter ho og ikkje etter broren Johannes...?

 

Eg har i kveld lagt ut eit emne som omhandlar både Johannes og dei to brørne hans: https://forum.arkivverket.no/topic/237777-christopher-thomasson-berge-1807-1894-husmann-i-utladalen-mellom-luster-og-årdal-hadde-tre-søner-som-utvandra-til-amerika-men-er-det-mogeleg-å-finna-fleire-opplysningar-om-desse-og-barneborni-til-christopher-ei-kjempeutfordring/

 

Der kjem det svar på spørsmåli som Grethe stilte over, og eg ville vorte kjempeglad for tilleggsopplysningar!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.