Gå til innhold
Arkivverket

Paul Iverson (1825-1901) - frå Skildeim i Luster til Næverdal i Meløy - detaljar og lagnadar til huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden jobba eg første gongen med tidleg på 1980-talet, men tok opp at tråden kring 2002.  Men båe gongane vart eg ståande fast på ein del detaljar.

 

Noko har eg greidd å fylla ut no, men ein god del manglar framleis, og særleg er eg svært i stuss på kvar det vart av dotteri Anna Marie gift med Kristian Didriksen.  Eg finn dei korkje i 1900 eller i 1910. Kan dei ha utvandra til Amerika?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #14 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

 

 

d. Anna Maria Paulsdotter, f. i Meløy 18.10.1857, d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – finn ikkje 1900/1910!)

     Anna gifte seg i Meløy 20.10.1878 med Kristian Bernhard Didrikson, f. på Dalen i Meløy 3.6.1851.  Han d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – finn ikkje 1900/1910!)

 

 

 

FT1910 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036915003886

 

Nummer 1 i 1936

 

Nordland fylke, Meløy i Meløy, Klokkerbok nr. 843C09 (1925-1941), Døde og begravede 1936, Side 280
Permanent bilde-ID: kb20050322010517
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050322010517
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050322010517.jpg

 

 

http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=5252805

http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=5252806

 

Vielse nummer 19 (Bruden heter ikke Anna Marie Paulsdatter, se vielse nummer 18 den  6. oktober 1878)

 

Nordland fylke, Meløy i Meløy, Rødøy, Ministerialbok nr. 843A02 (1878-1908), Viede 1878, Side 3
Permanent bilde-ID: kb20050426020749
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050426020749
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050426020749.jpg

 

 

Anna Marie Paulsdatter https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001740703

 

Vielse nummer 3

 

Nordland fylke, Meløy i Meløy, Rødøy, Ministerialbok nr. 843A02 (1878-1908), Viede 1893, Side 31
Permanent bilde-ID: kb20050426020777
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050426020777
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050426020777.jpg
 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 minutter siden, Carsten Schanche skrev:

Karl Knudsen døde 1-2-1904

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 843/L0638: Klokkerbok nr. 843C07, 1888-1907, s. 118
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050422010688

 

 

 

Med forbehold! 

Carl Ludvig Knudsen icn_world.gif?1550087292

Kjønn: Mann
Født: 23. April 1855
Sneland, Rendalen, Meløy citation_note.gif?1550087292
Død: 01. Februar 1904 (48)
Neverdal, Meløy, Nordland, Norway citation_note.gif?1550087292
Begravet: Meløy, Nordland, Norway citation_note.gif?1550087292
Nærmeste familie:

Son of Knud Andreas Iversen Odland og Maren Judithe Odland
Husband of Elen Sophie Jensine Knudsen
Father of Marie Kristine Karlsen; Ingeborg Alberta Olsen; Eliot Krog Karlsen; Hans Johan Martin Karlsen; Karlotte Oline Emilie Karlsen; Tømmermann Ole Sandberg Karlsen og Sophie Pauline Amalie Myrseth « mindre
Brother of Gabriel Nicolai Knudsen; Berthe Christine Knudsdatter Odland; Ole Christian Knudsen; Marie Jacobie Knudsdatter; Julianne Oline Knudsdatter; Martin Edvart Knudsen; Edel Augusta Knudsdatter; Karen Larsine Knudsdatter Odland; Konstanse Martine Knudsdatter og Iver Olai Knudsen Odland « mindre
Half brother of Dorthea Bergithe Knudsdatter

Lagt til av: Tommy Tangstad 9. desember 2008
Administrert av: Susan Diana Melby Fenn og 9 andre

 

Hjemme døpt 3/7/1855.

Fødsel og dåp Nr.33 Kildeinformasjon: Nordland fylke, Meløy, Klokkerbok nr. 843C02 (1853-1873), Fødte og døpte 1855, side 20. Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2603&idx_id=2603&uid=ny&idx_side=-22

Gifter seg med Elen Nr.10 Kildeinformasjon: Nordland fylke, Meløy, Klokkerbok nr. 843C04 (1872-1887), Ekteviede 1879, side 74. Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2605&idx_id=2605&uid=ny&idx_side=-74

Død og begravd Nr.5 Kildeinformasjon: Nordland fylke, Meløy, Klokkerbok nr. 843C07 (1888-1907), Døde og begravede 1904, side 118. Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2608&idx_id=2608&uid=ny&idx_side=-100

https://www.geni.com/people/Carl-Ludvig-Knudsen/6000000009243586760

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johan Kristian Laurits Hansen 

 

http://www.disnorge.no/gravminner/korrigering.php?id=5757401

 

Nummer 1, 1918

 

Nordland fylke, Meløy i Meløy, Klokkerbok nr. 843C08 (1908-1924), Døde og begravede 1918, Side 268
Permanent bilde-ID: kb20070215610269
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070215610269
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070215610269.jpg

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Carsten Schanche skrev:

? Anders og Ingeborg døde i 1918

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 843/L0639: Klokkerbok nr. 843C08, 1908-1924, s. 269
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070215610270

 

http://www.disnorge.no/gravminner/korrigering.php?id=5757390

http://www.disnorge.no/gravminner/korrigering.php?id=5757389

Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Elen gifte seg i Meløy 24.8.1879 med Karl Ludvig Knutson,

 

19 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Karl var husmann og tømmermann, og parfolket busette seg på plassen Nesset under Næverdal i Meløy. 

 

19 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

##### (talet på søner og døtrer i denne huslyden? – minst seks born!)

 

 

Marie Kristine, 1880

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009772207

https://media.digitalarkivet.no/view/6693/30

1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036914001907

 

Ingeborg Alberta, 1881

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009773207

https://media.digitalarkivet.no/view/6693/39

1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036915002925

 

Sofie Pauline Amalie, 1883

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009774759

https://media.digitalarkivet.no/view/6693/53

Død 1889: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001736161

 

Eliot Krog, 1884

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009775675

https://media.digitalarkivet.no/view/6693/60

1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036915002398

 

Hans Johan Martin, 1886

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009777674

https://media.digitalarkivet.no/view/6693/78

 

Karlotte Ottine Emilie, 1887

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009778434

https://media.digitalarkivet.no/view/6693/83

Død 1892: https://media.digitalarkivet.no/view/2600/90

 

Ole Sandberg, 1888 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009779879

https://media.digitalarkivet.no/view/6693/92

1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036915002405 - antall oppholdssted: Minnesota. 

https://www.geni.com/people/Ole-Sandberg-Karlsen/6000000009395761742

 

Sofie Pauline Amalie, 1890

https://media.digitalarkivet.no/view/2601/14

1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036915002406

F.t. 1891 for Meløy:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053159001565

https://www.geni.com/people/Sophie-Pauline-Amalie-Myrseth/6000000009243902674 

 

Folktellingen 1900 for Meløy:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037520001950

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037520001843

 

Endret av Grethe Flood
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Beret gifte seg første gongen

 

##### (dato og stad for første vigsli hennar?)

 

med Lars Nicolai Hansson frå Glommen i Meløy. 

Gift 1865:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001909020

 

19 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

men Beret hadde

 

##### (talet på søner og døtrer frå første ekteskapet hennar? – minst tre, nemnde 1875!)

 

frå første ekteskapet sitt. 

 

 

Hans Iver Olai Theodor, 1865

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008676004

https://media.digitalarkivet.no/view/2604/77

Konfirmert 1881: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001236007

Gift 1886: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002088522

 

Albert Johan Martin, 1868

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008677585

https://media.digitalarkivet.no/view/2604/100

Konfirmert 1883 https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001380845

1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053159001720

Gift 1892: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002089278

 

Lina Christine Maria, 1871

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008679357

https://media.digitalarkivet.no/view/2604/127

Død 1876: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001632882

 

Marianna Nikoline By, 1874

https://media.digitalarkivet.no/view/2604/153

Konfirmert 1889 https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001370363

1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053159001719

Gift 1908: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002091393

 

Linas Berteus Kristian, 1878

https://media.digitalarkivet.no/view/2604/189

Konfirmert 1893 https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001371122

1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053159001718

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

20 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Lars var fiskar, men han og Beret tok òg over som gardbrukarar på heimebruket hans på Glommen i Meløy der Lars d.

 

 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001739860

Nr. 28

Nordland fylke, Meløy i Meløy, Rødøy, Ministerialbok nr. 843A02 (1878-1908), Døde og begravede 1883, Side 88
https://media.digitalarkivet.no/view/2600/74

Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Anders d.

 

##### (truleg bortkomen på sjøen kring des. 1848?)

 

Nordland fylke, Helgeland, Skifteprotokoll nr. 49 (1845-1859), Skifteprotokollside, Side 250b-251a
https://media.digitalarkivet.no/view/24927/261

 

Nordland fylke, Helgeland, Skifteprotokoll nr. 48 (1844-1850), Skifteprotokollside, Side 252
https://media.digitalarkivet.no/view/57372/254

Nordland fylke, Helgeland, Skifteprotokoll nr. 48 (1844-1850), Skifteprotokollside, Side 253
https://media.digitalarkivet.no/view/57372/255

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven, Carsten, Ann-Mary og Grethe for mange interessante og nyttige innlegg!

 

Eg kan berre imponert slå fast at dei fleste detaljane er dukka opp, og eg er glad for å kunne syna fram eit revidert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Paul Iverson {Skildum}, f. {i Luster} 23.9.1825,

Paul Iverson flytte sist i 1840-åri til Nord-Noreg, og i 1852 er han nemnd som innflytt til Meløy i Nordland der han 31.7.1853 gifte seg første gongen med enkja Sara Sørensdotter, opphavleg frå Meløysund i Meløy.  Ho var dotter av gardbrukar Søren Arntson i Meløysund, opphavleg frå Vassdal i Meløy, og kona Elen Marie Olsdotter, visstnok frå Engevik, og f. i Meløy ?.1.1820.  Sara gifte seg første gongen i Meløy 24.9.1843 med Martinus Augustinus Benjaminson frå Jenslund i Meløy.  Han var son av gardbrukar Benjamin Pederson på Jenslund, opphavleg frå Seines, og kona Karen Pernilla Hansdotter frå

 

##### (opphavet hennar? –f. kring 1784)

 

og vart døypt i Meløy 25.5.1817.  Sara og Martinus budde på Valle i Meløy, men Martinus omkom på sjøen 23.10.1843, og 13.7.1845 gifte Sara seg att i Meløy med Anders Johan Gregusson frå Næverdal i Meløy.  Han var son av gardbrukar Gregus Einerson på Næverdal, opphavleg frå Våtvik, og kona Kirsten Thomasdotter frå Vassdal og f. i Meløy 25.8.1821.  Anders var innerst, og han og Sara budde på ein plass under Næverdal i Meløy, men Anders d.

 

##### (truleg bortkomen på sjøen kring des. 1848?)

 

Paul Iverson var altså tredje ektemannen hennar Sara, og dei vart buande i heimen hennar under Næverdal i Meløy der Paul livnærte seg som husmann og fiskar.  Sara d. på Næverdal 15.11.1891, og 30.10.1898 gifte Paul seg att i Meløy med Beret Marie, kjend som Beret Sophie Andersdotter, opphavleg frå Selstad i Meløy.  Ho var dotter av

 

##### (yrkestittel?)

 

Anders Johannesson på Selstad og kona Maren Oline Johnsdotter frå Kildal og f. i Meløy 9.3.1836.  Beret gifte seg første gongen i Meløy 22.10.1865 med Lars Nicolai Hansson frå Glommen i Meløy.  Han var son av gardbrukar Hans Ivert Olai Larsson på Glommen og kona Maren Dorthea Andersdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – Sævik sokn i Rana? – far Anders Olson)

 

og f. i Meløy 23.7.1833.  Lars var fiskar, men han og Beret tok òg over som gardbrukarar på heimebruket hans på Glommen i Meløy der Lars d. som gardbrukar 29.7.1883.  Paul og Beret vart buande som kårfolk på Glommen i Meløy der Paul d. 10.11.1901.  Beret Andersdotter d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Paul og Beret fekk ikkje born i lag, men Beret hadde fem born frå første ekteskapet sitt.  Sara Sørensdotter fekk ein son med første mannen sin og tre born med den andre, medan Paul og Sara fekk desse fem borni i lag:

a. Elen Sophie Jensine Paulsdotter, f. i Meløy 26.12.1852, d. som enkje på Næverdal i Meløy 24.1.1941.  Elen gifte seg i Meløy 24.8.1879 med Karl Ludvig Knutson frå Snedal i Meløy, f. i Meløy 23.4.1855.  Han d. som husmann på Næverdal i Meløy 1.2.1904.  Karl var husmann og tømmermann, og parfolket budde på plassen Nesset under Næverdal i Meløy.  Dei fekk sju born i lag.

b. Anna Kirstine Paulsdotter, f. i Meløy 20.6.1854, d. i Meløy 4.2.1855.

c. Ingeborg Anna Paulsdotter, f. i Meløy 7.6.1855, d. som gardbrukarenkje på Rauset i Meløy 20.9.1918.  Ingeborg gifte seg i Meløy 17.1.1875 med Anders Olai Dass Hansson frå Glommen i Meløy, f. i Meløy 21.8.1848.  Han d. som gardbrukar på Rauset i Meløy 1.7.1918.  Anders var husmann og fiskar, og han og Ingeborg budde i Glomviken under Glommen i Meløy, men flytte etter 1910 som gardbrukarar til Rauset i Meløy.  Dei fekk ni born i lag.

d. Anna Maria Paulsdotter, f. i Meløy 18.10.1857, d. som husmannskone på Balset i Meløy 22.2.1892.  Anna gifte seg i Meløy 6.10.1878 med Johan Christian Laurits Hansen frå Glommen i Meløy, f. i Meløy 19.6.1854.  Han d. som husmann på Balset 26.1.1918.  Johan var fiskar, og han og Anna budde som plassfolk på Balsetplassen under Balset i Meløy.  Dei fekk ni born i lag.

     ##### (Johan vart attgift - oppl.?)

 

e. Anna Martine Paulsdotter, f. i Meløy 24.6.1863, d. i Meløy 3.4.1864.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Martinus Augustinus Benjaminson frå Jenslund i Meløy.  Han var son av gardbrukar Benjamin Pederson på Jenslund, opphavleg frå Seines, og kona Karen Pernilla Hansdotter frå

 

 

 

##### (opphavet hennar? –f. kring 1784)

 

 

I vielsen (transkribert) i 1809 står det fødested og bosted ukjent på Karen Hansdatter:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001019685 

 

Her er vielsen i kirkeboka: 

Nordland fylke, Rødøy i Rødøy, Ministerialbok nr. 841A03 /1 (1777-1819), Kronologisk liste 1809, Side 129-130 - høyre side: 
https://media.digitalarkivet.no/view/16594/69

 

I 1785 døpes tvillingene Karen Pernilla og Kirsten Maria, døtre av Hans Larsen Sleipnes: 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000002336640

https://media.digitalarkivet.no/view/16594/24

 

Her er Karen med familien i folketellingen 1801:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058472000202

 

Hans Larsen og Ane Rasmusdatter ble gift i 1779:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001018879

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Lars Nicolai Hansson frå Glommen i Meløy.  Han var son av gardbrukar Hans Ivert Olai Larsson på Glommen og kona Maren Dorthea Andersdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – Sævik sokn i Rana? – far Anders Olson)

 

og f. i Meløy 23.7.1833. 

 

Her er vielsen: 

Nordland fylke, Meløy i Rødøy, Ministerialbok nr. 841A07 /2 (1824-1843), Viede 1833, Side 417
https://media.digitalarkivet.no/view/17110/18

 

Her står det vel Sævik anneks i Fosnes på bruden og på faren står det Anders Olsen Varpnes i Fosnes prestegjeld.

 

En enkemann Anders Olsen Varpnesset giftet seg i Fosnes i 1809 med Berit Jonsdatter: 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001606933

Nord-Trøndelag fylke, Fosnes, Otterøy (Vik), Halmøy, Klinga (Sævik) i Fosnes, Ministerialbok nr. 773A02 (1784-1816), Viede 1808-1811, Side 214
https://media.digitalarkivet.no/view/16470/110

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Grethe for kjempefine innlegg!

 

Etter dette er det berre ein einaste detalj som står òpen i denne biografien, og det er dødsdatoen til Anders Gregusson Næverdal, men ettersom buet hans vart registrert i juni(?) 1849, kan det vel tenkjast at han døydde på den tidi?  Eg har studert sidene frå skifteprotokollane i innlegg #13, men kan ikkje sjå at det står noko om kva tid dette dødsfallet skjedde...  Men det er vanskeleg å lesa skrifti...

 

Her følgjer ein ny versjon av manuskriptet som erstattar manuskriptet i innlegg #14 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Paul Iverson {Skildum}, f. {i Luster} 23.9.1825,

Paul Iverson flytte sist i 1840-åri til Nord-Noreg, og i 1852 er han nemnd som innflytt til Meløy i Nordland der han 31.7.1853 gifte seg første gongen med enkja Sara Sørensdotter, opphavleg frå Meløysund i Meløy.  Ho var dotter av gardbrukar Søren Arntson i Meløysund, opphavleg frå Vassdal i Meløy, og kona Elen Marie Olsdotter, visstnok frå Engevik, og f. i Meløy ?.1.1820.  Sara gifte seg første gongen i Meløy 24.9.1843 med Martinus Augustinus Benjaminson frå Jenslund i Meløy.  Han var son av gardbrukar Benjamin Pederson på Jenslund, opphavleg frå Seines, og kona Karen Pernilla Hansdotter frå Sleipnes og vart døypt i Meløy 25.5.1817.  Sara og Martinus budde på Valle i Meløy, men Martinus omkom på sjøen 23.10.1843, og 13.7.1845 gifte Sara seg att i Meløy med Anders Johan Gregusson frå Næverdal i Meløy.  Han var son av gardbrukar Gregus Einerson på Næverdal, opphavleg frå Våtvik, og kona Kirsten Thomasdotter frå Vassdal og f. i Meløy 25.8.1821.  Anders var innerst, og han og Sara budde på ein plass under Næverdal i Meløy, men Anders d.

 

##### (truleg bortkomen på sjøen kring des. 1848?)

 

Paul Iverson var altså tredje ektemannen hennar Sara, og dei vart buande i heimen hennar under Næverdal i Meløy der Paul livnærte seg som husmann og fiskar.  Sara d. på Næverdal 15.11.1891, og 30.10.1898 gifte Paul seg att i Meløy med Beret Marie, kjend som Beret Sophie Andersdotter, opphavleg frå Selstad i Meløy.  Ho var dotter av gardbrukar og smed Anders Johannesson på Selstad og kona Maren Oline Johnsdotter frå Kildal og f. i Meløy 9.3.1836.  Beret gifte seg første gongen i Meløy 22.10.1865 med Lars Nicolai Hansson frå Glommen i Meløy.  Han var son av gardbrukar Hans Ivert Olai Larsson på Glommen og kona Maren Dorthea Andersdotter frå Varpnes i Fosnes og f. i Meløy 23.7.1833.  Lars var fiskar, men han og Beret tok òg over som gardbrukarar på heimebruket hans på Glommen i Meløy der Lars d. som gardbrukar 29.7.1883.  Paul og Beret vart buande som kårfolk på Glommen i Meløy der Paul d. 10.11.1901.  Beret Andersdotter d. som kårenkje same staden 5.11.1905.  Paul og Beret fekk ikkje born i lag, men Beret hadde fem born frå første ekteskapet sitt.  Sara Sørensdotter fekk ein son med første mannen sin og tre born med den andre, medan Paul og Sara fekk desse fem borni i lag:

a. Elen Sophie Jensine Paulsdotter, f. i Meløy 26.12.1852, d. som enkje på Næverdal i Meløy 24.1.1941.  Elen gifte seg i Meløy 24.8.1879 med Karl Ludvig Knutson frå Snedal i Meløy, f. i Meløy 23.4.1855.  Han d. som husmann på Næverdal i Meløy 1.2.1904.  Karl var husmann og tømmermann, og parfolket budde på plassen Nesset under Næverdal i Meløy.  Dei fekk sju born i lag.

b. Anna Kirstine Paulsdotter, f. i Meløy 20.6.1854, d. i Meløy 4.2.1855.

c. Ingeborg Anna Paulsdotter, f. i Meløy 7.6.1855, d. som gardbrukarenkje på Rauset i Meløy 20.9.1918.  Ingeborg gifte seg i Meløy 17.1.1875 med Anders Olai Dass Hansson frå Glommen i Meløy, f. i Meløy 21.8.1848.  Han d. som gardbrukar på Rauset i Meløy 1.7.1918.  Anders var husmann og fiskar, og han og Ingeborg budde i Glomviken under Glommen i Meløy, men flytte etter 1910 som gardbrukarar til Rauset i Meløy.  Dei fekk ni born i lag.

d. Anna Maria Paulsdotter, f. i Meløy 18.10.1857, d. som husmannskone på Balset i Meløy 22.2.1892.  Anna gifte seg i Meløy 6.10.1878 med Johan Christian Laurits Hansen frå Glommen i Meløy, f. i Meløy 19.6.1854.  Han d. som husmann på Balset 26.1.1918.  Johan var fiskar, og han og Anna budde som plassfolk på Balsetplassen under Balset i Meløy.  Dei fekk ni born i lag.

e. Anna Martine Paulsdotter, f. i Meløy 24.6.1863, d. i Meløy 3.4.1864.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.