Gå til innhold
Arkivverket

Mangel i FT1910 - Ladegårdsgaten i Bergen?


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

I følgje FT1912 skal ein Svendsen-familie ha budd i Ladegårdsgaten 31a i både 1910 og i 1912.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01105551033971

Eg finn verken familien eller adressa i FT1910. Det ser ikkje ut til å finnast noko mellom Ladegårdsgaten 19 og 32, og partal manglar mellom 4a og 32. Desse adressene finst i FT1912. Er det mogeleg å sjekke om det er ein lakune i originalteljinga, eller om det manglar noko i transkripsjonen? Er det ved evt. mangel i transkripsjonen mogeleg å få lagt til dei manglande postane?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

I følgje FT1912 skal ein Svendsen-familie ha budd i Ladegårdsgaten 31a i både 1910 og i 1912.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01105551033971

Eg finn verken familien eller adressa i FT1910. Det ser ikkje ut til å finnast noko mellom Ladegårdsgaten 19 og 32, og partal manglar mellom 4a og 32. Desse adressene finst i FT1912. Er det mogeleg å sjekke om det er ein lakune i originalteljinga, eller om det manglar noko i transkripsjonen? Er det ved evt. mangel i transkripsjonen mogeleg å få lagt til dei manglande postane?

Hei

Nå er det slik at folketellingen 1910 er i Riksarkivet. Vi på Digitalarkivet sitter i Bergen og kan dessverre ikke sjekke dette. Jeg anbefaler at du sender en elektronisk henvendelse til Riksarkivet. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

OK, då får eg prøve det.

 

Takk for hjelpa.

 

Redigert: Melding er sendt.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er det snakk om eit større område som ser ut til å mangle, så eg meiner at det må vere i alle si interesse å få sjekka ut om mangelen også er i originalen. Det har heller ikkje vore mogeleg å samanlikne ft1910 med ft1912 før no. Så får vi sjå kva Riksarkivet svarar, meldinga er allereie send.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no fått følgjande svar frå Riksarkivet:

 

Sitat

Ladegårdsgaten i Bergen er i folketeljinga frå 1910 delt mellom fire teljingskretsar. Eigedomar med partalsadresse oddetalsadresse1 til 19 ligg i krets 104, partalsadresser frå 2 til 30 og oddetalsadresser opp til 31b i krets 116, nr. 55, 57, 59, 60 og 62 i krets 118, og dei øvrige i krets 117. Teljingslistene for krets 117 finn du på https://www.digitalarkivet.no/census/district/tf01036708087772, mellom krets 116 og 118. Vi kan ikkje sjå at det finst lakuner korkje i grunnmaterialet eller dei utskriftene som er publisert på Digitalarkivet.

 

Riksarkivet viser her til krets 117, men i følgje forklaringa deira skulle listene vere å finne i krets 116. Og her finn vi feilen:

https://www.digitalarkivet.no/census/district/tf01036708087721

I den nederste lenka skulle det ha vore 709 tilstadesverande/745 heimehøyrande personar. Klikkar ein på lenka får ein vite følgjande:

Merknader:
E: Huslistene 3 - 32 ikke registrert i filen. Slutt på krets 116

 

Etter at Riksarkivet er gjort merksame på dette svarar dei følgjande:

 

Sitat

Vi viser til din førepurnad i går og tidlegare brevveksling.
Så vidt vi kan sjå er arkiv RA/S-2231 Statistisk sentralbyrå, Sosioøkonomiske emner, Folke-tellinger, boliger og boforhold serie Ef – Folktellinga 1910, pakke 1079 – Bergen, krets 115 og 116 utan manglar. Vi legg ved kopi av listene for Ladegårdsgaten 31a. Diverre er arka større enn A3, så vi har ikkje fått med heile sidane. Kopiane sendast gratis.
Vi sender melding om saka til vår kollega i Bergen som styrer med publisering på Digitalarkivet.

 

Det er med andre ord slik at databasen manglar nesten ein heil teljingskrets, antagelegvis 745 personar som alle finst i originalen. Eg takkar Riksarkivet for velvillig hjelp for å få oppklart saka, og dei har eigentleg gjort meir enn det eg ba dei om. Med dette er ballen sendt tilbake til Digitalarkivet, og eg håpar at det er mogeleg å få etterregistrert dei manglande personane.

 

På 20.9.2019 den 9.12, Renathe-Johanne Wågenes - DA skrev:

(...) Arkivverket sin policy for 1910

 

er etter mi meining ikkje relevant i denne saka. Årsaka til at ein valde å stenge for korrekturmeldingar var at Digitalarkivet fekk store mengder korrekturmeldingar der dei fleste var rettingar på fødselsdatoar o.l. der det likevel viste seg at transkripsjonen var korrekt. I dette tilfellet er det avdekka at det manglar nesten ein heil teljingskrets, og det blir noko heilt anna.

 

I tilfelle nokon som les dette har interesse av å sjå eksempel på korleis listene frå FT1910 ser ut legg eg ved dei skanna bileta (i krympa tilstand) som eg fekk frå Riksarkivet. Bilete nr. 6 viser den familien som var utgangspunktet mitt då eg oppdaga feilen:

 

673932136_Kopi-av-lister-for-Ladegrdsgaten-31a-1.thumb.jpg.f9eb8c6c5d91dacb0c0875918dfafd29.jpg

 

436052413_Kopi-av-lister-for-Ladegrdsgaten-31a-2.thumb.jpg.eff8589f85142e1dbd37a7bc87c69c43.jpg

 

1370352180_Kopi-av-lister-for-Ladegrdsgaten-31a-3.thumb.jpg.24912b0f791aae08d0dd66be87cb940e.jpg

 

2129455830_Kopi-av-lister-for-Ladegrdsgaten-31a-4.thumb.jpg.de39ad12335b40978588141bb49e390f.jpg

 

626437894_Kopi-av-lister-for-Ladegrdsgaten-31a-5.thumb.jpg.7fefc25eb7c8c1e3607c275587e397c5.jpg

 

2123727254_Kopi-av-lister-for-Ladegrdsgaten-31a-6.thumb.jpg.55b426b8cde7ae66ef8bc9e583a54d98.jpg

 

1691804309_Kopi-av-lister-for-Ladegrdsgaten-31a-7.thumb.jpg.694c7f523068276e08587a07feb62269.jpg

 

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.