Jump to content
Arkivverket

Johannes Christopherson Søvde (1863-1942) - frå Luster til Minnesota og sidan til Washington - men kven var kona hans, Bertina «Tina» Olson «frå Christiania»? - og kva med vigsli deira?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Eg har i over 30 år spekulert på kven denne Bertina «Tina» Olson «frå Christiania» kan ha vore, ho som kring 1894 gifte seg med emigranten Johannes Christopherson Søvde frå Luster.  Kanskje tidi no er kommi til å finna ut av denne gåta?  Og kanskje kan også sjølve vigsli deira finnast?

 

Dødsattesten hennar finn eg ikkje, men her er i alle fall gravstøtta hennar frå Everett, WA: https://www.findagrave.com/memorial/132884380

 

Og her er eit manuskript for Tina og mann hennar:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Christopherson Søvde, f. {i Luster} 22.12.1863,

John C. Sovde utvandra til Amerika i 1883 og busette seg 1885 i Tower, St. Louis Co., Minn.  Han gifte seg

 

##### (date and place of his marriage? - about 1894?)

 

med Bertina

 

##### (fullt «norsk» namn?)

 

frå

 

##### (norsk opphav? - nær Christiania?)

 

i Amerika kjend som Tina Olson.  Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hennar? - kring 1874?)

 

men utvandra til Amerika i

 

##### (utvandringsåret hennar? - kring 1890!)

 

John Sovde var kolonialhandlar (»grocer»), og han og Tina vart buande i Tower, St. Louis Co., Minn. til dei i 1903 flytte til Everett, Snohomish Co., Wash.  John d. i Everett, Wash. 16.5.1942, medan Tina Sovde d. same staden 17.5.1961.  Dei fekk seks born i lag:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

 

Name: Ethel Mable Sovde
Event Type: Birth
Event Date: 04 Dec 1905
Event Place: Everett, Snohomish, Washington, United States
Gender: Female
Father's Name: John C Sovde
Mother's Name: Berntine Sovde

Other information in the record of Ethel Mable Sovde
Name: Ethel Mable Sovde
Event Type: Birth
Event Date: 04 Dec 1905
Event Place: Everett, Snohomish, Washington, United States
Gender: Female
Father's Name: John C Sovde
Mother's Name: Berntine Sovde

 

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Name: John C Sovde
Event Type: Census
Event Date: 1910
Event Place: Everett Ward 4, Snohomish, Washington, United States
Gender: Male
Age: 45
Marital Status: Married
Race: White
Race: White
Relationship to Head of Household: Head
Relationship to Head of Household: Head
Birth Year (Estimated): 1865
Birthplace: Norway
Immigration Year: 1883
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
 

Household Role Sex Age Birthplace
John C Sovde Head M 45 Norway
Berntina Sovde Wife F 35 Norway
Conrad Sovde Son M 15 Minnesota
Bert Sovde Son M 13 Minnesota
Ella Sovde Daughter F 11 Minnesota
Ethel Sovde Daughter F 11 Minnesota
Viola Sovde Daughter F 4 Washington

 

 

Name: Berntina Sovde
Event Type: Census
Event Date: 1910
Event Place: Everett Ward 4, Snohomish, Washington, United States
Gender: Female
Age: 35
Marital Status: Married
Race: White
Race: White
Relationship to Head of Household: Wife
Relationship to Head of Household: Wife
Birth Year (Estimated): 1875
Birthplace: Norway
Immigration Year: 1885
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
 

Household Role Sex Age Birthplace
John C Sovde Head M 45 Norway
Berntina Sovde Wife F 35 Norway
Conrad Sovde Son M 15 Minnesota
Bert Sovde Son M 13 Minnesota
Ella Sovde Daughter F 11 Minnesota
Ethel Sovde Daughter F 11 Minnesota
Viola Sovde Daughter F 4 Washington

 

 

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Sven og Grethe for interessante og nyttige innlegg om denne huslyden.

 

Eg har i mellomtidi oppdaga huslyden i FT1900 for Martin Co., MN, og der kjem det fram at Tina Olson var fødd i mai 1874 og at ho utvandra i 1891.  Eit family-tree vil ha det til at ho var fødd på Ørlandet i august 1875 av far Christian Christianson og mort Berit Jørgensdotter, men det kan jo ikkje stemma i det heile...!

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt so langt eg kan og har ogso «hekta på» dei opplysningane som eg har om borni deira.  Dette er so å seia komplett bortsett ifrå eit dødsfall og ei vigsle, som eg ikkja kan finna...:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Christopherson Søvde, f. {i Luster} 22.12.1863,

John C. Sovde utvandra til Amerika i 1883 og busette seg 1885 i Tower, St. Louis Co., Minn.  Han gifte seg i Tower, Minn.

 

##### (verify place of marriage?)

 

10.2.1894 med Bertina

 

##### (fullt «norsk» namn?)

 

frå

 

##### (norsk opphav? - nær Christiania?)

 

i Amerika kjend som Tina Olson.  Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hennar? - kring 1874? - FT1900 says May 1874!)

 

men utvandra til Amerika i

 

##### (utvandringsåret hennar? - kring 1890! - FT1900 says 1891!)

 

John Sovde var kolonialhandlar (»grocer»), og han og Tina vart buande i Tower, St. Louis Co., Minn. til dei kring 1899 flytte til Granada, Martin Co., Minn. og i 1903 vidare til Everett, Snohomish Co., Wash.  John d. i Everett, Wash. 16.5.1942, medan Tina Sovde d. same staden 17.5.1961.  Dei fekk seks born i lag:

a. Conrad Odien Sovde, f. i St. Louis Co., Minn. 12.11.1895, d. i Yountville, Cal. 3.3.1984.  Conrad gifte seg første gongen i Everett, Wash. 23.5.1924 med Margaret Marie Smith.  Ho var f. i Russell Co., Ks. 4.5.1904 og d.

 

     ##### (date and place of her death?)

 

     Conrad dreiv butikk («storekeeper»), og han og Margaret budde i Everett, Snohomish Co., Wash., men vart skilde i 1936.  Conrad flytte då til California og gifte seg 10.3.1944 att i Salinas, Cal. med Rose Gertrude Rayburn Dean.  Ho var f. i Vanderburgh Co., Ind. 9.7.1892 og d. i Felton, Cal. 5.5.1977.  Conrad og Rose budde i Felton, Santa Cruz Co., Cal. der Conrad var snikkar og oppassar («carpenter and caretaker»).  Han fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet.

b. Bert Julius Sovde, f. i St. Louis Co., Minn. 28.5.1897, d. i Everett, Wash. 4.4.1947.  Han gifte seg i Everett, Wash. 25.8.­1923 med Helen Marian Schofield.  Ho var f. i Snohomish Co., Wash. 29.1.1901 og d. i Martinez, Cal. 16.5.1978.  Bert Sovde var lastebilførar («truck­driver»), og han og Helen budde i Everett, Snohomish Co., Wash., men vart òg skilde.  Helen gifte seg att i Olympia, Wash. 26.12.1939 med Lawrence Edward Poland, f. i Dayton, Ohio 23.3.1893.  Han d. i Everett, Wash. 29.9.1972.  Helen fekk ei dotter, og ho var frå første ekteskapet med Bert Sovde.

c. Ethel Elaine Sovde, tvilling, var f. i St. Louis Co., Minn. 25.6.1898 og d. i Everett, Wash. 23.9.1971.  Ho gifte seg i Everett, Wash.

 

     ##### (date of their marriage? - 1923?))

 

     med True Eldridge Scott, f. i Walla Walla Co., Wash. 15.9.1883.  Han d. i Seattle, Wash. 31.1.1972.  True Scott var røyrleggjar («plumber») og sidan bildelfabrikant («auto parts manufacturer»), og han og Ethel budde i Seattle, King Co., Wash., men vart skilde.  Dei fekk ei dotter i lag.

d. Ella Kristin Sovde, likeins tvilling og f. i St. Louis Co., Minn. 25.6.1898, d. i Everett, Wash. 30.12.1981.  Ho gifte seg i Everett, Wash. 31.8.1927 med Milton Blaine Dainard.  Han var f. Pennington (Polk) Co., Minn. 29.8.1894 og d. i Everett, Wash. 21.4.1973.  Milton Dainard var trygdeagent («insurance manager»), og han og Ella budde i Everett, Snohomish Co., Wash.  Dei var barnlause.

e. Ethel Mable, kjend som Viola Vivian Sovde, f. i Snohomish Co., Wash. 4.12.1905, d. i Everett, Wash. 3.10.1962.  Ho gifte seg i Everett, Wash. 25.2.1927 med Percy George Ames.  Han var f. i Snohomish Co., Wash. 4.10.1903 og d. i Everett, Wash. 5.12.1971.  Percy Ames var trelasthandlar («lumber dealer»), og han og Viola budde i Everett, Snohomish Co., Wash.  Dei fekk tre born i lag.

f. Marcella Elinore Sovde, f. i Snohomish Co., Wash. 9.9.1913, d. i Newport Beach, Cal. 12.6.1991.  Ho gifte seg i Everett, Wash. 23.5.1941 med Robert James Goldfinch, f. i Snohomish Co., Wash. 6.3.1918.  Han d. i Everett, Wash. 20.5.2008.  Robert Goldfinch var jarnvarehandlar og eigedomsinvestor («hardwarestore owner and operator and real estate investor»).  Han og Marcella budde i Everett, Snohomish Co., Wash., men flytte som pensjonistar til Newport Beach, Orange Co., Cal.  Dei fekk to born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

En kandidat til Tina Olsen: Albertine, f. 14-5-1872 i Eidskog

 

SAH, Eidskog prestekontor, Ministerialbok nr. 2, 1867-1878, s. 70
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070124310639

 

Konf. ss i 1888

 

SAH, Eidskog prestekontor, Ministerialbok nr. 3, 1879-1892, s. 227
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070111650681

 

I Kristiania i 1891

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052721001931

 

? Emigrerer i 1892

 

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000001033192

Link to comment
Share on other sites

På 24.9.2019 den 18.58, Lars E. Øyane skrev:

Margaret Marie Smith.  Ho var f. i Russell Co., Ks. 4.5.1904 og d.

 

 

 

     ##### (date and place of her death?)

 

Part 1 https://www.newspapers.com/clip/36644585/sandre_margaret_cockrell_part_1/

Part 2https://www.newspapers.com/clip/36644648/sandre_margaret_cockrell_part_2/

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=5180&h=1383832&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=iYz152&_phstart=successSource

 

Margaret Sandremarie Cockrell

 in the California, Death Index, 1940-1997

 

Name: Margaret Sandremarie Cockrell
[Margaret Sandremarie Smith] 
Social Security #: 546241394
Gender: Female
Birth Date: 4 May 1904
Birth Place: Kansas
Death Date: 15 Jun 1986
Death Place: San Joaquin
Mother's Maiden Name: Diltz
Father's Surname: Smith
Edited by Sven Hjortland
Link to comment
Share on other sites

På 24.9.2019 den 18.58, Lars E. Øyane skrev:

(date of their marriage? - 1923?))

Ser brudgommer er kalt John R Scott....

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=2378&h=905803909&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=iYz153&_phstart=successSource

 

Ethel Eliene Sovde

 in the Washington, Marriage Records, 1854-2013

 

Name: Ethel Eliene Sovde
Gender: Female
Application Date: 15 Sep 1923
Application Place: Snohomish, Washington, USA
Spouse: John R Scott
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Carsten, Lars J. og Sven for nye spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg er svært glad for at du Carsten freistar identifisera Bertina «Tina» Olson, og «kandidaten» din frå Eidskog er so abslutt ein svært aktuell kandidat.  Men 100% overtydd er eg ikkje...  Og særleg vart eg i stuss når dødsattesten til sonen Conrad oppgjev Thomas som jentenamnet til mori.  Finst det kanskje ei bygdebok for Eidskog som kan ha opplysningar om lagnaden til denne Albertine Olson?  Eller kanskje skifte/dødsmelding etter foreldri kan by på avklarande opplysningar?

 

Dette ser ut til å vera mori som husmann på Skotterud i 1900: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=0420&kenr=010&bnr=0016&lnr=00

 

Elles ser eg at eg har «bomma» når det gjeld mannen til Ethel Sovde.  Eit gamalt notat eg har liggjande seier at han skulle heita John, og at han skulle vera frå Everett, WA, men at han døydde «austpå».  Denne John R. Scott var rett nok fødd i Kansas City, MO, men han voks opp i Everett, WA, og han skal ifølgje fleire family trees vera avliden i Maine i 1962, utan at eg kan finna noki stadfesting av dette....

 

Eg let førebels «kandidaten» til Tina Olson liggja, men her følgjer ei oppdatering av resten av manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Christopherson Søvde, f. {i Luster} 22.12.1863,

John C. Sovde utvandra til Amerika i 1883 og busette seg 1885 i Tower, St. Louis Co., Minn.  Han gifte seg i Tower, Minn.

 

##### (verify place of marriage?)

 

10.2.1894 med Bertina

 

##### (fullt «norsk» namn?)

 

frå

 

##### (norsk opphav? - nær Christiania?)

 

i Amerika kjend som Tina Olson.  Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hennar? - kring 1874? - FT1900 says May 1874!)

 

men utvandra til Amerika i

 

##### (utvandringsåret hennar? - kring 1890! - FT1900 says 1891!)

 

John Sovde var kolonialhandlar (»grocer»), og han og Tina vart buande i Tower, St. Louis Co., Minn. til dei kring 1899 flytte til Granada, Martin Co., Minn. og i 1903 vidare til Everett, Snohomish Co., Wash.  John d. i Everett, Wash. 16.5.1942, medan Tina Sovde d. same staden 17.5.1961.  Dei fekk seks born i lag:

a. Conrad Odien Sovde, f. i St. Louis Co., Minn. 12.11.1895, d. i Yountville, Cal. 3.3.1984.  Conrad gifte seg første gongen i Everett, Wash. 23.5.1924 med Sandremarie Margaret, kjend som Margaret Smith.  Ho var f. i Russell Co., Ks. 4.5.1904 og d. i Lodi, Cal. 15.6.1986.  Conrad dreiv butikk («storekeeper»), og han og Margaret budde i Everett, Snohomish Co., Wash., men vart skilde i 1936.  Conrad flytte då til California og gifte seg 10.3.1944 att i Salinas, Cal. med Rose Gertrude Rayburn Dean.  Ho var f. i Vanderburgh Co., Ind. 9.7.1892 og d. i Felton, Cal. 5.5.1977.  Conrad og Rose budde i Felton, Santa Cruz Co., Cal. der Conrad var snikkar og oppassar («carpenter and caretaker»).  Han fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet.

b. Bert Julius Sovde, f. i St. Louis Co., Minn. 28.5.1897, d. i Everett, Wash. 4.4.1947.  Han gifte seg i Everett, Wash. 25.8.­1923 med Helen Marian Schofield.  Ho var f. i Snohomish Co., Wash. 29.1.1901 og d. i Martinez, Cal. 16.5.1978.  Bert Sovde var lastebilførar («truck­driver»), og han og Helen budde i Everett, Snohomish Co., Wash., men vart òg skilde.  Helen gifte seg att i Olympia, Wash. 26.12.1939 med Lawrence Edward Poland, f. i Dayton, Ohio 23.3.1893.  Han d. i Everett, Wash. 29.9.1972.  Helen fekk ei dotter, og ho var frå første ekteskapet med Bert Sovde.

c. Ethel Elaine Sovde, tvilling, var f. i St. Louis Co., Minn. 25.6.1898 og d. i Everett, Wash. 23.9.1971.  Ho gifte seg i Everett, Wash. 15.9.1923 med John Roland Scott, f. i Kansas City, Mo. 1.6.1897.  Han d.

 

     ##### (date and place of his death? - ME 1962!?)

 

     John Scott var salsagent («salesman») og sidan bildelfabrikant («auto parts manufacturer»), og han og Ethel budde i Portland, Multnomah Co., Ore., men vart skilde kring 1940.  Dei var barnlause.

d. Ella Kristin Sovde, likeins tvilling og f. i St. Louis Co., Minn. 25.6.1898, d. i Everett, Wash. 30.12.1981.  Ho gifte seg i Everett, Wash. 31.8.1927 med Milton Blaine Dainard.  Han var f. Pennington (Polk) Co., Minn. 29.8.1894 og d. i Everett, Wash. 21.4.1973.  Milton Dainard var trygdeagent («insurance manager»), og han og Ella budde i Everett, Snohomish Co., Wash.  Dei var barnlause.

e. Ethel Mable, kjend som Viola Vivian Sovde, f. i Snohomish Co., Wash. 4.12.1905, d. i Everett, Wash. 3.10.1962.  Ho gifte seg i Everett, Wash. 25.2.1927 med Percy George Ames.  Han var f. i Snohomish Co., Wash. 4.10.1903 og d. i Everett, Wash. 5.12.1971.  Percy Ames var trelasthandlar («lumber dealer»), og han og Viola budde i Everett, Snohomish Co., Wash.  Dei fekk tre born i lag.

f. Marcella Elinore Sovde, f. i Snohomish Co., Wash. 9.9.1913, d. i Newport Beach, Cal. 12.6.1991.  Ho gifte seg i Everett, Wash. 23.5.1941 med Robert James Goldfinch, f. i Snohomish Co., Wash. 6.3.1918.  Han d. i Everett, Wash. 20.5.2008.  Robert Goldfinch var jarnvarehandlar og eigedomsinvestor («hardwarestore owner and operator and real estate investor»).  Han og Marcella budde i Everett, Snohomish Co., Wash., men flytte som pensjonistar til Newport Beach, Orange Co., Cal.  Dei fekk to born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

På 24.9.2019 den 18.58, Lars E. Øyane skrev:

f. Marcella Elinore Sovde, f. i Snohomish Co., Wash. 9.9.1913, d. i Newport Beach, Cal. 12.6.1991.  Ho gifte seg i Everett, Wash. 23.5.1941 med Robert James Goldfinch, f. i Snohomish Co., Wash. 6.3.1918.  Han d. i Everett, Wash. 20.5.2008.  Robert Goldfinch var jarnvarehandlar og eigedomsinvestor («hardwarestore owner and operator and real estate investor»).  Han og Marcella budde i Everett, Snohomish Co., Wash., men flytte som pensjonistar til Newport Beach, Orange Co., Cal.  Dei fekk to born i lag.

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89SB-VFZS?i=181&cc=1534448

Samme Marcella Sovde gift 31.12.1932 med Harry D. Sloan?

Edit:

Ser ut som de ikke ble gift, lenken er en søknad om tillatelse. I andre kilder står vielsesdato ikke oppført.

Edited by Lars Johannessen
Link to comment
Share on other sites

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

(date and place of his death? - ME 1962!?)

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?dbid=6703&h=1287&indiv=try&o_vc=Record:OtherRecord&rhSource=2442

 

John R Scott

 in the Maine, Death Index, 1960-1997

 

Name: John R Scott
Death Date: 15 Feb 1960
Age: 62
Town: Cape Elizabeth
Certificate: 6001305

 

 

https://www.findagrave.com/memorial/119024511

Link to comment
Share on other sites

På 3.10.2019 den 14.14, Lars E. Øyane skrev:

Eg er svært glad for at du Carsten freistar identifisera Bertina «Tina» Olson, og «kandidaten» din frå Eidskog er so abslutt ein svært aktuell kandidat.  Men 100% overtydd er eg ikkje...  Og særleg vart eg i stuss når dødsattesten til sonen Conrad oppgjev Thomas som jentenamnet til mori.  Finst det kanskje ei bygdebok for Eidskog som kan ha opplysningar om lagnaden til denne Albertine Olson?  Eller kanskje skifte/dødsmelding etter foreldri kan by på avklarande opplysningar?

 

Dette ser ut til å vera mori som husmann på Skotterud i 1900: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=0420&kenr=010&bnr=0016&lnr=00

 

Marthe Olsdatter døde 26.6.1913 på Skotterud:  https://www.digitalarkivet.no/kb20060316050138

 

Dødsfallsprotokollene for 1913 er imidlertid ikke skannet:  https://media.digitalarkivet.no/sk/browse?municipalities[]=0420&start_year=1901&end_year=&text=

 

Link to comment
Share on other sites

2 timer siden, Lars Waaltorp skrev:

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=1263&h=3719892&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=iYz272&_phstart=successSource

 

Albertina Olsen

 in the Canadian Passenger Lists, 1865-1935

 

Name: Albertina Olsen
Gender: Female
Arrival Age: 20
Birth Year: abt 1872
Departure Port: Liverpool, England
Arrival Date: 21 Feb 1892
Arrival Port: Halifax, Nova Scotia, Canada and Portland, Maine, USA
Vessel: Circassian
Search Ship Database: Search for the Circassian in the 'Passenger Ships and Images' database
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Lars J., Sven og Lars W. for nye utfordrande og gode innlegg!

 

Eg trur du har rett, Lars J. i at dette ekteskapet til Marcella og Harry Sloan ikkje vart noko av.  Eg var borti eit lliknande tilfelle for ikkje lenge sidan.  Vigsli skulle ha dukka opp i ddet statlege vigselsregisteret, dersom ho vart gjenomført.  At slektningane hennar ikkje har sagt noko om eit første ekteskap, kan me ikkje stola på, men me ser jo òg av FT1940 at Marcella var ugift og busett heime hjå foreldri sine!

 

Elles var det kjempefint at du, Sven, fann dødsfallet til John R. Scott.  So er det «på plass»...

 

Med omsyn til Tina Olson, so er det nok mykje som kan tyda på at det er den «rette» jenta frå Eidskog, men no har eg skrive til Arkivverket med bøn om sjekking av dødsmeldingane/skifti frå 1913, so får me sjå kva Statsarkivet på Hamar kan finna...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Link to comment
Share on other sites

  • 3 years later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.