Gå til innhold
Arkivverket

Sophia (1771) og Mari (1778) Pedersdøtrer - fødde i Luster, men flytte i ung alder frå bygdi - kan henda til ei av fastrene deira i Fresvik eller i Sogndal?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i minst 35 år spekulert på kvar det vart av søstrene Sophia og Mari Pedersdøtrer frå husmannsplassen i Skildeimskleivi under Søvde i Luster.  Kanskje tidi no er mogi for å komm, vidare i desse spekulasjonane?

 

Far til desse jentene hadde tre søstrer, som soleis vart fastrene deira, som alle i ung alder flytte til Fresvik,

* Mari Johnsdotter (1733-1807) til Simleneset

* Clara Johnsdotter (1738-1820) til Nyborg, Frønningen og sidan til Fimreite i Sogndal

* Britha Johnsdotter (1743-1803) til Sagi, Frønningen

 

Kan det tenkjast at Sophia og/eller Mari flytte til ei av desse etter at dei vart foreldrelause i so ung alder?  Eller hamna dei kanskje i Vik?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden i Skildeimskleivi:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Johnson Kleiven, frå Lavoll, vart døypt 26.11.1735 og vart gravlagd frå Kleivi 23.12.1784.  Han gifte seg 20.11.1766 med Elisabeth Larsdotter frå Kleivi, Søvde (bnr. 4).  Ho vart døypt 12.10.1741 og vart gravlagd som legdelem 7.5.1794 utan at bustaden vart nemnd.  Peder og Elisabeth tok over plassen her i Skildeimskleivi 3 etter svogeren og søster hennar alt i 1766 og vart visstnok buande her levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag:

 1. John Pederson (1765-1836), tente mellom anna på Rønnei og på Høyeim, men d. ugift i Kilen.

 2. Lars Pederson (1768-1787), ugift.

 3. Sophia Pedersdotter, døypt 8.12.1771, voks opp på Søvde, men tente på Nes i 1801.

Sophia Pedersdotter ser ut til å vera fari frå bygdi kort etter hundreårsskiftet,

 

##### (lagnaden hennar? - kanskje til Fresvik?)

 

 4. Ole Pederson (1775-1848), var sjukleg og budde visstnok på Feigum all sin dag der han òg d. ugift.

 5. Mari Pedersdotter, døypt 22.2.1778, budde i Kleivi i 1785.

Mari Pedersdotter må vera fari frå bygdi alt før ho vart konfirmert,

 

##### (lagnaden hennar? - kanskje til Fresvik?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 5. Mari Pedersdotter, døypt 22.2.1778, budde i Kleivi i 1785.

Ett par skudd i blinde.

 

Kanskje litt for langt nord?

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058410001179

 

eller denne

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391002058

Endret av Leif B. Mathiesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif og Jarleif for nye innlegg!

 

Med omsyn til Sophia Pedersdotter på Nes i Luster i 1801, so er det nok det jenta me ser etter, og bustaden hennar på Nes er òg nemnd i innleiingi...  Men ho forsvinn frå Luster kort tid etter 1801 utan at eg har finne spor etter ho, og spørsmålet er kvar...?

 

Når det gjeld Mari, so er nok jenta i Innvik lite aktuell.  Derimot kan det GODT vera jenta som i 1801 tente på Nesøya i Gulen.  Ganske mange unge personar frå indre Sogn hamna der ute, og det er eit faktum at det ikkje finst nokon andre Mari Pedersdotter fødde på den tidi som logisk sett kan verta flytte til Gulen, so kanskje er det verdt å sjå litt meir på denne jenta!?

 

Eg finn ho ikkje gift eller avlidi i Gulen og heller ikkje som «uekte» barnemor.  So kvar vart det i so fall av ho??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna lagnadane til desse to søstrene!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.