Gå til innhold
Arkivverket

Arne Hansson Urdahl frå Luster (1844-1915) - lærar i Våler - detaljar om huslyden hans - m.a. to born i Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden samla eg det meste av opplysningane om tidleg på 1980-talet.  Eg meiner å hugsa det var ei privat ættebok for Urdahlsætti som inneheldt det meste.

 

Men det har synt seg i ettertid at dette manuskriptet ikkje held mål når det gjeld detaljrikdom, og eg har i dag freista fylla ein del av dei hòli som finst, men utan lokal kunnskap i Våler er det vanskeleg å komma heilt i mål.  Kanskje er det nokon som kan bidra med lite vetta hjelp?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #13 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Siver Martinson frå

 

     ##### (opphavet hans i Åsnes? - Lenderud?)

 

     f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans? - Åsnes okt. 1853 eller 1855!?)

 

Det er huller i kirkebøkene for Åsnes:

https://media.digitalarkivet.no/kb/browse?parishes[]=0425S1&start_year=&end_year=&text=

 

Her er tellingslisten for Linderud østre i Åsnes i 1875:

https://media.digitalarkivet.no/view/52071/54 (forside)

Hedmark fylke, Åsnes, Gjesåsen, Gretvik i Åsnes, Statlig folketelling (1875-1875), Dokumentside, Side 55 (tellingsliste). Her finner jeg en Syver Martinsen: 
https://media.digitalarkivet.no/view/52071/55
URN:NBN:no-a1450-ft20101209620385.jpg 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Samme familie på Linnerud i 1865:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038043005926

https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0425&kenr=008&bnr=0061&lnr=000

  • Tellingsår: 1865
  • Kommune: Åsnes
  • Kommunenummer: 0425
  • Navn på bosted: Linnerud

Antall personer registrert på bostedet: 7. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Martin Syversen Husf g Husmand med Jord 1833 Hofs Prgj.  
  Berte M. Olsdatter hans Kone g   1826 Aasnæs Prgj.  
  Syver Martinsen deres Søn ug   1854 Aasnæs Prgj.  
  Embret Martinsen deres Søn ug   1858 Aasnæs Prgj.  
  Magnus Martinsen deres Søn ug   1861 Aasnæs Prgj.  
  Emma Martinsdatter deres Datter ug   1856 Aasnæs Prgj.  
  Marie Martinsdatter deres Datter ug   1863 Aasnæs Prgj.  
 
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten, Per, Ann-Mary og Grethe for mange spennande og nyttige innlegg om denne huslyden!

 

Eg har jobba med manuskriptet mitt til augi vart både store og våte.  Svært mange detaljar er komne «på plass», og eg har dessutan leitt fram eit par andre detaljar.  Her følgjer ein oppdatert versjon som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Arne Hansson Urdahl, f. {i Luster} 20.9.1844,

Arne Urdahl fekk utdanning som lærar og flytte til Våler i Solør der han 4.4.1873 gifte seg med Olina Olsdotter frå Gjerdrumsplas­sen i Våler.  Ho var dotter av husmann Ole Olson på

 

##### (Gjerdrumsplassen under Spelsberg?)

 

opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Pernille Berntsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Våler 23.1.1850.  Arne heldt fram som lærar og budde ei tid på Jevnaker i Våler, men han og Olina var likeins gardbrukarar på Holtrønningen, Mangerud i Våler før dei til sist flytte til Solberg midtre, Solberg i Våler der Olina d. 4.9.1906.  Arne Urdahl d. same staden 27.2.1915.  Dei fekk ti born i lag:

a. Britha Margrethe, kjend som Margrethe Arnesdotter Urdahl, f. i Våler 10.4.1873, gifte seg i Vinger 27.8.1895 med Syvert Martinson frå Linnerud i Åsnes, f. i Åsnes 2.10.1854.  Syvert utvandra til Amerika første gongen alt i 1878, men kom heim kort før vigsli, og i lag utvandra dei so i 1896 til til Cottonwood Co., Minn. der me finn dei att under namni Syvert og Margaret Martinson.  Kring 1899 flytte dei til Dog Fish Bay precinct, Kitsap Co., Wash. der Sivert ei tid var skogsarbeidar («logger») til dei slo seg ned som farmarar nær Poulsbo, Kitsap Co., Wash.  Kring 1915 flytte dei for ei tid til

 

     ##### (Antelope, Sheridan Co., MT?)

 

     der Margaret d.

 

     ##### (date and place of her death?)

 

     1917.  Syvert Martinson flytte sidan på ny til Poulsbo, Kitsap Co., ash., men han d. i Pt. Orchard, Wash. 6.2.1933.  Han og Margaret fekk sju born i lag.

b. Hans Arneson Urdahl, f. i Våler 9.4.1875, d. i Våler 6.6.1962.  Hans Urdahl gifte seg på Elverum 17.9.1903 med Karoline Tollefsdotter Rustad frå Sveen på Elverum, f. på Elverum 19.7.1875.  Ho d. i Våler 29.5.1945.  Hans og Karoline var gardbrukarar på Holtrønningen, Mangerud i Våler og fekk sju born i lag.

c. Ole Arneson Urdahl, f. og d. i Våler 28.12.1876, 11 timer gamal.

d. Ole Arneson Urdahl, f. i Våler 13.11.1877, utvandra til Amerika i 1899 og gifte seg i Poulsbo, Wash. 22.12.1904 med Emma Gundersdotter Myrer frå Myrer i Våler.  Ho var dotter av arbeidar Gunder Gunderson frå Hanstad og jenta Elina Amundsdotter frå Nordbak som sidan vart gift med husmann Magnus Arneson på

 

     ##### (ein plass, men kva for ein plass?)

 

     under Myrer.  Emma var f. i Våler 11.12.1881, men utvandra til Amerika i 1902.  Ole og Emma slo seg ned som hønsefarmarar («chicken farmers») i Poulsbo, Kitsap Co., Wash., men Ole d. i Bremerton, Wash. 27.6.1970.  Emma Urdahl d. i Poulsbo, Wash. 5.5.1980.  Dei fekk fire born i lag.

e. Paul Arneson Urdahl, f. i Våler 9.6.1880, d. i Våler 16.11.1885.

f. Arne Arneson Urdahl, f. i Våler 9.1.1883, d. i Våler 14.6.1901.

g. Thorbjørn Arneson Urdahl, f. i Våler 30.9.1885, utvandra til Amerika i 1902, men kom attende til Noreg i 1912 og d. i Oslo 14.8.1939.  Han gifte seg på Vaterland i Christiania 29.7.1922 med Margit Olsdotter Skarderud frå Skarderud i Våler, f. i Våler 2.10.1896.  Ho d. i Oslo 14.8.1957.   Thorbjørn Urdahl var snikkar, og han og Margit budde på Høibråten i Oslo.  Dei fekk ei dotter i lag.

h. Olga Pauline Arnesdotter Urdahl, f. i Våler 6.12.1888, d. i Våler 8.3.1980.  Olga gifte seg i Våler 29.12.1913 med Axel Arneson Solberg frå Solberg i Våler, f. i Våler 1.4.1886.  Han d. i Våler 9.10.1977.  Axel og Olga var gardbrukarar på Solberg i Våler og fekk fem born i lag

i. Torgeir Arneson Urdahl, f. i Våler 7.5.1891, d. ugift i Christiania (Oslo) 9.12.1918.  Han var kontormann og budde i Christiania.

j. Svend Arneson Urdahl, f. i Våler 1.1.1896, d. i Oslo 1.1.1969.  Han gifte seg hjå byfogden i Christiania 2.8.1924 med Esther Constance Mikalsdotter Monsen frå Ålesund, f. i Ålesund 30.6.1895.  Ho d. i Oslo 10.3.1976.  Svend var bank­fulllmektig og sidan bankrevisor, og han og Ester budde i Oslo.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag sett litt meir på denne huslyden.  Nokre utfordringar står att med omsyn til opphavet til Olina Olsdotter frå Gjerdrumsplassen, kona til Arne Hansson Urdahl, eller er det når det gjeld borni, berre

 

* Lagnaden til Britha Margrethe i Amerika, og

 

* Namnet på bustaden under Myrer der Emma Myrer tydeleg voks opp

 

som står att.

 

Når det gjeld Emma Myrer og mori/stefaren hennar, finn me dei her:

 

* FT1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052738001134

 

* FT1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037063001141

 

* FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036410001355

 

men ingen av desse stadane har plassen fått eit namn!

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.