Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Christen Christopherson Søvde (1865-1931) - til Amerika i 1884 - gift i Chicago, IL med Hannah Marie de Märde frå Oskarshamn - detaljar om opphavet hennar og huslyden deira?)

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Christen Christopherson Søvde, fødd i Luster i 1865, hamna som kolonialhandlar i Everett, WA.  Han gifte seg med Hannah Marie de Märde frå Oskarshamn i Kalmar län i Sverige.  Dei fekk to born i lag.

 

Eg samla det meste av opplysningane om denne huslyden på 1980-talet, men nokrer detaljar greidde eg adri å få tak i, og no vonar eg at einkvan kan hjelpa meg lite vetta for å komma vidare?  Det gjeld særleg opplysningar om opphavet til Hannah i Sverige og lagnadane til båe konene til sonen Carroll, samt det fuille namnet til dotteri Isabelle...

 

Slik ser det oppdaterte manuskriptet mitt ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

18280727

Svensson, Karl

Drageryd 1

Död 19/3 1908.

Kyrkobokförd i Högsby (Kalmar län, Småland).

Född 27/7 1828 i Högsby (Kalmar län, Småland).

Gift man.
--------------
Motsvarande folkbokföringsförsamling(ar) 1/1 2017:
Högsby, Högsby kn (Kalmar län, Småland)

Födelseförsamling i källan:
Högsby (Kalmar län)

Källor:
DB, FS (sida: 178)

Post-ID:
SDB7_06724220

 

 

18270412

Svensson f. Jonsdotter Mård, Anna Maria

Drageryd 1

Död 13/3 1913.

Kyrkobokförd i Högsby (Kalmar län, Småland).

Född 12/4 1827 i Högsby (Kalmar län, Småland).

Änka (19/3 1908).
--------------
Motsvarande folkbokföringsförsamling(ar) 1/1 2017:
Högsby, Högsby kn (Kalmar län, Småland)

Födelseförsamling i källan:
Högsby (Kalmar län)

Källor:
DB, FS (sida: 156)

Post-ID:
SDB7_06677238

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for imponerande og nyttige innlegg om denne huslyden.

 

Opphavet til Hanna Mård er «på plass» og likeins dødsfallet til Thelma «Betty» Sovde, men eg ser det dukka opp eit nytt spørsmål som gjeld andre vigsli til Carroll.  Gifte dei seg i Newport Beach, CA eller «stakk dei av» til Yuma, AZ?

 

Uansett, her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Christopherson Søvde, f. {i Luster} 23.11.1865,

Christ Sovde utvandra til Amerika i 1884 og var sidan heime på vitjing i 1894.  Han gifte seg i Chicago, Ill. 24.8.1896 med Johanna Maria Carlsdotter (Svensson) Mård frå Högsby i Kalmar län i Sverige, i Amerika kjend som Hannah Moord.  Ho var dotter av husmann og skreddar Carl Svensson på Drageryd i Högsby og kona Anna Maria Jonsdotter òg frå Högsby og f. i Högsby, Kalmar län i Sverige 19.8.1876.  Ho utvandra til Amerika i 1894.  Christ og Hannah budde både i Tower, St. Louis Co., Minn. og i Chicago, Cook Co., Ill., men flytte kring 1902 til Everett, Snohomish Co., Wash. der Christ var kolonialhandlar («grocer»).  Christ d. i Everett, Wash. 4.4.1931, medan Hannah Sovde d. same staden 7.10.1950.  Dei fekk to born i lag:

a. Carroll Martin Sovde, f. i St. Louis Co., Minn. 6.11.1898, d. i Long Beach, Cal. 26.8.1963.  Han gifte seg første gongen i Everett, Wash. 18.8.1923 med Lavina Margaret Whiting, f. i Snohomish Co., Wash. 20.11.1904.  Ho d.

 

     ##### (date and place of her death? - supposedly died in San Francisco, CA about 1971/1974!)

 

     men vart skild frå Carroll alt i 1935.  Carroll gifte seg 8.12.1935 att i Yuma, Az.

 

     ##### (or in Newport Beach, CA?)

 

     med Thelma Beatrice, kjend som Betty Carter, f. i Pawnee Co., Okla. 2.7.1902.  Ho d. i Costa Mesa, Cal. 1.9.1997.  Betty var lærar («school teacher»), medan Carroll Sovde var bankfunksjonær («banker»).  Han budde for det meste i Los Angeles og Glendale, Los Angeles Co., Cal. og i Newport Beach, Orange Co., Cal. og fekk ein son, som var frå første ekteskapet.

b. Isabelle C.

 

     ##### (middle name?)

 

     Sovde, f. i Snohomish Co., Wash. 23.8.1904, d. ugift i Sedro Wooley, Skagit Co., Wash. 19.11.1942.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.