Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Guri Sjursdotter Talsete (Flahammar) - fødd i Luster 1825 - til Amerika i 1861 med to born - lagnaden til denne huslyden - ei kjempeutfordring?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei gåte som har lege hjå meg i over 35 år, men som eg aldri har greidd å komma nokon veg med, kanskje til i dag!?  Det er underleg at ein stundom lyt studera utfordringar fleire gongar før det ein stad seier «pling», som eg vonar det kan ha gjort i dag!

 

Guri Sjursdotter var yngst av åtte søsken fødde av Sjur Pederson og Guri Nilsdotter, husmannsfolk på Talsete under Flahammar og fødd her 31.7.1825.  Ho hadde ei eldre søster Britha som i 1851 utvandra til Amerika med mann Lars Einerson Lindgjerde.  Dei busette seg i Dane Co., WI, men Lars døydde i 1854, medan Britha må vera avlidi kort tid etter.  Dei overlevande borni deira flytte kring 1860 til Chicago, IL

 

Eg har vore inne på tanken om at Chicago, IL òg kan ha vore reisemålet til Guri Sjursdotter i 1861, men eit par funn i dag har fått meg til å spekulera....

 

Lat meg først få syna fram eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Guri Sjursdotter {Fladhammer}, f. {i Luster} 31.7.1825, tente visstnok på Indre Hafslo i mange år.

Men i 1861 utvandra Guri Severson(?) til Amerika,

 

##### (lagnaden hennar?)

 

Ho fekk to born, medan ho budde i Noreg:

a. Lars Aanundson, son av Guri og husmannssonen Aanund Pederson frå Furehaugen under Sviggum i Hafslo (1828-1900), var f. i Luster 16.8.1852 og utvandra til Amerika med mori i 1861,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

b. Gunnhild Johannesdotter, dotter av Guri og gardbrukarsonen Johannes Johannesson frå Opheimshaugen i Hafslo (1832-    ), var f. i Hafslo 15.1.1858 og utvandra truleg òg med mori til Amerika i 1861,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg finn ingi Guri/Julia Severson vigde i Amerika som høver med «vår» Guri, men so søkte eg i dag etter Lars/Louis/Lewis fødd i Noreg i august 1852 og utvandra i 1861, og der fekk eg eit svært so spennande treff:

 

 FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DZNS-1WK

 

 

Men diverre syner dette seg å vera ein sambygding av Lars Aanundson - frå nabogarden Hengesteg:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

. Lars, kjend som Lewis Lewison, f. i Luster 19.8.1850, utvandra med foreldri til Amerika i 1861 og d. i Lake Preston, S.D. 2.8.1919.  Han gifte seg i Dane Co., Wis. 2.3.1876 med Anna R. Boyum.  Foreldri hennar utvandra i 1840-åri frå Balestrand, men Anna var f. i Columbia Co., Wis. 26.6.1851.  Ho d. i Kingsbury Co., S.D. 5.7.1923.  Lewis og Anna farma i Leeds township, Columbia Co., Wis., men flytte i 1917 som pensjonistar til Lake Preston, Kingsbury Co., S.D.  Dei fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Men før eg oppdaga dette tenkte eg so at Leeds township, Columbia Co., WI høyrer til Spring Prairie,. og på Spring Prairie fann eg etter mykje leiting konfirmasjonen til Lars Aamundson i 1869 (#47 på høgre side):

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314946-00330?pid=1471681&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D1471681%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx16814%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx16814&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.26793150.2053247276.1568908615-1442769865.1532627837#?imageId=41742_314946-00367

 

Konfirmasjonen til halvsøsteri Gunnhild finn eg ikkje...

 

No er det det å seia at far til Lars Aanundson, Aanund Pederson, som då kalla seg for Melheim (Mellem), utvandra til Amerika alt i 1857, og han farma med kona Andrea i Vienna township, Dane Co., WI, her i FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBP-99P

til dei i 1888 flytte til Holt township, Fillmore Co., MN.  Kan det tenkjast at Aanund har teke seg av son sin i Wisconsin (han er nemnd som dåpsvitne då Lars vart konfirmert i 1869!) og at Guri og halvsøsteri Gunnhild har reist ein annan stad?

 

Ikkje so lett å svara på alt dette, men eg vonar at nokon kan hjelpa meg finna spor etter Guri og borni hennar i Amerika, og kanskje særleg sonen Lars, som me no veit litt meir om?

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.