Gå til innhold
Arkivverket

Malena Jensdotter Havland - fødd i Luster 1819 - utvandra som enkje i 1881, truleg til Goodhue Co., MN - kvar vart det av ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Jan Johannesson (1795-1880) var husmann på Havelden under Flahammar i Luster.  Han døydde i Luster, men året etter utvandra enkja til Amerika etter at einaste attlevande sonen Johannes var utvandra i 1872.  Me ser ikkje noko til denne sonen i Amerika før han gifte seg i Goodhue Co., MN i 1887, men eg vil gissa på at han og mori budde i lag ved FT1885, om me berre kunna finna dei??

 

Ei utfordring ligg truleg i det faktum at Johannes KAN ha skrive seg for Johnson den første tidi han var i Amerika, men sidan kalla han seg vekselvis for Hovland og Havland, avleia frå Havelden.  På gravstøtta står Havland, og eine sonen hans skreiv seg for Havland, medan dei hine borni ser ut til å ha nytta Hovland...

 

Denne biografien er forsovidt ganske «komplett»; berre lagnaden og dødsfallet til mori manglar...

 

Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jan Johannesson Havelden, frå Havelden 3 under Flahammar, vart døypt 8.3.1795 og d. som husmann på Havelden 1.6.1880.  Truleg fekk Jan alt sist i 1830-åri hand om plassen her i Hamni, og 3.6.1846 gifte han seg med Malena Jensdot­ter frå Bolstad, f. 7.2.1819.  Det ser ikkje ut til at Jan og Malena hadde noko særleg jord til plassen i Hamni, for dei vert som regel nemnde som strandsitjarar.  Jan dreiv likevel plassen til han fall ifrå i 1880, og sidan heldt enkja Malena fram til 1881.  Då vart plassen nedlagd, og den jordi som var, gjekk attende til garden.

Malena Havland(?) utvandra til Amerika i 1881,

 

##### (what became of her? - date and place of her death?)

 

Jan og Malena i Hamni fekk tre born i lag:

 1. Kirsti Jansdotter, f. 30.10.1849,

Kirsti Havellen flytte til Bergen og tente der hjå politibetjent, sidan kunstmålar Anders G. Wigdahl (1830-1914), opphavleg frå Tubbeteigen under Heltne i Dale.  Men Kirsti d. ugift på sjukehu­set i Bergen alt 13.6.1866.

 2. Øllegaard Jansdotter (1853-1861).

 3. Johannes Janson, f. 2.2.1856,

John J. Havland utvandra til Amerika i 1872 og gifte seg i Goodhue Co., Minn. 4.3.1887 med Brita, kjend som Bertha L. Wallager, dotter av husmann Lars Olson frå Stølen under Mareim i Hafslo (1832-1905).  Ho var f. i Goodhue Co., Minn. 5.9.1866.  John var jarnbanearbeidar («railroad worker»), og parfolket busette seg i Mayville, Traill Co., N.D. der Bertha d. 15.3.1911.  John Havland d. i Blanchard township, Traill Co., N.D. 4.7.1928.  Dei fekk seks born i lag:

a. Stina Melina Hovland (1889-1951), vart gift med Johannes Lenvick, kjend som John C. Kjos (1884-1957), son av gardbrukarsonen Christopher Lemvig Johannesson frå Kjos i Hafslo (1861-1945) (s.d.).

b. Olga Josephine Hovland, f. i Traill Co., N.D. 27.9.1892, d. i Fargo, N.D. 17.4.1964.  Olga gifte seg i Wahpeton, N.D. 12.9.1914 med Olaf Harold Ristuben, f. i Lac qui parle Co., Minn. 1.10.1888.  Han d. i Centralia, Wash. 9.1.1970.  Olaf var lærar og skuleinspektør («school teacher and superintendant of schools»), og han og Olga budde i Aliceton, Sydna. Delamere, Gwinner, Christine, Gaelph, Colgate og West Fargo, N.D.   Dei fekk tre born i lag.

c. Leonard Lenhart Hovland, f. i Traill Co., N.D. 29.2.1896, d. i Kankakee, Ill. 15.10.1965.  Leonard gifte seg i Waseca, Ill. 18.11.1919 med Antoinette Viola Hanson, f. i Iroquois Co., Ill. 7.12.1896.  Ho d. i Clifton, Ill. 4.10.1988.  Leonard og Antoinette slo seg ned som farmarar i Ridgeland township, Iroquois Co., Ill. og fekk to døtrer i lag.

d. Gilman Duane Hovland, f. i Traill Co., N.D. 3.3.1900, d. i Fargo, N.D. 25.12.2000.  Gilman gifte seg i Moorhead, Minn. 10.1.1923 med Amy Amelia Forde.  Ho var f. i Traill Co., N.D. 4.11.1899 og d. i Fargo, N.D. 23.5.1993.  Gilman var møllestyrar («grain elevator operator») og budde ulike stadar i North Dakota, men flytte til sist til Fargo, Cass Co., N.D.  Han og Amy fekk fire søner i lag.

e. Bernice Irene Hovland, f. i Traill Co., N.D. 31.7.1903, d. i Oakes, N.D. 23.12.1977.  Bernice gifte seg i De Land, Fla. 25.12.1928 med Lawrence Oliver Ringdahl.  Han var f. i Sargent Co., N.D. 7.7.1906 og d. i Sargent Co., N.D. 28.1.1977.  Bernice var lærar («school teacher»), medan Lawrence farma i Willey township, Sargent Co., N.D.  Dei fekk seks søner i lag.

f. Alice Florence Hovland, f. i Traill Co., N.D. 5.9.1905, d. i Oakwood, Cal. 23.1.1974.  Alice var teppehandlar («rug bounder and sales woman») og budde i Chicago, Ill. og sidan i Los Angeles, Cal., ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til oppsporing av Malena i Amerika!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Malena Havland(?) utvandra til Amerika i 1881,

 

Legger for ordens skyld inn lenke til utflyttingen - se nr. 36. Ser at står med samme utflytningsdato som Lars Eriksen Heltne med familie - nr. 33-35:

SAB, Luster Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 10, 1871-1886, s. 495
https://media.digitalarkivet.no/view/6916/441

 

Jeg gjenfinner Lars Eriksen Heltne med kone og sønn blant emigrantene som dro ut fra Bergen:

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000664583

https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000663979

https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000663980

https://www.digitalarkivet.no/view/9/og00000000663981

 

Er dette Malena i emigrantprotokollen for Bergen? Her står hun som enke Malene Jensdatter Bolstad, født 1819 i Luster:

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000664595

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

Ankomst

 

The Pennsylvania, Passenger and Crew Lists, 1800-1962  -  Lenke Ancestry
Name:    M Jonsdotter
Gender:    Female
Arrival Age:    62
Birth Date:    abt 1819
Departure Place:    Liverpool, England
Arrival Date:    1 Jun 1881
Arrival Place:    Philadelphia, Pennsylvania, USA
Ship:    Lord Gough

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Egil for nye utfordrande innlegg om Malena!

 

Eg ser Malena skreiv seg for Bolstad då ho utvandra.  Der var ho jo òg fødd, men eg kan vanskeleg tenkja meg at ho har skrive seg Bolstad i Amerika...

 

Lars Erikson Heltne og huslyden hans utvandra til Modena township, Buffalo Co., WI og budde der levetidi ut.  Dei var so vidt eg kan sjå ikkje noko (nær) slekt til Malena!

 

Om M. Jonsdotter frå passasjerlista er ho, kan eg ikkje svara på, men både namn og alder høver jo godt...

 

Hadde me endå greidd å finna Malena og/eller sonen i FT1885, kunne det truleg hjelpt oss langt på veg...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Innlegg #5:

 

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå 2019.  Eg har diverre ikkje greidd å finna ut noko meir om lagnaden hennar Malena i Amerika, men eg har oppdaga at sonen Johannes hadde eitt sjuande barn, som eg ikkje har visst om før og som «forsvinn».  Kanskje nokon kan sjå litt meir på dette emnet og hjelpa meg freista finna dei att, Malena og Joseph?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jan Johannesson Havelden, frå Havelden 3 under Flahammar, vart døypt 8.3.1795 og d. som husmann på Havelden 1.6.1880.  Truleg fekk Jan alt sist i 1830-åri hand om plassen her i Hamni, og 3.6.1846 gifte han seg med Malena Jensdot­ter frå Bolstad, f. 7.2.1819.  Det ser ikkje ut til at Jan og Malena hadde noko særleg jord til plassen i Hamni, for dei vert som regel nemnde som strandsitjarar.  Jan dreiv likevel plassen til han fall ifrå i 1880, og sidan heldt enkja Malena fram til 1881.  Då vart plassen nedlagd, og den jordi som var, gjekk attende til garden.

Malena Havland(?) utvandra til Amerika i 1881,

 

 

##### (what became of her? - date and place of her death?)

 

 

Jan og Malena i Hamni fekk tre born i lag:

 1. Kirsti Jansdotter, f. 30.10.1849,

Kirsti Havellen flytte til Bergen og tente der hjå politibetjent, sidan kunstmålar Anders G. Wigdahl (1830-1914), opphavleg frå Tubbeteigen under Heltne i Dale.  Men Kirsti d. ugift på sjukehu­set i Bergen alt 13.6.1866.

 2. Øllegaard Jansdotter (1853-1861).

 3. Johannes Janson, f. 2.2.1856,

John J. Havland utvandra til Amerika i 1872 og gifte seg i Goodhue Co., Minn. 4.3.1887 med Brita, kjend som Bertha L. Wallager, dotter av husmann Lars Olson frå Stølen under Mareim i Hafslo (1832-1905).  Ho var f. i Goodhue Co., Minn. 5.9.1866.  John var jarnbanearbeidar («railroad worker»), og parfolket busette seg i Mayville, Traill Co., N.D. der Bertha d. 15.3.1911.  John Havland d. i Blanchard township, Traill Co., N.D. 4.7.1928.  Dei fekk sju born i lag:

a. Stina Melina Hovland (1888-1951), vart gift med Johannes Lenvick, kjend som John C. Kjos (1884-1957), son av gardbrukarsonen Christopher Lemvig Johannesson frå Kjos i Hafslo (1861-1945) (s.d.).

b. Olga Josephine Hovland, f. i Traill Co., N.D. 27.9.1891, d. i Fargo, N.D. 17.4.1964.  Olga gifte seg i Wahpeton, N.D. 12.9.1914 med Olaf Harold Ristuben, f. i Lac qui parle Co., Minn. 1.10.1888.  Han d. i Centralia, Wash. 9.1.1970.  Olaf var lærar og skuleinspektør («school teacher and superintendant of schools»), og han og Olga budde i Aliceton, Sydna, Delamere, Gwinner, Christine, Gaelph, Colgate og West Fargo, N.D.  Dei fekk tre born i lag.

c. Joseph

 

 

     ##### (middle name?)

 

 

     Hovland, f. i Traill Co., N.D.

 

 

     ##### (exact date of his birth?)

 

 

     .3.1894, d.

 

 

     ##### (Traill Co., ND about 1909? – prior to 1910!)

 

 

d. Leonard Lenhart Hovland, f. i Traill Co., N.D. 29.2.1896, d. i Kankakee, Ill. 15.10.1965.  Leonard gifte seg i Waseca, Ill. 18.11.1919 med Antoinette Viola Hanson, f. i Iroquois Co., Ill. 7.12.1896.  Ho d. i Clifton, Ill. 4.10.1988.  Leonard og Antoinette slo seg ned som farmarar i Ridgeland township, Iroquois Co., Ill. og fekk to døtrer i lag.

e. Gilman Duane Hovland, f. i Traill Co., N.D. 3.3.1900, d. i Fargo, N.D. 25.12.2000.  Gilman gifte seg i Moorhead, Minn. 10.1.1923 med Amy Amelia Forde.  Ho var f. i Traill Co., N.D. 4.11.1899 og d. i Fargo, N.D. 23.5.1993.  Gilman var møllestyrar («grain elevator operator») og budde ulike stadar i North Dakota, men flytte til sist til Fargo, Cass Co., N.D.  Han og Amy fekk fire søner i lag.

f. Bernice Irene Hovland, f. i Traill Co., N.D. 31.7.1903, d. i Oakes, N.D. 23.12.1977.  Bernice gifte seg i De Land, Fla. 25.12.1928 med Lawrence Oliver Ringdahl.  Han var f. i Sargent Co., N.D. 7.7.1906 og d. i Sargent Co., N.D. 28.1.1977.  Bernice var lærar («school teacher»), medan Lawrence farma i Willey township, Sargent Co., N.D.  Dei fekk seks søner i lag.

g. Alice Florence Hovland, f. i Traill Co., N.D. 5.9.1905, d. i Oakwood, Cal. 23.1.1974.  Alice var teppehandlar («rug bounder and sales woman») og budde i Chicago, Ill. og sidan i Los Angeles, Cal., ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det vert av nolevande etterkomarar hevda at Joseph skal vera avliden om lag 15 år gamal, kring 1909.  Han burde ha vore nemnd i ei lokal kyrkjebok, men eg har ikkje greidd heller å finna ut kva kyrkjelyd dei høyrte til!?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.