Gå til innhold
Arkivverket

Kari M. Swenson - fødd «nær Drammen» i 1860 - gift i Amerika med George Flamer frå Luster - opphavet hennar og ymse andre detaljar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år spekulert på opphavet til denne Karen Marie Christophersdotter «Swenson» som kring 1892 gifte seg i Amerika med Jørgen Jørgenson Havelden, alias George Flamer frå Luster.

 

No har eg oppdaga at ho må vera dotter til den Christopher Svendson som vert drøfta i dette family-treet på ancestry: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/105990433/person/330060928519/facts

men Christopher og kona ser ut til å ha flytt ein god del på seg, so kvar Karen Marie eigentleg voks opp, veit eg ikkje...

 

Kanskje er det nokon som kjenner til denne ætti og kan bidra med lite vetta bistand?

 

Eg manglar ogso fleire andre detaljar...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg frå Carsten er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dåp for Karen Marie

 

SAKO, Fiskum kirkebøker, F/Fa/L0001: Ministerialbok nr. 1, 1858-1877, s. 17
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061031350078

 

Foreldrenes vielse

 

SAKO, Eiker kirkebøker, F/Fa/L0015b: Ministerialbok nr. I 15B, 1854-1860, s. 340
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051118030284

 

1875

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052123007488

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dåp for Christofer (nr. 16)

 

SAKO, Eiker kirkebøker, F/Fa/L0012: Ministerialbok nr. I 12, 1827-1832, s. 19
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051109020793

 

Dåp for Anne Olea

 

SAKO, Sandsvær kirkebøker, F/Fa/L0004: Ministerialbok nr. I 4, 1817-1839, s. 156-157
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051111010244

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for spennande og nyttige innlegg!

 

Med dette har me fått ei stadfesting av opphavet hennar Karen Marie, og garden ho kom ifrå var altso Rygg midtre i Øvre Eiker...

 

Men, eg er diverre svært dårleg kjend i dette området, so no vonar eg at einkvan med lokal kunnskap og eventuelt med tilgjenge til bygdebøker kan bidra til å fylla nokre av dei «hòli» me framleis har, når det gjeld opphavet til Karen og foreldri hennar...

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt frå innlegg #1, som no ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jørgen Jørgenson, f. {i Luster} 18.3.1857,

George J. Flamer utvandra til Amerika i 1879 og gifte seg

 

##### (date and place of his marriage? - 1892?)

 

med Karen Marie Christophersdotter frå Rygg midtre i Øvre Eiker, i Amerika kjend som Karen Swenson.  Ho var dotter av husmann og tømmerhoggar Christopher Svendson på

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Rygg midtre, opphavleg frå Klunderud

 

##### (frå garden eller frå ein plass? - i so fall kva for ein plass?)

 

og første kona Anna Olea Andersdotter frå Linås

 

##### (er det Linaas det står der? - frå garden eller frå ein plass? - i so fall kva for ein plass?)

 

i Sandsvær og f. i Øvre Eiker 25.8.­1860, men utvandra til Amerika i 1882.  George og Karen Flamer slo seg ned som farmarar i Milnor township, Sargent Co., N.D. der Karen d. 1.4.1929.  George Flamer d. i Breckenridge, Minn. 18.12.1947.  Dei fekk fire born i lag:

a. Alice Augusta Flamer, f. i Sargent Co., N.D. 23.6.1894, d. i Fullerton, Cal. 5.3.1958.  Ho gifte seg i Fargo, N.D. 5.2.1919 med Wallace Manikowske, f. i Richland Co., N.D. 15.12.1890.  Han d. i Richland Co., N.D. 5.3.1948.  Wallace og Alice Manikowske farma i Mooreton township, Richland Co., N.D. og fekk to søner i lag.

b. Carl George Flamer, f. i Sargent Co., N.D. 17.9.1896, d. i Sargent Co., N.D. 4.10.1958.  Han gifte seg i Seattle, Wash. 1.12.1931 med Mildred Elizabeth, kjend som Betty Browning, f. i Hennepåin Co., Minn. 20.10.1911.  Ho d. i Reno, Nev. 16.1.2000.  Carl Flamer var kveghandlar («livestock buyer») i West Fargo, N.D., og han og Betty budde i Fargo, Cass Co., N.D.  Dei fekk to born i lag.

c. Anton Ingvald, kjend som Anthony Flamer, f. i Sargent Co., N.D. 22.8.1899, d.

 

     ##### (place of his death? - Los Altos? - Santa Clara Co., CA!)

 

     12.5.1980.  Han gifte seg i Chicago, Ill. 2.4.1932 med Clara Mae Orcutt, f. i Woodbury Co., Ia. 16.1.1909.  Ho d.

 

     ##### (place of her birth? - Santa Clara Co., CA!)

 

     10.8.1990.  Anthony var

 

     ##### (occupation?)

 

     og han og Clara budde i San Francisco, Cal. 

 

     ##### (number of sons and daughters?)

 

d. Esther Sophia Flamer, f. i Sargent Co., N.D. 28.9.1904, d. i Seattle, Wash. 11.1.1976.  Ho gifte seg i Moorhead, Minn. 31.8.1929 med Emil

 

     ##### (middle name?)

 

     Sunderland, f. i Roseau Co., Minn. 28.10.1900.  Han d. i Poulsbo, Wash. 25.10.1983.  Emil var tannteknikar («dental laboratory worker»), og han og Esther budde i Fargo, Cass Co., N.D., men flytte sidan

 

     ##### (year of removal? - after 1943!)

 

     til Seattle, King Co., Wash.  Dei fekk fem born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettrera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk  til Jan for ei nyttig geografisk presisering!  Det er ikkje altid so enkelt for eoin som ikklje er lokalkjend...

 

Eg har i mellomtidi oppdatert delar av manuskriptet som handlar om Amerika, men står framleis fast på geografien som gjeld opphavi til Karen sine foreldre samt namnet på plassen dei budde på under Ryg midtre?  Eg finn heller ikkje vigsli til George og Karen i Amerika...

 

Men her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Jørgen Jørgenson {Fladhammer}, f. {i Luster} 18.3.1857,

George J. Flamer utvandra til Amerika i 1879 og gifte seg

 

##### (date and place of his marriage? - 1892?)

 

med Karen Marie Christophersdotter frå Rygg midtre i Nedre Eiker, i Amerika kjend som Karen Swenson.  Ho var dotter av husmann og tømmerhoggar Christopher Svendson på

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Rygg midtre, opphavleg frå Klunderud i Øvre Eiker

 

##### (frå garden eller frå ein plass? - i so fall kva for ein plass?)

 

og første kona Anna Olea Andersdotter frå Linås i Sandsvær. 

 

##### (er det Linaas det står der? - frå garden eller frå ein plass? - i so fall kva for ein plass?)

 

Karen var f. på Klunderud i Øvre Eiker 25.8.­1860, men utvandra til Amerika i 1882.  George og Karen Flamer slo seg ned som farmarar i Milnor township, Sargent Co., N.D. der Karen d. 1.4.1929.  George Flamer d. i Breckenridge, Minn. 18.12.1947.  Dei fekk fire born i lag:

a. Alice Augusta Flamer, f. i Sargent Co., N.D. 23.6.1894, d. i Fullerton, Cal. 5.3.1958.  Ho gifte seg i Fargo, N.D. 5.2.1919 med Wallace Manikowske, f. i Richland Co., N.D. 15.12.1890.  Han d. i Richland Co., N.D. 5.3.1948.  Wallace og Alice Manikowske farma i Mooreton township, Richland Co., N.D. og fekk to søner i lag.

b. Carl George Flamer, f. i Sargent Co., N.D. 17.9.1896, d. i Sargent Co., N.D. 4.10.1958.  Han gifte seg i Seattle, Wash. 1.12.1931 med Mildred Elizabeth, kjend som Betty Browning, f. i Hennepåin Co., Minn. 20.10.1911.  Ho d. i Reno, Nev. 16.1.2000.  Carl Flamer var kveghandlar («livestock buyer») i West Fargo, N.D., og han og Betty budde i Fargo, Cass Co., N.D.  Dei fekk to born i lag.

c. Anton Ingvald, kjend som Anthony Flamer, f. i Sargent Co., N.D. 22.8.1899, d.

 

     ##### (place of his death? - Los Altos? - Santa Clara Co., CA!)

 

     12.5.1980.  Han gifte seg i Chicago, Ill. 2.4.1932 med Clara Mae Orcutt, f. i Woodbury Co., Ia. 16.1.1909.  Ho d.

 

     ##### (place of her birth? - Santa Clara Co., CA!)

 

     10.8.1990.  Anthony var trygdemeklar («insurance broker»), og han og Clara budde i Burlingame, San Mateo Co., Cal. og i San Francisco, San Francisco Co., Cal. til dei kring 1948 busette seg i San José, Santa Clara Co., Cal.  Dei fekk tre born i lag.

d. Esther Sophia Flamer, f. i Sargent Co., N.D. 28.9.1904, d. i Seattle, Wash. 11.1.1976.  Ho gifte seg i Moorhead, Minn. 31.8.1929 med Emil Sunderland, f. i Roseau Co., Minn. 28.10.1900.  Han d. i Poulsbo, Wash. 25.10.1983.  Emil var tannteknikar («dental laboratory worker»), og han og Esther budde i Fargo, Cass Co., N.D. og ogso ei tid i Moorhead, Clay Co., Minn., men flytte kring 1946 til Bremerton, Kitsap Co., Wash. til Seattle, King Co., Wash.  Dei fekk fem born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.