Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Bygdebokoppslag Gjærstad i Tjølling - gardbrukar Harald Nilsen (1876-1961) - budde han alltid på Gjærstad?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg søker etter å stadfesta ein bustadreferanse for dette parfolket som i 1908 kom attende frå Amerika og sidan var gardbrukarar i Tjølling, jmf. FT1910:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036505002001

 

Budde Harald og Susanna alltid på denne garden?  Eg reknar med at ei bygdebok enkelt kan svara på dette...?

 

Manuskriptet mitt for denne huslyden ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire nye fine innlegg og litt forsking i Amerika på eige hand har eg no erstatta dette manuskriptet med eit nytt i innlegg #6 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Tore Nilssen

Det står i bygdeboken at Harald Nilsen var eier av bruk 4 på Nordre Gjerstad 1909-1914, og at han solgte til neste bruker i 1914. Det står ingenting om hvor Harald og Susanna ble av etter 1914.

(Tjølling bygdebok bind 2 s 296)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tore for eit kjapt svar!

 

Då var det altso ikkje so enkelt likevel å finna ut av dette.  Eit gamalt notat som eg har, seier om dei at de skal ha vore «gardbrukarar nær Austre Halsen i Tjølling», so eg vil tru dei må vera flytte til ein annan gard i nabolaget?

 

Korleis finn me so ut av dette?  Dei hadde ingen born eller andre me kan spørja ut om dette...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand om denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Matrikkelutkastet av 1950

Vestfold

Tjølling herad

5 Steinsnes  
1 Steinsnes 0 mark 92 øre  Daniel Aarsten  
2 Otterøen Hus nr. 2 0 mark 46 øre  Willy Oppen  
3 Steinsnes Hus nr. 3 0 mark 05 øre  Hansine, Magdalene og Anker Engvoldsen  
4 Steinsnes Hus nr. 4 0 mark 01 øre  Elida Lauritsen  
5 Steinsnes Hus nr. 5 0 mark 03 øre  Einar Abrahamsen  
6 Steinsnes Hus nr. 6 0 mark 05 øre  Hans Jørgen Lund  
7 Steinsnes Hus nr. 7 0 mark 03 øre  Gudrun og Adolf Oxholm  
8 Steinsnes Hus nr. 8 0 mark 01 øre  Mary Nilsen  
9 Steinsnes Hus nr. 9 0 mark 02 øre  Sigrid Christoffersen  
10 Steisnnes Hus nr. 12 0 mark 02 øre  Ingrid Ingebretsen  
11 Steinsnes Hus nr. 13 0 mark 01 øre  Edgar Andersen, Astrid Pedersen og Mary Jørgensen  
12 Steinsnes Hus nr. 14 0 mark 02 øre  Adolf Pedersen  
13 Steinsnes Hus nr. 15 0 mark 05 øre  Henrik Angell Hansen  
14 Steinsnes Hus nr. 16 0 mark 03 øre  Harald Nilsen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for kjempefine og nyttige innlegg!

 

Då veit me altso at Harald og Susanna flytte heim til Steinsnes i Tjølling, men me har et lite problem:

 

Steinsnes var vel ikkje nokon jordbrukseigedom, so då lurer eg på kva yrke Harald hadde, medan dei budde der?  Er det mogeleg å finna ut av det?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet  innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Susanna Thomasdotter Havellen, f. {i Luster} 7.12.1878,

Susanna Havellen utvandra til Amerika i 1901 og gifte seg i Campbell Co., S.D. 31.12.1903 med Harald Nilsson frå Steinsnes i Tjølling, i Amerika kjend som Harold Nelson.  Han var son av vognmann Nils Martin Hansson på Steinsnes, opphavleg frå Stensvold i Hedrum, og kona Anna Malene, kjend som Malena Hansdotter frå Vestre Halsen i Larvik og f. i Tjølling 19.8.1876.  Han utvandra til Amerika i 1891 og var dessutan heime på vitjing i 1899.  Harold og Susanna farma ei tid i Emmons Co., N.D., men flytte i 1908 attende til Noreg.  Her finn me Harald og Susanna Nilsen att som gardbrukarar på Gjerstad nordre i Tjølling, men dei flytte sidan til barndomsheimen hans på Steinsnes i Tjølling der Susanna d. 16.10.­1952.  Harald Nilsen d. same staden 25.12.1961.  Dei var barnlause.

 

##### (kva yrke hadde Harald Nilsen, då han budde på Steinsnes?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Johannessen
44 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Steinsnes var vel ikkje nokon jordbrukseigedom, so då lurer eg på kva yrke Harald hadde, medan dei budde der?  Er det mogeleg å finna ut av det?

 

Storgaten på Østre Halsen heter i dag Halsegata. Fra BB bind 3 så står det at Harald bodde i Storgt. 57, det er i dag Halsegata 77.

 

Gnr. 1005/14, (Hus nr. 15). Utskilt 1878 fra bnr. 1.  -  https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Halsegata
Vognmann Nils Martin Hansen (1838–1917) fra Stensvold i Hedrum var eier 1878–1917 og bygde muligens huset her. Dette brant i 1898, og nytt hus ble oppført i 1899.
Endret adresse 4. desember 2017 fra Storgaten 57.

 

I 1937 var Harald oppført som sagarbeider  -  https://www.slektogdata.no/_vf/dk/vestfold/adressebok_1937/648-649/
i 1941 som tomtearbeider  -  https://www.slektogdata.no/_vf/dk/vestfold/adressebok_1941/784/
og i 1956 som pensjonist  -  https://www.slektogdata.no/_vf/dk/vestfold/adressebok_1956/#964

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget frå i går!  Det er imponerande kva du finn, men dette er jo næraste «nabolaget» ditt...?

 

Eg gløymde forresten:  Er det mogeleg å finna dødsannonser etter Harald og Susanna for å slå fast dei nøyaktige dødsstadane deira - om dei døydde heime eller kvar?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Johannessen
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

men dette er jo næraste «nabolaget» ditt...?

 

Det er korrekt 😉

 

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Er det mogeleg å finna dødsannonser etter Harald og Susanna for å slå fast dei nøyaktige dødsstadane deira - om dei døydde heime eller kvar?

 

Finner ikke noe på nettet - men jeg skal innom Larvik Bibliotek til uken så jeg kan sjekke lokalaviser (mikrofilm) for dødsannonser.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for siste meldingi.  Då ventar eg til neste uke, og kanskje får me eit svar!

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Johannessen

Nybrott, Fredag 17. oktober 1952

 

Nybrott, Fredag 17. oktober 1952.png

 

Østlands-Posten, Fredag 17. oktober 1952

Østlands-Posten, Fredag 17. oktober 1952.png

Edited by Egil Johannessen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Johannessen

Østlands-Posten, Torsdag 28. desember 1961

 

Østlands-Posten, Torsdag 28. desember 1961.png

 

(Kveldsol = alders- og sykehjem i Tjølling).

Edited by Egil Johannessen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for dei siste gode innleggi om dette parfolket i Tjølling.  Då har me fått dei siste opplysningane som mangla, og her er eit «endeleg» manuskript for dei to:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Susanna Thomasdotter Havellen, f. {i Luster} 7.12.1878,

Susanna Havellen utvandra til Amerika i 1901 og gifte seg i Campbell Co., S.D. 31.12.1903 med Harald Nilsson frå Steinsnes i Tjølling, i Amerika kjend som Harold Nelson.  Han var son av vognmann Nils Martin Hansson på Steinsnes, opphavleg frå Stensvold i Hedrum, og kona Anna Malene, kjend som Malena Hansdotter frå Vestre Halsen i Larvik og f. i Tjølling 19.8.1876.  Han utvandra til Amerika i 1891 og var dessutan heime på vitjing i 1899.  Harold og Susanna farma ei tid i Emmons Co., N.D., men flytte i 1908 attende til Noreg.  Her finn me Harald og Susanna Nilsen att som gardbrukarar på Gjerstad nordre i Tjølling, men dei flytte sidan til barndomsheimen hans på Steinsnes i Tjølling der Harald mellom anna livnærte seg som sagarbeidar og tomtearbeidar.  Susanna d. på sjukehuset i Larvik 16.10.­1952, medan Harald Nilsen d. på gamleheimen i Tjølling 25.12.1961.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med Harald og Susanna!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.