Gå til innhold
Arkivverket

Henrik Christopherson Fladhammer - fødd i Luster 1874 - utvandra til Amerika i 1887 og skal ha butt i Goodhue Co., MN, men forsvinn sporlaust kring 1918 - kvar i all verdi vart det av han? - og kvar finn me han før 1918?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei gåte som eg har hatt liggjande på skrivebordet sidan 1980, men som aldri nokon har greidd å løysa.  Kanskje ekspertisen i Brukarforum greier å gjera noko med det no?

 

Henrik Christopherson Fladhammer, fødd i Luster 29.7.1874, var berre 13 år gamal då han i 1887 følgde søsteri Andrea «Annie» til Amerika.  I 1980 var eg i kontakt med born etter ei anna søster i Minneapolis, MN, og dei fortalde meg følgjande:

 

«Uncle Henry was a farm laborer and a carpenter and lived in Wanamingo, Goodhue Co., MN until he disappeared about 1918.  He was never heard from again!»

 

Denne utsegni står framleis ved lag, men det som er merkeleg her, er at eg ikkje finn Henrik i nokon av folketeljingane frå før 1918, korkje i 1895, 1900 eller i 1910.

 

Kan nokon hjelpa meg på veg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om Henrik og lagnaden hans?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

??????

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9S9-M6P

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6QQS-DMG?cc=1325221&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AM9S9-M6P

Name: Henry Hamre
Event Type: Census
Event Year: 1900
Event Place: Crate & Havelock Townships, Chippewa, Minnesota, United States
Gender: Male
Age: 26
Marital Status: Single
Race: White
Race (Original): W
Relationship to Head of Household: Servant
Relationship to Head of Household (Original): Servant
Birth Date: Jul 1874
Birthplace: Norway
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
 

Household Role Sex Age Birthplace
Nels Thorstad Head M 30 Minnesota
Henry Hamre Servant M 26 Norway
Amanda Logan Servant F 16 Minnesota

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit svært interessant innlegg!

 

Denne Henry Hamre står rett nok utan utvandringsår, men alder og fødselsmånad stemmer 100%.  Dessutan budde han hjå Nels Thorstad, som eg reknar med ogso var sogning av ætt (Sogndal?) og fødd i Goodhue Co., MN 15.2.1869 (eller 1870?).

 

No har eg søkt etter Henry Hamre i mange amerikanske kjelder, men det næraste eg kjem er Minneapolis, MN city directories frå 1917 og 1918 som inneheld ein laborer med namn Henry Hamar...

 

Kanskje han nok ein gong har endra namnet sitt etter 1900...?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å finna fleire oplysningar om Henrik i Amerika!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg oppdaga nettopp eg gløymde å nemna:

 

FT1910 oppgjev at Henry Hamre var «naturalized», so då lyt det vel finnast dokumentasjon for dette?  Kanskje endå ein skrivemåte dukkar opp...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne emigranten frå Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.