Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Christopher Larsson Fladhammer - fødd i Luster 1821 - vart enkjemann i 1876, og i 1877 let han alle borni sine etter seg i Luster og utvandra til Amerika! - skal ha butt i Texas der han døydde på 1880-talet?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Christopher Larsson Fladhammer, fødd på Gullskogen under Lavoll i Luster 31.3.1821, var gift med Anna Larsdotter (1826-1876), og dei var plassfolk på Nausti under Fladhammer i Luster.  Dei fekk åtte born i lag, men eitt døydde i ung alder.  I 1877 utvandra Christopher åleine til Amerika og let alle dei sju borni i alderen 3-24 år etter seg i Luster.  Etter kvart utvandra alle desse borni òg til Amerika, og etterkomarar som eg var i kontakt med for snart 40 år sidan, fortalde meg den gongen at:

 

«Grandpa Christopher supposedly moved to Texas where he died some time later»

 

Det var ei viss utvandring frå Luster på den tidi til Fort Worth, Tarrant Co., TX, men om det var dit Christopher drog, veit eg ikkje.

 

Eg har aldri greidd å finna ut noko meir om lagnaden hans, og no set eg liti mi til ekspertisen i Brukarforum.  Kanskje nokon greier gjera noko med denne nøtta?  Eg ville vorte svært so glad og takkar so mykje å førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

I 1877 utvandra Christopher åleine til Amerika

 

For ordens skyld:

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000659788

 

Legger også for ordens skyld inn folketellingene 1865 og 1875 for Luster, med navn på ungeflokken:

 

https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1426&kenr=003&bnr=0066&lnr=000

  • Tellingsår: 1865
  • Kommune: Luster
  • Kommunenummer: 1426
  • Navn på bosted: Fladhammer

Antall personer registrert på bostedet: 6. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Christoffer Larsen   g Huusmand uden Jord 1821 Lysters Prgj.  
  Anna Larsdatter hans Kone g   1827 Lysters Prgj.  
  Britte Christoffersdatter deres Datter ug   1853 Lysters Prgj.  
  Christian Christoffersen deres Søn ug   1860 Lysters Prgj.  
  Anna Christoffersdatter deres Datter ug   1863 Lysters Prgj.  
  Kari Christoffersdatter deres Datter ug   1865 Lysters Prgj.  
 

 

https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1426&kenr=005&bnr=0051&lnr=00

  • Tellingsår: 1875
  • Kommune: Lyster
  • Kommunenummer: 1426
  • Navn på bosted: Nøstene

Antall personer registrert på bostedet: 7. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Kristoffer Larsen husfader g Strandsidder Dagarbeider Jordarbeider understøttes delvis af fattigvesendet 1820 Lyster Pr. Dale sogn  
  Anne Larsdatter kone g   1824 Hafslo Pr. Joranger sogn  
  Anne Kristoffersdatter datter     1862 Lyster Pr. Dale sogn  
  Kari Kristoffersdatter datter     1865 Lyster Pr. Dale sogn  
  Johanne Kristoffersdatter datter     1868 Lyster Pr. Dale sogn  
  Andria Kristoffersdatter datter     1871 Lyster Pr. Dale sogn  
  Hendrik Kristoffersen son     1874 Lyster Pr. Dale sogn
Edited by Grethe Flood

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Jeg har sett litt på gards- og ættesoga di, Lars, for Luster - Dale og Gaupne sokn, som er tilgjengelig på www.nb.no. Og der ser det i alle fall ut som barna til Christopher etablerte seg i Minnesota. Eldste datter Brita emigrerte bare to år etter faren - i 1879 - og giftet seg antakelig i Wisconsin i 1880, men havnet i Minnesota.

 

Jeg legger ut lenker (vet at du ikke har tilgang fra utlandet, men for oversiktens skyld): 

 

https://www.nb.no/items/5dfa3315d925945dfaa9f920e8d2ef37?page=115&searchText="christian christopherson"

https://www.nb.no/items/5dfa3315d925945dfaa9f920e8d2ef37?page=117&searchText="christian christopherson"

Varig lenke: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2016062748136

 

Christopher må ha kommet seg over havet og vel fram til USA, siden etterkommerne sier at han antakelig flyttet til Texas og døde der. I gards- og ættesoga di står det at han skal ha bosatt seg i Texas, men skal være død der allerede omkring 1885, uten at vi har flere opplysninger om det. 

 

Spørsmålet er om det var noen kontakt mellom far Christopher og barna, som etter hvert kom over dammen. Hvis han flyttet til Texas, må han ha flyttet fra et sted. Kom han først til Minnesota? Eller var han i Wisconsin, hvor datteren Brita antakelig giftet seg høsten 1880? Og hvorfor flyttet han? Ville han unngå å ha kontakt med barna, som han hadde reist fra i 1877? Han var delvis understøttet av fattigvesenet i 1875, og det har nok vært vanskelig å sitte igjen med en ungeflokk på sju med dårlig økonomi. Var utvandringen i 1877 derfor et forsøk på å etablere seg i USA og så få barna over? 

 

Bare litt tankespinn....!

 

Edited by Grethe Flood

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for attgjevingar frå FT1865 og FT1875 frå Luster, samt frå bygdeboki mi.

 

Tankespinn kan ein alltid gjera seg, og eg har òg spekulert på dette med at Christopher skal vera faren til Texas.  Han KAN sjølvsagt ha fått hjelp frå fattigkassa for å finansiere turen til Amerika, men han KAN vel òg vera reist i lag med andre?  Ser me på sjølve passasjerlista, finn me i lag med Christopher Larsson ogso huslyden til fargar Lars Jacobson frå plassen Myrane under nabogarden Hæri: https://www.digitalarkivet.no/search/3/100017?fornavn=&etternavn=&kjonn=&bosted=Lyst*&fodestad=&fodselsdato=&fodselsaar=&alder=&stilling_stand=&familiestilling=&utreisedato=1877-09-18&reisemal=&ankomstdato=&linje=&skip=&agent=&pass=&nytt_yrke=&aarsak=&utreisehavn=Bergen&ekspdato=&kontraktdato=&herred=&fogderi=&prgjeld=

 

Denne «Lars Harum» som alt i 1873 hadde vore ein tur over, kanskje for å «sondera terrenget», utvandra direkte til Fort Worth, TX der han vart meieristyrar og døydde alt i 1882.  Kona levde til 1887.  Borni forlet etter kvart Fort Worth, TX og hamna i San Diego, CA...

 

Ein annan nabo av Christopher var Erik Gjertson Fuhr alias «Alexander Yearson» som utvandra med huslyden sin i 1878, ogso direkte til Fort Worth, TX, og dei vart buande i Fort Worth, TX der Alexander døydde i 1915.

 

So eg trur, uavhengig av kva etterkomarane etter Christopher har sagt, at Christopher høgst sannsynleg har følgt Lars Harum til Fort Worth, TX.  Men kva skjedde med Christopher vidare???

 

Eg ser han ikkje i Tarrant Co., TX i 1880...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna lagnaden til Christopher i Amerika!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.