Gå til innhold
Arkivverket

Sivert M. Knudson - gift i Goodhue Co., MN i 1887 - forsvinn før 1891 - kven i all verdi var han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i kveld gjerne få ta opp denne huslyden til drøfting.  Kari «Carrie» Christophersdotter Fladhammer (1865-1940) utvandra til Amerika i 1883 og var gift to gongar.  Ho døydde barnlaus i Kenyon, MN i 1940.  Biografien hennar er so å seia «komplett» om ikkje det var for den første ektemaken hennar, Sivert M. Knudson.  Er det mogeleg å seia noko om kven han var?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kari Christophersdotter {Fladhammer}, f. {i Luster} 23.11.1865,

Carrie Fladhammer utvandra til Amerika i 1883 og gifte seg første gongen i Goodhue Co., Minn. 25.10.1887 med Sivert M. Knudson. 

 

 

##### (who was he? - origin etc.?)

 

 

So gifte Carrie seg 4.10.1891 att i Goodhue Co., Minn. med Ole Johan, kjend som John O. Fladland, ein son av husmannsdotteri Ingrid Eriksdotter frå Tråi under Kvam øvre i Hafslo (1829-1890), f. i Dane Co., Wis. 17.8.1859.  John handla med gravstøtter og monument («tombstone and monument merchant»), og han og Carrie budde i Kenyon, Goodhue Co., Minn. der John d. 30.10.1929.  Carrie Fladland d. i Kenyon, Minn. 25.5.1940.  Ho fekk ikkje born i nokon av ekteskapi.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Namnet Sivert Knudson gjev meg elles ganske spesielle «assosiasjonar».  Det var nemlig namnet til den mannspersonen som Maren Christiansdotter frå Urnes i Hafslo - alias Mary Gilbertson - skal ha slege seg i lag med i 1881 då ho forlet heimen sin i Otter tail Co., MN og vart anklagd av mann sin for «utruskap» og «bordellverksemd».  Tidspunktet høver i alle fall svært so godt, for den nemnde Severt Knudson, som då budde i Fargo-området i North Dakota ikkje finst i FT1885 for North Dakota!! - sjå elles dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/203080-maren-christiansdotter-urnes-fødd-hafslo-1851-til-amerika-1854-gift-1870-med-peder-gulbrandson-lagnaden-deira-ei-skikkeleg-utfordring/page/2/

 

Eg tok i si tid òg opp Severt Knudson som eige tema i Brukarforum og har lista opp dei «kandidatane» eg fann relevante for saki - sjå følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/217205-sjur-«sivert»-knutson-nordmann-i-fargo-nd-i-1880-åri-kven-kan-han-ha-vore-ei-kjempeutfordring/?tab=comments#comment-1832225

 

Eg ville vorte svært so glad om denne Sivert M. Knudson kunne identifiserast!  Namnekombinasjonen er ikkje so altfor vanleg, og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Innlegg #2:

 

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi frå hausten 2019, som framleis ligg ganske so urøyrd.

 

Eg har diverre ikkje noko nytt å leggja fram av fakta, men ville vorte hoppande glad om nokon kunne hjelpa meg med tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Innlegg #3:

 

Eg vil i dag gjerne endå ein gong få henta fram denne gigantiske utfordringi som eg berre ikkje kjem nokon veg med!  Ingen nye fakta ligg føre so langt, men kanskje kan nokon komma over finna noko, t.d. i ei lokalavis?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Veldig vrien sak dette!

 

Et skikkelig skudd i natten:

 

Star Tribune (Minneapolis, Minnesota)

03 Jul 1888, Tue

Page 5

 

03 Jul 1888, Page 5 - Star Tribune at Newspapers.com

 

image.png.9491ae0b6fd5da27efd9bab851dbe75a.png

 

Rochester asylum: Rochester State Hospital | MNopedia

 

Timingen, altså 1888, er interessant. Severt og Carrie var gift på dette tidspunktet, men Severts/Siverts tilsynelatende brokete historikk (bordell-/hallikvirksomhet) kan fint ha ført til at han kan ha blitt ansett som "gal" i samtiden. Avstanden mellom Goodhue og Rochester er ikke spesielt lang heller.

 

Finnes det pasientjournaler eller pasientregistre hos Rochester asylum? Og denne Nils P. Fjeset, er det en kjenning av Severt eller en tilfeldig annen person?

 

 

Endret av Frank Marton Pedersen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Frank Marton for ei svært spennande melding!  Domar Van Schlegel hadde tilhald og kontor i Minneapolis, Hennepin Co., MN, men hadde kan henda tilsyn med heile regionen...?

 

Eg ser absolutt ikkje bort ifrå at dette kan vera «både den eine og den andre» Severt.  Eg har teke kontakt med Goodhue Co., MN kg vonar at dei kan finna dokumentasjon på dette.  «Incompetence records» er vanlegvis samla i lag med skiftedokument.

 

Når det gjeld pasientlistene frå Rochester, vert desse varveitsla av Minnesota State History Center i St. Paul, MN, der eg òg har sendt eit spørsmål....

 

Me får sjå kva som kjem ut av dette...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.