Gå til innhold
Arkivverket

Peder Davidson (Svabo) (1791-1886) - frå Kroken i Luster - var gjestgjevar og sidan husmann på Sognefest i Gulen - fleire av borni hans forsvinn - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd med bakgrunn i garden Kroken i Luster som eg jobba med på 1980-talet.  Mykje greidde eg å finna ut, men med manglande kjelder vart eg ståande fast på fleire punkt.  Ein son flytte til Nesna i Nordland, men utvandra derifrå til Amerika, medan tre andre søner forsvinn frå Gulen utan at eg kan sjå noko meir til dei.

 

Kanskje er det nokon med ekspertise på Gulen (og Amerika) som kan hjelpa meg vidare?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 under:

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra bygdeboken Gulen, under gården Sygnefestberget:

(Gulen i gammal og ny tid, bind 1 s 119)

image.png.8e650b8e56d00af63ed093d587f10a99.png

image.png.29e10d6b19fcd85efd3f24cdeeefc4ca.png

 

Det står mye mer om Ingeborg og Peder på de to neste sidene, men jeg har visst overskredet en opplastingsgrense.

 

Endret av Tore Nilssen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore og Carsten for mange spennande og interessante innlegg!

 

Etter dette kan me slå fast at både Ludvig og Reinhardt er komne til rette, medan David kan følgjast fram til 1862 då han var innom pleiestiftelsen på Reitgjerdet i Trondheim.  Kvar han sidan gjorde av seg, er derimot uvisst.

 

Eg fann forresten dødsmeldingi etter Kristiane Pedersen i Bergen som syner ho let etter seg to born, men eg har noko vanskar med å tolka førenamnet til dotteri i Masfjorden...:

https://media.digitalarkivet.no/view/27863/214

 

Eg har sett opp eit revidert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Davidson {Svabo}, døypt {i Luster} 7.9.1791,

Peder Davidson flytte i ung alder til Gulen der han 17.6.1823 gifte seg med Ingeborg Marianne Johannesdotter Gloppen frå Sognefestberget i Gulen.  Ho var dotter av gjestgjevar Johannes Larsson Gloppen på Sognefestberget, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Britha Gregoriusdotter frå Råke i Solund og vart døypt frå Gåsvær i Solund 22.1.1797.  Peder og Ingeborg tok over som gjestgjevarar på Sognefestberget i Gulen etter foreldri hennar, men det gjekk ikkje so godt, og i staden fekk Ingeborg jordmorutdanning i Christiania og livnærte huslyden på det viset i mange år.  Dei busette seg i ei lita stove under Sognefestberget i Gulen der Ingeborg d. 10.6.1861.  Peder Davidson d. som legdelem på Nordgulen i Gulen 20.3.1886.  Dei fekk sju born i lag:

a. Zacharias Pederson, sidan kjend som Zacharias Pedersen, f. i Gulen 28.8.1824, flytte til Bergen i ung alder og d. der 6.2.1904.  Han gifte seg første gongen i Bergen 7.10.1849 med Thale Fredrikke, kjend som Fredrikke Tollefsdotter Michelsen frå Bergen, f. i Bergen 19.3.1818.  Ho d. i Bergen 3.3.1877, og Zacharias gifte seg att i Bergen 17.7.1881 med enkja Janiche Tomine Eriksdotter Pettersen frå Bergen.  Ho var f. i Bergen 15.3.1838 og d. som losenkje i Bergen 24.9.1905.  Zacharias Pedersen var i mange år matros, men vart sidan los.  Han budde på Nordnes i Bergen levetidi ut, først i Ytre Marke­veien og sidan i Grane­smuget.  Han fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet.

b. Johan Pederson Svabo, f. i Gulen 19.11.1825, flytte til Nesna i Nordland der han 12.9.1852 gifte seg med Olina Fredrikke Johnsdotter frå Åkvik i Nesna, f. i Nesna 16.5.1825.  Johan og Olina var gardbrukarar på Levang i Næsna, men utvandra til Amerika i 1866

 

     ##### (lagnaden deira i Amerika?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - med dei til Amerika i 1866 var tre born samt ei dotter, som Olina hadde frå før:

            * Antonette Jørgine Sofie, kjend som Sofie Svabo, dotter hennar, f. Nesna 2.9.1851 - n. 1865

            * Marie Emilie Gloppen Svabo, f. Nesna 6.10.1855 - n. 1865

            * John Jørgen Svabo, f. Nesna 15.9.1859 - n. 1865

            * Petrina Dorthea Strøm Svabo, f. Nesna 17.2.1864 - n. 1865)

 

c. David Pederson, f. i Christiania 22.2.1828,

 

     ##### (vart innlagd på pleiestiftelsen på Reitgjerdet i Trondheim 26.3.1862, men forlet stiftelsen utan løyve - utskriven 22.6.1862 - lagnaden hans?)

 

d. Ludvig Pederson, f. i Gulen 10.8.1830, d. som gardbrukar på Steinsund i Solund 31.12.1890.  Han gifte seg første gongen i Gulen 27.5.1854 med Anna Johannesdotter frå Tufte på Voss.  Ho var f. på Voss 20.11.1820, men d. i barselseng på Dingen i Gulen alt 8.4.1859, og 27.10.1859 gifte Ludvig seg att i Gulen med Britha Trulsdotter frå Haveland i Gulen.  Ho vart døypt i Gulen 4.12.1817 og d. som kårenkje på Steinsund i Solund 16.12.1893.  Ludvig Pederson var ei tid husmann på Dingeneset under Dingen i Gulen, men flytte med andre kona Britha i 1862 som gardbrukarar til Hersvik i Solund.  Sidan budde dei òg ei tid på Smilden i Hyllestad til dei i 1880 vart gardbrukarar på Steinsund i Solund.  Ludvig fekk ei dotter, som var frå andre ekteskapet.

e. Bertha Karine Pedersdotter, f. i Gulen 25.2.1833, d. som enkje i Bergen 4.12.1900.  Ho gifte seg i Gulen 30.6.1857 med Johannes Lasseson Sørvig, f. på Sørebø i Lavik 30.6.1827.  Han d. i Bergen 6.3.1878.  Johannes Sørvig var sersjant, og han og Bertha flytte til Bergen, der dei budde fleire stadar, mellom anna i Forstandersmuget.  Dei fekk seks born i lag.

f. Reinhardt Pederson, sidan kjend som Reinhardt Pedersen, f. i Gulen 10.8.1835, flytte i ung alder til Finnmark der me i 1865 finn han som tenestedreng på Oksfjord, Lund i Lebesby.  Men han vende attende til meir heimlege trakter og gifte seg i Kinn 28.2.1875 med Christiane Marie Madsdotter frå Skjei i Førde, f. i Førde 12.11.1842.  Reinhardt Pederson var blekkslagar, og han og Christiane busette seg på Sognefest, men Reinhardt drukna i Førdeelvi i Førde 2.11.1877.  Christiane Pedersen flytte som enkje til Bergen der ho livnærte seg som reingjeringsassistent.  Ho d. på gamleheimen på Årstad i Bergen 4.2.1923, og er då kalla paraplymakarenkje.  Reinhardt og Christiane fekk to born i lag, men Christiane hadde òg ei dotter frå før.

 

     ##### (sjekka talet på søner og døtrer? - inkl.:

            * Oliane Anna Andersdotter, dotter av Christiane og Anders Thomasson, f. Førde 22.9.1871 - n. 1875

            * Ingeborg Marianne Pedersen - f. Førde 8.11.1874 - n. 1875/1891 - ei av døtrene nemnd i 1923 som Sofie(?) Larsen Kringlen, enkje i Masfjorden

            * Nicolay Pedersen - f. Førde 1877 - n. 1891 - adr. ukjend 1923)

 

g. Ingeborg Pedersdotter, f. i Gulen 28.9.1845, tente på garden Mjømna i Gulen der ho d. ugift 27.2.1899.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dåpen til Nikolai Reinhard i Førde

 

SAB, Førde Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 11, 1877-1880, s. 19
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070110340309

 

1912

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01105551043682

 

Døde i 1915

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001558428

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Karen Svabo er gravlagt på samme sted som John Svabo:  https://www.findagrave.com/memorial/87365285

 

Litt feil alder på John, men antar at dette er han og Karen i "Vermont, St. Albans Canadian Border Crossings":  https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QKQ9-QSNB

 

John og Karen i North Dakota 1925:  https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QVRM-RGQ6

Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Oliane Anna Andersdotter, dotter av Christiane og Anders Thomasson, f. Førde 22.9.1871 - n. 1875

 

Hun er døpt Oleanne Anne Sofiehttps://www.digitalarkivet.no/kb20070302660169

 

Gift med Johan Andreas Lassesen 23.4.1893 i Sandviken:  https://www.digitalarkivet.no/kb20061124040389

 

FT1910:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036713000550

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten, Tore, Lars W. og Asbjørn for mange spennande og avklarande innlegg!

 

Etter mykje «om og men» er det no heilt klart at Johan Pederson Svabo og kona Oline Fredrikke, som i 1866 fekk attest for å utvandra til Amerika, likevel IKKJE kan vera farne.

 

Og no lurer eg på: Kan det vera Oline Johnsdotter som i 1875 var enkje og busett på Viken under Husby: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1828&kenr=007b&bnr=0004&lnr=00

Og dette er truleg den same som tilreisande på Stranden under Øvre Skjefstad: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1828&kenr=005&bnr=0024&lnr=00

 

Yngste dotteri Petrine heitte jo «Husby» ved konfirmasjonen i Nesna i 1880!

 

Elles er det jo interessant å sjå at Peder Davidson fann «trøst» hjå ei anna kvinne, medan kona hans var på jordmorskulen i Christiania...!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden til Peder Davidson der dei viktigste detaljane som manglar no er:

 

** Lagnadene (dødsfalli) til Johan Pederson Svabo og kona Oline Fredrikke i Nesna?

 

** Lagnaden til David Pederson, sist nemnd på Reitgjerdet i 1862?

 

** Opphavet til Johannes Larsson Gloppen?

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Davidson {Svabo}, døypt {i Luster} 7.9.1791,

Peder Davidson flytte i ung alder til Gulen der han 17.6.1823 gifte seg med Ingeborg Marianne Johannesdotter Gloppen frå Sognefestberget i Gulen.  Ho var dotter av gjestgjevar Johannes Larsson Gloppen på Sognefestberget, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Britha Gregoriusdotter frå Råke i Solund og vart døypt frå Gåsvær i Solund 22.1.1797.  Peder og Ingeborg tok over som gjestgjevarar på Sognefestberget i Gulen etter foreldri hennar, men det gjekk ikkje so godt, og i staden fekk Ingeborg jordmorutdanning i Christiania og livnærte huslyden på det viset i mange år.  Dei busette seg i ei lita stove under Sognefestberget i Gulen der Ingeborg d. 10.6.1861.  Peder Davidson d. som legdelem på Nordgulen i Gulen 20.3.1886.  Dei fekk sju born i lag:

 

##### (Peder fekk òg ein son med gift kone Inge Hansdotter - Pdder, f. Gulen 25.8.1828

 

a. Zacharias Pederson, sidan kjend som Zacharias Pedersen, f. i Gulen 28.8.1824, flytte til Bergen i ung alder og d. der 6.2.1904.  Han gifte seg første gongen i Bergen 7.10.1849 med Thale Fredrikke, kjend som Fredrikke Tollefsdotter Michelsen frå Bergen, f. i Bergen 19.3.1818.  Ho d. i Bergen 3.3.1877, og Zacharias gifte seg att i Bergen 17.7.1881 med enkja Janiche Tomine Eriksdotter Pettersen frå Bergen.  Ho var f. i Bergen 15.3.1838 og d. som losenkje i Bergen 24.9.1905.  Zacharias Pedersen var i mange år matros, men vart sidan los.  Han budde på Nordnes i Bergen levetidi ut, først i Ytre Marke­veien og sidan i Grane­smuget.  Han fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet.

b. Johan Pederson Svabo, f. i Gulen 19.11.1825, flytte til Nesna i Nordland der han 12.9.1852 gifte seg med Olina Fredrikke Johnsdotter frå Åkvik i Nesna, f. i Nesna 16.5.1825.  Johan og Olina var gardbrukarar på Levang i Næsna, men utvandra til Amerika i 1866

 

     ##### (dei kan likevel IKKJE ha utvandra - seinare lagnad??)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - med dei til Amerika i 1866 var tre born samt ei dotter, som Olina hadde frå før:

            * Antonette Jørgine Sofie, kjend som Sofie Svabo, dotter hennar, f. Nesna 2.9.1851 - n. 1865 - d. 1867

            * Marie Emilie Gloppen Svabo, f. Nesna 6.10.1855 - n. 1865 - gift i Nesna 1881 - d. i Nesna 30.3.1932

            * John Jørgen Svabo, f. Nesna 15.9.1859 - n. 1865 - utv. 1914 - d. 11.5.1950 - gravlagd Benson Co., ND

            * Petrina Dorthea Strøm Svabo, f. Nesna 17.2.1864 - n. 1865 - bus. Aakvik i Nesna 1875)

 

c. David Pederson, f. i Christiania 22.2.1828,

 

     ##### (vart innlagd på pleiestiftelsen på Reitgjerdet i Trondheim 26.3.1862, men forlet stiftelsen utan løyve - utskriven 22.6.1862 - lagnaden hans?)

 

d. Ludvig Pederson, f. i Gulen 10.8.1830, d. som gardbrukar på Steinsund i Solund 31.12.1890.  Han gifte seg første gongen i Gulen 27.5.1854 med Anna Johannesdotter frå Tufte på Voss.  Ho var f. på Voss 20.11.1820, men d. i barselseng på Dingen i Gulen alt 8.4.1859, og 27.10.1859 gifte Ludvig seg att i Gulen med Britha Trulsdotter frå Haveland i Gulen.  Ho vart døypt i Gulen 4.12.1817 og d. som kårenkje på Steinsund i Solund 16.12.1893.  Ludvig Pederson var ei tid husmann på Dingeneset under Dingen i Gulen, men flytte med andre kona Britha i 1862 som gardbrukarar til Hersvik i Solund.  Sidan budde dei òg ei tid på Smilden i Hyllestad til dei i 1880 vart gardbrukarar på Steinsund i Solund.  Ludvig fekk ei dotter, som var frå andre ekteskapet.

e. Bertha Karine Pedersdotter, f. i Gulen 25.2.1833, d. som enkje i Bergen 4.12.1900.  Ho gifte seg i Gulen 30.6.1857 med Johannes Lasseson Sørvig, f. på Sørebø i Lavik 30.6.1827.  Han d. i Bergen 6.3.1878.  Johannes Sørvig var sersjant, og han og Bertha flytte til Bergen, der dei budde fleire stadar, mellom anna i Forstandersmuget.  Dei fekk seks born i lag.

f. Reinhardt Pederson, sidan kjend som Reinhardt Pedersen, f. i Gulen 10.8.1835, flytte i ung alder til Finnmark der me i 1865 finn han som tenestedreng på Oksfjord, Lund i Lebesby.  Men han vende attende til meir heimlege trakter og gifte seg i Kinn 28.2.1875 med Christiane Marie Madsdotter frå Skjei i Førde, f. i Førde 12.11.1842.  Reinhardt Pederson var blekkslagar, og han og Christiane budde på Øyri i Førde, men Reinhardt drukna i Førdeelvi i Førde 2.11.1877.  Christiane Pedersen flytte som enkje til Bergen der ho livnærte seg som reingjeringsassistent.  Ho d. på gamleheimen på Årstad i Bergen 4.2.1923, og er då kalla paraplymakarenkje.  Reinhardt og Christiane fekk to born i lag, men Christiane hadde òg ei dotter frå før.

 

     ##### (sjekka talet på søner og døtrer? - inkl.:

            * Oliane Anna Sophie, kjend som Sophie Andersdotter, dotter av Christiane og Anders Thomasson, f. Førde 22.9.1871 - n. 1875 - gift med gardbr. Johan Lasseson Kringlen, Lavik (jmf. 1900) - 1923: enkje i Masfjorden

            * Ingeborg Marianne Pedersen - f. Førde 8.11.1874 - n. 1875/1891 - d. før 1923!?

            * Nikolai Reinhardt Pedersen - f. Førde 2.10.1877 - n. 1891 - adr. ukjend 1923 - d. ugift i Bergen 2.12.1915)

 

g. Ingeborg Pedersdotter, f. i Gulen 28.9.1845, tente på garden Mjømna i Gulen der ho d. ugift 27.2.1899.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.