Gå til innhold
Arkivverket

Peder Davidson (Svabo) (1791-1886) - frå Kroken i Luster - var gjestgjevar og sidan husmann på Sognefest i Gulen - fleire av borni hans forsvinn - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Johan Pederson Svabo, f. i Gulen 19.11.1825, flytte til Nesna i Nordland der han 12.9.1852 gifte seg med Olina Fredrikke Johnsdotter frå Åkvik i Nesna, f. i Nesna 16.5.1825.  Johan og Olina var gardbrukarar på Levang i Næsna, men utvandra til Amerika i 1866

 

     ##### (dei kan likevel IKKJE ha utvandra - seinare lagnad??)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Da fant jeg dødsfallet til Johan Pedersen Svabo, 3.2.1867 i Nesna:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070215620146

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser at Reinhardt Pedersen Svabo må ha hatt et noe vanskelig liv med flere opphold på tukthus for "simple tyverier".

 

1859

https://www.digitalarkivet.no/view/84/pc00000000373388

 

1861

https://www.digitalarkivet.no/view/84/pc00000000373389

 

1863

https://www.digitalarkivet.no/db10101603041212

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. og Asbjørn for nye interessante innlegg om denne huslyden.

 

Då er Johan Pederson Svabo og kona hans komne til rette, og dei to hovudutfordringane som no står att, er desse:

 

** Lagnaden til David Pederson, sist nemnd på Reitgjerdet i 1862?

 

** Opphavet til Johannes Larsson Gloppen?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 hours ago, Lars E. Øyane said:

** Opphavet til Johannes Larsson Gloppen?

 

Skal det vere Gloppe eller Gloppen?

 

Han gifter seg i Nykirka i Bergen i 1793; https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000779741

 

SAB, Nykirken Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 8, 1776-1814, s. 85
Arkivreferanse SAB/A-77101/H/Haa
Permanent bilde-ID: kb20070416620548
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070416620548
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416620548.jpg
- høgre side, der står det ikkje noko om Gloppe/Gloppen

 

Døyper sonen Lars i NK i 1794; https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009174412

- flytter så til Gåsvær

Døyper dotter Ingerborg i 1797; https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007125726

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle for siste innlegget!

 

Eg har òg sett at dette namnet stundom vert skrive Gloppe i staden for Gloppen.  Gloppen-namnet dukkar opp seinare som mellomnamn i Luster, utan at eg kan sjå nokon samanhang med Johannes Larsson.

 

Men opphavet hans er like uvisst...

 

Me har vel sett døme på at sjømenn og andre personar som flytte til dømes til Bergen eller som tok spesielle yrke, som handelsmann jo var, kunne ta namnet etter heimbygdi, og eg lurer på; kan det tenkjast at Johannes rett og slett var fødd og oppvaksen i GLOPPEN?

 

Kva med denne:

 

Name Johannes Larsen
Gender Male
Christening Date 02 Mar 1755
Christening Place , GLOPPEN, SOGN OG FJORDANE, NORWAY
Father's Name Lars Olssen
Mother's Name Eli Gabrielsdr

 

Han syner seg vera fødd på Jelle i Gloppen: https://media.digitalarkivet.no/view/11425/267

 

Aldersmessig passer i alle fall denne karen svært so godt!!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore og Aase for nye utfordrande innlegg om denne huslyden.

 

Då brast draumen om Gloppen, og eg er like langt...  Kvar i all verdi kan denne skipparen/gjestgjevaren vera komen ifrå?

 

Finst det kjelder som kan støtte opp om Tore sitt innlegg?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det treng jo ikkje vera Gloppen i Nordfjord, det kan vel like gjerne vera garden Gloppen i Fitjar kommune på Stord, altså i Sunnhordland:

 

https://www.dokpro.uio.no/cgi-bin/stad/matr50

 

Men, berre eit forslag frå mi side.

 

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014021006106?page=145

 

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 minutter siden, Terje Hatvik skrev:

Gloppen i Fitjar kommune

 

Ser lovende ut. Fitjar bygdebok bind 2 s 432, om gården Gloppo:

 

image.png.ba6368b563d5865c4ee841078ccdb057.png

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Høyrest svært truleg ut Tore, og gardsnamnet Gloppen i Fitjar - uttalt Gloppo i Sunnhordland - vert vel like gjerne uttalt Gloppe når me kjem til Gulen i ytre Sogn? 😉

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje, Tore og Aase for kjempefine og imponerande innlegg!

 

Her ser me eit godt døme på korleis drøfting i fellesskapet kan føra til «fullklaff»!  Då er opphavet til Johannes Larsson Gloppen «på plass», og einaste detaljen som no manglar i denne biografien, er:

 

** Lagnaden til David Pederson, sist nemnd på Reitgjerdet i 1862?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

On 10/7/2019 at 10:39 PM, Lars E. Øyane said:

** Lagnaden til David Pederson, sist nemnd på Reitgjerdet i 1862?

 

Merknaden frå 1862 seier at han:

»Forlod stiftelsen uden tilladelse. Hjemstavn»

 

Amerika? Sverige? Skjuler seg i Norge ein stad?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

En liten korreksjon for Thale Fredrikke: Hun døde 03.11.1877.

SAB, Nykirken Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. E 3, 1869-1882, s. 168
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061123010773
 

Reinhardt Pederson hadde også et barn på si før han ble gift. Moren var Anne Johndtr. Rutledal f. 18.04.1834 på plassen Jo-Myrane i Rutledal. Sønnen Jon ble født 24.08.1860. Eg kjenner ikke lagnaden til denne gutten.

SAB, Gulen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 22, 1859-1869, s. 15
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070305620506
 

Mvh   Terje

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle og Terje for dei siste innleggi.

 

Då har eg fått retta opp dødsdatoen hennar Thale Fredrikke, og eg har notert meg at Reinhardt hadde ein son til...

 

Men mysteriet kring «forsvinningi» til David Pederson er framleis like utfordrande...  Eg har likevel tru på at han før eller sidan vil dukka opp, og eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hei,

 

du nemner  «Dei busette seg i ei lita stove under Sognefestberget i Gulen der Ingeborg d. 10.6.1861»

 

Vår familie eig garden Sygnefestberget(gnr 9 bnr 1), og eg trur den stova som de nemner er stovehuset som står hjå oss idag. Den står på ein eigen teig på om lag 6 mål(gnr 9 bnr 6) noko aust på garden og me kallar plassen for «Gjerde». Ingen veit kva tid stovehuset er sett opp men det er mykje som tyder på at det er gammalt. Eg har høyrt at det var her jordmora budde. Stovehuset er framleis i god stand.

 

mvh

Torbjørn K Sognefest

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er eit bilete frå Sygnefest tidleg 60-tal. Stovehuset som eg har høyrt fattigstyret sette opp til jordmora ser de oppe til venstre i biletet. 

 

Mvh

Torbjørn K Sognefest

4643E69E-8AA2-40A1-8C36-9D3FA4CDFF83.jpeg

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for spennande innlegg med mellom anna eit flott bilete frå Sygnefest!  Eg har aldri vore der ute, men det må ha vore ein fin stad å bu på!

 

Hadde me endå greidd å finna ut kvar det vart av David Pederson...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.