Jump to content
Arkivverket
Ivar Moe

Davik, Nordfjord - Hafslo - Foreldre til Marie Pedersdatter som får datteren Sarine 7 nov 1843 med Jacob Pedersen fra Isene, Havnen

Recommended Posts

Ivar Moe
Posted (edited)

Dåpen til Sarine (Hva står det i kommentarfeltet ?)

https://media.digitalarkivet.no/view/11637/48163/68

 

Sarine i 1865.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038271003478

 

Vielsen til Sarine - nr. 11

https://media.digitalarkivet.no/view/7153/103

 

I tellingen 1885 står hun oppført med fødested Hafslo.  Kan foreldrene eller en av de ha røtter i Hafslo ?

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053295015069

 

Og hvem var Marie Pedersdatter som får Sarine (uekte) i 1843

 

Mvh

Ivar

 

 

 

 

Edited by Ivar Moe

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke
Posted (edited)

Barnefaren Jakob Pedersen er truleg den eg finn i Bremanger Bygdebok bd. III s. 213 under garden Liset  oppgjedd som Jakob Pedersen f. ikr. 1809 i Sund gm. 1838  Margrete Marie Jonsdtr. f. ikr 1813 på Salthella i Askvoll.

Dei fekk 1838 sonen Jens.

Dei flytte truleg frå staden før 1845

Edited by Harald L. Bakke

Share this post


Link to post
Share on other sites
Tor Kvien
Posted (edited)

I kirkeboken mener jeg det står omtrent slik:  Sarine Jacobsdatter /: født paa Isene /  uægte. Foreldre gift Mand Jacob Pedersen Lisæter og Pige Marie Pedersdatter af Sogn. [Omstreifende?] personer. Opgaven(?) skeet v/Stephen Stephensen Yttre Isene og Christian Christiansen Wingen.

Edited by Tor Kvien

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hei Ivar!

 

Denne ætti er godt «forankra» i Hafslo, og her er utdrag av manuskriptet mitt for Solvornstrondi plass under Gjestgjevargarden i Solvorn - Jacob og Maria fekk tre born i lag:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Tøgerson Solvorn, frå Solvornstrondi under Sjøtun, var f. 12.7.1822 og d. som strandsitjar i Solvorn 11.2.1876.  Han gifte seg 12.9.1856 med Anna Marie, kjend som Maria Pedersdotter frå Solvornstrondi under Elvetun.  Ho var f. 4.4. 1821.  Johannes var hesteskjærar, og han og Maria flytte inn som strandsitjarar på ein plass i strondi under Gjestgjevargarden då dei gifte seg i 1856.  Me trur det var denne plassen dei då fekk hand om, og her vart Johannes og Maria buande i alle fall so lenge Johannes levde.  Som enkje flytte Maria inn som leigebuar på Lemvikshjem, Solvorn (bnr. 9) der ho budde til ut i 1890-åri.

Maria Pedersdotter flytte kring 1893 som enkje til Bergen der ho i 1900 var busett hjå sonen Ole i Lyder Sagens gate 20.  Ho skreiv seg sidan Johannessen og flytte inn hjå dotteri Christine i Grane-smuget 2 i Bergen der ho d. som almisselem og «dyrlækjarenkje» 2.3.1909.

Maria Pedersdotter fekk i alt ni born; seks av dei var med ektemannen Johannes Tøgerson, men ho hadde òg tre born frå før:

 1. Petter Jacobson (1841-1922), son av Maria og vevskeibindar og omstreifar, sidan husmann og strandsitjar, Jacob Pederson på Hamni i Davik (1810-1880), vart strandsitjar i Solvornstrondi under Sjøtun.

 2. Sarina Jacobsdotter, dotter av Maria og vevskeibindar, omstreifar, sidan hus-mann og strandsitjar, Jacob Pederson på Hamni i Davik (1810-1880), var f. i Davik 7.11.1843,

Serene Jacobsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 23.3.1873 gifte seg med Trond Erikson frå Rykken i Kvam, Hardanger, kjend som Trond Eriksen.  Han var son av gardbrukar Erik Erikson på Rykken og kona Ragnhild Olsdotter frå Østensjø (Øystese) og f. i Kvam 21.1.1838.  Trond var ei tid sjømann og sidan lausarbeidar.  Han og Serene vart buande i Bergen der Trond d. 12.1.1894.  Serene Eriksen d. som enkje på ein pleieheim i Bergen 25.11.1927.  Dei fekk fem born i lag:

a. Ragnhild Marie, kjend som Ragna Trondsdotter Eriksen, f. i Bergen 13.6.1873, d. i Bergen 16.9. 1904.  Ragna gifte seg i Bergen 11.6.1892 med Nils Johannesson frå Thonæsset under Mjåtveit i Meland, Hamre, i Bergen kjend som Nils Johannessen.  Han var f. i Hamre 3.2.1861 og d. i Ber-gen 7.2.1905.  Nils Johannessen var ei tid dampskipsmaskinist, men fekk sidan arbeid som maskinist på ein gardinfabrikk.  Han og Ragna budde i Bergen og fekk to born i lag.

b. Inga Kristine Trondsdotter Eriksen, f. i Bergen 23.6.1875, d. i Bergen 3.9.1878.

c. Maren Kristine Trondsdotter Eriksen, f. i Bergen 29.4.1882, d. i Bergen 30.12.1894.

d. Jenny Emilie Trondsdotter Eriksen, f. i Bergen 18.5.1884, d. i Bergen 19.3.1976.  Jenny gifte seg i Bergen 26.11.1906 med Bernhard Olaf Bertelson Hansen, f. i Bergen 5.2.1886.  Han d. i Bergen 25.8.1947.  Bernhard var matros og sidan seilmakar.  Han og Jenny budde i Bergen levetidi ut og fekk sju born i lag.

e. Oscar Theodor Trondson Eriksen, f. i Bergen 9.6.1886, d. i Bergen 15.12.1954.  Oscar gifte seg i Bergen 28.6.1913 med Jenny Camilla Hansdotter Bru.  Ho var f. i Bergen 8.2.1888 og d. i Bergen 14.2.1967.  Oscar var maskinist, og han og Jenny budde likeins i Bergen.  Dei fekk ei dotter i lag.

 3. Maren Christine, kjend som Christina Jacobsdotter, dotter av Maria og vevskei-bindar, omstreifar, sidan husmann og strandsitjar, Jacob Pederson på Hamni i Davik (1810-1880), var f. i Vik 28.10.1845 og vart konfirmert i Hafslo 1862.

Christine Jacobsdotter flytte i 1862 til Austevoll (Sund) der ho ei tid var budeie hjå landhandlar Gerhard Meidell på Vestre Bagholmen.  So gifte ho seg på Grønland i Christiania 18.1.1880 med Nils Andersson frå Arefjord i Fjell, sidan kjend som Nils Andersen.  Han var son av husmann Anders Nilsson på Kråkenes under Arefjord, opphavleg frå Straume, og andre kona Elisabeth Nilsdotter frå Snekkevik og f. i Fjell 18.5.1851.  Nils hadde ei tid vore maskinist til sjøs, men han og Christine busette seg i Bergen der Nils livnærte seg som maskinarbeidar og mekanikar.  Han d. i Bergen 13.2.1887, medan Christine Andersen d. same staden 10.9.1937.  Dei fekk ei dotter i lag:

a. Elisabeth Marie Nilsdotter Andersen, f. i Bergen 27.8.1883, d. i Bergen 19.2.1892.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Sonen Petter har eigi omtale.  Han har ei kjempestor etterslekt!

 

Eg vonar dette er til nytte...

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ivar Moe

Det var supre greier. Da var denne "gåta" løst.

 

Takk til Harald, Tor, Lars og Torbjørn.

 

 

Mvh

Ivar

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.