Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anna Endresdotter, fødd i Luster 1770 - konfirmert i Vik 1789 - lagnaden hennar? - hadde ho òg ei halvsøster på Molsnes i Vik?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Då eg i dag sat og bladde gjennom konfirmantlistene frå Vik i Sogn (som forresten er svært mangelfulle!), oppdaga eg denne konfirmasjonen i 1789 av «Anna Endresdr fra Lyster»: https://media.digitalarkivet.no/view/11756/92

 

Dette syner seg vera ei jente som eg har vore på leiting etter i mange år, og ho hadde dessutan ei halvsøster som eg òg har leitt etter.  Kanskje hamna dei båe i Vik?  Anna høver svært bra med ei som i 1801 tente på Halset i Vik, medan ei Siri Olsdotter som var strandsitjarkone på Molsnes i Vik, høver svært bra med halvsøsteri...

 

Her følgjer eit manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Endre Sølfestson Qualsøren, frå Ottum, vart døypt 1.1.1741 og d. på Kvalsøyri 2.5.1821.  Han gifte seg 22.11.1762 med Anna Sjursdotter frå Sage under Fuhr.  Ho vart døypt 27.4.1736 og d. på Kvalsøyri 15.3.1821.  Endre og Anna kom til Osen på Kvalsøyri i 1762 og vart det året kalla husmann her.  I 1801 vart Endre kalla strandsitjar (husmann utan jord), medan han i 1815 var innerst.  Men sikkert er det at Endre ikkje kan ha hatt noko særleg jord til plassen sin.  I 1801 kjem det fram at Endre dessutan var skaffar (skysskar) i Dalesokni.  Han og Anna vart elles buande på Øyri levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag, men Anna hadde òg ei dotter frå før:

 1. Siri Olsdotter, dotter av Anna og husmann Ole Ørjensson på Krigsvold under Høyeim (1730‑1810), vart døypt 9.6.1755,

Siri Olsdotter ser ut til å vera fari frå Luster i ung alder

 

##### (lagnaden hennar? - kan henda til Vik? - denne strandsitjarkona på Molsnes i Vik 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392001462)

 

 2. Sølfest Endreson (1762‑1762).

 3. Sølfest Endreson (1764‑1825), vart husmann i Mordøla under Heltne i Dale.

 4. Cecilia Endresdotter (1767‑1855), vart gift med husmann og enkjemann Ole Johannesson på Lovolden under Fortun (1755‑1828).

 5. Anna Endresdotter, døypt 12.11.1770,

Anna Endresdotter flytte i ung alder til Vik der ho vart konfirmert i 1789. 

 

##### (lagnaden hennar? - ho som i 1801 tente på Halset i Vik: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392002089

denne bruri frå 1809? https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002209449)

 

 6. Sjur Endreson (1775‑1844), vart strandsitjar på Kvalsøyri 3 under Kvale.

 7. Bertha Endresdotter (1778‑1852), vart gift med gardbrukar Jacob Janson på Bringe (1766‑1823) .

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse halvsøstrene!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Lars ! 

 

Har du spurt Arkivverket om Skifte Ytre Sogn  1813-26, side 125 på Anna Endresdtr, bustad Ytre Nesse 

kva som står der ?

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget!

 

Me treng ikkje spørja nokon i Arkivverket etter dette skiftet, for her er det jo online: https://media.digitalarkivet.no/view/24176/128?indexing=

 

Her er enkjemannen i FT1815  for Lavik med steborni sine: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051096000140

 

Og her er Anna Endresdotter med første mann sin i FT1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391002948

 

Som det kjem fram av FT1801, er Anna Endresdotter alt for gamal til å høva med «vår» Anna, so det er nok ikkje ho...

 

Då har eg meir tru på ho som i 1801 tente på Halset i Vik, om me berre kunne følgja ho vidare fram i tid...?

 

Eller kunne me identifisert ho som gifte seg i Vik i 1809 med Anders Madsson?

 

Når det gjeld strandsitjarkona Siri Olsdotter gift med Anders Paulson under Molsnes, ser eg at Olav Hoprekstad ikkje seier noko om opphavet hennar, so kanskje har han aldri finne det ut?  Men kva står det i den nye bygdeboki om dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å klara opp i denne gåta!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Du kom fram til skifte du, Lars ! Og ser at det ikkje er ho.

———

Anders Paulsen Fjærestad (1754-1804) frå Balestrand gift 1789 m/ Sigrid Olsdtr Vetleøyri (1753-1842). Huslyden budde på Vikøyri, men flytte til Kallestad under Målsnes i Kvamsøy sokn.   Sigrid døydde på legd som «Lilleøren».

Diverre Lars, GB meinar at foreldra til Sigrid = Ole Lasseson 1719-85 gift m 1750 m/ Ingegjerd Anbjørnsdtr Vange (1719-85).

GB veit ikkje kvar Ola kjem frå, men var korporal.

——

Vil no prøva å finna ekteskapet frå 1809

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for siste meldingane!

 

So vidt som eg tolkar opplysningane dine, kan heller ikkje Anna Endresdotter gift med Anders Madsson på Fitje vera identisk mef «vår» Anna Endresdotter.

 

Og Siri Olsdotter på Kallestad under Målsnes har nok ogso eit anna opphav enn det som eg vona...

 

Då er det berre Anna Endresdotter, tenestejente på Halset i Vik 1801, som kan høyra til den huslyden, som eg etterlyser...

 

Men kvar kan denne siste Anna Endresdotter ha teke vegen?

 

Ein  ny kjempetakk for framifrå freistnadar i samband med denne ætti!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Warum nicht, Lars ?? Kvifor ikkje ?

 

FT 1801: Halset i Indrefjorden, 1771: Diff 1 år.

Ekteskap, 9.11.1809, der ho har adr: Holum, Framfjorden. Avstanden frå Halset til Holum = svært liten !

 

Korleis / på kva måte kan du utelukka at ho som er i FT 1801 IKKJE kan væra ho som gifter seg i 1809 ?

Ho er i Kyrkjebokji oppgitt å væra 78 år då ho døyr, og dermed f ca 1764, og difor ein diff på 6 år.

 

Er det ein diff på 6 år, som gjer at det ikkje kan væra «rette» jenta, Lars ??

———

Det kunne ha vore inntr å vita korleis du teinkjer på dette med diff på alderen på den tida. 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget!

 

Du har kanskje likevel rett, Jon, i at dette KAN vera den Anna Endresdotter som eg leiter etter...

 

Ho var fødd i 1770, og ser me på dødsfallet til Anna Endresdotter på Fitje, skal ho vera fødd kring 1764.  Avviket er i drygaste laget, men KAN aksepterast...

 

Men her er ho i FT1815 for Fitje: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051096001782

 

I sistnemnde teljing er ho 53 år gamal, altso fødd kring 1762, endå større avvik...

 

No er det ingen andre Anna Endresdotter i FT1801 som kan høve med denne Anna, kanskje bortsett ifrå ei som i 1801 tente på Klævold i Vik: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392002775

 

Men sistnemnde er kanskje litt i eldste laget...?

 

Frå ætteboki for Leikanger ser eg at Endre Tollefson på Bøtun og andre kona Gjøri Hansdotter fekk ei dotter Anna fødd der i 1767, som bokskrivaren ikkje kjenner lagnaden til.  Og ein nabo av han Endre Tollefson på Bøtun og kona Anna Sjursdotter fekk òg ei dotter Anna fødd i 1766, likeins med ukjend lagnad.  Ei av desse KAN ha forvilla seg utover fjorden...

 

Hadde det vore mogeleg å finna eit skifte etter Anna Endresdotter på Fitje ville eg nok kjent meg noko tryggare...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna lagnaden til Anna Endresdotter frå Luster!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.