Gå til innhold
Arkivverket

Nils Nilsson Krogen (1786-1827) - frå Luster til Bergen - kven var første kona Martha Karine Larsdotter og kvar vart det av yngste sonen? - Kva med søstrene Britha (1789) og Johanna (1799) - òg i Bergen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg jobba ein del med på 1980-talet, og mange detaljar dukka opp den gongen, men eg fann aldri ut kvar Martha Karine Larsdotter kom ifrå, og heller ikkje kvar det vart av yngste sonen Nils Johannes, fødd 1826.  Det manglar ogso nokre andre detaljar, og no vonar eg på hjelp av ekspertisen i Brukarforum på å fylla i alle fall nokre av desse hòli!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Nilsson {Krogen}, døypt {i Luster} 25.5.1786,

Nils Nilsson Krogen flytte til Bergen i samband med militærte­nesta si, og som dimittert soldat gifte han seg der første gongen 18.8.1816 med Martha Karine Larsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hennar? - kring 1780)

 

Men Martha d. i barselseng i Bergen alt 28.4.1821, og 7.7.1822 gifte Nils seg att i Bergen med Bertha Oline Johan­nesdotter frå Bergen.  Ho var dotter av bordarbeidar (snikkar) Johannes Johannesson i Bergen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Karen Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Bergen 2.10.1797.  Nils Krogen var dagarbeidar og sjauar og budde fleire stader i byen, mellom anna i Banesmuget og i Dokkebakken, men siste bustaden var i Sydnæsgaten der han d. 4.4.1827.  Bertha d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - e. 1827)

 

Me kjenner til seks born etter Nils Krogen, fire frå første ekteskapet og to frå det andre:

 

##### (kan det ha vore fleire?)

 

a. Nils Nilsson Krogen, tvilling, f. i Bergen 25.7.1817, d. i Bergen 27.7.1817.

b. Karen Marie Nilsdotter Krogen, likeins tvilling, f. i Bergen 25.7.1817, d. òg i Bergen 27.7.1817.

c. Gjertrud Elisabeth Nilsdotter Krogen, f. i Bergen 19.11.­1818, d. i Bergen 23.4.1906.  Ho gifte seg i Bergen 1.5.1853 med Jonas Johannesson frå Haugs­bakke i Fjaler, i Bergen kjend som Jonas Johannessen.  Han var f. i Fjaler 10.5.1818 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - Bergen kring 1890?)

 

     Jonas tok 10.5.1853 borgarskap i Bergen som handelsmann.  Han og Gjertrud budde lenge i Nedre Blegevei, men då Gjertrud fall ifrå, hadde ho tilhald i Strandgaten, kan henda hjå eitt av borni.  Ho og Jonas fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - minst fem!)

 

d. Nils Christian Nilsson Krogen, f. i Bergen 22.4.1821, d. i Bergen 17.5.1821.

e. Martha Marie Nilsdotter Krogen, f. i Bergen 28.9.1823, d. i Bergen 26.5.1873.  Ho gifte seg første gongen i Bergen 7.3.1845 med Peter Nicolai Rasmussen.  Han var f. i Bergen 2.8.1819 og d. på sjukehuset i Bergen 10.7.1848.  Peter var skomakardreng, og parfolket budde på Sydnæshaugen i Bergen.  Martha gifte seg 15.9.1850 att i Bergen med enkjemannen Ole Halvorson frå Sandven i Fana, i Bergen kjend som Ole Halvorsen.  Han var f. i Fana 11.8.1811 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - e. 1875)

 

     Oløe var dagarbeidar, og han og Martha budde mellom anna i Sydnæskleven og i Dokkeveien i Bergen.  Me kjenner til tre døtrer etter Martha Halvorsen, og dei var alle frå andre ekteskapet.

 

     ##### (sjekka talet på søner og døtrer?)

 

f. Nils Johannes Nilsson Krogen, f. i Bergen 30.5.1826,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Denne Nils Nilsson Krogen hadde to søstrer, som eg òg mistenker for å vera farne til Bergen.  Dei vart tekne opp som eige tema i 2016, utan at det gav noko resultat: https://forum.arkivverket.no/topic/201715-brtitha-1789-og-johanna-1799-nilsdotter-søstrer-og-husmannsdøtrer-frå-hagen-under-kroken-i-luster-flytte-frå-luster-etter-1815-men-kvar/?tab=comments#comment-1702801

 

Søstrene var:

 

* Britha Nilsdotter (Krogen), døypt i Luster 22.2.1789, fekk ei «uekte» dotter Gjertrud Olsdotter i Luster i 1817, men som døydde kort etter fødsli, og kort deretter forsvinn Britha frå bygdi, uvisst kvar!

 

* Johanna Nilsdotter (Krogen), døypt i Luster 23.6.1799, levde i Luster i 1815, men forsvinn kort deretter òg frå bygdi.  Kan henda reiste dei i lag?

 

Det hadde vore kjempebra om nokon lukkast i å finna att desse to jentene!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ole Halvorson frå Sandven i Fana, i Bergen kjend som Ole Halvorsen.  Han var f. i Fana 11.8.1811 og d.

Finner en Ole Halvorsen fra Sandven som dør 17 uker gammel

Denne passer veldig godt med fødselsdato 11.08.1811  https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000080462

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005572876

 

 

Vielsen: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001293818

 

Lysingen:

Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Forlovererklæringer nr. II.5.4 (1845-1852), Lysninger 1850, Side 110
Permanent bilde-ID: kb20060621110117
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060621110117
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060621110117.jpg

 

Jeg har heller troen på at det er denne https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005573050

 

FT1865 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038249013666

 

Dødsfallet https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001030620

 

Dødsfallprotokollen: 

Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 3 (1861-1878), Dødsfallsprotokollside, Side 282b-283a
Permanent bilde-ID: sk20081111620577
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111620577
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081111620577.jpg

 

 

 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget frå i går.

 

Då har me fått retta opp fødsli til Ole Halvorsen, og dødsfallet hans er komme «på plass».  Kjempebra!

 

Elles lurer eg på om dette kan vera dødsfallet til Jonas Johannessen i Bergen 31.7.1892: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000074998

 

Dødsmeldingi seier berre at han var handelsborgar, men han vart gravlagd av fattigvesenet: https://media.digitalarkivet.no/view/27887/169

 

Dei største utfordringane som står att her, er nok først og fremst:

 

** Opphavet til første kona hans Nils Krogen, Martha Karine Larsdotter?

 

** Og lagnaden til yngste sonen Nils Johannes, fødd 1826?

 

Og sjølvsagt lurer eg veldig på kva som skjedde med dei to søstrene hans Nils, Britha og Johanna...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.