Gå til innhold
Arkivverket

Ingeborg Gundersdotter (Roberg?) - fødd 1834 - utvandra til Amerika før 1861 - gift med Nils Sjurson Krogen frå Luster - kven var ho? - lagnadane til døtrene Gurina og Martha - kva med svoger Knut Sjurson?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden med utgongspunkt i Kroken i Luster forska eg på alt på 1980-talet, og eg hadde kontakt med etterkomarar som fortalte meg det dei den gongen visste.  MEN, dei to gamle tantene Gurina og Martha hadde dei liten kunnskap om, og ikkje heller visste dei kvar bestemori Ingeborg var kommi frå i Noreg.

 

Eg har no teke opp att studiane av denne huslyden, men kjem ikkje stort lenger...

 

Ei anna utfordring her er at utvandringi til Nils Sjurson ikkje er innført i kyrkjebøkene for Luster, berre foreldri er nemnde i lista frå 1854.  Kanskje reiste Nils med dei over?  Heller ikkje broren Knut Sjurson kan eg sjå noko meir til.  Finst det nokon stad tilgjengelege passasjerlister frå 1854 (Norwegian heritage?) som kan hjelpa oss på veg?

 

Det hadde vore kjempegildt å kunna komplettera denne biografien...!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Knutson Krogen, frå Tuftene under Kroken, var f. i Aurland 15.10.1797 og gifte seg første gongen i Hafslo 3.6.1823 med Mari Pedersdotter frå Veberg under Kroken i Hafslo.  Ho vart døypt i Hafslo 15.2.1801, men d. som husmannskone på Veberg alt 7.12.1823.  Sjur gifte seg so att her i Luster 7.6.1827 med Malena Nilsdotter frå Nes, f. 14.11.1803.  Det var nok kring 1825 at Sjur rydda plassen her i Halvorskåri under Kroken, og han og Malena budde her fram til 1854.  Då vart plassen nedlagd att, og jordi gjekk attende til garden.

Sever og Malena Knudtson utvandra til Amerika i 1854 og var frå 1857 busette på ein farm hjå sonen Nels i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. der Sever d. 21.2.1884.  Malena Knudtson d. i Goodhue Co., Minn. 15.6.1889.

Sjur Knutson i Halvorskåri fekk i alt tre born; ei dotter var frå første ekteskapet, medan dei to sønene var med andre kona:

 1. Kirsti Sjursdotter (1823-1886), vart gift med husmannssonen Peder Pederson frå Plassen i Kinserdalen under Urnes i Hafslo (1822-1901).

 2. Knut Sjurson, f. 16.11.1828, vart konfirmert i Luster i 1843,

 

     ##### (lagnaden hans? - kan henda til Amerika??)

 

 3. Nils Sjurson, f. 20.5.1831,

Nels Severson, sidan kjend som Nels S. Krogen, utvandra til Amerika i

 

##### (utvandringsåret? - med foreldri i 1854??)

 

og gifte seg

 

##### (date and place of his marriage? - MN 1861?)

 

med Ingeborg Gundersdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

i Amerika kjend som Ingeborg Gunderson.  Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar? - «Gunder og Maren Roberg»!?)

 

og f.

 

##### (fødestaden hennar?)

 

4.4.1836.  Ho utvandra til Amerika i

 

##### (utvandringsåret?)

 

Nels og Ingeborg Krogen slo seg ned som farmarar i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. der Nels d. 12.6.1900.  Ingeborg Krogen d. same staden 18.4.1915.  Dei fekk sju born i lag:

a. Mary Krogen (1863-1916), vart gift med enkjemannen Johannes Johannesson, opphavleg husmannsson frå Smedhaugen under Valaker i Hafslo (1862-1945) (s.d.).b. Sivert Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 27.9.1864, d. i Goodhue Co., Minn. 4.8.1908.  Han gifte seg

 

     ##### (date and place of their marriage?)

 

     med Oletta Marie, kjend som Lettie Huseth.  Ho var f. i Stearns Co., Minn. 12.11.1863 og d. i Brooten, Minn. 6.5.1910.  Sivert og Lettie Krogen farma i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. og fekk seks born i lag.

c. Guri Marie, kjend som Gurina Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 10.12.1865, d.

 

     ##### (date and place of her death? - prior to 1915 - Dell Rapids, Minnehaha Co., SD!?)

 

     Gurina gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage?)

 

     med

 

     ##### («Mr. Anderson» - info on him?)

 

     ##### (occupation and place of residence? - apparently Dell Rapids, Minnehaha Co., SD)

 

     Dei var barnlause.

 

     ##### (to be verified?)

 

d. Martin Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 3.12.1867, d. i Goodhue Co., Minn. 20.8.1868.

e. Mathea, kjend som Martha Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 15.9.1870, d.

 

     ##### (date and place of her death?)

 

     Martha budde mange år heime i Wanamingo  township, Goodhue Co., Minn., men gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage? - about 1920?)

 

     med

 

     ##### («Mr. Christensen» - info on him?)

 

     ##### (occupation and place of residence? - supposedly Albert Lea, Freeborn Co., MN!)

 

     Dei var barnlause.

f. Anna Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 24.8.1872, d.

 

     ##### (date of death? - shortly after birth!?)

 

g. Anna Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 30.3.1874, d. i Goodhue Co., Minn. 5.7.1926.  Ho gifte seg i Goodhue Co., Minn. 12.6.1903 med Johannes, kjend som John L. Kjos.  Han var f. i Goodhue Co., Minn. 5.1.1873 og d. i Red Wing, Minn. 17.9.1940.  Anna og John Kjos farma i Holden township, Goodhue Co., Minn., men John vart sidan vegarbeidar («highway maintenance worker»).  Dei fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne for for interessante innlegg!

 

Det er ingen tvil om at du har identifisert Ingeborg Gundersdotter, og eg er sikker på at du ogso har finne den «rette» Gurina og den «rette» Mattie.

 

Eg fann at Mattie Krogen gifte seg i Albert Lea, MN 14.11.1922 med dansken Anton Christenson, og dette ser ut til å vera:

 

* Dødsfallet hans i Glenville, Freeborn Co., MN 14.8.1947: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-G5QN-95FS

 

* WW1 draftet hans i Albert Lea, Freeborn Co., MN 1918: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-818G-NL5

 

* Og dette må vera Anton i FT1920 i Albert Lea, MN, enkjemann med to døtrer: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RNN-XK9

 

* Og her er Anton i FT1910 i Bellingham, WA, med første kone og dei to døtrene: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYY-39H

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Knutson Krogen, frå Tuftene under Kroken, var f. i Aurland 15.10.1797 og gifte seg første gongen i Hafslo 3.6.1823 med Mari Pedersdotter frå Veberg under Kroken i Hafslo.  Ho vart døypt i Hafslo 15.2.1801, men d. som husmannskone på Veberg alt 7.12.1823.  Sjur gifte seg so att her i Luster 7.6.1827 med Malena Nilsdotter frå Nes, f. 14.11.1803.  Det var nok kring 1825 at Sjur rydda plassen her i Halvorskåri under Kroken, og han og Malena budde her fram til 1854.  Då vart plassen nedlagd att, og jordi gjekk attende til garden.

Sever og Malena Knudtson utvandra til Amerika i 1854 og var frå 1857 busette på ein farm hjå sonen Nels i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. der Sever d. 21.2.1884.  Malena Knudtson d. i Goodhue Co., Minn. 15.6.1889.

Sjur Knutson i Halvorskåri fekk i alt tre born; ei dotter var frå første ekteskapet, medan dei to sønene var med andre kona:

 1. Kirsti Sjursdotter (1823-1886), vart gift med husmannssonen Peder Pederson frå Plassen i Kinserdalen under Urnes i Hafslo (1822-1901).

 2. Knut Sjurson, f. 16.11.1828, vart konfirmert i Luster i 1843,

 

     ##### (lagnaden hans? - kan henda til Amerika??)

 

 3. Nils Sjurson, f. 20.5.1831,

Nels Severson, sidan kjend som Nels S. Krogen, utvandra til Amerika i

 

##### (utvandringsåret? - med foreldri i 1854??)

 

og gifte seg

 

##### (date and place of his marriage? - MN 1861?)

 

med Ingeborg Gundersdotter frå Evjen i Meråker, Øvre Stjørdalen, i Amerika kjend som Ingeborg Gunderson.  Ho var dotter av husmann Gunder Torgerson på Røberget under Evjen, opphavleg frå Østerøyen, og kona Maren Pedersdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Meråker, Øvre Stjørdalen 4.4.1835.  Ho utvandra til Amerika i 1857.  Nels og Ingeborg Krogen slo seg ned som farmarar i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. der Nels d. 12.6.1900.  Ingeborg Krogen d. same staden 18.4.1915.  Dei fekk sju born i lag:

a. Mary Krogen (1863-1916), vart gift med enkjemannen Johannes Johannesson, opphavleg husmannsson frå Smedhaugen under Valaker i Hafslo (1862-1945) (s.d.).

b. Sivert Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 27.9.1864, d. i Goodhue Co., Minn. 4.8.1908.  Han gifte seg i Red Wing, Minn. 22.6.1888 med Oletta Marie, kjend som Lettie Huseth.  Ho var f. i Stearns Co., Minn. 12.11.1863 og d. i Brooten, Minn. 6.5.1910.  Sivert og Lettie Krogen farma i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. og fekk seks born i lag.

c. Guri Marie, kjend som Gurina Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 10.12.1865, d.

 

     ##### (place of her death? - Dell Rapids, Minnehaha Co., SD!?)

 

     2.10.1914. 

 

     ##### (Gjrina had a 1st marriage - info?)

 

     Gurina gifte seg so att i Kenyon, Minn. 13.5.1891 med Albert J. Anderson, f. i Dane Co., Wis. 2.11.1865.  Han d. i Sioux Falls, S.D. 21.8.1944.  Albert og Gurina dreiv restaurant («restaurant owner and operator») og budde i Dell Rapids, Minnehaha Co., S.D.  Gurina fekk eitt barn

 

     ##### (son or daughter? - which marriage? - child died prior to 1910!)

 

d. Martin Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 3.12.1867, d. i Goodhue Co., Minn. 20.8.1868.

e. Mathea, kjend som Mattie Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 15.9.1870, d. i Albert Lea, Minn. 30.10.1932.  Mattie budde mange år heime i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn., men gifte seg i Albert Lea, Minn. 14.11.1922 med enkjemannen Anton

 

     ##### (middle name?)

 

     Christenson frå

 

     ##### (opphavet hans i Danmark? - Lild Klit Bulbjerg - Jylland - mor: Kristen Jak. Andersen)

 

     f.

 

     ##### (place of his birth? - verify date?)

 

     13.12.1875, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (utvandringsåret hans?)

 

     og d. i Glenville, Freeborn Co., Minn. 14.8.1947. 

 

     ##### (info on his 1st marriage?)

 

     Anton var jarnbanemaskinist («railroad engineer»), og han og Mattie budde i Albert Lea, Freeborn Co., Minn.  Dei var barnlause, men Anton hadde to døtrer frå første ekteskapet sitt.

f. Anna Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 24.8.1872, d.

 

     ##### (date of death? - shortly after birth!?)

 

g. Anna Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 30.3.1874, d. i Goodhue Co., Minn. 5.7.1926.  Ho gifte seg i Goodhue Co., Minn. 12.6.1903 med Johannes, kjend som John L. Kjos.  Han var f. i Goodhue Co., Minn. 5.1.1873 og d. i Red Wing, Minn. 17.9.1940.  Anna og John Kjos farma i Holden township, Goodhue Co., Minn., men John vart sidan vegarbeidar («highway maintenance worker»).  Dei fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i frestnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 10.10.2019 den 16.03, Lars E. Øyane skrev:

e. Mathea, kjend som Mattie Krogen, f. i Goodhue Co., Minn. 15.9.1870, d. i Albert Lea, Minn. 30.10.1932.  Mattie budde mange år heime i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn., men gifte seg i Albert Lea, Minn. 14.11.1922 med enkjemannen Anton

 

     ##### (middle name?)

 

     Christenson frå

 

     ##### (opphavet hans i Danmark? - Lild Klit Bulbjerg - Jylland - mor: Kristen Jak. Andersen)

 

     f.

 

     ##### (place of his birth? - verify date?)

 

     13.12.1875, men utvandra til Amerika i

 

Her fant jeg en god kandidat:

Anton Christiansen, født 13.12.1875 i Hjardemål i Thisted. Foreldrene var Christian Johannes Andersen og Inger Katrine Pedersen:  https://www.danishfamilysearch.dk/sogn1707/churchbook/source133063/opslag14314009

 

I 1880 bodde de i Lild i Thisted:  https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QL64-9BZQ

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.