Gå til innhold
Arkivverket

Ole og Oline Braakerud, bilde


Reidar Olav Meling
 Del

Recommended Posts

Eg har altså motteke eit bilde som, ifølge mi noko tilårskomne tante, skal vera av mine oldeforeldre på Jevnaker, Oline Olsdatter (1848-1929) og Ole Braakerud (1839-1914). Me har andre bilder av desse to, truleg tekne rundt 1910. Problemet er at personane på dette bildet er temmeleg ulike dei andre bilda me har av dei to. Så spørsmålet mitt er jo no om det finst nokon der ute som tilfeldigvis kan fortelja noko om dei to personane på det aktuelle bildet.

 

mvh Reidar O. Meling, Bømlo

 

D802EC54-0A4C-4C69-BA97-7EE46E2750E5.thumb.jpeg.6a0981c9facf1eef9339b00abfa4d2c4.jpeg

Endret av Reidar Olav Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, eg har hatt eit par tema gåande for ei tid sidan, om slekta til desse oldeforeldra mine på Jevnaker. Men altså, eg får det ikkje til å stemma at dette bildet skulle visa Oline og Ole Braakerud. Då eg hadde tråden om søskena til Ole gåande, kom det jo opp ei mengd opplysningar om dette. Eg byrjar jo lura på om ein av dei to personane på bildet kan vera ein av søskena til Ole, og då ein av dei som emigrerte. Sjølv om bildet må vera frå rundt førre årsskifte, så blei eg litt forundra då eg såg slipset og skjortekragen til denne mannspersonen. Var dette vanleg i Noreg rundt år 1900?? Kan det såleis vera eit bilde teke i USA? Ser elles at Ann-Mary viser til ein av desse søskena som emigrerte, - Iver Nielsen Berger. Ja, kan det vera han?

 

Reidar O.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg viser og dei to bilda som me veit er tidlegare nemnde Ole og Oline Braakerud. Truleg tekne rundt 1905-1910. Legg merke til slipset og skjortekragen på denne mannspersonen! Dette var vel det vanlege i Noreg på denne tida. Er det mogleg at desse 2 er dei same som dei to på det andre bildet? Eg finn det ikkje sannsynleg.

 

206339706_Skjermbilde2019-10-09kl_22_32_15.png.98444f3024ca749c5caf482d9a8c8a1a.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

34 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Er det mogleg at desse 2 er dei same som dei to på det andre bildet? Eg finn det ikkje sannsynleg.

Heller ikkje eg finn det sannsynleg. Både er dei på det andre fotografiet yngre og kleda er meir "moderne". Er det ingen fotografopplysningar på fotografia (event. på baksida)?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter det eg kjenner til, står det ingenting på baksida av bildet. Mi tante meiner altså at bildet er av Oline Olsdtr. og Ole Braakerud. Men med all mogleg respekt for mi tante (ho var 100 år igår, og klår!), greier eg ikkje å slå meg til ro med det. At dei to på bildet er yngre enn dei to andre, verkar rimeleg, men er det dermed sagt at bildet er teke seinare? Og dersom kleda på det aktuelle bildet er meir moderne, kan det kanskje skuldast at bildet er teke i eit meir "moderne" samfunn, det vil vel seia USA?! 

Elles er vel dette nok ei påminning om at me bør vera flinkare til å spørja dei eldste (og klåraste!) blant oss, medan det enno er tid, slik at me kan dokumentera innhaldet og opphavet til slike bilder.

 

Reidar O.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.