Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Torbjørn Igelkjøn

Tolking av opplysningar frå skifte - bryllaupsgjerd jevnet

Recommended Posts

Torbjørn Igelkjøn

Eit skifte frå 1797 på Nydalen i Førde, Sogn og Fjordane byrjar på venstre side:

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 10 (1787-1798), Skifteprotokollside, Side 541b-542a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126680545
 

Her blir det delt ut til kreditorar og bryllaupsgjerd, men det blir ikkje delt ut arv utover dette.

 

Eg les m.a. følgjande:
Beholdning: 40-5-*
Tilkommen af Sønnen Hans Andersen forudbekommen: 6-*-*
= 46-5-*
Deraf
1 Bryllups Giers Jevnet til Guri Andersdatter: 11-4-4
2 Ds. til Helge Hansdatter: 11-4-4
3 Ds. til Gunilde Hansdatter: 11-4-4
4 Ds. til Sønnen Hans Andersen: 11-4-4
= 46-5-*

 

Det eg lurer på er: Var alle desse borna ugifte på dette tidspunktet?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Håvard Moe

Det er vel i alle fall ikkje urimeleg å anta det, men heilt sikker trur eg ikkje ein kan vere. Eg meiner eg har sett skifte som t.d. fordeler bryllupsgjerd òg der det nyleg har vore bryllup. Synd det ikkje blir fordelt arv, for da er det heller ingen formydarar oppnemnt (som ville vere tilfelle for ugifte døtre).

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn

Eg lurte på om det er rimeleg å tolke det slik at Hans Andersson allereie har fått noko (dvs. at han er gift), og at dette deretter skal jamnast ut med dei ugifte syskena. Ein Hans Andersson Nydal gifta seg i Jølster i 1783, og var busett på Nes i 1801. Eg ville finne ut om dette kunne vere same mann.

 

Etter at eg la inn det opprinnelege spørsmålet har eg funne skiftet etter piken Guri Andersdtr. Bruland frå 1839, og som løyste floken. Skiftet nemner (heil)syskena Hans Andersson Nes (død) og Synneve Andersdtr. g. med Gjert Olsson Nydal.

 

Hans Andersson hadde to halvsysken til (Samuel og Helge), og desse slapp tydelegvis å jamne ut det dei hadde fått med dei andre syskena. Om desse var gifte eller levde i 1797 veit eg ikkje, men dei er nemnde i eit skifte så seint som i 1786. Eg kan elles nemne at bygdeboka ikkje er mykje å rette seg etter, sidan halvparten av det som står der rett og slett er feil.

 

 

Edited by Torbjørn Igelkjøn

Share this post


Link to post
Share on other sites
Knut Skorpen

Var faren død? Eg kan ikkje sjå at det framgår. Dersom han var i live, skulle det ikkje vere behov for verje. Dersom han var død, skulle ein tru døtrene burde få hjelp til å ta vare på bryllaupsgjerden til dei vart gift.
Dersom nokon av døtrene var gifte, burde vel mannen vere nemnt, sidan han ville vere verje for kona si.
Elles er dette med bryllupsgjerd hos oss i Vefsn ein god, men ikkje så veldig utbreidd, skikk. Det blir då like mykje både på gut og jente, ikke brorpart og søsterpart, som vi elles er vant til. Guri, som ikkje er barn av dette ekteskapet, får også like stor part som halvsøskena.

 

 

Edited by Knut Skorpen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn
10 minutter siden, Knut Skorpen skrev:

Var faren død? Eg kan ikkje sjå at det framgår. Dersom han var i live, skulle det ikkje vere behov for verje. Dersom han var død, skulle ein tru døtrene burde få hjelp til å ta vare på bryllaupsgjerden til dei vart gift.
Dersom nokon av døtrene var gifte, burde vel mannen vere nemnt, sidan han ville vere verje for kona si.

 

Godt poeng! Det står i den skanna utgåva (sjå ovanfor) at det er fråbytte hos dei gamle ektefolk Anders Olsson og Ragnhild Helgesdtr. Nydal osv.

Edited by Torbjørn Igelkjøn

Share this post


Link to post
Share on other sites
Knut Skorpen

Ja, «de gamle Ægtefolk Anders Olsen og Ragnhild Helgesdatter Nyedahl.»  Då må det vere Helga og Gunnhild  (Hansdøtrene) som er frå eit tidlegare ekteskap.

Edited by Knut Skorpen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn
8 minutter siden, Knut Skorpen skrev:

Ja, «de gamle Ægtefolk Anders Olsen og Ragnhild Helgesdatter Nyedahl.»  Då må det vere Helga og Gunnhild  (Hansdøtrene) som er frå eit tidlegare ekteskap.

 

Det stemmer. Ragnhild var fyrst g. med Hans Gunnarson, som det er skifte etter i 1759. Dei fire borna hans er nemnde så seint som i 1786 i skiftet etter den ugifte barnlause systera hans, Helga Gunnarsdtr. Nydal.

Edited by Torbjørn Igelkjøn

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.