Gå til innhold
Arkivverket

S&F, Selje og Vågsøy, Gabriel Larsen Kvalheim ytre og andrekona Kari Rasmusdatter - opphavet deira?


Morten Sylte
 Del

Recommended Posts

Gabriel Larsen ytre Kvalheim (ca. 1748-1803) (skifte) vart gift fyrste gongen 6. januar 1769 med Marthe Olsdatter, ifølge Aaland frå Blesrør, som han fikk fleire born med. Ho døyr og vert skifta etter i 1791 (skifte). Gabriel giftar seg andre gongen 8. januar 1792  med nemnte Kari Rasmusdatter og då med forlovarar Rasmus Larsen Raudeberg og Rasmus Rasmussen Indre Kvalheim. Den nemndte Rasmus Rasmussen Kvalheim indre går att i tre dåpar til born av Gabriel og Kari. Det som kanskje er kona til Rasmus med namn Mari Rasmusdatter er ilag med ei Synnøve Rasmusdatter nemndt i kvar sin dåp, men om dette er far eller svoger eller systrer av Kari har eg ikkje funne bevis for. Eg har heller ikkje funne det sannsynleggjort at Rasmus Larsen er Gabriel sin bror sjølv om han aldersmessig passar.

 

Som nemnt er det opphavet til Gabriel og Kari eg er ute etter, i denne samanhengen er Marthe sitt opphav ikkje nødvendig. Men kastar det derimot lys på Gabriel sitt opphav tek eg sjølvsagt svært gjerne imot opplysningar om hennar opphav og.

 

Når det gjeld Kari Rasmusdatter så manglar eg også opplysningar om dødsåret hennar og håpar nokon har funne dette.

Endret av Morten Sylte
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje ettergått dette i saumane, men eg har iallefall at Rasmus Larsen på Raudeberg og Gabriel Larsen på Kvalheim var brør til din ane Dorthe Larsdtr. (g.m. Jesper Monsen Våge). Eit ankepunkt her, kan vere alder oppgjeven ved død og i FT1801, som avvik ca. 5 år frå Lars Didrichsen sin son (1,5 år ved skiftet etter Lars Didrichsen): https://www.digitalarkivet.no/sk20081128630372

Likevel; eg ser ikkje andre alternativ nett no. Og om eg skulle ha rett, er vel dei næraste anene noko slikt som dette:

 

Foreldre: Lars Didrichsen Myhre og Ane Josephsdtr. Eldevik

Besteforeldre: Didrich Christensen Kvalheim og Giøde Rasmusdtr. Ryssdal, Joseph Andersen Otteren og Dorthe Thomasdtr. Årdal

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar, Astrid og Inge.

 

Familien til Gabriel var i utgangspunktet ikkje tilhøyrande min, eg hjelper andre her, og må innrømme eg hadde gløymt ho gode mor Dorthe sine syskjen. Eg lyt grave litt meir i tidlegare lagra informasjon om familien. Ser veldig ut som du har dette korrekt, Inge, so tusen takk for det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg observerer her, sidan Gjøde Rasmusdtr Ryssdal som er nemnt her er frå min gard. Eg har ikkje følgt etterslekta hennar så nøye, så eg vil ikkje melde meg på med synspunkt, i alle fall ikkje enno.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.