Gå til innhold
Arkivverket

Fredrik Johannesson - omreisande korgmakar frå Christiania - gift kring 1893 med Andrea Hansdotter Rønnei frå Luster og busett i Bergen - kven var denne Fredrik?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år spekulert svært på kven denne omreisande korgmakaren kan ha vore som kring 1893 gifte seg med Andrea Hansdotter frå Rønnei i Luster.  Eg har finne ein etter mitt syn «god» kandidat, men er langt ifrå sikker på at han er mannen!  Og eg kan heller ikkje finna vigsli deira!  Kanskje nokon har høve kan sjå på dette?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for Andrea og Fredrik:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Andrea Hansdotter {Rønnei}, f. {i Luster} 4.9.1860.

Andrea Rønnei flytte i 1887 til Bergen og gifte seg

 

##### (dato og stad for vigsli hennar? - Bergen kring 1893?)

 

med Fredrik Johannessen frå Christiania (Oslo). 

 

##### (kven var han? - kan henda identisk med Johan Fredrik Hansson Johannessen, f. i Aker 11.12.1838 som son av arbeidsmann Hans Johannessen og kona Petronelle Torstensdotter i Lakkegata?)

 

Fredrik reiste kring som korgmakar og hadde òg vore innom Luster før han flytte til Bergen.  I Bergen fekk Fredrik arbeid som metallstøypar, og han og Andrea busette seg på Nedre Solheim i Årstad, Bergen.  Fredrik d. på eit sjukehus i Bergen 6.8.1907.  Som enkje budde Andrea Johannessen fleire stader, mellom anna i Nygaardsgaten, men ho flytte sidan til Solheimsgaten i Bergen der ho d. 20.6.1940.  Ho fekk i alt fem born:

a. Anna Fredriksdotter Johannessen, sidan kjend som Anna J. Røneid, son av Andrea og Fredrik Johannessen, var f. i Luster alt 23.12.1881, men flytte til Bergen

 

     ##### (kva år? - kvar var ho i 1891?)

 

     Anna arbeidde som veverske og vart buande i Bergen der ho d. 23.9.1965.  Anna var ikkje gift, men fekk ei dotter.

b. Ingrid Lassesdotter Johannessen, dotter av Andrea og husmann Lasse Olson på Grandane under Årebru i Årdal (1838-

 

     ##### (dødsåret hans? - til Amerika 1892)

 

     var f. i Luster 23.9.1885.  Ingrid flytte til Bergen

 

     ##### (kva år? - kvar var ho i 1891?)

 

     men d. i Bergen alt 5.6.1897.

c. Johan Fredrik Fredrikson Johannessen, f. i Bergen 18.10.1894, d. i Bergen 6.8.1940.  Johan gifte seg i Bergen 6.7.1921 med Alma Bergljot Ingolfsdotter Klausen frå Bergen.  Ho var f. i Bergen 19.9.1898 og d. på Askøy 5.6.1969.  Johan var ei tid fyrbøtar, men vart sidan transportarbeidar.  Han og Alma budde i Bergen, men fekk ikkje born i lag.  Som enkje gifte Alma seg att i Bergen 5.7.1941 med Ludvig Mikal Ludvigson Forvald, soneson av husmannsdotteri Anna Jensdotter frå Trondviki under Høyeim (1843-1915).  Ludvig var f. i Bergen 6.5.1897 og d. på Askøy 26.8.1952.  Alma gifte seg so tredje gongen

 

     ##### (dato og stad for denne vigsli?)

 

     med Jonny Karl Jetmundson Jetmundsen frå Bergen, f. i Ålesund 25.8.1909.  Jonny d. på Askøy 20.12.1967.  Alt i 1941 flytte Alma med andre mannen til Florvåg på Askøy, og der vart ho sidan buande levetidi ut.  Ho fekk ikkje born i nokon av dei to siste ekteskapi sine heller.

d. Kristian Arthur Fredrikson Johannessen, tvilling, f. i Bergen 9.7.1901, d. i Bergen 7.6.1958.  Kristian gifte seg i Bergen 14.10.1936 med Anna Susanne Hansdotter Farsund Sletteland.  Ho var f. i Førde 1.8.1904 og d. i Bergen 22.3.1973.  Kristian Johannessen var transportarbeidar, og han og Anna budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk ei dotter i lag.

e. Ingrid Fredrikke Fredriksdotter Johannessen, likeins tvilling og f. i Bergen 9.7.1901, d. i Bergen 24.4.1958.  Ingrid gifte seg første gongen i Bergen 25.8.1917 med Karl Andreas Sørenson Knudsen.  Han var f. i Bergen 12.2.1896 og d. i Bergen 21.12.1971.  Karl Knudsen var skipsbyggjar og budde i Bergen, men vart skild frå Ingrid alt i 1920.  Ingrid gifte seg 8.9.1920 att i Bergen med Herman Martin Hermanson Olsen, f. i Bergen 4.5.1896.  Han var maskinist og miste livet då båten han var på gjekk ned i Nordsjøen i

 

     ##### (dato for dette forliset? - april 1936!?)

 

     Ingrid budde elles i Bergen levetidi ut.  Ho fekk i alt tre døtrer, ei frå første ekteskapet og to frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dåpen øverst på venstre side

 

Akershus, Oslo fylke, Aker i Aker, Klokkerbok nr. 7 (1838-1846), Fødte og døpte 1839, Side 8-9
Permanent bilde-ID: kb20061108030409
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061108030409
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061108030409.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Lasse Olson på Grandane under Årebru i Årdal (1838-

 

     ##### (dødsåret hans? - til Amerika 1892)

https://www.findagrave.com/memorial/146094978

 

http://norwayancestors.com/getperson.php?personID=I7584&tree=tree2

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne og Sven for mange interessante og spennande innlegg om denne huslyden!

 

Fredrik var jamen litt av ein «rabbagast» før han omsider vart gift med Andrea...

 

Manuskriptet mitt er no vorte nesten heilt komplett, men eg leiter etter opphavet til foreldri hans Fredrik.  Eg fann vigsli deira i Aker 5.1.1838, og her kjem det fram at Johannes var fødd i Vestby, medan Martha var frå Aker: https://media.digitalarkivet.no/view/7722/63

Og då er det vel Johannes som i 1865 hadde fått ny kone: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0301&kenr=1998&bnr=1926&lnr=000

 

Elles ser eg ikkje nokon dato for vigsli i 1965, men då ley me vel til sorenskrivarkontoret på Sotra...

 

Her følgjer eit manuskript til oppdatering av manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Andrea Hansdotter {Rønnei}, f. {i Luster} 4.9.1860.

Andrea Rønnei flytte i 1891 til Bergen der ho 6.2.1892 gifte seg borgarleg med Christian Fredrik, kjend som Fredrik Johannessen frå Lakkegata i Aker, Christiania.  Han var son av malterikøyrar Johannes Rasmussen i Lakkegata, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Martha Sørine Larsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Aker 6.2.1839.  Fredrik var jarnstøypar i Bergen, men reiste òg kring som korgmakar og hadde mellom anna vore innom Luster før han flytte til Bergen.  I Bergen heldt Fredrik fram som jarnstøypar, og han og Andrea busette seg på Nedre Solheim i Årstad, Bergen.  Fredrik d. på eit sjukehus i Bergen 6.8.1907.  Som enkje budde Andrea Johannessen fleire stader, mellom anna i Nygaardsgaten, men ho flytte sidan til Solheimsgaten i Bergen der ho d. 20.6.1940.  Ho fekk i alt fem born:

a. Anna Fredriksdotter Johannessen, sidan kjend som Anna J. Røneid, son av Andrea og Fredrik Johannessen, var f. i Luster alt 23.12.1881, men voks opp på hjå bestemori på Hagaflaten til ho etter hundreårsskiftet flytte til Bergen Anna arbeidde som veverske og vart buande i Bergen der ho d. 23.9.1965.  Anna var ikkje gift, men fekk ei dotter.

b. Ingrid Lassesdotter Johannessen, dotter av Andrea og husmann Lasse Olson på Grandane under Årebru i Årdal (1838-1932), var f. i Luster 23.9.1885.  Ingrid flytte til Bergen med mor si i 1891, men d. i Bergen alt 5.6.1897.

c. Johan Fredrik Fredrikson Johannessen, f. i Bergen 18.10.1894, d. i Bergen 6.8.1940.  Johan gifte seg i Bergen 6.7.1921 med Alma Bergljot Ingolfsdotter Klausen frå Bergen.  Ho var f. i Bergen 19.9.1898 og d. på Askøy 5.6.1969.  Johan var ei tid fyrbøtar, men vart sidan transportarbeidar.  Han og Alma budde i Bergen, men fekk ikkje born i lag.  Som enkje gifte Alma seg att i Bergen 5.7.1941 med Ludvig Mikal Ludvigson Forvald, soneson av husmannsdotteri Anna Jensdotter frå Trondviki under Høyeim (1843-1915).  Ludvig var f. i Bergen 6.5.1897 og d. på Askøy 26.8.1952.  Alma gifte seg so tredje gongen

 

     ##### (dato og stad for denne vigsli? - sorenskrivar på Sotra?)

 

     .1.1965 med Jonny Karl Jetmundson Jetmundsen frå Bergen, f. i Ålesund 25.8.1909.  Jonny var transportarbeidar og d. på Askøy 20.12.1967.  Alt i 1941 flytte Alma med andre mannen til Florvåg på Askøy, og der vart ho sidan buande levetidi ut.  Ho fekk ikkje born i nokon av dei to siste ekteskapi sine heller.

d. Kristian Arthur Fredrikson Johannessen, tvilling, f. i Bergen 9.7.1901, d. i Bergen 7.6.1958.  Kristian gifte seg i Bergen 14.10.1936 med Anna Susanne Hansdotter Farsund Sletteland.  Ho var f. i Førde 1.8.1904 og d. i Bergen 22.3.1973.  Kristian Johannessen var transportarbeidar, og han og Anna budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk ei dotter i lag.

e. Ingrid Fredrikke Fredriksdotter Johannessen, likeins tvilling og f. i Bergen 9.7.1901, d. i Bergen 24.4.1958.  Ingrid gifte seg første gongen i Bergen 25.8.1917 med Karl Andreas Sørenson Knudsen.  Han var f. i Bergen 12.2.1896 og d. i Bergen 21.12.1971.  Karl Knudsen var skipsbyggjar og budde i Bergen, men vart skild frå Ingrid alt i 1920.  Ingrid gifte seg 8.9.1920 att i Bergen med Herman Martin Hermanson Olsen, f. i Bergen 4.5.1896.  Han var maskinist og miste livet då båten han var på gjekk ned i Nordsjøen i 28.5.1936.  Ingrid budde elles i Bergen levetidi ut.  Ho fekk i alt tre døtrer, ei frå første ekteskapet og to frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Andrea Rønnei flytte i 1891 til Bergen der ho 6.2.1892 gifte seg borgarleg med Christian Fredrik, kjend som Fredrik Johannessen frå Lakkegata i Aker, Christiania.  Han var son av malterikøyrar Johannes Rasmussen i Lakkegata, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Martha Sørine Larsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

Det står opplysninger om fødselsdatoene i lysningen:  https://www.digitalarkivet.no/kb20061109040284

 

Johannes, f. 24.6.1814 i Såner sogn i Vestby:  https://www.digitalarkivet.no/kb20061025060605

Martha Sørine, f. 9.11.1813 i Asker:  https://www.digitalarkivet.no/kb20061114010613

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.