Jump to content
Arkivverket

Bottolf (1848), Hermund (1850) og Anders (1853) Torkildssøner frå Talle i Luster - tre brør i Amerika med utfordrande huslydar - fleire born «forsvinn» - Hermund med ukjend lagnad?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd som eg første gongen jobba med på 1980-talet, men som eg aldri heilt greidde å komma «til bånns» i.  Eldste broren Bottolf hadde to søner og ein steson som forsvinn, og ikkje heller veit me kvar det vart av Hermund, som i mange år budde i Grand Forks, ND.

 

Kanskje er det nokon som har tankar og idéar om korleis me kan komma vidare med desse utfordringane?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

og f. i Söderala i Gävleborgs län, Sverige 30.9.1889, men utvandra til Amerika i

 

 

 

     ##### (year of his emigration?)

 

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Dei vart skilde i 1945, og Mary gifte seg att

     ##### (date and place of her 2nd marriage?)

     med Lars Wilhelm Larsson Ellgren frå

 

Han krysset grensen fra Canada til USA under aliaset  Gustaf A Backlund i  28 august 1910 og giftet seg med Mary 22. april 1939 i Dubuque, Iowa.

 

https://www.ancestry.com/interactive/61213/100104071_00254?pid=118921&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D61213%26h%3D118921%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DZIL141%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=ZIL141&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.113566338.468570165.1571139872-1624560284.1569787136

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc=iYz1272&_phstart=successSource&usePUBJs=true&indiv=1&dbid=8823&gsfn=mary&gsfn_x=NN&gsln_x=NN&msgdy=1939&msgdm=4&msgdd=22&msgpn__ftp=dubuque, iowa, usa&msgpn=922&new=1&rank=1&uidh=enc&redir=false&msT=1&gss=angs-d&pcat=34&fh=3&h=904233038&recoff=&ml_rpos=4

 

Mary Deutscher

 in the Iowa, Marriage Records, 1880-1940

Name: Mary Deutscher
[Mary Thompson] 
Gender: Female
Race: White
Age: 48
Birth Year: abt 1891
Birth Place: MT. Mondovi Wisconsin
Marriage Date: 22 Apr 1939
Marriage Place: Dubuque, Iowa, USA
Number of Marriage: Second
Father: Butler Thompson
Mother: Ella Thompson
Spouse: William Ellgreen
Edited by Sven Hjortland
Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Sveriges Befolkning 1910

 

Sveriges befolkning 1910


Hushåll för (Barn), Lars Vilhelm, f. 1889

 

 

Ellgren, Lars    1864    Far
Ahnell, Inga    1866    Mor
(Barn), Lars Vilhelm    1889    Barn
(Barn), Beda Teresia    1891    Barn
(Barn), Emil Ferdinand    1893    Barn
(Barn), Maria Eugenia    1895    Barn
(Barn), Märta Kristina    1896    Barn
(Barn), Anna Regina    1899    Barn
(Barn), Sally Erika    1901    Barn
(Barn), Karl Gustaf    1902    Barn
(Barn), Knut Olof    1905    Barn
 

Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Det kan se ut som Lars Vilhelm Ellgren bare har stukket av fra Sverige i 1910 en gang

Dette er det eneste jeg finner:

 

Utskrift från EmiWeb/SCB Emigranter

Förnamn: Lars Vilhelm   Födelsedatum: 1889--
Efternamn: Ellgren   Yrke/Titel: Sågv.arb.
Civilstånd: OG   Kön: M
Utfl år: 1913   Nationalitet:  
Utfl län: Gävleborg   Utfl församling: Söderala
Destination: Obefintlighetsboken   Familjenr:  
SVAR Batchnr: A0043702   SVAR Bildnr: 00421
Källreferens:    
Senast uppdaterad: 2012-10-02 09:42:31.0
Arkivägare: Kinship Center
E-post: varmland@emiweb.se
Telefon: +46 54 67 15 100
Edited by Sven Hjortland
Link to post
Share on other sites
Egil Johannessen
3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ervin Leo Deutscher (1914-1972),

 

Milwaukee Sentinel, Thursday, Apr 27, 1972 Milwaukee, WI, Page 29

Milwaukee_Sentinel_1972-04-27_29.png

Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

3. Hermund Torkildson, f. 30.6.1850,

Herman Thalle utvandra til Amerika i 1872 og slo seg ned i Grand Forks, Grand Forks Co., N.D. der han var arbeidar («laborer») i mange år. 

##### (still alive - single in 1900 - also alive in 1903 - det er IKKJE han som budde i Buffalo Co., WI! - later destiny?)

 

https://www.newspapers.com/clip/37226486/herman_t_thalle/

Edited by Sven Hjortland
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Egil for kjempefine og nyttige innlegg!

 

Mange detaljar er komne «til rette», og særleg var jo dødsfallet til Herman Thalle ein skikkeleg «innertiar»!  Desse avisene er ofte so nyttige!

 

Utfordringane som no står att, er følgjande:

 

** Lagnaden til Lars «Louie» Thompson i Wheaton, IL?

 

** Lagnaden til Thomas Thompson i Canada?

 

** Lagnaden til Erik Erikson (Urnes) i Amerika?

 

** Detaljar om Edward Weigman?

 

** Detaljar om opphavet til Lars Wilhelm Ellgren frå Sverige?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Torkild Bottolfson Talle, frå Smeviki under Høyeim, vart døypt 6.7.1817 og d. som husmann på Talle 22.4.1896.  Han gifte seg 9.6.1845 med Britha Hermundsdotter frå Dulsviki under Lingjerde.  Ho var f. 24.5.1826 og d. som enkje på Talle 7.5.1907.  Torkild og Britha budde først nokre år på plassen Furunes indre i Luster Statsalmenning, men kring 1855 fekk dei rydda seg ein ny plass i Mjeltehaugen under Talle.  Her vart dei buande levetidi ut.  Då Britha fall ifrå i 1907, vart plassen liggjande øyde nokre år til Hermund Vedvik tok han opp att.  I 1916 kjøpte Hermund ut parsellen som Solhaug, Talle (bnr. 7), og huslyden hans er omtalt der.  Torkild og Britha på Mjeltehaugen fekk fem born i lag:

 1. Gjertrud Torkildsdotter (1845-1931), var hushaldar og budde på Rappatun under Høyeim.

 2. Bottolf Torkildson, f. 27.3.1848, gifte seg første gongen 18.6.1869 med Karen Christine, kjend som Christina Larsdotter frå Stein under Fuhr, f. 22.2.1843.

Butler og Christine Thompson utvandra til Amerika i 1870 og slo seg ned som farmarar i Naples township, Buffalo Co., Wis. der Christine d. 1.3.1885.  Butler gifte seg att i Buffalo Co., Wis. 14.6.1887 med Eli Pedersdotter frå Bakkane under Urnes i Hafslo, i Amerika kjend som Ellen Urness.  Ho var f. i Hafslo 11.11.1846 og utvandra til Amerika i 1881.  Butler og Ellen flytte til ein farm i Mondovi township, Buffalo Co., Wis. der Ellen d. 16.3.1916.  Butler Thompson d. i Buffalo Co., Wis. 29.6.1930.  Han fekk i alt ni born, fem frå første ekteskapet og fire frå det andre.  Dessutan hadde Ellen tre søner frå før:

a. Torkild B. Thompson, f. i Luster 19.8.1869, utvandra til Amerika med foreldri i 1870, men d. i Buffalo Co., Wis. alt 19.7.1870.

b. Torkel B. Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 16.8.1871, d. i Buffalo Co., Wis. 18.8.1871.

c. Lars, kjend som Louie Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 2.2.1873,

 

     ##### (lived at Wheaton, Ill. 1930 - further biography?)

 

d. Christen Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 16.8.1874, d. i Buffalo Co., Wis. 16.2.1875.

e. Thomas Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 12.8.1875, reiste vestover i ung alder og

 

     ##### (lived in Canada 1930 - further biography?)

 

f. Peder Thomasson Urnes, son av Ellen og husmann Thomas Andersson i Bruabakken under Dalsøyri (1840-1924), var f. i Hafslo 1.4.1872.  Han budde i 1875 hjå bestemori i Bakkane under Urnes i Hafslo, men flytte sidan til Bergen.  Han vart skomakar­svein, men d. ugift på eit sjukehus i Bergen 11.9.1896, ugift.

g. Christian Pederson Urnes, sidan kjend som Christ Urness, son av Ellen og husmannssonen Peder Torstenson frå Solvornstranden, Solvorn i Hafslo (bnr. 4) (1844-1933), var f. i Hafslo 14.1.1875 og utvandra til Amerika i 1892.  Han d. i Wauwatosa, Wis. 25.11.1942.  Christ Urness gifte seg med søskenbarnet Kristina Pedersdotter Rudsvik frå Sogndal, i Amerika kjend som Christine Wick.  Ho var dotter av husmannsdotteri Johanna Pedersdotter frå Bakkane under Urnes i Hafslo (1855-1912), men f. på Kaupanger i Sogndal 1.11.1895.  Ho utvandra til Amerika i 1915 og d. i Minneapolis, Minn. 8.1.1969.  Christ Urness var ei tid farmarbeidar («farm laborer») i Mondovi, Buffalo Co., Wis. og sidan jarnbanearbeidar («railroad baggage man») i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men vart skild frå Christine kring 1930 og busette seg sidan i Milwaukee, Milwaukee Co., Wis. der han heldt fram som var jarnbane­arbeidar («railroad worker»).  Christine vart buande i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho 23.3.1946 gifte seg att med enkjemannen Edward Fred Weigman, f. i LaPorte Co., Ind. 23.7.1891.  Han d. i Laurel, Mont. 26.4.1985.  Edward var i mange år jarnbanearbeidar («railroad boilermaker») i Redfield, Spink Co., S.D. og sidan mink- og sølvrevfarmar («mink and silver fox farmer») i Billings, Yellowstone Co., Mont. fabrikkarbeidar («trailer company worker») i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men flytte i 1970 på ny til Billings, Yellowstone Co., Mont.  Christine fekk fem born, som alle var frå første ekteskapet med Christ Urness, men Edward hadde òg tre born frå første ekteskapet sitt.

h. Erik Erikson Urnes, truleg kjend som Erick Urness,

 

     ##### (sjekka namn i Amerika?)

 

     son av Ellen og gardbrukar Erik Nitter Jacobson på Valaker lille i Hafslo (1848-1917), var f. i Hafslo 9.8.1878 og utvandra med mori til Amerika i 1881. 

 

     ##### (what became of him? - NOT the one who lived in Benson Co., ND! - biography?)

 

i. Karen, kjend som Carrie Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 1.6.1886, d. i Rochester, Minn. 23.6.1945.  Ho gifte seg i Mondovi, Wis. 12.10.1904 med Edward Franklin Kruger, f. i Pepin Co., Wis. 18.12.1883.  Han d. i Eau Claire, Wis. 2.10.1962.  Carrie og Edward Kruger farma i Drammen township, Eau Claire Co., Wis., men Edward livnærte seg òg som jarnbanearbeidar («railroad worker»).  Dei fekk ni born i lag.

j. Bert Edward Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 22.6.1887, d. i Geneva, Wis. 7.2.1965.  Han gifte seg i Buffalo Co., Wis. 17.7.1909 med søskenbarnet Johanna Pedersdotter Rudsvik frå Sogndal, i Amerika kjend som Johanna Wick.  Ho var dotter av husmannsdotteri Johanna Pedersdotter frå Bakkane under Urnes i Hafslo (1855-1912), men f. på Kaupanger i Sogndal 12.7.1888.  Ho utvandra til Amerika i 1907 og d. i Geneva, Wis. 9.10.1972.  Johanna var kjolesyerske («dress­maker»), medan Bert farma heimefarmen i Mondovi township, Buffalo Co., Wis.  Dei fekk to døtrer i lag.

k. Marie Christine, kjend som Mary Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 31.12.1890, d. i West Allis, Wis. 15.5.1979.  Mary Thompson var med farbroren Andrew på vitjing til Noreg i 1907, men fór attende til Amerika same året og gifte seg første gongen i Alma, Wis. 1.10.1907 med Wilhelm Friedrich Martin, kjend som William F. Deutscher.  Han var f. i Buffalo Co., Wis. 29.4.1882 og d. i West Allis, Wis. 1.9.1956.  Mary og William Deutscher farma ei tid i Drammen township, Eau Claire Co., Wis. og i Albany township, Pepin Co., Wis., men flytte sidan til Milwaukee, Milwaukee Co., Wis. der William livnærte seg som arbeidar («laborer»).  I 1929 flytte dei attende til Mondovi, Buffalo Co., Wis. der William var målar og vedlikehaldsarbeidar («painter and janitor»).  Dei vart skilde kring 1938, og Mary gifte seg att i Dubuque, Ia. 22.4.1939 med Lars Wilhelm Larsson Ellgren frå Söderala i Gävleborgs län, Sverige, i Amerika kjend som William Ellgren.  Han var son av

 

     ##### (yrkestittel?)

 

     Lars Blomkvist Ellgren

 

     ##### (fullt namn med patronymikon? - oppvekststaden hans? - f. 1864, d. 1936)

 

     på Vedtjära i Söderala

 

     ##### (sjekka at det var der huslyden budde?)

 

     og kona Inga Ahnell

 

     ##### (fullt namn med patronymikon? - oppvekststaden hennar? - f. 1866, d. 1924)

 

     og f. i Söderala i Gävleborgs län, Sverige 30.9.1889, men utvandra til Amerika i 1910.  Han d. i Milwaukee, Wis. 17.5.1968.  William Ellgren var murar («mason and bricklayer»), og han og Mary budde i Milwaukee, Milwaukee Co., Wis.  Mary fekk fire søner, som alle var frå første ekteskapet, men William Ellgren hadde òg ein son frå eit tidlegare ekteskap.  Mellom borni hennar var denne sonen:

- Ervin Leo Deutscher (1914-1972), vart gift med Mable Urness Ellenberger (1910-1997), dotter av husmannssonen Christopher Hansson Urnes frå Langeteigen under Dalsøyri (1871-1964) (s.d.).­

l. Gilbert Henry Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 1.7.1892, d. i Hoquiam, Wash. 11.3.1964.  Han gifte seg i Independence, Wis. 15.8.1913 med Lena Louise Klove.  Ho var f. i Trempealeau Co., Wis. 9.10.1895 og d. i Hoquiam, Wash. 13.10.1964.  Gilbert var arbeidar («laborer») i Mondovi, Buffalo Co., Wis. til han og Lena i 1943 flytte til Hoquiam, Grays Harbor Co., Wash.  Der livnærte Gilbert seg som sagbruks­arbeidar («lumber mill laborer»).  Dei fekk tolv born i lag.

 3. Hermund Torkildson, f. 30.6.1850,

Herman Thalle utvandra til Amerika i 1872 og slo seg ned i Grand Forks, Grand Forks Co., N.D. der han var arbeidar («laborer») i mange år.  Han d. i Arvilla, N.D. 16.5.1907, ugift.

 4. Anders Torkildson, f. 14.3.1853,

Andrew Thalle utvandra òg til Amerika i 1872 og gifte seg i Buffalo Co., Wis. 27.1.1878 med Sarah Leora, kjend som Sadie Merritt, f. i Ashtabula Co., Ohio 16.8.1849.  Andrew og Sadie flytte straks til Grand Forks, Grand Forks Co., N.D. der Andrew var konditor og handelsmann («confectioner and merchant»).  Han var på vitjing til Noreg i 1907, men reiste attende til Amerika og d. i Grand Forks, N.D. 13.3.1923.  Sadie Thalle d. same staden 5.3.1922.  Dei var barnlause.

 5. Ole Torkildson (1856-1923), vart gardbrukar i Vigdalen.­

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein  ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Egil Johannessen
6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Christine vart buande i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho 23.3.1946 gifte seg att med Edward

 

 

 

     ##### (middle name?)

 

 

 

     Weigman, f.

 

 

 

     ##### (info on him??)

 

I en av Christine's dødsnotiser (OBIT's) står Edward nevnt som Edward F. Kan det da være Edward Fred Weigman? Han var født i Michigan City, Indiana i 1891, flyttet først til SD, deretter til Montana hvor 1. kone døde i 1944. Han flyttet til Minneapolis i 1946 (iht. OBIT), pensjonerte seg i 1955 og flyttet tilbake til Montana i 1970 (året etter Christine's død). Dessverre står det ikke noe om at han giftet seg med Christine i 1946.

 

Jeg legger ved OBIT's for Christine samt OBIT for Edward (og kona som døde i 1944). I tillegg WW 2 og SSDI for Edward Fred.


Christine OBIT 1 Star Tribune (Minneapolis, Minnesota) 09 Jan 1969, Thursday, Page 34  -  https://www.newspapers.com/clip/37270614/star_tribune/


Christine OBIT 2 The Minneapolis Star (Minneapolis, Minnesota) 09 Jan 1969, Thursday, Page 32

The Minneapolis Star (Minneapolis, Minnesota) 09 Jan 1969, Thursday, Page 32.jpg


OBIT Mrs. Bertha E Weigman (d. 1944) - The Independent-Record (Helena, Montana) 27 Oct 1944, Friday, Page 6  -  https://www.newspapers.com/clip/37270756/the_independentrecord/

 

OBIT Edward Fred  -  The Billings Gazette (Billings, Montana) 28 Apr 1985, Sunday, Page 10  -  https://www.newspapers.com/clip/37270929/the_billings_gazette/


WW 2 - Ancestry

 

SSDI  -  Ancestry

Edited by Egil Johannessen
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for eit kjempemessig innlegg om Edward Weigman.

 

Eg er ikkje i tvil om at du har finne «rett» mann, og eg har oppdatert manuskriptet mitt i innlegg #10 tilsvarande.

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nye interessante innlegg om den svenske delen av denne huslyden!

 

I mellomtidi har eg nettopp identifisert Louis Thompson, den eldste opplevande sonen i denne huslyden.  Først fanmn eg han i WW1 draftet for Duluth, MN, og so fann eg denne vigsli i Terre Haute, IN frå 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-997W-HNN5

Heilt komplett er ikkje soga om Louis enno, men det er ikkje so langt unna...  Kanskje ein obituary kan hjelpa?

 

Her følgjer et oppdatert manuskript der eg no har avgrensa meg til Bottolf Torkildson:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Bottolf Torkildson {Talle}, f. {i Luster} 27.3.1848, gifte seg første gongen 18.6.1869 med Karen Christine, kjend som Christina Larsdotter frå Stein under Fuhr, f. 22.2.1843.

Butler og Christine Thompson utvandra til Amerika i 1870 og slo seg ned som farmarar i Naples township, Buffalo Co., Wis. der Christine d. 1.3.1885.  Butler gifte seg att i Buffalo Co., Wis. 14.6.1887 med Eli Pedersdotter frå Bakkane under Urnes i Hafslo, i Amerika kjend som Ellen Urness.  Ho var f. i Hafslo 11.11.1846 og utvandra til Amerika i 1881.  Butler og Ellen flytte til ein farm i Mondovi township, Buffalo Co., Wis. der Ellen d. 16.3.1916.  Butler Thompson d. i Buffalo Co., Wis. 29.6.1930.  Han fekk i alt ni born, fem frå første ekteskapet og fire frå det andre.  Dessutan hadde Ellen tre søner frå før:

a. Torkild B. Thompson, f. i Luster 19.8.1869, utvandra til Amerika med foreldri i 1870, men d. i Buffalo Co., Wis. alt 19.7.1870.

b. Torkel B. Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 16.8.1871, d. i Buffalo Co., Wis. 18.8.1871.

c. Lars, kjend som Louis A. Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 2.2.1873,  

 

     ##### (WW1 draft, marriage license and death rec. all say Dec. 10, 1872!)

 

     d. i Chicago, Ill. 15.8.1940.  Louis gifte seg i Terre Haute, Ind. 2.8.1920 med enkja Minnie Long Zarlington, f. Beazell, f. i Sullivan Co., Ind. 20.8.1872.  Ho d. i Terre Haute, Ind. 10.4.1938. 

 

     ##### (occupation and place of their residence? - he in Duluth, MN 1918/1920 - 1930 Wheaton, IL! - she called a widowed Long when she died - maybe they separated or were divorced? - 2nd husband Raymond Zarlington was a travelling theatrical performer - they married Knox Co., IN Nov. 29, 1912 - divorced!)

 

     Dei fekk ikkje born i lag, men Minnie hadde ein son frå første ekteskapet sitt.

 

     ##### (1st marriage to Frank Long? - one son Francis, born FL 1908)

 

d. Christen Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 16.8.1874, d. i Buffalo Co., Wis. 16.2.1875.

e. Thomas Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 12.8.1875, reiste vestover i ung alder og

 

     ##### (lived in Canada 1930 - further biography?)

 

f. Peder Thomasson Urnes, son av Ellen og husmann Thomas Andersson i Bruabakken under Dalsøyri (1840-1924), var f. i Hafslo 1.4.1872.  Han budde i 1875 hjå bestemori i Bakkane under Urnes i Hafslo, men flytte sidan til Bergen.  Han vart skomakar­svein, men d. ugift på eit sjukehus i Bergen 11.9.1896, ugift.

g. Christian Pederson Urnes, sidan kjend som Christ Urness, son av Ellen og husmannssonen Peder Torstenson frå Solvornstranden, Solvorn i Hafslo (bnr. 4) (1844-1933), var f. i Hafslo 14.1.1875 og utvandra til Amerika i 1892.  Han d. i Wauwatosa, Wis. 25.11.1942.  Christ Urness gifte seg med søskenbarnet Kristina Pedersdotter Rudsvik frå Sogndal, i Amerika kjend som Christine Wick.  Ho var dotter av husmannsdotteri Johanna Pedersdotter frå Bakkane under Urnes i Hafslo (1855-1912), men f. på Kaupanger i Sogndal 1.11.1895.  Ho utvandra til Amerika i 1915 og d. i Minneapolis, Minn. 8.1.1969.  Christ Urness var ei tid farmarbeidar («farm laborer») i Mondovi, Buffalo Co., Wis. og sidan jarnbanearbeidar («railroad baggage man») i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men vart skild frå Christine kring 1930 og busette seg sidan i Milwaukee, Milwaukee Co., Wis. der han heldt fram som var jarnbane­arbeidar («railroad worker»).  Christine vart buande i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho 23.3.1946 gifte seg att med enkjemannen Edward Fred Weigman, f. i LaPorte Co., Ind. 23.7.1891.  Han d. i Laurel, Mont. 26.4.1985.  Edward var i mange år jarnbanearbeidar («railroad boilermaker») i Redfield, Spink Co., S.D. og sidan mink- og sølvrevfarmar («mink and silver fox farmer») i Billings, Yellowstone Co., Mont. fabrikkarbeidar («trailer company worker») i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men flytte i 1970 på ny til Billings, Yellowstone Co., Mont.  Christine fekk fem born, som alle var frå første ekteskapet med Christ Urness, men Edward hadde òg tre born frå første ekteskapet sitt.

h. Erik Erikson Urnes, truleg kjend som Erick Urness,

 

     ##### (sjekka namn i Amerika?)

 

     son av Ellen og gardbrukar Erik Nitter Jacobson på Valaker lille i Hafslo (1848-1917), var f. i Hafslo 9.8.1878 og utvandra med mori til Amerika i 1881. 

 

     ##### (what became of him? - NOT the one who lived in Benson Co., ND! - biography?)

 

i. Karen, kjend som Carrie Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 1.6.1886, d. i Rochester, Minn. 23.6.1945.  Ho gifte seg i Mondovi, Wis. 12.10.1904 med Edward Franklin Kruger, f. i Pepin Co., Wis. 18.12.1883.  Han d. i Eau Claire, Wis. 2.10.1962.  Carrie og Edward Kruger farma i Drammen township, Eau Claire Co., Wis., men Edward livnærte seg òg som jarnbanearbeidar («railroad worker»).  Dei fekk ni born i lag.

j. Bert Edward Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 22.6.1887, d. i Geneva, Wis. 7.2.1965.  Han gifte seg i Buffalo Co., Wis. 17.7.1909 med søskenbarnet Johanna Pedersdotter Rudsvik frå Sogndal, i Amerika kjend som Johanna Wick.  Ho var dotter av husmannsdotteri Johanna Pedersdotter frå Bakkane under Urnes i Hafslo (1855-1912), men f. på Kaupanger i Sogndal 12.7.1888.  Ho utvandra til Amerika i 1907 og d. i Geneva, Wis. 9.10.1972.  Johanna var kjolesyerske («dress­maker»), medan Bert farma heimefarmen i Mondovi township, Buffalo Co., Wis.  Dei fekk to døtrer i lag.

k. Marie Christine, kjend som Mary Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 31.12.1890, d. i West Allis, Wis. 15.5.1979.  Mary Thompson var med farbroren Andrew på vitjing til Noreg i 1907, men fór attende til Amerika same året og gifte seg første gongen i Alma, Wis. 1.10.1907 med Wilhelm Friedrich Martin, kjend som William F. Deutscher.  Han var f. i Buffalo Co., Wis. 29.4.1882 og d. i West Allis, Wis. 1.9.1956.  Mary og William Deutscher farma ei tid i Drammen township, Eau Claire Co., Wis. og i Albany township, Pepin Co., Wis., men flytte sidan til Milwaukee, Milwaukee Co., Wis. der William livnærte seg som arbeidar («laborer»).  I 1929 flytte dei attende til Mondovi, Buffalo Co., Wis. der William var målar og vedlikehaldsarbeidar («painter and janitor»).  Dei vart skilde kring 1938, og Mary gifte seg att i Dubuque, Ia. 22.4.1939 med Lars Wilhelm Larsson Ellgren frå Söderala i Gävleborgs län, Sverige, i Amerika kjend som William Ellgren.  Han var son av

 

     ##### (yrkestittel?)

 

     Lars Blomkvist Ellgren

 

     ##### (fullt namn med patronymikon? - oppvekststaden hans? - f. 1864, d. 1936)

 

     på Vedtjära i Söderala

 

     ##### (sjekka at det var der huslyden budde?)

 

     og kona Inga Hansdotter Ahnell frå Sunnanå i Söderala og f. i Söderala i Gävleborgs län, Sverige 30.9.1889, men utvandra til Amerika i 1910.  Han d. i Milwaukee, Wis. 17.5.1968.  William Ellgren var murar («mason and bricklayer»), og han og Mary budde i Milwaukee, Milwaukee Co., Wis.  Mary fekk fire søner, som alle var frå første ekteskapet, men William Ellgren hadde òg ein son frå eit tidlegare ekteskap.  Mellom borni hennar var denne sonen:

- Ervin Leo Deutscher (1914-1972), vart gift med Mable Urness Ellenberger (1910-1997), dotter av husmannssonen Christopher Hansson Urnes frå Langeteigen under Dalsøyri (1871-1964) (s.d.).­

l. Gilbert Henry Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 1.7.1892, d. i Hoquiam, Wash. 11.3.1964.  Han gifte seg i Independence, Wis. 15.8.1913 med Lena Louise Klove.  Ho var f. i Trempealeau Co., Wis. 9.10.1895 og d. i Hoquiam, Wash. 13.10.1964.  Gilbert var arbeidar («laborer») i Mondovi, Buffalo Co., Wis. til han og Lena i 1943 flytte til Hoquiam, Grays Harbor Co., Wash.  Der livnærte Gilbert seg som sagbruks­arbeidar («lumber mill laborer»).  Dei fekk tolv born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!  Kanskje vil Thomas Thompson og Erick Erickson (Urness) òg etter kvart dukka opp...?

Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

22.4.1939 med Lars Wilhelm Larsson Ellgren frå Söderala i Gävleborgs län, Sverige, i Amerika kjend som William Ellgren.  Han var son av

 

     ##### (yrkestittel?)

 

     Lars Blomkvist Ellgren

 

     ##### (fullt namn med patronymikon? - oppvekststaden hans? - f. 1864, d. 1936)

 

Lars, f. 24.9.1864 i Söderala:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0032168_00194

 

Han var bosatt på Wedtjära fram til han giftet seg med Inga Ahnell i 1885:

 

1861-1865:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0032138_00121

1866-1870:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0032140_00142

1871-1875:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0032142_00140

1876-1880:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0032143_00144

1881-1885:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0032148_00171

 

Vielsen 28.12.1885:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/A0017481_00061

Link to post
Share on other sites
  • 6 months later...
Jon Sværen

Lars !

 

Ei jenta f 1936, Barbara Barsness Swedenburg skreiv i 1986 om «The Ulvestad Family ....», ei tjukk bok på godt over 500 sider.

 

Boka omtalar Jørgen Jørgenson Ulvestad (1829-1901)  som m/ kone og 2 døttre emigrar til USA i 1856 frå Balestrand. Seinare kom 5 ongar til.

 

Ei av dei som var født i Balestrand er Christi f 23.12.1853. 11 juli 1875 fekk ho ei uekte jenta: Gjertine. Far er sagt å væra Hermund Torkelson. Barbara skriv i boka på s. 109, at trulig (possibly indicating) hadde Christi arbeidd hos Peder N. Aasen i Naples twp, Buffalo co, Wiconsin.

8 juni 1884 vært Christi gift m/ Ole Pederson Urness f 5.7.1858 av foreldra: Peder Pederson Urness (1802-67) og Eli Chritensdtr Urness (1816-94).

———

Lars: Kan det væra MOGELIG at denne Hermund på s. 109, KAN væra «din» Hermund f 1850 ??

Gjertine døydde av difteri 1.12.1887 i Naples twp.

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Ein svært forseinka, men like hjarteleg takk til Sven og Lars W. for innleggi frå oktober i fjor og likeins til Jon for siste innlegget frå i kveld!

 

For å ta det siste først, jau, eg kjenner godt Barbara Swedenburg.  Eg hadde svært mykje samkven med ho på 1980-talet då eg jobba med bandi for gamle Luster og hadde òg gleda av å vitja ho ein gong i South St. Paul, MN, men no er det mange år sidan eg høyrde gjete ho...

 

Eg trur nok ganske sikkert det er «vår» Hermund som var barnefar i  Buffalo Co., WI i 1875.  Det var ikkje mange med eit so spesielt namn der borte...

 

Elles har eg oppdatert manuskriptet for denne ætti med dei nye opplysningane frå oktober.  Hòli fyllast so «smått om senn», men særleg vonar eg at Thomas Thompson og Erick Erickson (Urness) vil dukka fram frå «mørkret»...

 

Eit par detaljar skulle gjerne òg vore føyd til om Ellgren-ætti i Sverige...

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Bottolf Torkildson {Talle}, f. {i Luster} 27.3.1848, gifte seg første gongen 18.6.1869 med Karen Christine, kjend som Christina Larsdotter frå Stein under Fuhr, f. 22.2.1843.

Butler og Christine Thompson utvandra til Amerika i 1870 og slo seg ned som farmarar i Naples township, Buffalo Co., Wis. der Christine d. 1.3.1885.  Butler gifte seg att i Buffalo Co., Wis. 14.6.1887 med Eli Pedersdotter frå Bakkane under Urnes i Hafslo, i Amerika kjend som Ellen Urness.  Ho var f. i Hafslo 11.11.1846 og utvandra til Amerika i 1881.  Butler og Ellen flytte til ein farm i Mondovi township, Buffalo Co., Wis. der Ellen d. 16.3.1916.  Butler Thompson d. i Buffalo Co., Wis. 29.6.1930.  Han fekk i alt ni born, fem frå første ekteskapet og fire frå det andre.  Dessutan hadde Ellen tre søner frå før:

a. Torkild B. Thompson, f. i Luster 19.8.1869, utvandra til Amerika med foreldri i 1870, men d. i Buffalo Co., Wis. alt 19.7.1870.

b. Torkel B. Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 16.8.1871, d. i Buffalo Co., Wis. 18.8.1871.

c. Lars, kjend som Louis A. Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 2.2.1873,  

 

     ##### (WW1 draft, marriage license and death rec. all say Dec. 10, 1872!)

 

     d. i Chicago, Ill. 15.8.1940.  Louis gifte seg i Terre Haute, Ind. 2.8.1920 med enkja Minnie Long Zarlington, f. Beazell, f. i Sullivan Co., Ind. 20.8.1872.  Ho d. i Terre Haute, Ind. 10.4.1938. 

 

     ##### (occupation and place of their residence? - he in Duluth, MN 1918/1920 - 1930 Wheaton, IL! - she called a widowed Long when she died - maybe they separated or were divorced? - 2nd husband Raymond

            Zarlington was a travelling theatrical performer - they married Vincennes, Knox Co., IN Nov. 29, 1912 – separated Feb. 1913 – divorced Columbia, MO Nov. 1914!)

 

     Dei fekk ikkje born i lag, men Minnie hadde ein son frå første ekteskapet sitt.

 

     ##### (1st marriage to Frank Long? - one son Francis, born FL 1908)

 

d. Christen Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 16.8.1874, d. i Buffalo Co., Wis. 16.2.1875.

e. Thomas Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 12.8.1875, reiste vestover i ung alder og

 

     ##### (lived in Canada 1930 - further biography?)

 

f. Peder Thomasson Urnes, son av Ellen og husmann Thomas Andersson i Bruabakken under Dalsøyri (1840-1924), var f. i Hafslo 1.4.1872.  Han budde i 1875 hjå bestemori i Bakkane under Urnes i Hafslo, men flytte sidan til Bergen.  Han vart skomakar­svein, men d. ugift på eit sjukehus i Bergen 11.9.1896, ugift.

g. Christian Pederson Urnes, sidan kjend som Christ Urness, son av Ellen og husmannssonen Peder Torstenson frå Solvornstranden, Solvorn i Hafslo (bnr. 4) (1844-1933), var f. i Hafslo 14.1.1875 og utvandra til Amerika i 1892.  Han d. i Wauwatosa, Wis. 25.11.1942.  Christ Urness gifte seg med søskenbarnet Kristina Pedersdotter Rudsvik frå Sogndal, i Amerika kjend som Christine Wick.  Ho var dotter av husmannsdotteri Johanna Pedersdotter frå Bakkane under Urnes i Hafslo (1855-1912), men f. på Kaupanger i Sogndal 1.11.1895.  Ho utvandra til Amerika i 1915 og d. i Minneapolis, Minn. 8.1.1969.  Christ Urness var ei tid farmarbeidar («farm laborer») i Mondovi, Buffalo Co., Wis. og sidan jarnbanearbeidar («railroad baggage man») i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men vart skild frå Christine kring 1930 og busette seg sidan i Milwaukee, Milwaukee Co., Wis. der han heldt fram som var jarnbane­arbeidar («railroad worker»).  Christine vart buande i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho 23.3.1946 gifte seg att med enkjemannen Edward Fred Weigman, f. i LaPorte Co., Ind. 23.7.1891.  Han d. i Laurel, Mont. 26.4.1985.  Edward var i mange år jarnbanearbeidar («railroad boilermaker») i Redfield, Spink Co., S.D. og sidan mink- og sølvrevfarmar («mink and silver fox farmer») i Billings, Yellowstone Co., Mont. fabrikkarbeidar («trailer company worker») i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men flytte i 1970 på ny til Billings, Yellowstone Co., Mont.  Christine fekk fem born, som alle var frå første ekteskapet med Christ Urness, men Edward hadde òg tre born frå første ekteskapet sitt.

h. Erik Erikson Urnes, truleg kjend som Erick Urness,

 

     ##### (sjekka namn i Amerika?)

 

     son av Ellen og gardbrukar Erik Nitter Jacobson på Valaker lille i Hafslo (1848-1917), var f. i Hafslo 9.8.1878 og utvandra med mori til Amerika i 1881. 

 

     ##### (what became of him? - NOT the one who lived in Benson Co., ND! - biography?)

 

i. Karen, kjend som Carrie Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 1.6.1886, d. i Rochester, Minn. 23.6.1945.  Ho gifte seg i Mondovi, Wis. 12.10.1904 med Edward Franklin Kruger, f. i Pepin Co., Wis. 18.12.1883.  Han d. i Eau Claire, Wis. 2.10.1962.  Carrie og Edward Kruger farma i Drammen township, Eau Claire Co., Wis., men Edward livnærte seg òg som jarnbanearbeidar («railroad worker»).  Dei fekk ni born i lag.

j. Bert Edward Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 22.6.1887, d. i Geneva, Wis. 7.2.1965.  Han gifte seg i Buffalo Co., Wis. 17.7.1909 med søskenbarnet Johanna Pedersdotter Rudsvik frå Sogndal, i Amerika kjend som Johanna Wick.  Ho var dotter av husmannsdotteri Johanna Pedersdotter frå Bakkane under Urnes i Hafslo (1855-1912), men f. på Kaupanger i Sogndal 12.7.1888.  Ho utvandra til Amerika i 1907 og d. i Geneva, Wis. 9.10.1972.  Johanna var kjolesyerske («dress­maker»), medan Bert farma heimefarmen i Mondovi township, Buffalo Co., Wis.  Dei fekk to døtrer i lag.

k. Marie Christine, kjend som Mary Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 31.12.1890, d. i West Allis, Wis. 15.5.1979.  Mary Thompson var med farbroren Andrew på vitjing til Noreg i 1907, men fór attende til Amerika same året og gifte seg første gongen i Alma, Wis. 1.10.1907 med Wilhelm Friedrich Martin, kjend som William F. Deutscher.  Han var f. i Buffalo Co., Wis. 29.4.1882 og d. i West Allis, Wis. 1.9.1956.  Mary og William Deutscher farma ei tid i Drammen township, Eau Claire Co., Wis. og i Albany township, Pepin Co., Wis., men flytte sidan til Milwaukee, Milwaukee Co., Wis. der William livnærte seg som arbeidar («laborer»).  I 1929 flytte dei attende til Mondovi, Buffalo Co., Wis. der William var målar og vedlikehaldsarbeidar («painter and janitor»).  Dei vart skilde kring 1938, og Mary gifte seg att i Dubuque, Ia. 22.4.1939 med Lars Wilhelm Larsson Ellgren frå Söderala i Gävleborgs län, Sverige, i Amerika kjend som William Ellgren.  Han var son av båtsmann

 

     ##### (nemnd so 1885 – var han alltid det?)

 

     Lars Larsson (Blomkvist) Ellgren på Mysje i Söderala,

 

     ##### (stemmer bustaden fram til 1910?)

 

     opphavleg frå Wedtjära i Söderala, og kona Inga Hansdotter Ahnell frå Sunnanå i Söderala og f. i Söderala i Gävleborgs län, Sverige 30.9.1889, men utvandra til Amerika i 1910.  Han d. i Milwaukee, Wis. 17.5.1968.  William Ellgren var murar («mason and bricklayer»), og han og Mary budde i Milwaukee, Milwaukee Co., Wis.  Mary fekk fire søner, som alle var frå første ekteskapet, men William Ellgren hadde òg ein son frå eit tidlegare ekteskap.  Mellom borni hennar var denne sonen:

- Ervin Leo Deutscher (1914-1972), vart gift med Mable Urness Ellenberger (1910-1997), dotter av husmannssonen Christopher Hansson Urnes frå Langeteigen under Dalsøyri (1871-1964) (s.d.).­

l. Gilbert Henry Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 1.7.1892, d. i Hoquiam, Wash. 11.3.1964.  Han gifte seg i Independence, Wis. 15.8.1913 med Lena Louise Klove.  Ho var f. i Trempealeau Co., Wis. 9.10.1895 og d. i Hoquiam, Wash. 13.10.1964.  Gilbert var arbeidar («laborer») i Mondovi, Buffalo Co., Wis. til han og Lena i 1943 flytte til Hoquiam, Grays Harbor Co., Wash.  Der livnærte Gilbert seg som sagbruks­arbeidar («lumber mill laborer»).  Dei fekk tolv born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp
På 9.5.2020 den 0.18, Lars E. Øyane skrev:

k. Marie Christine, kjend som Mary Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 31.12.1890, d. i West Allis, Wis. 15.5.1979.  Mary Thompson var med farbroren Andrew på vitjing til Noreg i 1907, men fór attende til Amerika same året og gifte seg første gongen i Alma, Wis. 1.10.1907 med Wilhelm Friedrich Martin, kjend som William F. Deutscher.  Han var f. i Buffalo Co., Wis. 29.4.1882 og d. i West Allis, Wis. 1.9.1956.  Mary og William Deutscher farma ei tid i Drammen township, Eau Claire Co., Wis. og i Albany township, Pepin Co., Wis., men flytte sidan til Milwaukee, Milwaukee Co., Wis. der William livnærte seg som arbeidar («laborer»).  I 1929 flytte dei attende til Mondovi, Buffalo Co., Wis. der William var målar og vedlikehaldsarbeidar («painter and janitor»).  Dei vart skilde kring 1938, og Mary gifte seg att i Dubuque, Ia. 22.4.1939 med Lars Wilhelm Larsson Ellgren frå Söderala i Gävleborgs län, Sverige, i Amerika kjend som William Ellgren.  Han var son av båtsmann

 

     ##### (nemnd so 1885 – var han alltid det?)

 

     Lars Larsson (Blomkvist) Ellgren på Mysje i Söderala,

 

     ##### (stemmer bustaden fram til 1910?)

 

 

Her er husforhørene fram til 1915. De bodde på Mysje, og Lars Ellgren står oppført som båtsmann i alle husforhørene:

 

1885:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0032146_00146

1886-1890:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0032151_00167

1891-1895:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0032157_00182

1896-1900:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/F0010579_00254

1901-1905:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/F0010583_00259

1906-1915:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/F0010587_00308

 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for siste supplerande innlegget!

 

Då er «bolken» til Marie Christine «Mary» Thompson komplett, og me sit att med dei «gamle» utfordringane om Thomas Thompson og Erick Erickson (Urness) (sjå innlegg #19).

 

Dei vert det nok ikkje so lette å løysa....  Men vona vil eg i det lengste, og eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.