Jump to content
Arkivverket

Tøger Nitter Nilsson frå Talle i Luster (1809-1888) - som gullgravar til Australia i 1847 - eller kort deretter - sidan settlementsgrunnleggjar i Goodhue Co., MN - den utfordrande huslyden hans?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Det vert fortalt at medan to av brørne reiste til California i 1848 for å grava gull der, flytte Tøger Talle i staden til Australia i same ærend.  Men eventyret i Australia varte ikkje so lenge, og i 1854 vart Tøger Talle kjend som grunnleggjaren av det norske settlementet i Wanamingo township, Goodhue Co., MN.  Denne soga er det skrive mykje om, men mindre er det skrive om huslyden hans.

 

Eg har samla mykje om konene hans, men kvar det vart av den første, er eit mysterium.  Me trur ho døydde i Australia før Tøger fór til Amerika....  Andre kona var frå Norderhov på Ringerike , og ho skal ha vore «kolera-enkje» då ho vart kjend og gift med Tøger i 1855.  Ei utfordring i huslyden hennar er opphavet til svigerdotteri Sigvor Olsdotter, som eg vonar nokon greier å finna ut av.

 

Dette er ein svært so «spesiell» huslyd, som eg trur vil interessera mange.  Her følgjer et oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Tøger Nitter Nilsson Talle, son av føregåande brukar og herifrå garden, var f. 8.1.1809 og fekk 9.9.1835 skøyte på heimebruket hjå foreldri.  Han dreiv garden fram til 1846, og 9.4.1847 gifte han seg i Årstad ved Bergen med Eli Aamunds­dotter frå Haugen under Berge i Dale, f. 16.8.1818.­

Toege Talla fekk i 1847 attest hjå soknepresten for å utvandra til Amerika.  Han og Ellen kom heller aldri attende til Luster, men i staden for å dra til Amerika, skal dei vera farne til Australia der Toege var gullgravar («gold miner»).  Ellen Talla må vera avlidi kring 1850,

 

##### (probably died in Australia - details?)

 

og snart etter reiste Toege vidare til Amerika.  I 1854 drog han i lag med broren Henry og to av søstrene deira til Minnesota, og same året grunnla dei ein norsk nybyggjarkoloni i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn.  Toege gifte seg att i Goodhue Co., Minn. 27.6.1855 med enkja Olea Olsdotter, opphavleg frå Sørgefoss i Norderhov, då kjend som Olena Gulbrandson.  Ho var dotter av

 

##### (sjekka om dette opphavet stemmer?)

 

gardbrukar Ole Thoreson på Sørgefoss, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Mari Henriksdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Norderhov 12.3.­1813.  Ho gifte seg første gongen i Norderhov 19.7.1837 med Nils Gulbrandson frå Kvernebergsundet

 

##### (plass under kva gard? - nær Hønefoss?)

 

i Norderhov.  Han var son av

 

##### (husmann?)

 

Gulbrand Nilsson på Kvernebergsundet, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Martha Engebretsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og vart døypt i Norderhov 26.12.1812.  Nels og Olena Gulbrandson utvandra til Amerika i 1851, men Nels skal vera avliden av kolera på veg til Goodhue Co., Minn. i 1854. 

 

##### (details on this?)

 

Toege og Olena heldt fram som farmarar i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. der Toege d. 11.11.1888.  Olena Talle vart buande nokre år på farmen som enkje, men flytte so med yngste sonen til Fairview township, Cowley Co., Ks. der ho d. 29.6.1900.  So vidt me veit, var første ekteskapet til Toege Talla barnlaust,

 

##### (to be verified?)

 

men Olena fekk i alt fem born, fire frå første ekteskapet med Nels Gul­brandson og eitt frå det siste med Toege:

a. Gulbrand Nelson, f. på plassen Sundet under Øvre Tandberg i Norderhov 22.9.1837, utvandra til Amerika med foreldri i 1851.  Han flytte med mori til Goodhue Co., Minn. og gifte seg i Red Wing, Minn. 24.5.1859 med Sigvor Olsdotter frå

 

     ##### (det norske opphavet hennar?)

 

     i Amerika kjend som Sigvor Olson.  Ho var dotter av

 

     ##### (foreldri hennar med yrke, bustad og opphav?)

 

     og f. i

 

     ##### (fødestaden hennar?)

 

     23.9.1836, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (utvandringsåret hennar? - 1846 or 1857?)

 

     Gulbrand og Sigvor Nelson farma ei tid i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn., men flytte sist i 1880-åri til ein farm i Baker township, Kingsbury Co., S.D. og sidan vidare til ein farm i Ortley township, Roberts Co., S.D. der Gulbrand d. 21.12.1908.  Sigvor Nelson d. same staden 20.3.1911.  Dei fekk fjorten born i lag, mellom anna desse tre døtrene:

- Inger Olina, kjend som Olina Nelson (1860-1894), vart gift med gardbrukarsonen Johannes Jensson frå Kvam øvre i Hafslo (1857-1944) (s.d.).

- Anna Marie Nelson (1862-1954), vart gift med Peder, kjend som Peter O. Yngsdal (1865-1925), son av innerst Ole Pederson frå Kvam øvre i Hafslo (1818-1901) (s.d.).

- Nette Gurine Nelson (1866-1901), vart gift med Christopher Nitter Lilleskov (1864-1942), son av gardbrukarsonen Jan Johannes­son frå Lilleskog i Hafslo (1833-1896) (s.d.).

b. Martha Marie Nelson, f. i Norderhov 11.9.1839, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1851, men skal vera avlidi i same koleraepidemien som tok livet til faren i 1854.

 

     ##### (to be verified?)

 

c. Ole Nelson, f. i Norderhov 2.1.1845, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - Norderhov før 1851?)

 

d. Dortha Nelson, f. i Norderhov 6.11.1849, utvandra til Amerika med foreldri i 1851, men skal liksom faren vera avlidi i koleraepidemien i 1854.

 

     ##### (to be verified?)

 

e. Nels T. Talla, f. i Goodhue Co., Minn. 13.4.1857, d. i Ninnekah, Grady Co., Okla. 13.10.1930.  Nels Talla gifte seg i Goodhue Co., Minn. 16.5.1877 med Johanna O. Sage, dotter av husmannssonen Ole Erikson frå Sage under Dale (1824-1874).  Ho var f. i Goodhue Co., Minn. 11.2.­1860, og d. i Chickasha, Okla. 8.10.1930, fem dagar før mann sin.  Nels og Johanna tok først over heimefarmen hans i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn., men i 1893 selde dei og flytte til ein farm i Fairview township, Cowley Co., Ks.  I 1909 flytte dei vidare til ein ranch i Clarksville, Red River Co., Tx., og endeleg flytte dei i 1916 til ein farm nær Ninnekah, Grady Co., Okla.  Me lyt leggja til at Nels Talla var postmeister («postmaster») i Ninnekah, Okla. i mange år.  Han og Johanna fekk femten born  lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

24 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Sigvor Olson.  Ho var dotter av

 

     ##### (foreldri hennar med yrke, bustad og opphav?)

 

     og f. i

 

     ##### (fødestaden hennar?)

 

     23.9.1836

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCCT-2TY

 

 

Name: Sigvor Olsen
Gender: Female
Birth Date: 23 Sep 1836
Christening Date: 15 Oct 1836
Christening Place: VOSS,HORDALAND,NORWAY
Father's Name: Ole Brynilds.
Mother's Name: Ingeri Eriksdr
Link to comment
Share on other sites

Link to comment
Share on other sites

Ole Nilsen f. 1845 døde  i 1851:

SAKO, Norderhov kirkebøker, F/Fa/L0011: Ministerialbok nr. 11, 1847-1856, s. 357
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070314640182

 

Her er utflyttingen til foreldre og søsken i 1851:

SAKO, Norderhov kirkebøker, F/Fa/L0011: Ministerialbok nr. 11, 1847-1856, s. 418
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070314640228
 

Edited by Randi Elisabeth Haugros
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Sven og Randi Elisabeth for fleire interessante og nyttige innlegg!  Sigvor var altso ei vossajente...

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt med dei nye opplysningane som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Tøger Nitter Nilsson Talle, son av føregåande brukar og herifrå garden, var f. 8.1.1809 og fekk 9.9.1835 skøyte på heimebruket hjå foreldri.  Han dreiv garden fram til 1846, og 9.4.1847 gifte han seg i Årstad ved Bergen med Eli Aamunds­dotter frå Haugen under Berge i Dale, f. 16.8.1818.­

Toege Talla fekk i 1847 attest hjå soknepresten for å utvandra til Amerika.  Han og Ellen kom heller aldri attende til Luster, men i staden for å dra til Amerika, skal dei vera farne til Australia der Toege var gullgravar («gold miner»).  Ellen Talla må vera avlidi kring 1850,

 

##### (probably died in Australia - details?)

 

og snart etter reiste Toege vidare til Amerika.  I 1854 drog han i lag med broren Henry og to av søstrene deira til Minnesota, og same året grunnla dei ein norsk nybyggjarkoloni i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn.  Toege gifte seg att i Goodhue Co., Minn. 27.6.1855 med enkja Olea Olsdotter, opphavleg frå Sørgefoss i Norderhov, då kjend som Olena Gulbrandson.  Ho var dotter av

 

##### (sjekka om dette opphavet stemmer?)

 

gardbrukar Ole Thoreson på Sørgefoss, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Mari Henriksdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Norderhov 12.3.­1813.  Ho gifte seg første gongen i Norderhov 19.7.1837 med Nils Gulbrandson frå Kvernebergsundet

 

##### (plass under kva gard? - nær Hønefoss?)

 

i Norderhov.  Han var son av

 

##### (husmann?)

 

Gulbrand Nilsson på Kvernebergsundet, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Martha Engebretsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og vart døypt i Norderhov 26.12.1812.  Nils og Olea var husmannsfolk på

 

##### (kva for ein plass?)

 

under Hønen i Norderhov, men utvandra som Nels og Olena Gulbrandson til Amerika i 1851.  Nels skal vera avliden av kolera på veg til Goodhue Co., Minn. i 1854. 

 

##### (details on this?)

 

Toege og Olena heldt fram som farmarar i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. der Toege d. 11.11.1888.  Olena Talle vart buande nokre år på farmen som enkje, men flytte so med yngste sonen til Fairview township, Cowley Co., Ks. der ho d. 29.6.1900.  So vidt me veit, var første ekteskapet til Toege Talla barnlaust,

 

##### (to be verified?)

 

men Olena fekk i alt fem born, fire frå første ekteskapet med Nels Gul­brandson og eitt frå det siste med Toege:

a. Gulbrand Nelson, f. på plassen Sundet under Øvre Tandberg i Norderhov 22.9.1837, utvandra til Amerika med foreldri i 1851.  Han flytte med mori til Goodhue Co., Minn. og gifte seg i Red Wing, Minn. 24.5.1859 med Sigvor Olsdotter frå

 

     ##### (det norske opphavet hennar?)

 

     i Amerika kjend som Sigvor Olson.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Brynjulfson på Løen, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     og kona Ingrid Eriksdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     og f. på Voss 23.9.1836, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1857.  Gulbrand og Sigvor Nelson farma ei tid i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn., men flytte sist i 1880-åri til ein farm i Baker township, Kingsbury Co., S.D. og sidan vidare til ein farm i Ortley township, Roberts Co., S.D. der Gulbrand d. 21.12.1908.  Sigvor Nelson d. same staden 20.3.1911.  Dei fekk fjorten born i lag, mellom anna desse tre døtrene:

- Inger Olina, kjend som Olina Nelson (1860-1894), vart gift med gardbrukarsonen Johannes Jensson frå Kvam øvre i Hafslo (1857-1944) (s.d.).

- Anna Marie Nelson (1862-1954), vart gift med Peder, kjend som Peter O. Yngsdal (1865-1925), son av innerst Ole Pederson frå Kvam øvre i Hafslo (1818-1901) (s.d.).

- Nette Gurine Nelson (1866-1901), vart gift med Christopher Nitter Lilleskov (1864-1942), son av gardbrukarsonen Jan Johannes­son frå Lilleskog i Hafslo (1833-1896) (s.d.).

b. Martha Marie Nelson, f. i Norderhov 11.9.1839, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1851, men skal vera avlidi i same koleraepidemien som tok livet til faren i 1854.

 

     ##### (to be verified?)

 

c. Ole Nelson, f. i Norderhov 2.1.1845, d. som husmannsson i Høneneiget 18.4.1851.

d. Dortha Nelson, f. i Norderhov 6.11.1849, utvandra til Amerika med foreldri i 1851, men skal liksom faren vera avlidi i koleraepidemien i 1854.

 

     ##### (to be verified?)

 

e. Nels T. Talla, f. i Goodhue Co., Minn. 13.4.1857, d. i Ninnekah, Grady Co., Okla. 13.10.1930.  Nels Talla gifte seg i Goodhue Co., Minn. 16.5.1877 med Johanna O. Sage, dotter av husmannssonen Ole Erikson frå Sage under Dale (1824-1874).  Ho var f. i Goodhue Co., Minn. 11.2.­1860, og d. i Chickasha, Okla. 8.10.1930, fem dagar før mann sin.  Nels og Johanna tok først over heimefarmen hans i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn., men i 1893 selde dei og flytte til ein farm i Fairview township, Cowley Co., Ks.  I 1909 flytte dei vidare til ein ranch i Clarksville, Red River Co., Tx., og endeleg flytte dei i 1916 til ein farm nær Ninnekah, Grady Co., Okla.  Me lyt leggja til at Nels Talla var postmeister («postmaster») i Ninnekah, Okla. i mange år.  Han og Johanna fekk femten born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

På 19.10.2019 den 1.02, Lars E. Øyane skrev:

 

e. Nels T. Talla, f. i Goodhue Co., Minn. 13.4.1857, d. i Ninnekah, Grady Co., Okla. 13.10.1930.  Nels Talla gifte seg i Goodhue Co., Minn. 16.5.1877 med Johanna O. Sage, dotter av husmannssonen Ole Erikson frå Sage under Dale (1824-1874).  Ho var f. i Goodhue Co., Minn. 11.2.­1860, og d. i Chickasha, Okla. 8.10.1930, fem dagar før mann sin.  Nels og Johanna tok først over heimefarmen hans i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn., men i 1893 selde dei og flytte til ein farm i Fairview township, Cowley Co., Ks.  I 1909 flytte dei vidare til ein ranch i Clarksville, Red River Co., Tx., og endeleg flytte dei i 1916 til ein farm nær Ninnekah, Grady Co., Okla.  Me lyt leggja til at Nels Talla var postmeister («postmaster») i Ninnekah, Okla. i mange år.  Han og Johanna fekk femten born i lag.

 

Den eldste av dei 15 barna til Nels var Thomas Oscar Talla. Eg har hatt litt kontakt med barnebarnet til Thomas Oscar (altså tippoldebarnet til Tøger). Han heiter Eric Talla. Eg trur han veit litt om slekta si. Eg skal sende deg ein PM med epostadressa til Eric Talla.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.