Gå til innhold
Arkivverket

Lesnsmand/Lnsnsmand – feilskriving i kyrkjeboka eller feil tolking – dåp i Tinn 1850


Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Eg slit med å lese tittel til Ole Hansen Bernaas i innførsel nr. 4. Eg veit at han var lensmann, og tittelen framføre namnet ser da også med eit raskt blikk tisynelatande ut som ei skriftleg attgjeving av ordet "lensmann". Men tek eg bokstav for bokstav gjev det den underlege bokstavkombinasjonen "Lesnsmand", eller "Lnsnsmand". Kan det vera feilskriving?

 

Same "vanskelege" tittel kjem att i innførsel nr. 12 på same sida: fadder "Lesnsmand" H[ans] Anfindsen [Bernaas]. Sistnemnde "Lesnsmand" gjekk elles av i 1838, men at han heldt fram med å gå under denne nemninga også deretter er ikkje så underleg. Men det er underleg at "Lesnsmand" er skrive på same vis som i innførsel nr. 4 over. Feilskriving éin gong går an, men to?

 

Detaljfoto vedlagt under.

 

SAKO, Tinn kirkebøker, F/Fa/L0005: Ministerialbok nr. I 5, 1844-1856, s. 21
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051005020315

 

At innførsel nr. 4 gjeld dåpen til oldefar min og dei problematiske titlane tilfeldigvis gjeld for tippoldefar og tipptippoldefar er faktisk heilt uinteressant i denne samanhengen. Eg spør fordi eg i desse dagar held på med sluttkorrektur etter transkripsjon av kyrkjeboka 1844–1856, og da bør uklare tolkingar ryddast av vegen.

IMG_3946.jpeg

IMG_3947.jpeg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff og huff, desse skumle gotiske h-ane som ser ut som s-ar, og som dukkar opp der dei ikkje burde vera midt inne i tekstar med elles berre latinske h-ar! 

 

Mange takk til Inge Nygård og Eldbjørg Lyngstad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.