Gå til innhold
Arkivverket

Kirstina Ellingsdotter Talle (1838-1908) - frå Luster til Bergen og gift med Peder Haakonsen (Navarsete) - to born til Amerika - kven var svigersonen John C. Wilson og svigerdøtrene Nettie Nelson og Mathilda?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg hadde god kontakt med då eg første gongen arbeidde med soga deira på 1980-talet.  Særleg hugsar eg at ein av etterkomararne (barneborni) fortalte meg dei hadde hatt storopprydning etter at eitt av søskeni (borni) døydde på 1950-talet, og der gjekk ein bråte med gamle brev på bålet!!!

 

Vel, eg har no freista finna ut meir om dei to søskeni som utvandra til Amerika og har lukkast langt på veg, men ei stor utfordring er å finna ut kven den tysk-norske svigersonen John C. Wilson kan ha vore?  Og kanskje like vanskeleg, den svenske svigerdotteri Nettie Nelson.  Men den største utfordringi er truleg svigerdotteri Mathilda...?

 

No vonar eg på eksperthjelp frå Brukarforum og legg fram eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Kirstina Ellingsdotter {Talle}, f. {i Luster} 5.5.1838,

Christine Ellingsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 26.6.1864 gifte seg med Peder Haagenson frå Navarsete i Sogndal, ein son av gardbrukardotteri Britha Pedersdotter frå Kvam nedre i Hafslo (1816-1899), i Bergen kjend som Peder Haakonsen.  Han var f. i Sogndal 16.7.1841.  Peder var ei tid dagarbeidar i Bergen, men vart sidan stuert.  Han og Christine budde mange år i Fjeldgaten i Bergen, men flytte sist i 1870-åri inn i eit nytt hus som dei då bygde i Torden­skjoldsgaten.  Peder d. der 18.1.1896, medan Christine Haakonsen d. same staden 23.4.1908.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Johanna Andrea Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 14.8.­1862, d. i Bergen 7.4.1863.

b. Johanna Andrea, kjend som Hannah Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 5.6.1864, utvandra til Amerika i 1883

 

     ##### (sjekka utvandringsåret?)

 

     og gifte seg i Minneapolis, Minn. 17.1.1891 med

 

     ##### (norsk namn og opphav?)

 

     i Amerika kjend som John C. Wilson.  Han var son av

 

     ##### (foreldri med yrke, bustad og opphav? - faren skal vera TYSK av fødsel - jmf. dødsattest - mori norsk)

 

     og f.

 

     ##### (fødestaden hans? - fødselsår 1860?)

 

     30.5.1858, men utvandra til Amerika i 1878

 

     ##### (sjekka utvandringsåret?)

 

     John var ei tid maskinist («machinist») i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men han og Hannah vart sidan fruktfarmarar i Greenwood township, Hennepin Co., Minn. der John d. 28.7.1934.  Hannah Wilson d. same staden 25.1.1938.  Dei var barnlause.

c. Karen Berentine Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 19.7.1866, d. i Bergen 3.12.1868.

d. Haakon Theodor Pederson Haakonsen, kjend som Hawkin Hawkenson, f. i Bergen 13.4.1869, utvandra til Amerika i 1887 og gifte seg første gongen i Minneapolis, Minn. 9.1.1896 med

 

     ##### (svensk namn og opphav?)

 

     i Amerika kjend som Nettie Nelson.  Ho var dotter av

 

     ##### (foreldri hennar med yrke, bustad og opphav?)

 

     og f.

 

     ##### (fødestaden hennar? - i Sverige!)

 

     19.9.1870, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (utvandringsåret hennar? - 1886?)

 

     Hawkin var køyrekar og sidan prenteverksarbeidar («teamster and printer's stockman»), og han og Nettie budde levetidi ut i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Nettie d. 27.4.1930.  Hawkin gifte seg att

 

     ##### (ei Mathilda levde att som enkje etter Hawkin i 1937! - kven var ho??)

 

     men so d. Hawkin i Minneapolis, Minn. 27.7.1937, medan Mathilda

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

     Hawkin fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

e. Henrik Johan Pederson Haakonsen, f. i Bergen 9.7.1871, d. i Bergen 11.5.1952.  Han gifte seg i Bergen 5.12.1897 med Othilie Marie Andreasdotter Ludvigsen frå Bergen, f. i Bergen 8.10.1875.  Ho d. i Bergen 19.11.1952.  Henrik Haakonsen var typograf, og han og Othilie budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

f. Eilert Johan Pederson Haakonsen, f. i Bergen 1.9.1873, d. i Bergen 25.8.1922.  Han gifte seg i Bergen 21.3.1897 med Kristine Hansine Martine Hansdotter Olsen frå Bergen.  Ho var f. i Bergen 23.4.1876 og d. i Bergen 29.4.1958.  Etter mange år som enkje gifte ho seg att

 

     ##### (dato og stad for denne vigsli? - kring 1936)

 

     med Annanias Johannes Johannessen frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     Han var f.

 

     ##### (fødestaden hans?)

 

     30.1.1874 og d. i Bergen 28.8.1955.  Eilert Haakonsen var først sjømann og sidan fabrikkarbeidar i Bergen, medan Annanias Johannessen var bakar.  Huslyden budde i Bergen levetidi ut.  Kristine fekk i alt sju born, alle frå første ekteskapet med Eilert Haakonsen.

g. Peder Christian Pederson Haakonsen, f. i Bergen 21.12.1875, d. i Bergen 24.2.1954.  Han gifte seg i Bergen 28.11.1903 med Anna Katrine Johannesdotter Larsen frå Bergen, f. i Bergen 13.2.1880.  Ho d. i Bergen 13.11.1964.  Peder Christian Haakonsen var snikkarsvein og arbeidde på ein pianofabrikk i mange år.  Han og Anna budde i Bergen levetidi ut og fekk fem born i lag.

h. Henriette Sofie Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 8.6.1881, d. ugift i Bergen 2.8.1906.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Nettie Nelson.  Ho var dotter av

 

     ##### (foreldri hennar med yrke, bustad og opphav?)

 

     og f.

 

     ##### (fødestaden hennar? - i Sverige!)

 

     19.9.1870, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (utvandringsåret hennar? - 1886?)

En kandidat:

 

Utskrift fra EmiWeb/Emigranter registrert i svenske kirkebøker

Fornavn: Neta   Utflyttingsdato: 1884-05-23
Etternavn: Nilsdotter   Utflyttingssted: Krogsill
Fødselsdato: 1870-09-19   Utflyttingssogn: Våxtorp
Gårdsnavn:     Utflyttingslän: Halland
Født sted:     Destinasjon sted:  
Født sogn: Våxtorp   Destinasjon land: Amerika
Født län: Halland   Landskode:  
Født sted (utenfor Sverige):     Enslig/Familie: E
Født land (utenfor Sverige):     Filnr: 2
Yrke: Fosterdotter/piga   Kilde:  
Alder: 14   Side i Husforhør/Församlingsbok: 195
Kjønn: K   Nr. i utflyttingsliste: 8
Sivilstatus: Og  
 
Innflyttingsår:     Husforhørsbind: AI/151877-1884
Innflyttingssted:     Utflyttingsbind: B/1 1861-1894
Innflyttingssogn:     Merknader i utflyttingsliste:  
Innflyttingslän:     Merknad om gjeninnvandring:  
Innflyttingsland:     Gjeninnvandringsdato:  
Fars navn:     Merknad om arbeidsattest:  
Fars yrke:  
Mors navn: Agneta Katarina Carlsdotter
Mors yrke: Hemmadotter
Ektemakes navn:  
Ektemakes yrke:  
 
Sist oppdatert: 2015-02-05 10:29:39.0
Arkiveiere: Kinship Center
E-post: varmland@emiweb.se
Telefon: +46 54 67 15 100

 

Fritekst

Fosterföräldrar: Hemmansägare Anders Svensson och hustru Bengta Olsdotter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

med Annanias Johannes Johannessen frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     Han var f.

 

     ##### (fødestaden hans?)

 

Dåp nummer 19

 

Sogn og Fjordane fylke, Sande, Bygstad, Viksdalen (Vik) i Gaular (Indre Holmedal), Ministerialbok nr. A 5 (1860-1881), Fødte og døpte 1874, Side 135
Permanent bilde-ID: kb20070111310390
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070111310390
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070111310390.jpg
 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

##### (dato og stad for denne vigsli? - kring 1936)

Vielse nummer 130

 

Bergen fylke, Johannes i Johannes, Klokkerbok nr. C 3 (1929-1949), Viede 1933, Side 45b-46a
Permanent bilde-ID: kb10081105232051
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10081105232051
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb10081105232051.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Hawkin var køyrekar og sidan prenteverksarbeidar («teamster and printer's stockman»), og han og Nettie budde levetidi ut i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Nettie d. 27.4.1930.  Hawkin gifte seg att

 

     ##### (ei Mathilda levde att som enkje etter Hawkin i 1937! - kven var ho??)

 

 

Kanskje denne vielsen? (https://moms.mn.gov)

 

45581802_Skjermbilde2019-10-19kl_09_59_58.png.00bfed5b84081ba8cdb08ede6f6a9e5d.png

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

i Amerika kjend som Nettie Nelson.  Ho var dotter av

 

     ##### (foreldri hennar med yrke, bustad og opphav?)

 

St. Ljunghus 1870-1875:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0011998_00340

Woxtorp 1875-1877:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0011998_00316

Woxtorp 1877-1879:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0011999_00334

Fattighuset 1879-1881:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0011999_00415

Krogsilt 1881-1884:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0011999_00200

 

Moren hennes døde 12.7.1880 (nr. 24):  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/00134586_00080

Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

. Eilert Johan Pederson Haakonsen, f. i Bergen 1.9.1873, d. i Bergen 25.8.1922.  Han gifte seg i Bergen 21.3.1897 med Kristine Hansine Martine Hansdotter Olsen frå Bergen.  Ho var f. i Bergen 23.4.1876 og d. i Bergen 29.4.1958.  Etter mange år som enkje gifte ho seg att

 

     ##### (dato og stad for denne vigsli? - kring 1936)

 

     med Annanias Johannes Johannessen frå

 

Annanias i FT1875:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052312000304

Gift første gang med Elisa Jørgine Jørgensen 5.11.1904:  https://www.digitalarkivet.no/kb20050513010629

FT1910:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708052373

FT1912:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01105551074341

FT1922:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065522076217

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Viede: 1933-12-16 

Person: Hansine Kristine Martine Haakonsen f. Olsen

PERMANENT ID: pv00000001527417
   
Løpenr:
2
Rolle:
brur
Fornavn:
Hansine Kristine Martine
Etternavn:
Haakonsen f. Olsen
Kjønn:
k
Stilling/stand:
-
Bosted:
-
Fødselsdato:
-
Fødselsår:
1876
Fødested:
-
Alder:
-
Antall ganger gift:
-
Tidligere gift:
-
Konfirmert:
-
Vaksinert:
-
Altergang:
-
Legitimasjon:
-

 
             
1 brudgom Ananias Johannes Johannesen   1874    
2 brur Hansine Kristine Martine Haakonsen f. Olsen   1876    
Side:
46b-47a
Løpenr:
130
År:
1933
Forlovelsesdato:
-
Vielsesdato:
12-16
Lysing:
-
Sogn/kirke:
-
Vielsessted:
-
Merknader:
-

Kildeinformasjon:

Ministerialbok for Johannes prestegjeld 1929-1949 (1301M6)

Gå til kilde 

Fylke:
Bergen
Kommune (1947):
Bergen
Geografisk område:
Johannes prgj.
Johannes sokn
Startår:
1929
Sluttår:
1949

Viede:

1933-12-16 

Sogn/kirke:
-
Side:
46b-47a
Løpenr:
130
BIDRAGSYTERE
ANSVARLIG AKTØR
SKANNET VERSJON

Digitalarkivet er en tjeneste fra Arkivverket

E-post: digitalarkivet@arkivverket.no
Hjelpetelefon: 480 55 666

Postadresse: Digitalarkivet, Arkivverket, Postboks 4013 Ullevål stadion, 0806 OSLO


Personvernerklæring

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001527417

 

Nr 130

https://media.digitalarkivet.no/view/43672/51

 

Klokkerboken

Nr 130

https://media.digitalarkivet.no/view/43320/51

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

i Amerika kjend som John C. Wilson.  Han var son av

 

     ##### (foreldri med yrke, bustad og opphav? - faren skal vera TYSK av fødsel - jmf. dødsattest - mori norsk)

 

     og f.

 

     ##### (fødestaden hans? - fødselsår 1860?)

 

     30.5.1858, men utvandra til Amerika i 1878

 

 

Aktuell kandidat:

 

Johan Christian Bertelsen Weltzin, f. 30.5.1858 i Avaldsnes:  https://www.digitalarkivet.no/kb20051108031232

 

Bosatt med moren i FT1865:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038197000708

Broren Ludvig var pleiesønn hos mormoren:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038218003322

 

Konfirmert 21.9.1873:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070102310116

 

Sjømannsrulle:  https://www.digitalarkivet.no/ru10611705113011
 

Foreldrenes vielse 3.4.1857:  https://media.digitalarkivet.no/view/1580/101

 

Moren og broren Ludvig utvandret i 1873 (nr. 12 og 13):  https://www.digitalarkivet.no/kb20051108031410

 

Bygdebok for Karmøy. 1 : Avaldsnes

1652354728_Skjermbilde2019-10-19kl_16_12_51.png.d478365dbef7f1ef7237724288e56096.png

1930249549_Skjermbilde2019-10-19kl_16_14_23.png.7b0d67f4759e8a30c8c020fd300e12a5.png

1639012093_Skjermbilde2019-10-19kl_16_14_51.png.d267c0af8b578b31e4c421e59256c51b.png

900464519_Skjermbilde2019-10-19kl_16_15_11.png.4d9cbe844dc6bc9018043ab3732352cd.png

 

849321869_Skjermbilde2019-10-19kl_16_15_36.png.e5bad9466f1a71e78d5bf2d1222fe659.png

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er mektig imponert over kva opplysnigar som i dag er komne fram om denne huslyden.  Hjarteleg takk til Sven, Lars W. og Ann-Mary for fantastisk innsats!

 

Eg har vore undervegs det meste av dagen, men det har vore ei stor glede for meg i kveld å oppdatera dette manuskriptet som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kirstina Ellingsdotter {Talle}, f. {i Luster} 5.5.1838,

Christine Ellingsdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 26.6.1864 gifte seg med Peder Haagenson frå Navarsete i Sogndal, ein son av gardbrukardotteri Britha Pedersdotter frå Kvam nedre i Hafslo (1816-1899), i Bergen kjend som Peder Haakonsen.  Han var f. i Sogndal 16.7.1841.  Peder var ei tid dagarbeidar i Bergen, men vart sidan stuert.  Han og Christine budde mange år i Fjeldgaten i Bergen, men flytte sist i 1870-åri inn i eit nytt hus som dei då bygde i Torden­skjoldsgaten.  Peder d. der 18.1.1896, medan Christine Haakonsen d. same staden 23.4.1908.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Johanna Andrea Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 14.8.­1862, d. i Bergen 7.4.1863.

b. Johanna Andrea, kjend som Hannah Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 5.6.1864, utvandra til Amerika i 1883

 

     ##### (sjekka utvandringsåret?)

 

     og gifte seg i Minneapolis, Minn. 17.1.1891 med Johan Christian Bertelsen Fredrikson Weltzin frå Avaldsnes prestegard i Avaldsnes, i Amerika kjend som John C. Wilson.  Han var son av lensmann Fredrik Wilhelm Johanson Weltzin på Gloppe, Avaldsnes prestegard, opphavleg frå Soppeland i Årdal, Hjelmeland, og andre kona Anna Riber Chistiansdotter Bertelsen frå Gloppe.  Han var f. i Avaldsnes 30.5.1858, men voks opp i Haugesund og utvandra derifrå til Amerika i 1878

 

     ##### (sjekka utvandringsåret?)

 

     John var ei tid maskinist («machinist») i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men han og Hannah vart sidan fruktfarmarar i Greenwood township, Hennepin Co., Minn. der John d. 28.7.1934.  Hannah Wilson d. same staden 25.1.1938.  Dei var barnlause.

c. Karen Berentine Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 19.7.1866, d. i Bergen 3.12.1868.

d. Haakon Theodor Pederson Haakonsen, kjend som Hawkin Hawkinson, f. i Bergen 13.4.1869, utvandra til Amerika i 1887 og gifte seg første gongen i Minneapolis, Minn. 9.1.1896 med Neta Nilsdotter frå Krogsill i Våxtrup, Hallands län i Sverige, i Amerika kjend som Nettie Nelson.  Ho var dotter av jenta Agneta Catharina Carlsdotter på Stora Ljunghus i Våxtorp, men voks opp hjå fosterforeldre

 

     ##### (yrkestitel? – hemmansägare?)

 

     Anders Svensson på Krogsill i Våxtorp, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     og kona Bengta Olsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     og f. i Våxtorp, Hallands län, Sverige 19.9.1870, men utvandra til Amerika i 1884.  Hawkin var køyrekar og sidan prenteverksarbeidar («teamster and printer's stockman»), og han og Nettie vart buande i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Nettie d. 27.4.1930.  Hawkin gifte seg att i Minneapolis, Minn. 8.8.1931 med Mathilda

 

     ##### (info on her? – called McAvoy i 1931!)

 

     men so d. Hawkin i Minneapolis, Minn. 27.7.1937, medan Mathilda

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

     Hawkin fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

e. Henrik Johan Pederson Haakonsen, f. i Bergen 9.7.1871, d. i Bergen 11.5.1952.  Han gifte seg i Bergen 5.12.1897 med Othilie Marie Andreasdotter Ludvigsen frå Bergen, f. i Bergen 8.10.1875.  Ho d. i Bergen 19.11.1952.  Henrik Haakonsen var typograf, og han og Othilie budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

f. Eilert Johan Pederson Haakonsen, f. i Bergen 1.9.1873, d. i Bergen 25.8.1922.  Han gifte seg i Bergen 21.3.1897 med Kristine Hansine Martine Hansdotter Olsen frå Bergen.  Ho var f. i Bergen 23.4.1876 og d. i Bergen 29.4.1958.  Etter mange år som enkje gifte ho seg att i Johanneskyrkja i Bergen 16.12.1933 med enkjemannen Annanias Johannes Johannessen, opphavleg frå Yndestad i Gaular,

 

     ##### (sjekka at far hans var gardbrukar på Yndestad!?)

 

     f. i Gaular 30.1.1874, men flytt til Bergen i 1889.  Han d. i Bergen 28.8.1955.  Eilert Haakonsen var først sjømann og sidan fabrikkarbeidar i Bergen, medan Annanias Johannessen var bakar.  Huslyden budde i Bergen levetidi ut.  Kristine fekk i alt sju born, alle frå første ekteskapet med Eilert Haakonsen, men Annanias hadde òg

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – minst seks born!)

 

     frå første ekteskapet sitt.

g. Peder Christian Pederson Haakonsen, f. i Bergen 21.12.1875, d. i Bergen 24.2.1954.  Han gifte seg i Bergen 28.11.1903 med Anna Katrine Johannesdotter Larsen frå Bergen, f. i Bergen 13.2.1880.  Ho d. i Bergen 13.11.1964.  Peder Christian Haakonsen var snikkarsvein og arbeidde på ein pianofabrikk i mange år.  Han og Anna budde i Bergen levetidi ut og fekk fem born i lag.

h. Henriette Sofie Pedersdotter Haakonsen, f. i Bergen 8.6.1881, d. ugift i Bergen 2.8.1906.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

  Anders Svensson på Krogsill i Våxtorp, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

Anders Svensson var født 31.12.1826 i Våxtorp:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0012007_00024

 

Han bodde på Pehrshult fram til familien flyttet til Krogshult/Krogshilt/Krogsilt i 1838:

 

1826-1831:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0010739_00143

1831-1838:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0011992_00075

1838-1840:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0011992_00237

1840-1848:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0011993_00094

1848-1856:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0011994_00120

 

Han giftet seg med Bengta Olsdotter i Tåssjö i 1856. Hun flyttet da til Krogshult/Krogshilt/Krogsilt:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0063218_00029

 

1857-1861:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0011995_00119

1861-1869:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0011996_00146

1869-1877:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0011998_00200

1877-1884:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0011999_00200

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

og kona Bengta Olsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

Bengta Olsdotter var født 11.6.1825 i Munka-Ljungby:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0061165_00065

 

Hun bodde på Hillarp i Munka-Ljungby fram til familien flyttet til Backagård i Tåssjö i 1833:

 

1825-1832:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0061132_00208

1833-1838:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0062367_00017

1838-1843:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0062368_00024

1843-1849:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0062369_00021

1849-1853:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0062370_00029

1853-1856:  https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/C0062371_00032

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.