Jump to content
Arkivverket

Brå slutt på Skiftedesignasjoner 1735-1748 for Nordhordland sorenskriveri


Torbjørn Igelkjøn

Recommended Posts

Etter å ha grubla litt på kvifor eg ikkje greidde å finne eit skifte som er vist til i bygdeboka for Gulen fann eg til slutt opplysningar frå det aktuelle skiftet ved å bla meg fram i skiftedesignasjonane for Nordhordland A 3/1731 - 1748. Neste spørsmål var då kvifor eg ikkje fekk treff i registeret.

 

Det ser ut til at dette registeret har ein brå slutt her:

https://www.digitalarkivet.no/view/234/fa00000000629364

 

Når det gjeld det siste skiftet i databasen, "Ole Kaaresen Vigsøen, Broder" (høgre side i protokollen) er berre øverste linja med:

Bergen, Hordaland, Sogn og Fjordane fylke, Nordhordland, Skifteprotokoll nr. A 3 (1731-1748), Skifteprotokollside, Side 120b-121a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081114670607
 

Resten av protokollen ser ut til å mangle i databasen.

 

Sidan databasen sluttar midt i eit skifte lurer eg på om det har skjedd noko f. eks. ved overføring frå "gamle Digitalarkivet", og om det er mogeleg å finne att fila dette er henta frå og laste inn ein komplett versjon. Eventuelt burde resten av protokollen ha vore etterregistrert.

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

  • 1 month later...

Eg har no lagt inn korrekturmelding, der eg viser til denne tråden. Eg håpar at nokon i Arkivverket plukkar opp dette slik at ein kan finne ut om ein har mista siste del av databasen ved konvertering frå "gamle" Digitalarkivet, eller om resten må registrerast frå grunnen av. (Eg har også sendt spørsmålet på epost til Åsane historielag, utan å få noko respons).

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

Jeg sjekket nå, og det ser ut for at denne sluttet like brått i gamle Digitalarkivet også. Dårlig med dokumentasjon på denne, slik at jeg vet ikke hvorfor uten å grave nokså dypt i saken. Skal se hva jeg kan få gjort med å undersøke litt.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.