Jump to content
Arkivverket
Renate Hagen

Gjertrud Amundsdatter Hafslo, hvem var hennes foreldre?

Recommended Posts

Renate Hagen

Gjertrud Amundsdatter fikk i 1854 et barn utenfor ekteskapet. I Nils sin dåp står det at dette var hennes andre leirmål.

https://media.digitalarkivet.no/view/8393/24

 

Blar man bakover i kirkebøkene finner man en Gjertrud Amundsdatter som får en sønn, Erik Hansen, utenfor ekteskapet i 1846. Nr.78.

https://media.digitalarkivet.no/view/11457/110

 

Folketelling 1865 med Gjertrud og Erik. Hun står som født i 1821 i Luster. (Nils ble satt til fostring og finner han aldri med sin mor).

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038260002421

 

Folketelling 1875 hvor Nils (7) og Erik (12) bor på samme sted.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052307003274

 

Folketelling 1875 Gjertrud

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052307003287

 

Folketelling 1891 hvor Gjertrud bir hos Erik.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053009002716

 

Gjertrud avdød 1896

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000332275

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000086939

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Det er trolig denne som ble døpt 23. april 1821 i Dale.  Født 15. april 1821.

Foreldre Ammund Andersen og Sophie Johannesdatter Berge

 

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 3 (1803-1821), Kronologisk liste 1821, Side 250-251
Permanent bilde-ID: kb20070514610127
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070514610127
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514610127.jpg

 

EDIT: Feil foreldre, se innlegg #8
 

Edited by Sven Hjortland

Share this post


Link to post
Share on other sites
Renate Hagen

Oj, det var kjapt levert! Tusen takk, Sven. Da har jeg en del å jobbe videre med 😊

Share this post


Link to post
Share on other sites
Renate Hagen
5 timer siden, Sven Hjortland skrev:

Det er trolig denne som ble døpt 23. april 1821 i Dale.  Født 15. april 1821.

Foreldre Ammund Andersen og Sophie Johannesdatter Berge

 

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 3 (1803-1821), Kronologisk liste 1821, Side 250-251
Permanent bilde-ID: kb20070514610127
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070514610127
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514610127.jpg
 

Ser nå at bygdeboka oppgir at denne Gjertrud døde i 1843 og vil isåfall ikke være riktig Gjertrud. 

https://www.nb.no/items/434eca048d78e6119256dbaf99688b50?searchText=Aamund&page=223

 

Nr. 66. Alder her er oppgitt til å være 24 (født ca 1819).

https://media.digitalarkivet.no/view/8400/141

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hei Renate!

 

Gjertrud Aamundsdotter er omskrivi hjå meg på ein (førebels) uidentifisert bustad i Bakkane under Urnes:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Gjertrud Aamundsdotter Urnæs, opphavleg frå Åreskori under Kroken i Luster, men sjå Hammaren under Urnes, var f. i Luster 28.8.1821 og d. som legdelem på Urnes 10.2.1896.  Gjertrud ser ut til å ha butt som innerst på Urnes i alle år etter at mori flytte hit i 1830-åri.  Gjertrud vart aldri gift, men fekk tre søner:

 1. Erik Hansson (1846-1911), son av Gjertrud og

 

     ¤¤¤¤¤ (Hans Nilsson - usikkert kva for ein?)

 

     vart husmann i Lindestegen under Urnes.

 2. Nils Henrikson (1854-1945), son av Gjertrud og husmann Henrik Halvorson i Eidsbakken under Eide i Luster (1834-1908), vart husmann i Hagen 2 under Urnes.

 3. Anders Christenson, son av Gjertrud og husmannssonen Christen Pederson frå Bakkane under Urnes (1839-1915), var f. 19.6.1861,

Anders Urnæs vart spedalsk og flytte i 1875 på pleiestiftelsen i Bergen der han d. 27.7.1888, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Og på Hammaren under Urnes finn me denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~

 

Sjur Ambjørnson Urnes, opphavleg frå Lunden under Rønnei i Luster, men sjå Plassen under Urnes, vart døypt i Luster 20.2.1791 og gifte seg første gongen i Hafslo 15.6.1818 med Mari Jørgensdotter frå Urnes (bnr. 20).  Ho vart døypt 27.1.1793, men vart gravlagd frå Urnes alt 4.2.1821. og 5.3.1839 gifte Sjur seg att i Hafslo med Anna Nilsdotter frå Åreskori under Kroken i Luster.  Ho vart døypt i Luster 3.4.1801.  Sjur og Mari var i mange år plassfolk i Bakken 1 i Kinserdalen under Urnes, men i 1843 fekk han feste på Børtnes, der han budde til han kring 1849 tok over som husmann på Hammaren.  Her vart han og Anna buande fram til 1866.

Sever og Anna Kins utvandra i 1866 til Amerika og busette seg visstnok hjå dotteri Mary og mannen hennar på farmen deira i Chimney Rock township, Trempealeau Co., Wis. der Sever d. 21.4.1874.  Anna Kins d. truleg i Buffalo Co., Wis. kring 1885.

Sjur Ambjørnson fekk i alt fem born, to frå første ekteskapet og tre frå det andre, men andre kona hadde òg to born frå før:

 1. Hans Sjurson (1818-1878), var ei tid husmann på Børtnes under Urnes (s.d.).

 2. Anna Sjursdotter (1820-1820).

 3. Gjertrud Aamundsdotter (1821-1896), dotter av Anna og husmannssonen Aamund Henrikson frå Kjødni under Leirmo i Luster (1800-1874), vart innerst i Bakkane under Urnes (s.d.).

 4. Britha Pedersdotter (1832-1832), var dotter av Anna og husmann Peder Ellefson på Sva under Høyeim i Luster (1810-1882).

 5. Nils Sjurson (1837-1838).

 6. Maria Sjursdotter (1839-1920), vart gift med gardbrukarsonen Nils Pederson frå Åsen (1844-1903).

 7. Nils Sjurson, f. 18.2.1843,

Nels Severson, sidan kjend som Nels S. Kins, utvandra til Amerika med foreldri sine i 1866 og gifte seg i Buffalo Co., Wis. 4.6.1873 med Martha Johannesdotter frå Haugen 1 i Kinserdalen under Urnes i Hafslo, i Amerika kjend som Martha Johnson.  Ho var f. i Hafslo 24.10.1850 og utvandra til Amerika i 1871.  Nels og Martha slo seg ned som farmarar i Naples township, Buffalo Co., Wis. og vart buande der levetidi ut.  Martha d. i Eau Claire, Wis. 19.3.1904, medan Nels Kins d. i Buffalo Co., Wis. 4.2.1907.  Dei fekk elleve born i lag:

a. Samuel N. Kins, f. i Buffalo Co., Wis. 27.2.1874, d. i Stockton, Cal. 30.7.1947.  Samuel gifte seg i Buffalo Co., Wis. 7.6.1903 med Martha Johnson, dotter av gardbrukardotteri Anna Pernille Sjursdotter frå Øvrebø (1851-1932).  Ho var f. i Buffalo Co., Wis. 7.6.1878 og d. i Mondovi, Wis. 19.2.1978, nesten 100 år gamal.  Samuel og Martha Kins farma i Naples township, Buffalo Co., Wis., men Samuel reiste sist i 1920-åri til Stockton, San Joaquin Co., Cal. der han arbeidde som mekanikar («mechanic»).  Han og Martha fekk fire born i lag.

b. John N. Kins, f. i Buffalo Co., Wis. 20.8.1875, d. i Eau Claire, Wis. 4.3.1959.  John gifte seg i Buffalo Co., Wis. 31.10.1917 med Alice Johnson, dotter av gardbrukardotteri Anna Pernille Sjursdotter frå Øvrebø (1851-1932).  Ho var f. i Buffalo Co., Wis. 9.8.1890 og d. i Eau Claire, Wis. 9.3.1944.  John og Alice farma først i Naples township, Buffalo Co., Wis., men flytte sidan til Eau Claire, Eau Claire Co., Wis. der John livnærte seg som vaktmeister («janitor»).  Dei fekk ei dotter i lag.

c. Anna N. Kins, f. i Buffalo Co., Wis. 5.4.1877, d. i Mondovi, Wis. 13.4.1970.  Anna gifte seg i Trempealeau Co., Wis. 9.9.1898 med Henry O. Klopp, f. i Buffalo Co., Wis. 22.2.1876.  Han d. i Buffalo Co., Wis. 23.1.1952.  Anna og Henry Klopp farma i Dover township, Buffalo Co., Wis. og fekk elleve born i lag.

d. Nels N. Kins, f. i Buffalo Co., Wis. 10.12.1878, d. i Buffalo Co., Wis. 11.8.1880.

e. Nels N. Kins, f. i Buffalo Co., Wis. 17.8.1880, d. i Miami, Okla. 26.1.1970.  Han gifte seg eller flytte kring 1908 i lag med Alma V. f. Dyer.  Ho var f. i Idaho Co., Idaho 17.10.1866 og d. i Hood River, Ore. 5.5.1949.  Ho gifte seg første gongen i Pacific Co., Wash. 10.7.1890 med Thomas Dustin Harper, f. i Linn Co., Ore. 8.9.1859. 

 

     ¤¤¤¤¤ (verify his origin? – parents Elias Harper and Mary Amanda Kemp!?)

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of his death?)

 

     ¤¤¤¤¤ (occupation and place of their residence? – 1890 in Pacific Co., WA! – sidan farmarar nær The Dalles, Wasco Co., OR!?)

 

     So gifte Alma seg att i Idaho Co., Idaho 29.6.1899 med William Goble Shirrell, f. i Lane Co., Ore.

 

     ¤¤¤¤¤ (Apr. 1868)

 

     Han d. i Santa Cruz, Cal. 12.8.1941.  William og Alma farma i Bethel precinct, Whitman Co., Wash., men vart skilde kring 1906, og William farma sidan i Klamath Co., Ore., men flytte i 1920-åri til Yreka, Siskiyou Co., Cal. der han livnærte seg som vegarbeidar og gruvearebeidar («highway construction laborer and miner»).  Nels var ei tid maskinist og røyrleggjar («machinist and plumber»), men han og Alma var for det meste frukt- og grønsakfarmarar («truck farmers») og budde i The Dalles, Wasco Co., Ore. og sidan i Viento, Hood River Co., Ore.  Alt sist på 1940-talet flytte Nels so til Miami, Ottawa Co., Okla. der han sidan budde levetidi ut.  Han og Alma var barnlause, og ikkje fekk ho born i dei to første ekteskapi sine heller.

f. Albert Lenwick, kjend som Albert N. Kins, f. i Buffalo Co., Wis. 20.4.1882, d. i Stockton, Cal. 4.8.1965.  Albert gifte seg i Woodland, Cal. 1.7.1912 med Ada Della Miller.  Ho var f. i Yolo Co., Cal. 19.4.1894 og d. i Stockton, Cal. 22.1.1981.  Albert var dels farmar og dels mekanikar («farmer and mechanic»), og han og Ada budde i og kring Stockton, San Joaquin Co., Cal.  Dei fekk to born i lag.

g. Martin N. Kins, f. i Buffalo Co., Wis. 30.3.1884, d. i Buffalo Co., Wis. 7.11.1907.  Martin farma i Naples township, Buffalo Co., Wis., men var ugift.

h. Henrietta Mathilda Kins (1886-1975), vart gift med husmannssonen Ole Hansson Eide frå Yttrishaugen under Yttri (1871-1932) (s.d.).

i. Nora Kins, f. i Buffalo Co., Wis. 27.12.1887, d. i Buffalo Co., Wis. 4.3.1888.

j. Nora Caroline Kins (1889-1964), vart gift med John Olson (1878-1939), son av husmannssonen Anders Olson frå Jervateigen under Bolstad i Luster (1833-1912) (s.d.).

k. Ella Kins, f. i Buffalo Co., Wis. 17.7.1891, d. i Grand Forks, N.D. 4.12.1981.  Ella gifte seg i Buffalo Co., Wis. 20.10.1915 med Johan Adolf, kjend som Adolf Gulbrandson Berger frå Brandbu, i Amerika kjend som Adolph G. Berger.  Han var son av paktar og skogsarbeidar Gulbrand Iverson på Berger, opphavleg frå Slettebakken under Sørum, og kona Eolina Andreasdotter frå Furuset på Vestre Toten og f. på Brandbu 23.1.1894.  Han utvandra med mor si til Amerika i 1907 og d. i Seattle, Wash. 5.11.1976.  Ella og Adolph Berger farma først i Modena township, Buffalo Co., Wis., men flytte sidan til ein farm i Farmington township, Walsh Co., N.D.  Dei vart skilde kring 1940, og Ella flytte sidan til Grand Forks, Grand Forks Co., N.D., medan Adolph byte namn til John A. Berger og flytte til Seattle, King Co., Wash. der han gifte seg att to gongar og livnærte seg som snikkar («carpenter»).  John fekk fem born, som alle var frå første ekteskapet med Ella Kins.

 

~~~~~~~~~~~

 

Eg hadde i si tid kontakt med gravferdsbyrået i Miami, OK der Nels Kins (Jr) døydde.  Gravferdsagent, som hadde vore med på gravferdi, fortalte meg at Nels kom til Miami som fullstendig invalid og utan middel.  Han vart gravlagd på ein indianarkyrkjegard utanfor byen, og ingen hadde nokon gong betalt for gravferdi!  Han lurte på om eg var i slekt??

 

Det går elles ein del soger om denne Nels, som skal ha «forført» Alma, dotter av ein velståande ranchar, og forsvann med ho!  Søskeni hans hadde ingen kontakt med Nels etter dette!

 

Om du eller andre kan hjelpa til med å skaffa fleire detaljar om Alma og dei første ektemakane hennar, ville eg sett stor pris på det!  Det er enno tid til å få dette med i band XII av bygdebokserien for Luster!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Dåpen til den korrekte Gjertrud

 

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 3 (1803-1821), Kronologisk liste 1821, Side 258-259
Permanent bilde-ID: kb20070514610131
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070514610131
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514610131.jpg
 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Renate Hagen
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg hadde i si tid kontakt med gravferdsbyrået i Miami, OK der Nels Kins (Jr) døydde.  Gravferdsagent, som hadde vore med på gravferdi, fortalte meg at Nels kom til Miami som fullstendig invalid og utan middel.  Han vart gravlagd på ein indianarkyrkjegard utanfor byen, og ingen hadde nokon gong betalt for gravferdi!  Han lurte på om eg var i slekt??

 

Det går elles ein del soger om denne Nels, som skal ha «forført» Alma, dotter av ein velståande ranchar, og forsvann med ho!  Søskeni hans hadde ingen kontakt med Nels etter dette!

 

Om du eller andre kan hjelpa til med å skaffa fleire detaljar om Alma og dei første ektemakane hennar, ville eg sett stor pris på det!  Det er enno tid til å få dette med i band XII av bygdebokserien for Luster!

Oj, her var det litt av hvert! Spedalskhet, forført rikmannsdatter og indianerkirkegård. Disse sogningene slutter aldri å overraske. Trempeaulau må ha vært et populært sted. Tusen takk for all informasjonen. Nå kan jeg endelig få på plass foreldrene hennes. 

 

Når det gjelder de ubesvarte spørsmålene har jeg nok ikke så mye å komme med. Mine dna-matcher med Kins-slekta hadde ikke så mye informasjon om Nels. Inntil videre legger jeg ved en lenke til ditt tidligere innlegg hvis noen føler seg kallet. 

https://forum.arkivverket.no/topic/216869-william-goble-shirrell-1868-1941-og-nels-n-kins-1880-1970-to-store-utfordringar-i-%C2%ABville-vesten%C2%BB/

Share this post


Link to post
Share on other sites
Renate Hagen
2 timer siden, Sven Hjortland skrev:

Dåpen til den korrekte Gjertrud

 

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 3 (1803-1821), Kronologisk liste 1821, Side 258-259
Permanent bilde-ID: kb20070514610131
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070514610131
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514610131.jpg
 

Tusen takk, Sven!

 

Soldat, "ligger i garnison i Bergen Fest". Uffda, blir det ikke sagt at man skal være litt forsiktig når en soldat blir utpekt som barn til et u.ekte barn? 😂

Share this post


Link to post
Share on other sites
Renate Hagen

Ser ut til at vi i dette tilfelle kan skylde på soldaten. Jeg har dna-treff med en etterkommer av Aamund og en etterkommer av hans søster Britha. Aamunds datter Karen står med ukjent skjebne i bygdeboka. 

https://www.nb.no/items/4dab971942b938bfe93cb71b01c888eb?searchText=aamund&page=935

 

Slektstreet på myheritage har henne koblet til Karl Andersen (1805 Bertneslia, Bodø - 15.sep 1871 borte på havet utenfor Tjøtta)

https://www.myheritage.no/pedigree-tree-542486831-10000014/krane?familyTreeID=10&kitId=96C17004-D4A3-4D59-8488-7D2D1EC67CBB#:mfmf

 

(Nevner det siden noen lurte på om det kom et tillegg til bygdeboka).

Edited by Renate Hagen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Det er svært hyggeleg for meg å kunna slå fast at du, Renate, verkeleg «set alle klutar til» for å samla opplysningar om ætti di!

 

Eg har dei seinare åri helde på med oppdatering av dei gamle bandi i bygdebokserien vår.  Som du kanskje veit, er det no over 35 år sidan første bandet kom ut, og mykje har skjett i mellomtidi.  Dessutan har kjeldetilfanget for eldre opplysningar ogso vesentleg betre med søkberre kjelder i alle retningar!

 

Ein av huslydane som eg har jobba med oppdatering av, er huslyden til Aamund Henrikson frå Leirmo, og siste versjonen av det manuskriptet finn du i innlegg #19 under dette emnet:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/222708-aamund-henrikson-leirmo-1800-1874-frå-luster-til-bergen-sat-fengsla-på-akershus-festning-kva-skjedde-med-borni-hans/?tab=comments#comment-1910176

 

Men, som du ser, manglar eg framleis fleire detaljar, so du er hjarteleg velkommi til å freista fylla inn det som framleis står òpe!

 

Hjarteleg takk for hjelpi!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Renate Hagen

Takk for linken, Lars. Det besvarte spørsmålet om hva Aamund var dømt for. Bygdebøkene fra Luster er nok de jeg har brukt mest og funnet veldig nyttige så det er ekstra moro å vite at arbeidet med de fortsetter. 

 

DNA-biten har vært artig, men den funker best til å bekrefte papirforskning og i de tilfeller hvor slektskapet er innenfor noen få ledd. Iløpet av året planlegger vi å ta en Y-test på min onkel, slik at vi kan få på plass en haplogruppe der. Hans eldste kjent mannlige forfader skal være Ole Erikson Berge. 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hei Renate,

 

Jau, dette med DNA er svært so spennande.  Eg har sjølv teke ein analyse; det aløer meste av farsætti mi kjem frå Luster kommune, men eldste kjende agnatiske linken går attende til Lars Andersson i Bakken i Jostedalen (1645-1705) som me trur kom over Jostedalsbréen frå Nordfjord, og dei næraste DNA-treffi mine ligg då òg i Nordfjord og ytre Sunnfjord.

 

Men jo fleire som testar seg, jo fleire treff vil vel etter kvart dukka opp...

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.