Jump to content
Arkivverket

Haugianar Ole Eielson frå Sundve, Voss til Bolsøy og Wisconsin - huslyden hans - kvar vart det av sonen Eiel?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Dette er ei gåte som eg har slite med i mange år, og som eg aldri verkeleg er kome nokon veg med.

 

Haugianaren Ole Eielson, bror av haugianarpresten Elling Eielson i Amerika, gifte seg to gongar i Luster og reiste frå Romsdalen til Amerika der han gifte seg tredje gongen med ei jente frå Toten, som eg er litt usikker på opphavet til.  Men den langt største utfordringi er å finna lagnaden til sonen Eiel i Amerika.

 

Kanskje er det no endeleg på tide å freista finna ei løysing på dette?

 

Her er forresten Ole og Agnetta i FT1860 for Primrose township, Dane Co., WI, då kalla Erickson(!): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBS6-GXP

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Kirsti Tøgersdotter {Skagen}, døypt {i Luster} 4.10.1812, gifte seg i Luster 1.6.1842 med Ole Eielson frå Sundve på Voss.  Han var son av gardbrukar og lærar Eiel Ingebrigtson på Sundve og kona Anna Ellendsdotter frå Sundsvoll og vart døypt på Voss 31.8.1806.  Ole Kirsti budde ei kort tid på Skagen som innerstar.

Alt kring 1843 flytte Kirsti og Ole Eielson til garden Midthaug i Bolsøy i Romsdalen, men Kirsti d. under ei vitjing hjå systeri Elen på Skar i Luster 7.2.1847.  Ole Eielson gifte seg att i Luster 23.3.1848 med Martha Pedersdotter frå Vigdalen, f. i Luster 4.6.1820.  Dei heldt fram som gardbrukarar på Midthaug i Bolsøy der Martha d. 17.10.1851.  So utvandra Ole Eielson til Amerika i 1854, og han gifte seg tredje gongen i Dane Co., Wis. 28.4.1856 med Agnetta Christensdotter frå Amlien på Toten,

 

##### (sjekka dette opphavet?)

 

i Amerika kjend som Agnette Christenson.  Ho var dotter av

 

##### (yrkestitel?)

 

Christen Olson på Sivesind og kona Pernille Johannesdotter frå Gamme og f. på Toten 27.9.1807, men utvandra til Amerika i 1853. 

 

##### (sjekka desse opplysningane om foreldri og fødsli hennar?)

 

Ole og Agnette Eielson farma i Primrose township, Dane Co., Wis. der Ole d. 23.6.1863. Agnette Eielson d. i Dane Co., Wis. 8.3.1878.  Ole Eielson fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Kirsti Tøgersdotter:

a. Martha O. Eielson, f. i Luster 7.11.1842, utvandra truleg til Amerika i 1854,

 

     ##### (sjekka denne utvandringi?)

 

     men d. ugift i Dane Co., Wis. i 1863 eller 1864.

 

     ##### (sjekka dette dødsfallet?)

 

b. Eiel O. Eielson, f. i Bolsøy 5.1.1845, voks dels opp hjå mosteri i Skår i Luster og utvandra med ho og mann hennar til Amerika i 1856.  I Amerika budde han hjå faren og stemori i Primrose township, Dane Co., Wis.

 

     ##### (budde framleis der i 1864 - seinare lagnad?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Dag Arne for siste innlegget om denne husyden!

 

Nettopp den attesten som du nemner, meiner eg at eg såg då eg i 1979 eller 1982 arbeidde meg igjennom ein god del skiftedokument på Dane Co., WI courthouse i Madison, WI.  Truleg var det i same pakka at eg fann opplysningar om at Martha skulle vera avlidi kort tid etter...

 

Men so var det å komma vidare...  Det greidde eg ikkje den gongen, men vonar at det no med moderne søkemetodar let seg gjera...

 

Elles er eg framleis svært i stuss når det gjeld Agnetta Christensdotter.  Kanskje Toten museum har opplysningar å bidra med, dersom dei følgjer med i Brukarforum...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Hei Lars.

 

Agnethe emigrerte til Amerika i 1853.

Her under "Emigrantprosjektet Toten 1846-" fant jeg dette:

  

https://sites.google.com/site/totenemigrant/Toten-emigrant-1846/1851-1855

 

1853/86

Agnethe Christensdatter Døpt 18. mai 1807, datter av Christen Olsen og Pernille Johannesdatter Skindervigenstuen.

Agnethe Christensdatter Amlien 46 år. Attest 16. apr. (9-p327)

 

 

 

På samme nettside står også dette, som kanskje kan være broren til Agnethe ?

 

1853/7

1. Christian Olsen f. 16. aug. 1829 Hexumstuen, (ble gift med 1853/57)

 

….Kom fra Toten i 1853 og nedsatte sig i Wisconsin.  Næste aar reiste de til Iowa hvor de var et aar.  Saa reiste de til Houston county, Minn. og tok op land.  Der forblev de indtil 1887, og reiste saa til Lake county, Syd Dakota, hvor de kjøpte land nær Madison. Begge er nu døde.  De hadde 12 barn…. (utdrag) (12-p93)

--------

Among the commercial houses of Decorah there is none that enjoys a higher reputation than the firm of J. C. Hexom, general merchants. The senior partner and pricipal owner is John C. Hexom.....being born in Glenwood township on December 9, 1858, his parents being Christian and Pernille (Gamme) Hexom, natives of Norway.  After the father came to America he located in Wisconsin in 1853, remaining in that state for a short time.  In 1854 he came to Winneshiek county and at the end of a year made his way to Houston county, Minnesota, but in 1856 returned to this county........He was drawn upon for service in the Civil war but, as he had a large family, considered it his higher duty to remain with and care for them and provided, at the expence of eight hundred dollars, another man to take his place.  He has now attained the remarkable age of eighty-five years, being born in August, 1828, but the mother passed away in February, 1899, in Lake county, South Dakota. (25-p21)

 

 

 

Hilsen Dag Arne

 

 

Edited by Dag Arne Danielsen
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Dag Arne for eit nytt spennande innlegg!

 

Her er tydeleg foreldrin til Agnette i FT1801 som plassfolk på Skindervigen, Toten: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058260005452

 

Då heitte nok plassen Skindervikstua, men det er då merkeleg at Agnetta fekk namnet Amlien!  Kanskje flytte foreldri hennar dit?

 

Kanskje treng me lokal ekspertise for å løysa denne «floka»?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.