Gå til innhold
Arkivverket

Peder og Johanne Skrede


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Jenny Pedersdatter Sandbakk , f. 13.10.1897, d. 05.01.1991 var gift med Peder Elvin Jakobson Sandbakk frå Sandbakken, Tonning 25 i Stryn. Dei gifte seg 22.12.1922   https://www.digitalarkivet.no/kb20050705040405  Kyrkjeboka seier at Jenny heitte Pedersdatter Skrede og budde i Stryn. Ho var fødd i 1897, men det er ikkje oppgitt kvar ho vart konfirmert. Faren er Opsynsmann Peder Skrede. Forlovarar var far til brudgommen og bror til brudgommen. 

 

Dette gjev grunn til å tru at Jenny ikkje eigentleg kom frå Stryn, men det at ho brukte etternamnet Skrede, kan tyde på at far hennar var frå Skrede i Hornindal. 

Eg har leitt i bygdeboka under Skrede for å finne mogelege Peder Skrede, og sit att med Peder Johannes Andersson Skrede, som var fødd 14. september 1855  https://www.digitalarkivet.no/kb20070112310453  Men han hadde ingen barn som heitte Peder.

 

I Historisk befolkningsregister finn eg derimot ein Peder Skrede  https://www.histreg.no/index.php/person/pf01036727000231  Han er f. 1854 i Hornindal, gift med Johanne Skrede, f. 22.10.1857 i Stryn. Ein skulle tru det var lett å finne henne sidan det er oppgitt dato og år ho er fødd, men eg har ikkje funne ho. Eg har leitt etter begge to i kyrkjebøkene utan å finne dei, korkje i Stryn eller Eid, Innvik eller Hornindal. Finn ei Johanne Jonsdatter Skrede som er konfirmert i Innvik i 1872  https://www.digitalarkivet.no/kb20070305640082  Foreldra er Plassemann Jon Jonson og Oline Jonsdatter. Dette kan vere den rette Johanne. I klokkarboka for Utvik sokn same tidsrom ser det ut som foreldra heiter Jens Jenssen og Oline Johndatter Skrede  https://www.digitalarkivet.no/kb20070305640082   Nokon Peder Skrede finn eg ikkje korkje i Eid, Hornindal, Stryn eller Innvik.

 

I folketeljinga for 1900 for Verpilstadsanden, Bruvik i Nord-Hordland finn vi Peder Skrede og kona Johanne Andersdatter. Der står det at Peder er fødd i 1856 i Hornindal og Johanne Andersdatter i Opstryn i 1857. Dei har 6 born: Kristian f. 1886, Anders f. 1888, Martin f. 1892, Marius f. 1895, Jenny f. 1897 og Petra f. 22.02.1900. Peder er skriven som banearbeidar på Vossebanen.  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037326003890 

 

Ved folketeljinga i 1910 er dei komne til Mjåsæth i Askvoll. Det er då opplyst at Peder er fødd 1854 i Hornindal. Han er framleis banearbeidar. Kona Johanne Skrede er fødd 22.10.1857 i Stryn. Det er no berre Martin, Jenny og Petra som bur heime. Martin er fødd i Stryn 01.09.1892, Jenny er fødd i Aurland i Sogn 13.10.1897, og Petra er fødd i Evanger, Voss 23.02.1901. Årstalet her må vere feil sidan ho er med i 1900-teljinga. Det skal truleg vere 1900. 

 

I kyrkjeboka for Stryn finn eg Martin Elias Skrede f. 01.09.1892. Foreldre er veiarbeider Peder K. Skrede og Johanne Andersdatter. Dei er busette på Nedreberg i Stryn, og alle fadrane heiter Nedreberg. Det er Jon Pederson Nedreberg og kona hans Ragnhild Jonsdatter f. Ytre-Eide, Hans Aamundson Nedreberg og kona hans, Anne Jonsdatter f. Visnes. Så er det Anders O. Øvreberg, som må vere son til Ola Jonson Øvreberg på Nilsbruket, Øvreberg 2.  Kan det vere denne Anders som er far til Johanne?   https://www.digitalarkivet.no/kb10081106231037   

 

Dei andre tre borna, Anders f. 1888 og Kristian f. 1886 og Marius f. 1895 finn eg ikkje i Stryn. 

Sonen Anders er i folketeljinga 1910 anleggsarbeidar og bur på Stord, barakke 18, s. 65:  http://xml.arkivverket.no/folketellinger/hefter/1910/12Hordaland/f9101221_hefte.pdf 

 

Jenny Pedersdatter Skrede finn eg i kyrkjeboka for Flåm sokn i Aurland  https://www.digitalarkivet.no/kb20050623020022   Der står det at ho er fødd 13.11.1897. Dei er busette i Kaardal. Litt rart er det at ho er fødd 13. november 1897, heimedøypt av soknepresten med foreldra som vitne den 1. mars 1898 og dåpen er stadfesta i kyrkja 11. april 1898. Men dåpen er ikkje innskriven før i 1899. Kan det vere at Jenny er fødd i ein arbeidsleir på Flåmbanen?  Her er faren kalla Peder K. Skrede, og han er arbeidsformann. Mora er Johanne Andersdatter.  Fadrane er arbeidskollegaer og gardsfolk frå distriktet. 

Petra Pedersdatter Skrede finn eg i kyrkjeboka for Evanger i Hordaland  https://www.digitalarkivet.no/kb20050809030271 Ho er fødd 22.02.1900 og døypt 06.05.1900. Foreldra er nemnde som jernbanearbeidar Peder Knutson Skrede og Johanne Andersdatter. Dei er busette i Verpilstadsanden, Bruvik i Nord-Hordland.

 

Peder Skrede er ved innskrivinga av sonen Martin Elias til dåp i 1892 kalla Peder K. Skrede. K står for Knutson som vi ser frå dåpen til yngste dottera Petra. Det er ein Peder Knutson på Skrede 5, men det kan ikkje vere same personen. Son hans, Peder Karolus Pedersen Skrede kunne det også ha vore, men han flytte til Løkja 5 i Eid  og kalla seg sidan Løken. Andre med namnet Knut på Skrede finn eg ikkje. 

 

Kan nokon hjelpe meg med å finne den rette Peder Knutson Skrede og Johanne Andersdatter Skrede og linjene vidare bakover?

 

 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vielse nummer 2

 

Peder Andreas Knutsen og Johanne Andersdatter

 

Sogn og Fjordane fylke, Oppstryn i Stryn, Ministerialbok nr. D 1 (1878-1907), Viede 1886-1888, Side 111
Permanent bilde-ID: kb20060621080106
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060621080106
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060621080106.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for hjelpa Sven. Dette var fantastisk.  Er det råd å finne kven som var foreldra til Knud Jonsen Skrede og Marte Pedersdatter? Og Johanne Andersdatter, var ho frå Rygg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er fabelaktig Sven!  Tusen takk så langt!!  Eg skal sjå nærare på alt du har sendt i morgon, så kjem eg tilbake til det når eg får oppsummert.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I "Om plassefolket i Hornindal"av Paul O. Tommasgard, utg 2015 . 

På side 150  står det om husmannplassen "Hoplandstøna" under bruk  3 på garden Skrede, 

som tidlegare låg i gamle Hornindal Prestegjeld - no i Eid kommune.

 

Knut Jonss Skrede (1801 - 1858) frå br. 3, husmann med lite jord,

g. 1831 med Marte Pedersdtr. Skaugset f. 1810 -

frå bruk 2 på Skaugset.

Hadde 8 barn, den yngste;

Peder f. 1856, gift, arbeidar, Stongfjorden.

 

I 1851 råka ei snøfonn plassen, og då omkom 2 av gutane.

Familien flytta då frå plassen!

 

NB! Eid sogelag - held på å skrive ny bygdebok for Eid Kommune. Kanskje har dei meir info om forfedrene til desse to.? Kanskje eg med har?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Sven Hjortland skrev:

Vielse nummer 2

 

Peder Andreas Knutsen og Johanne Andersdatter

 

Sogn og Fjordane fylke, Oppstryn i Stryn, Ministerialbok nr. D 1 (1878-1907), Viede 1886-1888, Side 111
Permanent bilde-ID: kb20060621080106
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060621080106
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060621080106.jpg

Knut Elisasen, som her er nemn i kyrkjeboka, som  far til Peder Andreas Knutson, er trulerg stefar  hans.

For Knut Jonson Skrede, som var far til Peder Andreas , døde då guten var 2. år, iflg. "Om Plassefolket i Hornindal"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Kan gamle aviser gje svar?

Kva var det som hende jula i 1850? Historia har vandra frå generasjon til generasjon. At det var ein ufatteleg tragedie som ramma vår famile på Skrede er utan tvil. At Skrede er ein utsatt plass for både snøskred og jordskred har mange erfart, det ligg liksom i namnet. Då Knut Jonsen og Marte Pedersdatter valde å busette seg ved Hoplandstøda, var nok det med ei viss kjensle av at dette var ein trygg stad, og det med rette, det hadde nok ikkje gått skred her på fleire generasjonar. Plassen gav nok ikkje noko stor avkastning, men det var kanskje nok til å livberge ein familie, og det var det viktigaste på den tida.

Men så var det denne skjebnens dag, 23. desember i 1850. Er historiane som vi har høyrd truverdige? Gamle kirkebøker stadfestar fakta om at det var to små gutar som omkom, og at det var eit jordskred som var årsaka. Elias Lars, 10 år, blei funnen omkomen og blei gravlagd. Knud Elias Martinus, 7 år, blei ikkje funnen att.

Nordslekta på Eid har eit skriv som fortel om hendinga. Her står det at husfar Knut var borte frå garden og bløtte korn til juleølet i ein bekk. Han høyrde raset kome, og sprang mot garden. Då han kom fram hadde raset tatt fjøset og dei to sønene og feid alt på Hornindalsvatnet.

Eit jordskred på denne tida på året høyres noko usannsynleg ut, men kjelder seier at det og gjekk eit jordskred på Åshammar same dag. Dette tyder på att det må ha vore særs dårleg vær og mykje nedbør desse førjulsdagane. Været var nok av ein karakter som i dag vil blitt sett på som ekstremt. Øydeleggingane var store både i Sogn og i Nordfjord. So spesiell var hendinga, at sjølv hovedstadspressa i Christiania skreiv om det som hadde hendt. I Morgenbladet 9. februar 1851 blei historia om uværet og tragedien med familien ved Hoplandstøda satt på trykk. Saman med kirkeboka er nok dette den sikraste kjelda vi har, og som best beskriv tragedien som ramma familien.

Etter ulykka flytta dei gjenlevande til Nord der Knut bygde hus på ein ny plass. Dei som overlevde ulykka er opphavet til ei stor slekt, med etterkomarar i Honndalen, Stryn, Eid og mange andre stadar både i Norge og USA. Plassen ved Hoplandstøda blei aldri bygd opp att, men endå kan det ein meinar er tuftene etter plassen sjåast like ved vegen i Skredestranda.

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.
Bildet kan inneholde: tekst
Bildet kan inneholde: tekst
Bildet kan inneholde: sky, himmel, fjell, tre, utendørs og natur
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette flotte bilde frå Nord i 1902, har eg fått sendt over frå Lars Lunde.
Etter rasulykka ved Hoplandstøda i 1850 flytta mine tipptippoldeforeldre, Knut Jonsen Skred og Marte Pedersdtr Skaugset og barn, til en plass på Nord. Etter opplysnigar frå Ole Tom Nord, skal plassen være det lisje huset som er rett nedanfor Norsbryggja. Dersom nokon fleire har meir opplysningar om plassen og resten av bilde so er eg interessert i det.

Bildet kan inneholde: himmel, utendørs, vann og natur
Bildet kan inneholde: utendørs
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Sol Ulvestad Kopi frå Gamle bilder ifrå Nordfjordeid
 
 
  •  
  •  
  •  
  •  
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk Sol! Dette var svært interessant.

Veit du noko meir om denne familien og etterkomarane deira? Det er spesielt Peder som interesserer meg, men eg tek gjerne imot opplysningar om dei andre borna og også borneborna, spesielt då Jenny Pedersdatter.

Eg skulle også gjerne ha visst meir om forfedrene til Knut Jonson Skrede, faren Jon og vidare bakover, om dette er råd å finne ut noko om. 

Det same gjeld kona til Peder Knutson Skrede, Johanne Andersdatter f. Rygg, (mest sannsynleg frå Rygg i Stryn?)

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Hei! Tek litt etter kvart ( Hornindal er no lagt til Volda Kommune; så gardane får vel nye matrikkelnr)

Oppl. frå Bygdeboka "Hornindal I Nordfjord" s. 372

Skrede, br. nr 3

 

1 Botolv Antoniuss 1630, br. 1657

 

2. Elias Botolvson 1671 -1728 g .m Mari Olsdtr Lødøen

 

3. Botolv Eliasson 1695 -1770 g,m Synnøve Jonsdtr Holmøy 1703 -1782

 

4, Elias Botolvson 1724 - 1781 g.m Kari Andersdtr Randabakke 1729 -1791

 

5.Jon Eliasson 1754 - ? g 1788 Anne Kristine Knutsdtr, Holmøyvik 1768 -1854

Barn;  1 Guri f 1790

            2 Kari Helen f. 1792 g Rasmus Jonson Rand gbr.

           3 Gjertrud  f 1795

           4 Elias  f 1798 - 1838

            , budde på garden g 1820 med Kari Jonsdtr. Randabakke 1797 - 1838. Begge døydde av tyfus

             Desse hadde 6 barn. Ein son Jens f,. 1826 var plassemann på Skrede

            5, Knut f. 1801 -  Husmann på Skrede

 

Slekta er på bruket!

Tok med berre syskjena til Knut.

i boka står  barn 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Syskjen Peder;

1. Anne Marie 1831 -+ gift 1857 med Elling Pederson Kjøs, gbr. Kongsvik

2. Jan Olai f. 1833 - ukjend

3 Pauline f.1836 gift med Ingebrigt Skaugset, småbrukar Nord, Eid,  g 2. Per frå Voss (på Nor)

4.Elias 1839 -1851- omkom snøskred

5.Knut 1843 - 1851.- omkom snøskred

6.Marte 1846 - 1942 g. med Kornelius Jakobson Loen , gbr. Maurset, br. 2, Solvik

7. Eline 1853 g.Reed Breim, arbeider Bergen

8 Pederf 1856, gift, arbeider Stongfjorden

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Eg er tipp-tippoldebarn av Anne Marie Knutsdatter Skrede Kongsvik, og har mykje informasjon om denne familien.

Dersom eg får ei epostadresse skal eg sende deg det eg har.

 

 

Beste helsing trondolavflo

 

364977115_Kongsvik-EllingogAnneMarie.thumb.jpg.085d33d699026b3571d9f20bee6ce458.jpg

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 minutter siden, TrondOlav skrev:

Hei

 

Eg er tipp-tippoldebarn av Anne Marie Knutsdatter Skrede Kongsvik, og har mykje informasjon om denne familien.

Dersom eg får ei epostadresse skal eg sende deg det eg har.

 

 

Beste helsing trondolavflo

 

364977115_Kongsvik-EllingogAnneMarie.thumb.jpg.085d33d699026b3571d9f20bee6ce458.jpg

 

 

 

https://www.digitalarkivet.no/content/change-display-name

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.