Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Nils Christenson - fødd i Luster 1845 - utvandra i 1866 - kan ha vore farmar i South Dakota? - lagnaden hans? - ei kjempeutfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Nils Christenson er ein person som eg har vore på leiting etter i over 35 år!

 

Han var fødd i Luster 26.8.1845 som «uekte» son av Gjertrud Nilsdotter frå Sørheim (Sørum) i Luster (1823-1908) og husmann Christen Christenson på plassen Brunane under Lerum i Luster (1826-1870).

 

Nils var i 1865 tenestedreng på Lerum i Luster: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261001817

 

Nils utvandra til Amerika i 1866, og i passasjerlista over Québec er namnet feilskrive Saium (for Sørum): https://www.digitalarkivet.no/view/194/pe00000000338677

 

Mori hadde to brør, Iver (1820-1900) og Johannes (1827-1908) som utvandra til Amerika, Iver «Iver Sorum» i 1856 til Fillmore Co., MN og Johannes «John Sorum» i 1853 til Olmsted Co., MN.  Elles gifte mori seg sidan med Lars Christenson Ottum.  Dei hadde fleire born i lag, og huslyden utvandra i 1862 til Long Lake, Watonwan Co., MN der Gertrude døydde 24.2.1908.

 

Eg kan ikkje sjå noko til Nils Christenson i Watonwan Co., MN, men etterkomarar etter halvsøskeni hans meiner dei har høyrt gjete at Nils, truleg kjend som Nels Christenson eller Nels Sorum, skal ha butt som farmar i South Dakota.

 

Eg ville setja stor pris på opplysningar om lagnaden til Nils i Amerika og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi som eg har hatt liggjande i over 35 år, sist nemnd i denne debatten frå januar.

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut kvar denne unge mannen frå Luster kan ha vorte av i Amerika?

 

Som nemnt over, døydde mori Gertrude Ottum i Long Lake, Watonwan Co., MN 24.2.1908.  Ein liktale (obituary) etter ho hadde vore kjempespennande å sjå!

 

Elles ser eg ein Nelse Christensen som i 1885 budde i Le Ray township, Blue Earth Co., MN, næraste kommunen på austsida til Watonwan Co., MN: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1058/images/mnsc_21-0405?treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx21196&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.263810572.162984672.1593025236-1442769865.1532627837&pId=4547801&backurl=https%3A%2F%2Fsearch.ancestry.com%2Fcgi-bin%2Fsse.dll%3Findiv%3D1%26dbid%3D1058%26h%3D4547801%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx21196%26_phstart%3DsuccessSource

Nelse Christensen - 39 Nor

Anna Christensen - 40 Nor

men dei er oppførte med tre born på 8, 6 og 5, alle fødde i Noreg, so kanskje dette likevel ikkje er «vår» mann?

 

FT1900 syner rett nok at berre fire av dei seks borni til mori Gertrude Ottum då var ilive.  Ho hadde fem born med ektemannen Lars Ottum, og av dei var fire ilive i 1900.  Skal me tru utsegni frå FT1900, var med andre ord Nils avliden FØR 1900, men dette vonar eg at liktalen kan seia noko meir om...

 

Eg takkar endå ein gong so mykje for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee

Et langskudd dette

 

 

 

Nels Christianson

 in the 1870 United States Federal Census

Name:Nels Christianson 

Age in 1870:25

Birth Year:abt 1845

Birthplace:Norway

Dwelling Number:64

Home in 1870:Greenvale, Dakota, Minnesota

Race:White

Gender:Male

Post Office:Northfield

Occupation:Farm Laborer

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MD41-P8J

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anton for siste innlegget om denne kjempegåta!

 

Eg fryktar at dette namnet kan vera so vanleg at det ikkje vert lett å identifisera mannen utan fleire opplysningar.  MEN, når det er sagt, Nels Christianson som 1870 budde i Dakota Co., MN er so absolutt ein spennande «kandidat» og kan vera vel verd å følgja opp.  Men er det mogeleg å finna han att i andre kjelder?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera Nils Christenon frå Luster!  Eg held fingrer og têr vel krossa!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee
2 hours ago, Lars E. Øyane said:

Hjarteleg takk til Anton for siste innlegget om denne kjempegåta!

 

Eg fryktar at dette namnet kan vera so vanleg at det ikkje vert lett å identifisera mannen utan fleire opplysningar.  MEN, når det er sagt, Nels Christianson som 1870 budde i Dakota Co., MN er so absolutt ein spennande «kandidat» og kan vera vel verd å følgja opp.  Men er det mogeleg å finna han att i andre kjelder?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera Nils Christenon frå Luster!  Eg held fingrer og têr vel krossa!

 

 

Dessverre ingen gode kandidater i Minnesota State Census fra 1875.

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.