Jump to content
Arkivverket
Anfinn Bernaas

Tilgang til dødsannonser og nekrologar i amerikanske aviser

Recommended Posts

Anfinn Bernaas

Dødsannonser, finst det i amerikanske aviser, og er det tilgjengeleg utan abonnementsordning? 

Eg kjenner til den utbreidde skikken med ganske detaljerte nekrologar (og som me kunne ha noko å lære av her heime), men alle får vel heller ikkje i Amerika nekrologar etter sin bortgang. Men eg skulle gjerne ha visst om det var mogeleg med tilgjenge også for nekrologar.

Eg ser etter ein person som døydde på 1990-talet i Lake Elsinore i Riverside County, noko søraust for Los Angeles i California. Så det er vel i så fall aviser frå dette området som er aktuelle.

Personen er død, men familietilhøva er vanskelege og kjenslefulle, så derfor vil eg ikkje oppgje namn her.

Share this post

Link to post
Share on other sites
Dag T. Hoelseth

Når din sak er fra 1990-talelt så tviler jeg på at det er minneord eller dødsnotiser fortsatt tilgjengelig i den aktuelle lokalavisen. Send meg en pm så skal jeg sjekke i kveld om jeg finner vedkommende i de to avisbasene jeg abonnerer på. Man får ofte søketreff på minneord for en person i Ancestry, men man må til avisbasen for å lese selve minneordet.

DTH

Share this post

Link to post
Share on other sites
Anfinn Bernaas

Takk! Har sendt privat melding.

Share this post

Link to post
Share on other sites
Eric Swane

Hei,

Obituaries, eller obits om du vil, (flertallsformen)  lar seg absolutt finne, for rn del personer, både gamle og nye dødsfall.

De står ikke bare i avisene, men f eks som i Norge på minnesider laget av begravelsesbyråer eller andre steder som sitat fra avis,

inkludert slektsgransknings-relaterte nettsteder. Dette er fritt tilgjengelig i en del eldre digitaliserte aviser og ferske aviser, men det er også mange som krever betalt abonnement.

Så det er så ymse, men det verdt å fiske litt. Selv bruker jeg gjerne Google for å kunne dekke alle varianter. Google har jo forlengst skjønt at jeg er slektsinteressert, så obituaries blir sortert opp.  Men søk gjerne med "obit" i tillegg til navnet, og det hjelper å inkludere andre navn (f eks ektefelle, sted, ...) som du forventer.

Det er prosentvis få obituaries jeg har funnet slik, men jeg aner ikke hvor mange dødsfall som blir annonsert, hva jeg kan forvente finne. Men det har ofte vært avklarende funn.

En annen ting,  opplysningene der må vurderes nøye, f eks kan det skjules at avdøde hadde flere ekteskap eller at det ikke skilles mellom barn, stebarn, bonusbarn., osv  I tillegg opplever jeg stadig oftere at adgangen til aktuelle nettsteder blir sperret for forespørsler fra utlandet, - det kan vel datakyndige komme seg forbi.

eric

Share this post

Link to post
Share on other sites
Anfinn Bernaas

Takk for innspelet, Eric Swane!

Edited by Anfinn Bernaas

Share this post

Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen

Eg trur det er slutt på gratis-sidene; eg har i alle fall ikkje funne dei på lenge. Det vil seie - søket er ofte gratis, som her, men så må du registrere deg forå få tilgang.  https://go.newspapers.com/obituaries?v=2&xid=1221&gclid=CjwKCAiAp5nyBRABEiwApTwjXvC-wZIcx5aVdvTlgoq8zPzE21r_0yVTr2jtzFXvvLhaC4LVtJ9HvhoCsQIQAvD_BwE

Share this post

Link to post
Share on other sites
Anfinn Bernaas

Takk, Aase! Har sett på stoda og det ser slik ut, ja. Men Dag T. Hoelseth var vennleg og sjekka for meg på dei søkjetenestene han hadde tilgang til. No har eg sendt e-post til det lokale biblioteket og spurt om dei har høve til å sjekke eventuell dødsannonse og/eller nekrolog. Dødsdato har eg. Det er vel nokså lite truleg at dei vil bruke tid på slikt og attpåtil for ein ukjent person i Noreg. Men har eg ikkje prøvd, kan ein iallfall ikkje vita.

Eg får forresten fleire treff på personen eg søkjer ved søk i dei "opne" sidene til Ancestry og My Heritage. Men for å få sjå dei lova dokumenta må ein så gå inn i eit abonnement. Eg har ikkje gjort det i denne omgang. Er dessutan litt skeptisk til dei "lova" dokumenta for vedkommande person. Er dei reelle, eller er treffa lokkemat for å få meg til å teikne abonnement?

Edited by Anfinn Bernaas

Share this post

Link to post
Share on other sites
Dag T. Hoelseth

#7. Søkte jo på Ancestry, men tror ikke treffene gir deg mer info enn du allerede har ...

DTH

Share this post

Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn
5 timer siden, Anfinn Bernaas skrev:

Takk, Aase! Har sett på stoda og det ser slik ut, ja. Men Dag T. Hoelseth var vennleg og sjekka for meg på dei søkjetenestene han hadde tilgang til. No har eg sendt e-post til det lokale biblioteket og spurt om dei har høve til å sjekke eventuell dødsannonse og/eller nekrolog. Dødsdato har eg. Det er vel nokså lite truleg at dei vil bruke tid på slikt og attpåtil for ein ukjent person i Noreg. Men har eg ikkje prøvd, kan ein iallfall ikkje vita.

Eg får forresten fleire treff på personen eg søkjer ved søk i dei "opne" sidene til Ancestry og My Heritage. Men for å få sjå dei lova dokumenta må ein så gå inn i eit abonnement. Eg har ikkje gjort det i denne omgang. Er dessutan litt skeptisk til dei "lova" dokumenta for vedkommande person. Er dei reelle, eller er treffa lokkemat for å få meg til å teikne abonnement?

Eg sende for ein del år sidan førespurnader til eit bibliotek i Modesto, California, og dei slo opp gratis og sende nekrologane på epost. Eg var imponert over sørvisen.

Erfaringa mi var dårlegare då eg prøvde eit bibliotek ein annan stad. Eg meiner at det stod noko i vilkåra deira om at dei ikkje ville sende nekrologar i epost, og eg fekk eit kort svar der dei viste til desse vilkåra. Eg hadde lita tru på at dei ville betale porto for å sende ei utskrift til Norge (om det i det heile fanst nokon nekrolog), så der ga eg opp.

Share this post

Link to post
Share on other sites
Torbjørn Igelkjøn

Nyare avisnekrologar frå dei siste åra pleier vel å liggje fritt på nettet, evt. kan ein betale ein liten sum for at dei skal bli reaktiverte.

Når det gjeld nekrologar frå 90-talet og fram til no kan ein prøve http://nl.newsbank.com Om ein er heldig og finn noko må ein betale for å sjå desse, men eg har opplevd ein gong at det meste av nekrologen kom fram i trefflista. Ein nekrolog kan også vere berre ein notis om at personen var død, og då er ein like langt.

Eldre nekrologar vil ein kunne finne ved å abonnere på skanna avisarkiv (newspaperarchive.com osv.). Evt. kan ein vere så heldig at nokon har lagt dei ut gratis på nettet, eller at bibliotek eller andre frivillige kan slå opp.

Share this post

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hei!

Denne meldingi datt ned i postkassa mi for eit par dagar sidan frå «newspapers.com»:

Free Access* to Publisher Extra

Do you have plans for Presidents Day Weekend? You may want to drop everything and order in because Newspapers.‌com is offering FREE ACCESS* to our entire collection of newspapers for Ancestry All Access members all weekend long. Search all Publisher Extra papers for free! With this access you can: 

  • Search 392 million+ additional pages of content for stories about your ancestors
  • View the actual newspaper clipping image for all those obituary hints you've received 
  • Attach the original newspaper image to your Ancestry tree 
  • Make incredible new discoveries!
Search free

*Access to Publisher Extra papers on Newspapers.‌com will be free until February 17, 2020 at 11:59 p.m. MT. Free Access available via the links in this email only. After the free access period ends, you will only be able to view Publisher Extra papers using a Newspapers Publisher Extra subscription. Terms and Conditions apply.

So vidt eg forstår, er det berre å gå i gang med gratis søk!

Lukke til!!

Share this post

Link to post
Share on other sites
Anfinn Bernaas
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Flott søkjefunksjon, ser ut som han meistrar også frakturtrykk. 

Men det hastar med å prøve gratistilbodet. "Free until February 17, 2020 at 11.59 MT." Det er i morgon, måndag 17. februar!

Og også i gratisperioden fram til i morgon, må ein registere seg for å sjå "originaloppslaget", og ikkje berre eit frimerkestort treffvindauga.

Share this post

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.