Gå til innhold
Arkivverket

Amsterdam - jødiske kyrkjebøker frå seint 1600-tal?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Eller kanskje ikkje likevel, for her er den same Diego omtalt i eit notarialdokument frå 1633 i samband med sukkerhandel:

 

Kan det være denne ?

 

image.png.871367e4c71ace7a22436086be271f4f.png

 

 

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt spekulativ pga stedsnavn, men foreldrene til Antonio kan ha flyttet på seg

 

Name: Antonio Nunes
Event Type: Christening
Event Date: 4 Nov 1555
Event Place: Funchal, Madeira, Portugal
Event Place (Original): Espirito Santo, Calheta-Madeira, Funchal, Portugal
Gender: Male
Father's Name: Manoel Nunes
 

 
Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye spennande innlegg!  Denne slekti nærmar seg meir og meir Portugal!

 

Det har hjå meg i dag etter lang grunning gått opp for meg korleis desse namni bør tolkast:

 

Denne jødeslekti hadde i hovudsak tre ulike namn - med utgangspunkt i denne karen frå ættetavla mi:

 

4. Salomon SALOM de ASSEVEDO alias Antonio de PAS
* 1613 i Antwerpen, België
† 1684 i Amsterdam, Holland
∞ 19.08.1644 i Amsterdam, Holland

 

* Eit reint jødisk namn - Salomon SALOM

* Eit namn «utad» - Anthonio de ASSEVEDO/d'AZZEVEDO

* Eit «offentleg» namn - Anthonio de PAS/de PAZ

 

Foreldri hans var Moses SALOM alias André de ASSEVEDO/AZZEVEDO alias André de PAS († 12.06.1641 i Amsterdam) og kona Guimar alias Siphora NUNES/NUNEZ († 20.09.1659 i Amsterdam), og dei hadde fire born som gifte seg på to ulike datoar i 1644:

 

 19.8.1644: Salomon alias Anthonio de ASSEVEDO, f. i Antwerpen 1613 - gift med søskenbarnet Philippa de PAS, f. i Antwerpen 1620

 19.8.1644: Lea alias Isabelle de ASSEVEDO, f. i Antwerpen 1616 - gift med Duarte DIAS (alias David) de PAS, f. i Antwerpen 1622: https://archief.amsterdam/indexen/persons?f={"search_i_datum":{"v":["16000000","16509999"],"d":"1600 - 1650"}}&sa={"person_1":{"search_t_geslachtsnaam":"asuedo"}}&page=4

 30.12.1644: ?? alias Jorgo de ASSEVEDO, f. i Antwerpen 1618 - gift med Florencia DIAS de PAS, f. i Antwerpen 1618: https://archief.amsterdam/indexen/persons?f={"search_i_datum":{"v":["14000000","17439999"],"d":"1400 - 1743"}}&ss={"q":"Beatris de Assevedo"}

 30.12.1644: Rifica (Ribca?) alias Beatrice de ASSEVEDO, f. i Antwerpen 1623 - gift med Luis MENDES de PAS, f. i Antwerpen 1622: https://archief.amsterdam/indexen/persons?f={"search_i_datum":{"v":["14000000","17439999"],"d":"1400 - 1743"}}&ss={"q":"Beatris de Assevedo"}

 

Truleg er ogso dette ei dotter - der broren Anthonio er nemnd som pårørande...:

 

23.5.1658: Judith alias Joanna de ASSEVEDO, f. i Antwerpen 1630 - gift med Anthonio DOPORTO, f. i Bordeaux(?) 1636 - «portugisisk kjøpmann»(?): https://archief.amsterdam/indexen/persons?f={"search_i_datum":{"v":["14000000","16709999"],"d":"1400 - 1670"}}&sa={"person_1":{"search_t_geslachtsnaam":"az*do"}}&page=2

 

Me kan sikkert finna fleire søsken her, men problemet ved søk er dei mange ulike skrivemåtane av namnet ASSEVEDO.  Eg vil gissa på at mann hennar Lea og kona hans Jorgo var søsken, og dei var sikkert i nær slekt!!

 

Eg har forresten òg oppdaga noko anna:  Det ser ut til at dessse jødane nytta ein eigen yrkestitel for dei som dreiv handel med Portugal: «portugisisk kjøpmann», noko som òg bidreg til å forklara at desse jødane i det strengt katolske Portugal ikkje skulle kjennast att som jødar og difor nytta «ikkje-jødiske» namn!

 

Kva seier du, Ivar, høyrest ikkje dette rimeleg ut?

 

Her har me forresten ei anna spennande vigsle i Amsterdam:

 

11.12.1742: Moses Cohen de ASSEVEDO, fødd i Lisboa(!) 1607 med Jael Coriel SOSADO, òg fødd i Lisboa, men resten er vanskeleg å lesa: https://archief.amsterdam/indexen/persons?f={"search_i_datum":{"v":["16000000","16509999"],"d":"1600 - 1650"}}&sa={"person_1":{"search_t_geslachtsnaam":"azevedo"}}&page=2

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordrande huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gode Ivar!

 

Eg har studert den linken som du sende meg i innlegg #74, og eg dreg kjensel på mange av namni som er medkomne der.  Kanskje er dei to brørne Abraham og Moses fødde i Portugal?  Men kanskje er ikkje alle fødselsprotokollane medkomne?

 

Elles har eg lagt ut denne utfordringi på forumet som du omtalte under eit anna tema: https://www.stamboomforum.nl/subfora/199/2/76171/0/jewish_family_salom_alias_dazevedo_de_pas_lived_in_antwerpen_until_1631_then_to_amsterdam

 

men førebels utan svar...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars

 

Litt travelt her PT. Skal kikke litt på det du viser til i innleggene over når jeg får tid.

 

Fant begravelseregisterene som går fra 1639. De bruker Hebraiske ? årstall eller ? , men det går sikkert å finne ut av.

Her er ett lite utdrag. Skriftspråket virker å være Portugisisk så vidt jeg kan se.

 

[image.thumb.png.4c9de07bfc591f18e1e0407eae96430a.png 

 

Het begrafenisregister van de Portugees-Israëlietische gemeente Talmud Torah te Amsterdam 1639-1648

 

Her er link til boka/registeret

https://www.amsterdam.nl/stadsarchief/archief/downloads/beth-haim/

 

Ivar

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget!

 

Dette ser ut som ei spennande bok, men eg lyt tilstå, eg har vanskar med å forstå kva boki verkeleg inneheld og korleis ho er systematisert.  Ein skulle nesten tru desse mange namnelistene hadda samanhang med kva «lot» dei ulike slektene fekk på kyrkjegarden, for dei fleste innanfor dei ulike «lottane» ser ut til å vera av same slekt!  Ein lyt setja seg ned og samanlikna med dei kyrkjegardsregisteri me hadde heilt i børjingi av dette emnet...

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi og lev vel!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg syner til innlegg #78 over som gjeld borni til Moses Salom alias André d'AZEVEDO de PAS.

 

Eg har sett litt meir på dokumentet frå 1725 som Ineke omsette for oss.

 

Der kjem det fram at:

* Aron SALOM de AZEVEDO på 70 år og

* Izaak ABANBANEL (de) SOUZA på 66 år

var barnebarn av Moses SALOM, og eg trur eg har finne ut på kva vis:

 

Her er gravferdi til Izaak frå 1733: https://www.dutchjewry.org/portuguese_israelite_cemetery/popup.htm?../P.I.G./image/00012201.jpg

Han var son av Samuel de SOUZA som 31.10,1653 gifte seg med Debora de PAS frå Antwerpen, 25 år.  Eg har vanskar med å tyda mori sitt namn (Sipora Guimar?), men i alle fall er Salomon de PAS nemnd som bror hennar: https://archief.amsterdam/indexen/persons?f={"search_i_datum":{"v":["14000000","17439999"],"d":"1400 - 1743"}}&sa={"person_1":{"search_t_geslachtsnaam":"souza","search_t_voornaam":"samuel"},"search_s_register_type_title":["Ondertrouwregister"]}

 

Her er so gravferdi til Aron frå 1725 (kort etter vitjingi hjå advokaten): https://www.dutchjewry.org/portuguese_israelite_cemetery/popup.htm?../P.I.G./image/02274401.jpg

Han var son av David SALOM de AZEVEDO og bror av Judith: https://www.dutchjewry.org/portuguese_israelite_cemetery/popup.htm?../P.I.G./image/02282401.jpg

og bror av «brasilianaren» Moses Raphael!  Mor deira var Ribca: https://www.dutchjewry.org/portuguese_israelite_cemetery/popup.htm?../P.I.G./image/02285401.jpg

og er er faren David, som soleis MÅ vera son av Moses og Sipora (Guimar)!

 

Men eit anna spørsmål som me vel aldri har fått 100% svar på, er dette:  Me veit at mor til «konvertitten» Sebastian SIXTUS var Rachel SALOM, fødd 1656.  Sidan me veit at mor hennar heitte Ribca, har me vel «gått ut ifrå» at faren, som var sjuk då Rachel gifte seg i 1680, måtte vera David SALOM de AZEVEDO.  Men det er merkeleg at Rachel ALDRI vert nemnd som søster av «brasilianaren» eller søskeni hans, Judith eller Aron.  Finst det noki rimeleg forklaring på dette?  Har eg overfsett noko?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med oppklaring av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

50 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Men det er merkeleg at Rachel ALDRI vert nemnd som søster av «brasilianaren» eller søskeni hans, Judith eller Aron.  Finst det noki rimeleg forklaring på dette? 

 

Jeg har også fundert på slektskapet til Rachel. Hun er litt mystisk opp i det hele. Kanskje hun lar seg identifisere hvis vi tar en ny gjennomgang av dokumenter som omtaler henne. Blir mye å holde styr på etterhvert.

 

Her er omtale av en David Salom som nok har vært godt voksen i 1639. Han kan vel være en bror av Salomon Salom.

 

De tre portugisiske jødiske menighetene i Amsterdam, Bet Israel (House of Israel), Bet Jacob (House of Jacob) og Neve Salom (Abode of Peace) forente seg i 1639 til en kommune: Talmud Torah (Study of the Law). Parnassim (administratorer) av den nye kommunen valgte David Salom som administrator av kirkegården, Beth Haim i Ouderkerk aan de Amstel. David Salom, medlem av Bet Israel, brukte det nå foreldede registeret over offerjournaler som et gravregister for den nye menigheten. Administratorene etter ham fortsatte dette til 1648. De høytidelige ordene i begynnelsen av begravelsesregisteret viser at administrasjonen ble ansett som en spesielt hederlig oppgave: para honra e serviço del Dio Bendito, til ære og tjeneste for den velsignede Gud .

 

 

Og denne siden  ser ut til å være "nede" . Forbasket irriterende. Det ser ut som den inneholder alle Sephardic ekteskapene i Amsterdam.

 

https://web.archive.org/web/20190701200857/https://www.dutchjewry.org/phpr/amsterdam/tim_sephard_marriages/amsterdam_tim_sephard_marriages_list.php#

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget, fornuftig og godt som alltid!

 

Eg har òg freista sida som du limte inn, men får berre opp eit bilete som ikkje let seg søka i!

 

Eg har oppdaga at det bibelske namnet David i alle fall i eit par tilfelle vart «portugalisert» til DUARTE, men eg ser av denne lista at det òg har vorte til LUIS:

https://www.sephardicgen.com/databases/vazDiasSearchEngine.php?FamilyNameKind=contains&FamilyNameSoundex=&FamilyNameMax=salom&GivenNameKind=exact&GivenNameMax=&AliasFamilyNameKind=contains&AliasFamilyNameSoundex=&AliasFamilyNameMax=evedo&AliasGivenNameSoundex=A536&AliasGivenNameKind=sounds&AliasGivenNameMax=&YearKind=exact&YearMax=&offset=1&pagesize=20

 

Ingen, heller ikkje byarkivet i Amsterdam, har so langt kunna forklara meg kvar desse referansane frå 1659 kjem ifrå, men lista liknar veldig på søskenflokken frå Antwerpen, d.v.s. borni til Moses SALOM alias André de Azevedo og kona Siphora, som døydde i 1659!  Kanskje det kjem frå eit skifte?  Og her finn me då kva namn desse søstrene nytta «utanfor heimen»...

 

Elles ser det ut til at bruken av «alias»-namn avtok jo lenger fram ein kjem i tid...  Dette KAN ha samanhang med at jødane i Amsterdam ikkje hadde dei same problemi med «forfølgjing» som dei hadde opplevd i Portugal!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

 

PS tillegg: Eg har òg observert denne David SALOM i ymse kjelder alt frå 1630-åri.  Eg TRUR òg dette er ein son av Moses, og førebels trur eg det må vera han som var far til «brasilianaren» OG til Rachel SALOM (sjølv om sistnemnde ikkje er nemnd i kyrkjegardsregisteri som tilhøyrande denne huslyden...).

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye spennande innlegg!  Denne basen var super og lett å manøvrera i!

 

Her er det mykje å ta tak i, og eg trur me lyt ta til med SALOM der eg òg ville ta med skrivemåten SALON (eg veit berre ikkje korleis du har greidd å kopiera desse sidene inn i emnet...)

 

Og her ser eg fleire interessante postar, mellom anna desse:

 

8.2.1669 Sara SALOM, 29 år, «von Carpentras», dotter av Rifka SALOM med Isaak BARUH ROSS: https://archief.amsterdam/indexen/persons?sa={"person_1":{"search_t_geslachtsnaam":"salom","search_t_voornaam":"Sara"},"search_s_register_type_title":["Ondertrouwregister"]}

 

∞ 22.2.1675 Siporah SALOM de AZEVEDO, 20 år, Amsterdam, dotter av David SALOM de AZEVEDO med David LOPES de PAS: https://archief.amsterdam/indexen/persons?f={"search_i_datum":{"v":["16000000","16809999"],"d":"1600 - 1680"}}&sa={"person_1":{"search_t_geslachtsnaam":"salom","search_t_voornaam":"siporah"},"search_s_register_type_title":["Ondertrouwregister"]}

 

So vidt eg har kunna fastslå, FINST DET IKKJE nokon brudgom SALOM/SALON eller de ASSEVEDO/AZEVEDO som før 1660 gifte seg med ei RIBKA/RIFKA i Amsterdam,

 

Desse to brurene frå 1669 og 1675 må då vel vera søsken og søstrer av «vår» Rachel, sjølv om heller ikkje dei er nemnde i kyrkjegardsregisteri som søsken av Aron, Judith og «brasilianaren»!?

 

Eg vil soleis førebels konkludera med at Rachel må ha vore dotter av David SALOM de AZEVEDO og kona Ribca, som me ikkje kjenner opphavet til.  Og dei har tydeleg gift seg før 1640 då dotteri Sara var fødd i Carpentras i Provence, Frankrike(?).  Carpentras er ein av dei eldste jødiske bustadane i Frankrike.  Alt på 1300-talet hadde dei synagoge der: https://fr.wikipedia.org/wiki/Synagogue_de_Carpentras

Kanskje var ogso Ribca fødd der?  Kanskje gifte dei seg der før dei utvandra til Brasil?

 

Om ein saumfarer SALOM.-vigslene i Amsterdam, finn ein kanskje fleire søsken?

 

Dette vert jo etter kvart skikkeleg «internasjonalt»!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne kjempeutfordringi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen!

 

Eg har i kveld motteke eit oversyn over dei jødiske kjeldene frå Amsterdam som er filma av Mormonarane og lurer på om det her kan vera noko som me ikkje har sett frå før, som til dømes dåpsprotokollar?

 

Eg veit ikkje kva som gøymer seg attom postane #4 og #6!?

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi!

Jewis records Amsterdam.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette innlegget er forandret da resonnementet var helt feil   Men  registreringene kan stå om vi skulle få bruk for dem senere

 

 image.png.1634289bdd49d1e1f0ea1a47346cf6bd.png

 

Ester Florence Salom d'Azevedo (Dias de Paz) f. ca 1618 og Samuel Moses Salom d'Azevedo (Sønn av Moses Salom d'Azevedo og Sipora Salom d'Azevedo) 

 

image.png.04bef5130cf2a217a3227bab8824ba70.png

 

Samuel hadde en bror David Salom d'Azevedo

 

 

 

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 29.2.2020 den 19.27, Lars E. Øyane skrev:
6. David SALOM de ASSEVEDO alias André de PAS
* kring 1620(?) i Antwerpen, Belgia
† 17.07.1699 i Amsterdam, Holland
∞ kring 1644 i Brasil eller Surinam?
 
7. Ribca
* kring 1622(?) - kanskje òg i Antwerpen, Belgia?
† 09.06.1691 i Amsterdam, Holland

 

Konkludere med rimelig sikkerhet følgende slekt etter David og Ribca

 

1) Mozes Salom d'Azevedo gift med Rachel  (Salom d'Azevedo)

a. David Salom d'Azevedo gift med  Ribca (Salom d'Azevedo) f. ca 1689 - 1740.

    Barn:  Dr. Mozes Raphael Salom d'Azevedo gift med Esther.

b. Ester de Paz (Salom d'Azevedo) gift med Daniel Isaac Aboab de Paz f, ca 1673. Far: Isaac Aboab de Paz

    Barn: ?

2) Judith Salom d'Azevedo d. 1686

 

3) Aron Salom d'Azevedo 1656 - 1725 gift med  Abigael (Salom d'Azevedo) Penso de la Vega 1663 - 1708.  Foreldre Isaac Penso (Penso Félix) født i Espejo,       Córdoba, Andalucía, Spania, d. 1683 og Esther de la Vega d. 1679.

 a. Judith Israel Nunes (Salom d'Azevedo) f. 1688 gift med Benjamin Israel Nunes f. 1696 Barbados

b. Ribca Salom d'Azevedo 1689 - 1740 gift med David Salom d'Azevedo ( !!!!!!! se a. under Mozes Salom  - søskenebarn)

c. Ester Montezinos (Salom d'Azevedo) 1690 - 1737 gift med Menaseh Raphael Montezinos de Mesquita

d. Sara Salom d'Azevedo ? - 1702

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

40 minutter siden, Ivar Moe skrev:

 

Konkludere med rimelig sikkerhet følgende slekt etter David og Ribca

 

1) Mozes Salom d'Azevedo gift med Rachel  (Salom d'Azevedo)

a. David Salom d'Azevedo gift med  Ribca (Salom d'Azevedo) f. ca 1689 - 1740.

    Barn:  Dr. Mozes Raphael Salom d'Azevedo gift med Esther.

b. Ester de Paz (Salom d'Azevedo) gift med Daniel Isaac Aboab de Paz f, ca 1673. Far: Isaac Aboab de Paz

    Barn: ?

2) Judith Salom d'Azevedo d. 1686

 

Hjarteleg takk til Ivar for nye spennande innlegg!

 

So vidt eg har tolka dette, er David SALOM de AZEVEDO († 17.07.1699) og kona Ribca († 09.06.1691) i alle fall foreldri til:

* Moses Raphael SALOM de AZEVEDO, fødd i Brasil 1645, lækjaren som gifte seg her med Esther ABOAB:

∞ 17.4.1676: https://archief.amsterdam/indexen/persons?f={"search_i_datum":{"v":["16000000","17009999"],"d":"1600 - 1700"}}&sa={"person_1":{"search_t_geslachtsnaam":"sal*","search_t_voornaam":"Mosse*","search_s_type_title":"Bruidegom"},"search_s_register_type_title":["Ondertrouwregister"]}

* Judith SALOM de AZEVEDO, som døydde i 1686

* Aron SALOM de AZEVEDO, fødd 1657. som døydde i 1725

 

Dessutan trur eg (jmf. innlegg #89 over) dei òg må ha vore foreldri til:

* Sara SALOM (de AZEVEDO), fødd i Carpentras 1640

* Sipora SALOM de AZEVEDO, fødd Amsterdam 1655

 

òg til:

* Rachel SALOM (de AZEVEDO), fødd i Amsterdam 1656 - gift 1680 med enkjemannen Moses SALOM (son av Salomon SALOM)

 

Påfallande er det at ved vigslene til Sara og Rachel er det berre skrivne SALOM, og berre mori er nemnd som vitne, medan dei gongane faren David er nemnd som vitne, står det SALOM de AZEVEDO!

 

Eg kjem attende med ei oppdatert ættetavle.

 

Nok ein kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 29.2.2020 den 19.27, Lars E. Øyane skrev:

8. Moses SALOM de ASSEVEDO alias André de PAS

† 12.06.1641 i Amsterdam, Holland
∞ 
 
9. Sipora alias Guimar NUNES
†  20.09.1659 i Amsterdam, Hollan

 

Sønn Samuel f. 1618 gift med Esther Dias de Paz 1644

 

image.png.40de693b65826a2bd7e8800b69fc7906.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit nytt innlegg!  Denne Samuel inngår i søskenflokken som eg trur må ha sett nokolunde slik ut:

 

Moses SALOM alias André d’AZEVEDO de PAS († June 12, 1641 i Amsterdam) og kona Guimar alias Siphora NUNEZ († Sep. 20, 1659 i Amsterdam) hadde truleg desse borni, alle fødde i Antwerpen:
 
* David alias Luis, f. 1611(?)
* Salomon alias Anthonio, f. 1613
* Lea alias Isabella, f. 1616
* Samuel alias Georgo, f. 1618
* Rachel alias Violante, f. 1620(?)
* Ribka alias Beatris, f. 1623
* Esther alias Lucretia, f. 1625(?)
* Debora alias Branca, f. 1628
* Judith alias Joanna, f. 1630
 
Dei fleste av desse dukkar opp i Amsterdam...
 
Nok ein kjempetakk for kjempefin hjelp!  Pass godt på helsa!
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 2.4.2020 den 15.39, Lars E. Øyane skrev:

Denne Samuel inngår i søskenflokken som eg trur må ha sett nokolunde slik ut:

 

Moses SALOM alias André d’AZEVEDO de PAS († June 12, 1641 i Amsterdam) og kona Guimar alias Siphora NUNEZ († Sep. 20, 1659 i Amsterdam) hadde truleg desse borni, alle fødde i Antwerpen:
 
* David alias Luis, f. 1611(?)
* Salomon alias Anthonio, f. 1613
* Lea alias Isabella, f. 1616
* Samuel alias Georgo, f. 1618
* Rachel alias Violante, f. 1620(?)
* Ribka alias Beatris, f. 1623
* Esther alias Lucretia, f. 1625(?)
* Debora alias Branca, f. 1628
* Judith alias Joanna, f. 1630

 

Ja, det tror jeg du har rett i at dette er søsken. Vedrørende de jeg la ut i #92 så har jeg vedlegg som identifiserer dem, men det tar for stor plass å legge ut alt, så er det noen du trenger så gi et ord. 

 

Ellers er det fasinerende å se hvor de forskjellige kom ifra. Feks. Abigael (Salom d'Azevedo) Penso de la Vega som var født  i Spania. Hennes far Isach var født 1608 og bodde  i Espejo, Cordoba, Spania men kom opprinnelig fra Portugal. En tradisjon (hvertfall blandt de spanske jødene) var at førstefødte sønn fikk farens etternavn mens nr. 2 fikk moras, så ikke rart det er vanskelig å manuvrere seg frem.  Noen reiste til Hamburg, noen til Antwerpen og Amsterdam og noen til London. 

 

Her finner du slektshistorien til Abigael.

https://books.google.no/books?id=h23HW5EJnyEC&pg=PA128&lpg=PA128&dq=Isaac+Penso+(Penso+Félix)&source=bl&ots=jHjtGKGRy-&sig=ACfU3U0TFkpgch-RGauJKSscNRa2q2XcLQ&hl=no&sa=X&ved=2ahUKEwiR-e_lm8zoAhXlxaYKHRHDDUIQ6AEwA3oECAsQLA#v=onepage&q=Isaac Penso (Penso Félix)&f=false

 

 

diverse

 

https://books.google.no/books?id=kRTdCwAAQBAJ&pg=PA478&lpg=PA478&dq=André+d’AZEVEDO+de+PAz&source=bl&ots=8Fb92UP9Dl&sig=ACfU3U1OvWk9elczZ4z1yQ0KlezP9uA4Pg&hl=no&sa=X&ved=2ahUKEwjl6Ln7t8zoAhXph4sKHfUKDV0Q6AEwAXoECAoQNw#v=onepage&q=azevedo&f=false

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget!

 

Denne spanske tradisjonen med bruk av ættenamn har eg vore borti før.  Dei nyttar den same i Sør-Amerika, men eg veit ikkje i kva grad dette vert nytta i Portugal?  Kanskje kan det vera ei òrsak til at me finn desse doble namni de AZEVEDO de PAZ?  Eg veit ikkje...  I Amsterdam ser det eller ut til at dei la denne namnetradisjonen delvis «på hylla»...

 

Elles tok eg kontakt med eit arkiv i Antwerpen om jødiske kyrkjebøker derifrå.  Svaret eg fekk var at dersom dei finst, er dei truleg lagra i Paris eller i Jerusalem!  Enkelt skal det tydelegvis ikkje vera!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for nye spennande innlegg!

 

Desse listene syner tydeleg at dei ulike ættene nytta ulike «alias»-namn.  Rachel kunne soleis verta både Violante og Isabella, men ho som i «vår» Salom-ætt nytta Isabella, var opphavleg Lea!

 

Elles ser eg at me truleg har «mista» eitt barn i søskenflokken frå innlegg #95:

 

* Aron alias Miguel, kan henda fødd på 1620-talet?

 

Referansane frå 1659 må skriva seg frå eit skifte etter Siphora, som døydde det året!

 

Elles har me no vigslene til alle desse søskeni med unntak av den nemnde ARON, samt RACHEL, ESTHER og DAVID, men David vil eg gissa på gifte seg i Carpentras før han fór til Brasil...

 

NB: tillegg: Denne Rachel var tydeleg gift med søskenbarnet Isaac alias Miguel, son av Abraham: https://www.dutchjewry.org/portuguese_israelite_cemetery/popup.htm?../P.I.G./image/02279601.jpg

Men denne Isaak må ha vore ganske ung då han døydde... - dette må vera son deira, Moses 1643-1685: https://www.dutchjewry.org/portuguese_israelite_cemetery/popup.htm?../P.I.G./image/02283801.jpg

Og dette må vel vera kona hans, nok eit søskenbarninngifte: https://www.dutchjewry.org/portuguese_israelite_cemetery/popup.htm?../P.I.G./image/02289801.jpg

Pussig at desse i kyrkjegardsregisteret har tilnamnet (AL)!?

 

Truleg kan me òg finna ei tilsvarande liste over borni til Abraham og Sara, som Felipa (Philippa) og Isaak (Miguel) var ein del av, men det vert nok verre...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.