Jump to content
Arkivverket
Reidar Olav Meling

Kven var Marie Larsen?

Recommended Posts

Richard Johan Natvig
11 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Hallo. Her giftar Konrad Birger seg med Mathilde vesle nyttårsafta i 1931!

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002770692

 

Flott, og i den skanna originalen som dette er utdrag frå står det at Konrad Birger hadde vore gift ein gong tidegare:

SAB, Byfogd og Byskriver i Bergen, 10/10F/L0006: Vielsesprotokoller, 1931-1933, s. 21b-22a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10611006060022
 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Reidar Olav Meling

Og her må det vera Konrad som skulegut i Bergen 1910, foreldre Klemmet Jensen frå Ytre Holmedal i Fjaler og Bertha Jensen frå Eivindvik. Eg meiner at staden Arstein (Årstein??) ligg nær Holmedal. Fødselsdatoen til denne Konrad stemmer med fødselsdatoen til brudgommen i 1931, så det må vera han. Men kva har skjedd i åra 1928-31/32? Var han verkeleg gift med Marie??

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708050054

 

 

Edited by Reidar Olav Meling

Share this post


Link to post
Share on other sites
Reidar Olav Meling

Eg merkar meg at kona til Konrad, Mathilde, er fødd i 1885, ho er altså 13 år eldre enn Konrad! Dei hadde altså barn saman, men dersom barnet er fødd etter bryllupet, har Matilde vore praktisk talt 47 år då barnet (første og einaste??) kom til verda. Ho har altså ikkje vore gift før, så ho har vel då ikkje barn frå før heller, ..eller? Alt dette er sjølsagt mogleg, men det er unekteleg ganske «spenstig» å få sin førstefødde når du er 47 år (igjen så var det noko annleis med mi farmor som fekk sitt barn nr. 14 då ho var 47).

Kan sjå ut som om at vår Konrad likte godt modne kvinner, først ei som var 16-17 år eldre, og så ei som er 13 år eldre. Ja, ja, den franske presidenten er gift med ei som godt kunne vore hans mor, så det er mykje som er mogleg!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig
2 timer siden, Richard Johan Natvig skrev:

Her fann eg Konrad Birger i 1922 - kommunal folketeljing Bergen, gift med ei Anna, og med eitt barn:

https://www.digitalarkivet.no/pf01065522041649

 

 

Her gifter Konrad Birger Jensen og Anna Johannesdotter Erdal seg:

https://www.digitalarkivet.no/pv00000001489487

SAB, Nykirken Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. D 7, 1918-1926, s. 35
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050513020982
 

Birgit Margrete fødd/døypt:

SAB, Nykirken Sokneprestembete, I/Id/L00A1: Fødselsregister nr. A 1, 1916-1922, s. 183
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050810021358
 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Reidar Olav Meling

Er det no slik at denne Konrad Jensen, f. 1898, er ein gjennomgangsfigur i 4 ulike tilhøve: først giftarmål med Anna Johs.dtr. Erdal i 1920, så truloving med Gjertrud Riise i -27, så truloving med Marie Nilsen Steinsbø i -28 og til sist giftarmål med Mathilde i -31?! Anna var 11 år eldre, Marie var 16-17 år eldre og Mathilde var 13 år eldre enn Konrad. Skulle mest tru at det var eit system i valg av kvinne. Skal tru kva år Gjertrud var fødd? Men som sagt, er det den same mannspersonen heile tida?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig

Det ser absolutt ut til å vera same mann i alle fire tilfella. 

 

Gjertrud Riise var fødd 1896:

 

1927:

image.png.59208b5c7e1b4bd70777dc863173ef04.png

BT 15.3.1927

 

Ho hadde ein farskspssak i 1925:

image.png.e460a46540836e6073408bc29d11fd53.png

BT 9.1.1925

Ungen blei fødd 18.9.1924

SAB, Nykirken Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. B 8, 1916-1933, s. 206b-207a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10081108050212
 

Eg finn Gjertrud i 1910 her:

https://www.digitalarkivet.no/pf01036911002221

 

Ho gifta seg seinare i Theim

https://www.digitalarkivet.no/pv00000001401734

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Reidar Olav Meling

Men trulovinga med Gjertrud må ha fått ein rask slutt, sameleis må det vel ha gått ganske raskt i tilfellet med Marie. Kanskje er Marie blitt sjuk, og så har Konrad funne ut at det ikkje var nokon «blivande» stad. Men skal tru kva som skjedde med Anna, som han blei gift med i 1920. Det er vel lite truleg at det oppstod skilsmisse, for det var vel høgst uvanleg for hundre år sidan. Så noko har vel skjedd med henne og? Eg har leita litt etter dottera Birgit Margrete, men ikkje funne noko. 

Så kan ein spørja om kor det blei av Mathilde som Konrad levde saman med frå 1931 til han døydde 10 år etter.

Og: hadde Konrad barn med Mathilde? I dødsannonsa i 1941 framgår det vel at han hadde barn i live, men ikkje kor mange.

Det blei ei heil historie dette. Sanneleg var det mange ublide lagnader i den tida og.

 

Og så har eg altså ikkje starta med å rota i historia til Laurits Nilsen, faren til Marie sin gut, Monrad!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig

Eg har leita men ikkje funne Anna sitt dødsfall. Det går an å bla gjennom alle dødsfallsprotokollane for Bergen i perioden 1922/3 (etter den kommunale folketellinga) til 1927 (forlovinga med Anna, men det vil ta tid.

 

Ser ut til at Mathilde døydde berre to år etter Konrad.

image.png.99c6ade213d92d2321865cf777a9e5e0.png

BT 19.7.1943

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig
54 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Eg har leita litt etter dottera Birgit Margrete, men ikkje funne noko.

 

Eg veit ikkje kor viktig det er, men Birgit Margrethe finn du som gift her, dei to øverste treffa: https://www.digitalarkivet.no/search/persons?s=birgit+margrethe+jensen

Klikker du på lenke nr. 2 (byfogden) kan du i neste omgang klikka på symbol oppe til høgre - lenke til skanna dokument, der finn du meir informasjon.

(Dette symbolet: image.png.2021f0e5a0dae2bd955827d790f08ea9.png)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Reidar Olav Meling

På MyHeritage finn eg eit lite oppslag, her vert det sagt at Birgit og mannen (Ragnvald) hadde eitt barn, men så står det at Birgit er fødd i 1905, og at ho såleis var 99 år gml. då ho døydde i 2004. Det må jo vera fødselsåret til mannen som er blanda inn her. Men så står det at Birgit hadde ei søster, Johanne.

 

https://www.myheritage.no/names/birgit_klenevåg

 

 

 

 

D55C60D0-B00F-43CC-AD06-FD606BFCEBD7.jpeg

Edited by Reidar Olav Meling

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig
47 minutter siden, Reidar Olav Meling skrev:

Men så står det at Birgit hadde ei søster, Johanne.

 

image.png.9e99b81f6e8772f3e6070c420758a7fa.png

Bergens Arbeiderblad 24.10.1955

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig

Johanna var dotter til Anna, fødd i 1924, dette frå vigsla med Peder Haakonsen:

SAB, Byfogd og Byskriver i Bergen, 10/10F/L0054: Vielsesprotokoller, 1955, s. 168-169
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db50002614200085
 

og her Johannas dåp: SAB, Nykirken Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. B 8, 1916-1933, s. 210b-211a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10081108050216

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Reidar Olav Meling

Kjempearbeid! F for fraskilt, kanskje det, ja. Dersom Anna var død, hadde det kanskje stått ein e, for enkjemann?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig

Anna døydde i 1966, dødsannonsen lister opp borna Birgit og Johanne som vi no "kjenner":

image.png.5217fd7e212c41252ff69a3faeb20e5b.png

BT 22.10.1966

 

Så ja, Anna og Konrad hadde nok skilt seg, ein gong mellom 1924/25 og 1927.

 

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.