Gå til innhold
Arkivverket

Anders Øfrejde og kona hans Synneve Joensdatter i Nedstryn


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Dette innlegget er kanskje litt usamanhengande og med mykje informasjon som det ikkje er lett å få oversikt over, med eg vonar likevel at nokon som kjenner slektene i Stryn kan gje svar på nokon av spørsmåla eg stiller.

Kven er Synneve Joensdatter, kona til Anders Kristenson Øfrejde?

Ho er i BB for Øvre Eide i Nedstryn kalla Synneve Jakobsdatter (Stauri), d. 61 år gammal i 1795. Men for det fyrste finn eg ingen Jakob på Stauri som kan passe. For det andre er den Synnøve det her er vist til i dødsinnskrivinga i 1795 kalla Synnøve Rasmusdatter. Då har vi to andre mulige Synnøve: Synneve Jonsdatter  og Synnøve Rasmusdatter. Er det rett det som står i BB, skal ho vere fødd i 1734. Men sonen Kristen er i fylgje BB fødd i 1748, og då var mora berre 14 år, så det kan ikkje vere rett. Det er inga kyrkjebok for Innvik frå før 1750, så dette kan ikkje sjekkast ut der. Det er heller ingen aktuelle folketeljingar eller manntal i denne perioden. Då står vi att med eventuelle skifteforretningar. Men eg har ikkje funne skifte verken for Anders Kristenson, faren Kristen Jetmundson, Synneve Jonsdatter eller Synnøve Rasmusdatter. Ei mogeleg løysing kan vere at Anders var gift to gonger, først med Synneve Jonsdatter, og seinare med Synnøve Rasmusdatter. Men eg finn ikkje innføring i gravferdslistene korkje for Anders Øfrejde eller  for Synneve Jonsdatter. Veit nokon meir om dette?

 

Så til andre spørsmål som har samanheng med det første: Kvifor er Jon Jetmundson Stauri kalla Støfrejde ved fødselen av sonen Jetmund, 13. januar 1755 ?https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640296  For slik eg forstår det er det her snakk om Jon Jetmundson Stauri og første kona hans Marte Rasmusdatter. Mellom fadrane er truleg broren, Hans Jetmundson Støfrejde og Anders Øfrejde.

 

Er Stauri og Støfrejde same garden? I BB er det ingen gard i Innvik med namnet Støfrejde, men det er tydeleg at garden ligg ein stad i Nedstryn.

 

Og kven er Ingebor Joensdatter Støfrejde, som er fadder på Joen, son til Anders Øfrejde og kona Synneve Joensdatter? https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640294

 

I første omgang verkar det ikkje så rart at det var fadrar frå Stauri og frå Tenden ved dåpen til Joen Andersson Øfrejde, sidan BB kan forståast slik at far til Anders, føremannen hans på garden,  Kristen Jetmundson, var frå Stauri og mora , Marte Jonsdatter, var fødd Tenden. Det kunne då vere naturleg å spørje om Kristen Jetmundson Stauri var son til Jetmund Olson Stauri?

Men så viser det seg at ved dåpsinnføringa av Anders og Synneve si dotter Maren, 23. mars 1750, er Anders kalla Christophersen Øfrejde og ikkje Christenson. Fadrane er no Absolon Rasmussen Giørven, Jens Joensson Støfrejde, Anne Didrichsdatter Settre, Anne Matthisdatter Tennen og Malene Joensdatter Støfrejde.

 

Her ser vi det er fleire med etternamnet Støfrejde, og alle har patronymet Jonson/Jonsdatter. Kan denne Jens Jonsen Støfrejde vere den same som er nemnd i skiftet etter Peder Rasmussen Tonning i 1702? http://arkivverket.no/URN:sk_read/24217/28/   Men det er nok ikkje mogeleg, for det er skifte etter denne Jens Jonsen Støvereid i 1703: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24217/88/  Men kvar er denne Jens Jonsen Støvereid frå?

 

Ifølgje folketeljinga for 1801 er det eit bruk i Innvik prestegjeld som har namnet Støvreid. Her finn eg ein Jens Jonsen Støvereid, 88 år gammal og inderst, enkemann og far til husbonden, Jon Jensen Støvreid.

 

8. august 1751 vert ein son av Jens Jonsen Støfrejde og Berte Jensdatter døypt. Her er fadrane m.a.  Jetmund Støfrejde og Anders Øfrejde. https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640288   side 7, venstre del, innføring nr. 50.

 

Ved dåpsinnføring nr. 10, s. 9  https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640290   for Jon, sonen til Hans Tenden og Mari Jonsdatter, ser vi at ein Lars Arneson Øfrejde, Synnøve Jonsdatter Øfrejde og Jon Jetmundson Støfrejde er fadrar.

 

Ved innskrivinga av Jon, son til Jens Jonsen Støfrejde og Berte Jensdatter, side 10, venstre del, innføring 38  https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640291   finn vi desse som fadrar: Jon Jetmundson Støfrejde og Synnøve Jonsdatter Støfrejde.  

 

Ved innføringa av Anna, dotter til Lars Øfrejde og Brite Larsdatter , side 10, høgre del, innføring nr. 5  https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640291    er Hans Tenden og Synnøve Jonsdatter Øfrejde mellom fadrane.

 

Ved å samanlikne desse namna stiller eg meg spørsmålet:

Er kona til Anders Øfrejde, Synneve Jonsdatter Øfrejde  den same som Synneve Jonsdatter Støfrejde, og kven er forfedrene hennar?

Og er Synneve Jonsdatter syster til Jens Jonsen Støfrejde, Malene Jonsdatter Støfrejde og Ingebor Jonsdatter Støfrejde?

Og kva med Anders Øfrejde?

Er patronymet hans Christenson eller Christopherson?

Kven er så forfedrene hans?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000758490

 

Vet ikke om det går an å utrede slektsforholdene med dette, men synes Synneva Joensdatter Støvereid 19 år er nevnt her sammen med Malena 16 år og Ingeborg 10 år

 

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Skifteprotokoll nr. A 8 (1733-1744), Skifteprotokollside, Side 66
Permanent bilde-ID: sk20081128620645
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128620645
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081128620645.jpg
 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Svein.

Då fekk vi klargjort at Ingeborg, Malena og Synneva var søstre og at dei var døtrene til Jon Jensson Støvereid. Dei har også to eldre brør, Jens og Jon. Då er spørsmålet: Er Synneva Jonsdatter Søvereid og Synneva Jonsdatter gift Øfrejde den same? Og kvar ligg garden Støvereid?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til  Inge og Harald. Då tyder eg skiftet slik at Synneve Jonsdatter Støvereid er gift med Anders Øvereid. Og Støvereid er som det såg ut garden Stauri i Nedstryn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.